Gå til innhald

Pinsedag.

Eg pakkar det hemmelege skrinet med solbriller, blomar, stein, ei lita korg av papir, to små kjeks i plastfolie, eit raudt hjarte, to små menn og ein løvetann med lange kvite fallskjermfrø. Eg drikk kaffien min og konstaterer at veret er like fint i dag som det var i går.

Eg kjem til kyrkja saman med Elise. I våpenhuset står Leif Andenes i mørk dress og blendande kvit skjorte med pinseraudt slips. Han tek oss i handa og helsar høgtideleg, og så seier han at me må gå inn i kyrkja og lukta på blomane før me går inn og gjer klart til sundagsskule.

I kyrkja er det pynta med alperoser, syrinar og store bukettar med sjasmin. Eg spør Andenes om det verkeleg er sjasmin som blømer allereie nå. Han seier at blomane er ein krysning mellom sjasmin og epleblom, og eg ser at kvistane verkeleg ser ut som dei kjem frå eit frukttre, men lukta er av sjasmin.

Eg tenkte det kanskje ville vera få ungar i kyrkja ein slik dag, men med seks dåpsbarn og mange av dei som elles bruker vera der, så vart det sikkert bortimot 30 sundagsskulebarn, kledde i bunadar, små sommarkjolar, dressar og fotballdrakter.

Ein gut frå Ingrid sin barneskuleklasse var stolt far for eit
lite dåpsbarn, og igjen må eg undra meg over kor fort små barn blir store ungdomar, og kor fort ungdomar plutseleg er vaksne.

Me nådde opp att til velsigninga og den siste salmen.
“Guds menighet er jordens største under…”
Ein herleg forsamling av all slags menneske, og postludiet kom med trompetmusikk frå galleriet.

Det er noko merkeleg med pinseunder, tenkte eg.

Heidi

Vona og livet.

Romanen eg har lese i denne veka av Torvald Tu reiser forbausande moderne problemstillingar: Ekteparet Gunvor og Tor Hespe har levd barnlause på garden Søre Hespe i 18 år. Begge hadde dei drøymd om ein stor barneflokk.

Tor, som hadde hatt to funksjonshemma sysken som nå var døde, mistenkte at det var hans gener det var noko gale med. Gunvor kom frå ei slekt der alle var sterke og sunne, og sjølv var ho vakker, ung, optimistisk og sterk på tross av sorga over barna dei aldri fekk. Då gardsguten Asle, som har vore hos dei i fleire år, bestemmer seg for å emigrera til Amerika, får Tor idéen om at Asle kanskje kunne bidra til å laga ein arving til garden før han dreg…

Gunvor blir gravid og alle er glade, men så kjem alle problemstillingane. Tor klarer å overbevisa seg sjølv om at han må vera rett far til barnet trass alt, og Gunvor sender jamnleg brev til Amerika utan å fortelja det til Tor.

På bygda blir det folkesnakk om at veslejenta på Hespe, som er faren sin augnestein slett ikkje liknar på nokon på garden.

Ønsket om eit barn er noko sterkt og universelt for veldig mange. Eg kjenner parallellen til bloggar eg har fulgt på nettet med stor interesse. Eg har lese bloggen til gaypappor, to homofile menn som har blitt far til kvar sitt barn med den same surrogatmora. Eg har lese bloggane til både lesbiske og heterofile kvinner som dreg til Sverige for å bli kunstig inseminerte. Nokre av dei har eit utall mislykka forsøk bak seg, og har brukt veldig mykje pengar på prosjektet.

Viss nokon av lesarane er spenfe på kva konklusjon og moral dette innlegget skal enda opp i, så vil eg bare seia at eg forstår alle saman veldig godt. Ynskjet og draumen om å bli mor har alltid lege veldig sterkt i meg. Eg har elska å bera fram dei fire barna mine, og var det opp til meg ville eg gjerne hatt både to og tre til.

Problemstillinga på Søre Hespe går på ein måte igjen i vår tid. Kor langt skal ein gå for å skaffa seg eit barn.
Og dei var djupt takknemlege for barnet dei fekk, sjølv om det uortodokse valet førde med seg større kjenslemessige utfordringar enn dei hadde sett føre seg;
sjalusi, mistru, forvirra kjensler, anger, tvil og folkesnakk. Kanskje eg får konkludera som Sigrid Unset gjorde for ein mannsalder sidan: “Menneskehjertene forandrer seg ikke.”

