Eg er nettopp komen heim frå gebursdagsfeiring sånn litt på førehand i lag med kjærasten min. Me kom heim til eit hus der lydnivået ligg og dirrar under taket. Sunniva feirar 16-årsdagen sin med dei femten næraste venninnene eller noko iden duren. Dei har ete taco, gele og sjokoladekake og har akkurat nå ein nokså høglytt aktivitet medan midnight- train strøymer ut frå høgtalarane. Det er glas og tallerknar overalt både i stova og på kjøkkenet og søte jenter på 15-16 år fyller hovudetasjen på huset vårt.
Me tenkte at dette ville vera ein veldig passeleg kveld for vaksne å gå ut på, og kjærasten min proklamerte at gebursdagsgaven frå han i år ville vera ein fredagskveld inne i byen. Me hadde tenkt å start med å sjå slumdog-millionaire, inne på kulturhuset, men det viste seg at det ikkje var billettat att då me kom.
I staden bestemte me oss for ein japansk film ingen av oss hadde høyrt om før, “Briller”. Filmen var vakker, og av det slaget som fekk ein til å pusta roleg inn og ut medan kvilepulsen breidde seg i kroppen. Handlinga fant stad på ei lita japansk strand melllom ei handfull lettare eksentriske menneske. Filmen er hermed anbefalt for alle som ikkje svergar til filmar med mykje biljakt og skyting ut av bilvindauget i svingane.
Før filmen måtte me ha ei handfull mat og ein kaffi frå Seven-Eleven. På Sølvberget møtte eg Gunn som hadde lese bloggen min og kunne fortelja at syster hennar brukte knust kavring i klimpene når ho laga klimpesuppe. Forskningsprosjektet mitt på lokale mattradisjonar held fram.
Etter kinoen spaserte me litt i sentrum, og landa på Thailandsk restaurant. Maten der var heilt nydeleg. Me åt kongereker i appelsinsaus med kokosnøtt, og ein sterk krydra tradisjonell thailandsk matrett, som eg ikkje hugsar namnet på.
Heimvegen la me langs strendene. Det er overveldande vakkert ute nå. Syrinane blømer, og alt regnet dei siste dagane gjer at det luktar av sommarregn, bjørk, hegg og syrin. Kveldane er lyse og fine og naturen gjer seg klar for nordisk sommar. Dei siste vekene har vore relativt kalde, ein positiv bieffekt er at blømingsperioden varer lenge.
Sidan eg er så opphengd i gamle klassikarar på bloggen min for tida, får me dra ein Ivar Aasen i kveld:
Frampå vinteren stundom han tenkte,
gjev eg var i eit varmare land,
men når vårsol i bakkane blenkte
fekk han hug til si heimlege strand.
Og når engene blømer som hagar,
når det lavar av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar
fær han ingen stad venare sjå.
Ivar Aasen
og
Heidi
For i dag har eg leita meg fram til husmorgenene. På midtimellomdagen mellom Sunniva og min gebursdag og på sjølvaste Kristi Himmelfartsdag, hadde eg invitert familien min til ei lita feiring.
Etter å ha romstert rundt i huset frå klokka ni til klokka fem, hadde eg eit relativt presentabelt hus, ei stor gryte bollesuppe, nybakt brød, ei gjærkringle med vaniljekrem i midten og ei med mandler, rosiner, smør og sukker. I tillegg hadde eg eit fat med nysteikte lappar. Bordet var dekka, og det var levande lys i lysekrona som kompensasjon for regnet ute… Koseleg.
Mor og eg snakka om at akkurat slik bollesuppe som bestemor kokte, og som eg og mor framleis lagar med ujamne mellomrom, har me ikkje fått nokon annan plass.
Men nokon må det vel vera som brukar same oppskrifta?
Kok salt lammekjøt, ha i litt risengryn og oppskårne gulrøter, kålrabi og eventuelt mainepe. Bland egg, sukker og kveitemjøl. Lag bollar med ei skei og ha oppi den kokande suppa. Det smakar kjempegodt, men er det verkeleg bare oss som lagar akkurat slike bollar til suppe på salt lammekjøt?
Dette kan sjåast på som ein del av eit forskningsprosjekt på lokal matkultur…
Heidi
med sigersljod,
og vinden stryker inn av hav
så mild og god.
Og om me kjenner gråt og gru
og saknad sår,
så må me lerkesongen tru
som lovar vår.
Arne Garborg
Eg skal ikkje påstå at eg er veldig plaga av gråt og gru og saknad sår. Men det er vidunderleg vakre linjer.