I morgon skal eg ha sundagsskule og forsåvidt fortelja om eit menneskehjarte som forandra seg. Eg skal fortelja om Paulus som vart stoppa på vegen til Damaskus av eit syn. Livet vart snudd på hodet, og frå då av vart alt forandra.

Eg har lese om Magnus Malm i avisa i dag. Eg kjenner til han frå fleire Korsvei-festivalar, og han blir av mange sett på som ei bortimot profetisk røyst inn i vår tid. Han meiner at kristne bør våga å vera annleis, å skilja seg frå massane og trendane i tida. Han nevner spesielt haldningane til pengar og materielle ting. Eg las i avisa i går om menneske som vel å leva alternativt gjennom å gå inn i kommunitetar der dei gjev avkall på å ha eigne pengar. Dei lever for å tena Gud og medmenneske. Nokre i tradisjonelle klosterordenar, andre i nyare variantar av eit liv i enkelheit, forsaking og for ein del av dei, eit liv i sølibat.

Det å gje seg heilt over i noko, appellerer på sett og vis til meg. Eg vil gjerne gjera det eg gjer heilt og fullt og på alvor. Samtidig er det ein farleg grenseoppgang til fanatisme.

I ein song frå min idealistiske ungdom song me:

Høsten er moden,
arbeiderne få,
hvem skal jeg sende,
hvem vil gå…

Og svaret kom lenger ute i songen:

Jesus her er jeg send meg,
jeg vil leve mitt liv i tjeneste for deg,
Jesus her er jeg, send meg…

Skulle nokon sakna ein raud tråd i denne teksten, så er eg ikkje heilt sikker på om han finst. For midt i alle mine påstandar om at eg gjerne vil gjera ting heilt og fullt og skikkeleg, så er eg meiningslaust glad i trådstumpar. Eg har strikka mykje rart av restegarn opp gjennom åra.

Og dagen har vore latare enn eg eigentleg hadde tenkt. Eg har hengt opp klesvask og sett undulatane ut i den fine sola. Så angra eg meg, for eg vart engsteleg for om det var for mykje trekk for dei, og så bar eg det store tunge buret opp på loftet att…

Eg har vore på tur ute i marknadsgatene med Arne og kjærasten min. Så har eg og Ingrid og mor og far og syster og svoger grilla i den flotte hagen der oldeforeldra mine ein gong slo seg til. I kveld var eg invitert til jentekveld hos Karin, og hadde veldig lyst, men fant ut at med ein familie som mest ikkje har sett meg i det siste, og sundagsskule i morgon, så fekk eg halda meg heime.

Så gløymde eg å fortelja noko viktig: Dette har vore den første verkeleg varme forsommardagen.

Og for å dra trådane tilbake til Torvald Tu og overskrifta:
Det må vel vera dette det meste dreier seg om: Vona og livet…

Heidi

Godt, godt, godt…

Me hadde tre vellukka forestillingar i dag. Det er utruleg deilig å vera ferdig, men samtidig lengtar eg litt tilbake til stykket. Det er rart at det me har skapt i mange månadar har levd ferdig, og er i ferd med å forsvinna i lause lufta.- Men forestillinga er filma, så det går an å avstandsoppleva illusjonen av skogen, slottet og bestemor sitt hus. – Men dei lånte kulissene står klare til henting, og kostyma ligg og ventar på å bli hengt på kostymelageret, så nå er døra lukka til Snødronninga sitt rike…

Det kjennest som å ha fått sommarferie, sjølv om ein god del står att, ganske store greier og, noko av det… Men nå skal eg nyta å ha ei fri-frihelg. I alle fall nesten, eg skal ha sundagsskule på sundag og fortelja om Paulus, men det skal gå bra.

Som om kjensla av å vera ferdig med teaterstykket trong å underbyggjast endå meir, så skein sola frå klar sommarhimmel då eg kom ut. Ute kokte gatene av folk, for nå er det Jærdagar med salgsboder i gatene og pølsegrillar på kvart hjørne.