Og alle saman kan me lerkesongen tru, som lovar vår.
Nå skal me konsentrera oss om Arne Garborg i nokre veker etter tre veker i lag med Torvald Tu.
Klasseromet mitt er eit lite univers, som ikkje eignar seg på trykk i bloggar på grunn av teieplikta. Men eg skulle unna lesarane mine eit blikk inn dit. Det er uhyre fascinerande å fylgja 18 totalt forskjellige individ gjennom
utviklinga mange år på rad. Ikkje minst er det spennande å studera samspelet dei i mellom.
Kvart over åtte får dei koma inn. Ein av dei er rask og presis i alt han gjer, og har problem med å forstå at eg ikkje står klar med nøkkelen i klasseromsdøra i det ytterdøra opnar. Så ramlar dei inn den eine etter den andre. Det er framleis ti minutt til skuleklokka ringer, og dei ti minutta er sette av til at barna skal koma ein etter ein og bli møtt med litt tid til å snakka og helsa god morgon.
Ofte startar dagen med litt ragtime eller klassisk musikk frå pianoet ved døra. Sjølv skriv eg programmet for dagen på flip-over-blokka og teiknar litt for å pynta opp,
rampete englar, eller tynnkledde ungar med store paraplyar.
Når skuleklokka ringer går eg til tavla og fortel om dagen som skal koma. Så er det ei lita velsigna stund med høgtlesing. Akkurat nå les eg ei vaksen bok for dei som eg kjøpte i Sverige i sommar. “Flickan som inte fick finnast”. Eg trur forfattaren heiter Ethel Lundström. Det er ei hjarteskjærande barndomsskildring frå forfattaren sin eigen barndom. Boka handlar om omsorgssvikt, neglisjering, alkoholmisbruk og mobbing. Det var eit forsøksprosjekt å lesa frå denne boka, men elevane lyttar interesserte, og etter dagens tekst har me små diskusjonar om innhaldet.
Så har dei første ti- femten minutta av dagen gått, og me held fram med pensum; grammatikk, dikt av Torvald Tu, brøkrekning og engelsk gloseprøve.
Nå er det duka for langhelg. Det kjennest heilt vidunderleg godt at eg har framfor meg 4 dagar så å seia utan fast program. Eg skal nyta tilværet.
Heidi
Gullungen var strålande førnøgd med pakkane på bordet og med kaka som stod klar. Ho og eg har feira dagen med å niøva i fire timar på stykket om “Snedronningen”, sidan me hadde langøving på gebursdagen hennar, kjøpte eg is og bollar til alle dramaelevane til kos i pausen.
Etterpå vart ho kidnappa av ein gjeng venninner som spanderte pizza på ein pizzarestaurant. Nå høyrer eg at ho kvitrar til morfaren sin i telefonen. Og eg er heilt ør og ser fram til langhelg frå i morgon ettermiddag av…
Heidi
før 18.mai blir 19 mai, skriver eg eit par linjer.
Kaka til Sunniva med sjokoladekrem, hjarte og tallet 16 skrive med operamint står nede på kjøkkenet.
I morgon tidleg skal jenta vår feirast. Det er 16 år sidan ho kom inn i verden gjennom ein opning på magen min.
Før det hadde ho levd eit skjult liv som eg kjende til frå innsida, og så vart ho henta ut i sterkt lampelys av vennlege hanskekledde hender.
Snart er ho ikkje eit barn lenger. Eg ser på henne at åra har gått og kome sidan den gongen. Eg seier med Trille i songen for lenge sidan:
Jeg har et lille anker.
Jeg har et lille timeglass.
Jeg har en liten sol, der stråler.
I augene på mor si er ho eit heilt fantastisk lite menneske.
Eg håpar ho får ein fin gebursdag i morgon.
Heidi
Eg har fått med meg både barnetog og folketog. Eg har ropa oppmuntrande til barn nog vaksne eg kjende som nasjerte forbi. Så har me ete god 17.mai mat med syster og svoger. Kyllingsalat, moussaka, spekemat, eggerøre, jordbær is og lefser.
Store deler av dagen har vore herleg avslappande. Eg og kjærasten min har vore på “besøk” nede hos Ingrid. Eg og far hennar, som for dei som måtte lura er heilt identisk med kjærasten min, har fått sjå to filmar ho hadde med seg heim frå folkehøgskulen.