Eg hadde avtale med Tove som er på besøk i byen, me sat ute på gata, og åt deilig lunsj. Eg åt suppe med kokosmjølk, kylling og sitrongras med mørkt rugbrød med kvitløkssmør til. Nydeleg. Etterpå reiste me heim til meg og drakk kaffi på terrassen.

Nå har Ingrid og eg ledd og slappa av ute i sola. Det er så utruleg deilig… Og nå får eg spytta i nevane og gå laus på eit veldig forsømt hus. Kjærasten min har sensoroppgåver, og har nettopp fått levert heime-eksamens-oppgåva si… – Og husarbeid har ingen av oss hatt mykje tid til den siste veka…

Men eg er trøytt og glad og takknemleg… Og ein liten tanke rastlaus, for nå er eg heilt ute av trening med å ha tid som eg kan disponera som eg vil.

Heidi

Glad, letta og trøytt…

Men trøytt på ein annan måte enn i går og kvelden før.
Nå er premieren og andre forestilling av “Snedronningen” overstått. Eg er fornøgd og synest at elevane våre gjorde ein kjempeinnsats. I dei beste partia smelta skodespelarar, historie og scenebilete saman og vart til ein slags magi.

Det er dei magiske augneblinka ein håpar på når ein arbeider hardt med eit stykke i lange tider, så blir stykket fødd og alt er over. Det er som ei døgnflue som har vore puppe heile vinteren. I beste fall får ho fint ver denne eine, bestemte dagen ho har livets gave…

Nå har eg laga målprøve til i morgon, men andre enn meg skal gjennomføra han. Eg skal bare besørga teater heile dagen, og når kostyma er tekne av for siste gongen, og me har rydda dei vekk, skal eg møta Tove. -Og så skal eg sova. Lenge, har eg tenkt…

Heidi

I don`t remember getting older,

when did they?
Den språklege perla kjem frå Spelemann på taket. Og akkurat slik kjennest det… I dag tok eg meg sjølv i å sitja og sjå på denne filmen i lag med elevane mine, som lærer om jødedomen, medan tårene rann nedøver ansiktet mitt.

Det var bryllaupet mellom Zeitel og Motel, der dei stod under baldakinen medan alle gjestene stod rundt i mørket og song “Masel tov, masel tov”… Og så syng Tevye med malmfull bassrøyst:“Is this the little girl I carried? Is this the little boy at play. I don`t remember getting older, day by day. When did she get to be a beauty? When did he grow to get so tall…

Akkurat slik kjennest det. Eg omgjer meg med store ungdomar som ein gong var dei mjuke små barna mine, og akkurat som i songen, I don´t remember getting older…

Eg rakk såvidt heimom for å dusja før generalprøvane på “Snedronningen,” og medan eg sat der med lånt manus for å gje dei suffli med mjuk lyssetjing, lys i kandelaberen og kulissene på plass, så kjende eg hovudverken som har plaga meg dei siste dagane sleppa taket…

Eg kjenner mange fantastiske menneske, i dag kom Dagny på døra med heimelaga lasagne, baguettar, agurk og heimebakt rullekake fordi ho såg kor travel eg var, og fekk lyst til å visa oss omtanke. Sånt er sjelevarmande.

Finn et strå og træ det på…

Heidi

To korger jordbær,

sjokoladeis, jordbæris og pistasjis. Pastellfarga non-stop og ein stor pose peanøtter. To grøne eple, ein pakke paracet 500 mg, og eit beger salat. Alt dette stod eg med i kassen på Spar.

Dei seks første ingrediensane var til kollegene mine. Dei som fyller år tek med seg ei kake eller liknande, og eg tenkte dei kunne trenga litt oppmuntring på planleggingskveld nummer to.

Då eg skulle betala, vart eg ståande og famla etter kortet mitt. Ikkje noko unormalt i det. Det gjer eg ofte.

Då slår tanken ned i meg at kortet ligg i Ingrid si lommebok. Ho vart oppringd og vekt i dag morges fordi skulen trengte vikar, ho kasta seg på sykkelen og kom, utan å ha fått frukost, og eg sende henne ut i friminuttet med mitt bankkort for at ho skulle få kjøpa seg mat.

– Ehhh, eg har viss lånt vekk kortet… – Enten må eg setja alt på plaass att… – Eller kanskje eg kunne få med meg varene nå og koma
innom og betala i morgon?

Nei, dessverre, det hadde dei ikkje lov til… Utan å lukkast i å ringa etter kortet mitt måtte eg legga det sure eplet,- og alt det andre…, – på plass i hyllene…

Men eg nådde planlegginga…

Dagen har vore fin-, men kjempetravel. Eg har hatt vondt i hovudet, men er elles godt fornøgd. Cleopatra ligg omtrent oppå tastaturet mitt, og Venus svirrar rundt føtene mine. Ute er det bare fem grader.

Kulissene til stykket er vell framme, men eg har framleis ikkje hatt tid til å sy reinsdyrhorna fast på drakta.

Ne har fått gule og oransje tagetes til bedet framfor huset, og eg har ledd mykje. I ellevte time klarte eg å få tak på “Spelemann på taket,” med norsk tekst. Livet swingar i rekordfart nå i mai månad.

Sunniva har vore og avlagd ferdighetsprøve på dramalinja på vidaregåande: Det hadde vore spennande.

Heidi

Maratonmåndag.

I kveld har me lagt timeplan for neste skuleår. For første gong i mitt liv skal eg bli faglærar. Til nå har eg hatt elevane mine i omtrent alle fag, men neste år legg me om systemet slik at eg skal undervisa alle 7.klassingane i
norsk og rle. Det blir interessant.

Bryllupsdagen har blitt feira med kinamat i pausen, og kjærasten min vart velsigna med mørkeraude peonar og melkesjokoladehjarte.

I dag kom den varme sola.

Heidi

Sundag og sånn.

Eg hadde skam å seia tenkt å la vera å gå til gudsteneste i dag for å gje meg sjølv eit kvileskjær, men då eg skjøna at kjærasten min hadde tenkt seg til lokal gudsteneste borte på skulen, kunne eg ikkje stå i mot.

Leif Oscar har ofte kreative innfallsvinklar. I dag kom to damer berande inn på ei utstillingsdokke utan hovud. Dessverre hadde ho fått ein ekstra knekk i hofta og, så det var vanskeleg å få operert hoftene på plass utan å kle av henne. Men etterkvart kom ho seg på beina og fekk eit slags hovud og.

Desse bydelsgudstenestene er heilt annleis enn dei i den store kyrkja. Det var fint å vera der, etterpå vart det invitert til grilling i gapahuken utanfor kyrkja, og til ære for ungane hadde dei fått låna ei stor hoppemadrass frå sundagsskuleforbundet.

Etterpå gjekk eg og Ingrid lang tur langs stranda. Det glimta til med sol innimellom, og strengt tatt kunne eg klart meg utan ullstrømpebukse under buksa, men veldig varmt er det framleis ikkje her. Eg har hatt det litt for travelt dei siste månadane til å passa på at eg får nok trim, men frå nå av er det full skjerping…

Utdrag frå intervju i lokalavisa i anledning 100-års dagen min:
“Ein av grunnane til at eg er i så god form er at eg kvar einaste dag sidan den dagen eg fylte 48 år har gått lange turar, sykla, symt eller dansa. Eg er faktisk i fysisk betre form nå enn eg var då, kor merkeleg det enn må høyrast ut…”

For visst har eg ikkje dansa og. Etter ein tur på jobb dansa eg salsa med ein gjeng salsafrelste menneske. Dessverre er eg langt frå deira entusiasmenivå, men god trim er det nå utvilsomt likevel… Sjølv om eg må innrømma at eg stakk litt før tida fordi eg måtte finna ut meir om den politiske bakgrunnen for “Fiddler on the roof”, og dessutan finna ut ein del fakta om Dalai-Lama, før morgondagen skulle koma.

Nå gler eg meg til å ta med meg ei lita perle av ei bok i senga. “Vona og livet”, av Torvald Tu. Eg visste ikkje at han hadde skrive romanar. Det er ei sjarmerande heimstadskildring frå 70 år tilbake, og handlar om alle ting om frustrasjonane til eit barnlaust par.