Først såg me revyen deira, Rubbel og beat, som ingen av oss hadde anledning til å reisa for å sjå. Me fekk sjå Ingrid spela Mia Gundersen, og voldeleg hustru til eit mobbeoffer. Filmen bar preg av at dei har eiga film og TV linje. Han var veldig proft laga.
Nå i ettermiddag etter folketoget har me sett filmversjonen av “Den spanske flue”, der Ingrid spelte fru Klinke. Den fekk eg jo sett. “Mi forestilling” var den som hadde blitt filma, så fleire gonger undervegs kunne ein høyra eg og Eva Mari le høgt og entusiastisk. Denne forestillinga var filma med bare eitt kamera, og på lenger avstand, men det var veldig kjekt å sjå det om att.
Så har eg sett på skuleårboka hennar med fine presentasjonar, helsingar og foto frå året som gjekk. Eg ser at ho har opplevd mykje, levd mykje og lært mykje. Nesten litt synd at eg er for gammal til å gå på folkehøgskule, men eg kunne jo søka jobb på ein ein eller annan gong i livet…
I tillegg hadde ho med seg mange fine bilete som ho har malt sånn på sida av opplegget på teaterlinja. Nå blir det spennande å sjå om ho kjem inn på lærarhøgskulen slik ho gjerne vil. Det er fint med vaksne barn, og fint at to av dei ikkje er heilt vaksne endå…
Og noko av det som verkeleg høyrest fint ut akkurat nå, er ein lang varm dusj og så å leggja seg tidleg med aviser og bøker. Den impulsen trur eg jammen at eg skal gje etter for…
Heidi
Klokka har runda datogrensa til 17.mai, og det må vera lov med litt nasjonalisme, kanskje…
Dagen starta relativt tidleg med frokost i lag med Frode. Han serverte grovt brød og mykje godt pålegg saman med sterk morgonkaffi.
Etter ein firetimars kjøretur kom me fram til folkehøgskulen, der me bar eit lite flyttelass ned til bilen og prøvde å få trykka det på plass.
Me åt lunsj og drakk kaffi saman med foreldra til dei beste venninnene til Ingrid gjennom dette året. Så var det avskjedsfest. Elevane stod hand i hand i sirkel rundt gynsalen og song:
For good times,
and bad times,
knowing I can always count on you,
for sure,
that what friends are for…
Etterpå var det klemming og gråting og kaker og meir kaffi, før me fekk plassert ei nokså trøytt dotter i baksetet og sette kursen mot Porsgrunn der me plukka opp Oddvar som skulle vera med oss heim.
Dei siste timane vart me oppdaterte om Grand Prix på radioen. Den siste timen telde dei stemmer, medan me køyrde nedover frå Høgjæren mot havet der ein eldraud solnedgang farga himmelen.
Me nådde heim akkurat då det var klart at Norge og Alexander Rybak hadde vunne konkurransen, og eg nådde akkurat å få med meg avslutninga med vinnarsongen på TV. Akkurat då var det litt stas å vera norsk, det må eg innrømma. For nokre spreka dansarar, forresten.
Nå er det på tide å få seg litt søvn. For første gongen i mitt liv hadde eg tenkt å la 17.mai vera bare ein dato sånn frå morgonen av, men Halvard, Sunniva og Vilde vil ned til barnetoget, så då spørst det om eg fylgjer med i dragsuget. Me får sjå…
Heidi
Dagen har vore god. Først hadde me tre forestillingar. Den eine vart filma av ein profesjonell film- mann så nå er “Med hjartet i handa” fokusert for framtida.
Det er rare greier å jobba med ei forestilling. Etter å ha blitt skapt gjennom mange månadars arbeid, blir ho fiksert på generalprøven. Først då ser me korleis dette kjem til å bli. Som ei døgnflue flyg ho mot taket ein gong eller fire, før ho går over i historia, sannsynlegvis for alltid. Men det mest fascinerande med levande teater er vel kanskje at det skjer akkurat her og nå… Det meste på scena skjer utan sikkerheitsnett…
Etter forestillingane var det lynpakking av bil, og så har me kjørt oss gjennom nasjonalromantikken med femtitusen sjatteringar av grønt, klarblå maihimmel, trolske mørke vatn og stort ope hav. Me har kjørt gjennom eit landskap så maivakkert at det grenser til kitschmaleri heilt til Ingjerd og Frode i Homborsund.
Frode hadde malt stakittgjerdet kvitt rundt det koselege sørlandshuset deira. Me gjekk vegen gjennom hagen og inn på kjøkkenet for å sleppa å bli smitta av kvitmaling i den nymalte grinda.
På kjøkkenet stod dei tre yngste døtrene til Frode med forklær på seg og laga ei uallminneleg god kyllingsuppe til oss med masse selleri og persille og krydder og med heimelaga grovbrødskrutongar til.
Etter suppe og kaffi gjekk me tur ned til sjøen, like ved Homborsund fyr. Det var heilt lyst ute, sjølv om klokka nærma seg 11 om kvelden, og lufta vibrerte av heggeduft.
I morgon tidleg kjører me vidare mot Danvik folkehøgskole og Ingrid sin avslutningsfest.
Heidi
framfor datamaskinen på jobben. Det har vore ein veldig intens dag med skule og møter og generalprøve og premiere på stykket vårt “Med hjartet i handa”. Tempoet har vore det ein på helsestudioet kaller “high impact”…
Eg trur det gjekk bra. Det er alltid ulideleg spennande å sjå om me kjem vel i hamn med eit teaterprosjekt. Som regel ser det litt stygt ut sånn mot slutten. Men som Eilen sa i dagmorges; “Dersom du hadde vore totalt kontrollfrik, og aldri våga å ta sjansar, så hadde vel kanskje ikkje barneteaterbransjen vore noko for deg.” Og det kan jo vera eit poeng i det… Det å ta sjansar er truleg ein viktig del av å leva… Eg slepp å hoppa utfor preikestolen med fallskjerm for å adrenalinkick…
Nå skal eg heim og pakka og ordna litt, for i morgon etter dei tre skuleforestillingane våre, reiser me for å henta Ingrid på folkehøgskulen. Skuleåret er over, og me er inviterte til avslutningsfest. Ungdomane skal vera høgtideleg kledde i bunad, så den må og klargjerast. Denne gongen er skjorta vaska og. Me overnattar hos gode venner i Grimstad på vegen bort, og kjører i eitt strekk heim på lørdag. Me er nok ikkje heime før langt over midnatt 17.mai. Eg trur me går for ei roleg 17.mai- feiring i år…
Dagens Torvald Tu, for nå går eg ut i frå at lesarane er sånn omtrent blitt avhengige:
Og skogen veks seg fager,
han ter seg mang ein stad,
så vent det er,
eit under reint å sjå det.
Og i dei grøne marker gjer fuglane deg glad,
dei syng og leiker beint som dei kjem på det.
Der vene bekkjer blenker
i heia rundt i kring,
der driv me tidt og tenkjer
på mange ljose ting,
i sær ein stille sumars-kveld på Jæren.
I dag hadde me norsktime om Pinn- Ola. Nå meir enn seksti år etter at han døydde er det lett å gje bygdeoriginalen diagnosen autisme etter det som blir fortald om han.
Elevane mine blir oppriktig sjokkerte over at til og med vaksne folk likte å erta han til han vart rasande.
Reaksjonane deira får meg til å tenkja at ; visst er det håp
for verda…
Heidi
innbiller eg meg at eg kjende på i dag. Eg har aldri røykt, og slett ikkje smugrøykt, det har aldri frista, men ein har då andre laster…
Eg måtte ut på byen ein tur i fritimen for å levera nokre bøker og for å finna ut meir om Torvald Tu. Sola skein så nydeleg, og eg var vekdig svolten for eg hadde ikkje fått med meg mat i dag.
På veg til biblioteket vurderte eg å falla for fristesen å kjøpa meg ein softis. Det er sånn omtrent det beste eg veit i heile verda, og veret var bare heilt perfekt for denslags… Eg vurderte det til eg kom tilbake til torget etter bibliotekbesøket, og gav meg sjølv eit heilhjarta ja. Så gjekk eg inn på Tjemsland og bestilde ein stor softis med hakka hasselnøter…
Du all verda kor stor han var, og du all verda kor godt han smakte… Nå hadde eg smugrøykeren sitt dilemma. Skulle eg gøyma meg vekk med nytelsen i hand og munn, eller skulle eg stå opent fram som isetar? Dei fleste eg kjenner veit at eg ikkje et is og ikkje har gjort det dei siste to- tre åra bortsett frå ei og anna uhyre sjeldan utskeiing.
Det var verd det… Men det får ikkje bli ein vane. Og eg åt komler med steikt bacon til middag. Heilt nydeleg. Og korfor eg legg dette ut på internett dersom det er hemmeleg? Eg får svara som Pinn-Ola då han vart spurt korfor han gjekk og bar på pinnar: Dæ æ løye mæ det…
Heidi