Eg ser at bloggen min i det siste har gjenspegla mine litt sære litterære interesser… Merkeleg eg? Nei ikkje i det heile tatt…

Heidi

23.mai

er inne i skumringstimen, og internett virkar og virkar ikkje annankvart minutt, så om dette blir posta nokongong er litt usikkert. Sidan eg vart fødd på denne datoen for ganske mange år sidan, har eg naturleg nok eit spesielt forhold til akkurat denne datoen.

Eg har fått blomar og skrivebok, og at Halvard fekk eg filmen om Brødrene Løvehjerte. Plutseleg låg det ein pakke i postkassen og med ein fin lillamønstra kjole frå Eva Mari. Eg er eit heldig menneske.

Det var att veldig mykje mat etter Sunniva si feiring i går, så me inviterte nokre av dei vennene som bur nærast oss til restemat klokka tre. I sist veke vart Laila og Olav mormor og morfar til vesle Livia, og Gunna og Hanne Lise mormor og morfar til vesle Emil. Derfor skunda eg meg til blomsterbutikken for å kjøpa to bittesmå oppsatsar, ein i rosa og ein i blått: Det må då vera verd å feira når barnebarn kjem til verda.

Og Arne kom innom med sånn omtrent den finaste buketten eg har fått nokon gong i lysegult og lyseblått og kvitt. Sidan dei andre antyda at det likna mest av alt på ein brurebukett, gjekk han til og med ned på kne ute på verandaen for å overrekka blomane. Etter ei kals veke med mykje regn, kjendest det godt å kunna sitja ute.

Eg har fått pengar og. Kanskje eg skal kjøpa meg ein syrinbusk? Syriner er noko av det finaste eg veit. Om eg hadde klart å ta vare på han og framelska blomar er eit anna spørsmål. Fingrane mine kunne med fordel vera grønare.

Nå er me ganske utlada både eg og kjærasten min. Mai månad er ofte litt av ei festereise, men dette året har feiringane omtrent kome oppå kvarandre. Konfirmasjon, henting på folkehøgskulen med avskjedsfest, 17.mai, tredobbel feiring av Sunniva sin 16-års dag og i tillegg feiring av min dag. Eg trur me skal tillata oss ei veldig roleg feiring av bryllaupsdagen vår på måndag…

Heidi

Feirar med ei liste.

Hur gammal är du om fem år?

Heilt nøyaktig 53 år. Kan det stemma då? Må rekna ein gong til.

Vem var den sista du träffade?

Kjærasten min og ungane mine. Og nå treff eg snart fleire, for det ringer på døra. Må ta ein pause før eg svarer på resten av spørsmåla.

Hur lång är du?

1.61 eller 1.62 etter kor godt ein strekkjer målbandet.

Vilken var den senaste film du sett?

Briller. Ein nydeleg japansk film som eg såg i går.

Vem ringde du senast?

Onkelen min.

Ditt senaste sms och till vem?

Tusen takk. Orkideane som eg fekk til konfirmansjonsbordet pynter stova mi endå. Dei er så fine. Ja, visst må me snakkast snart. Hels mor si masse frå meg. ( Til Anne Mette som svar på ei Gratulerar- med -dagen -melding.)

Vad är helgens planer?

Å nyta resten av helga med å ta det mest mulig med ro. Gå ein tur, lesa litt bøker, stikka innom jobben ein tur og dansa litt.

Föredrar du att ringa eller skicka sms?

Som regel sms.

När såg du senast din mamma?

For to dagar sidan.

Vilken ögonfärg har du?

Blå.

När vaknade du idag?

Såg ikkje på klokka, men eg trur ho var omkring ni.
Sjeldan eg søv så lenge.

Har du någon gång hittat en katt?

Begge kattane våre er hittebarn, rett nok funne av dei to yngste ungane. Elles har fleire bortkomne kattar budd her til me har klart å oppspora eigarane via plakatar på butikken.

Vilken är din favoritplats?

I nærleiken av havet.

Vilken plats föredrar du minst?

Tannlegestolen og gynekologstolen.

Var tror du att du befinner dig om 10 år?

Omtrent same plassen som nå, håpar eg.

Vad skrämde dig som barn?

Tanken på gjenferd. Og når eg var bitteliten vart eg grundig skremt av feiaren ein gong, og av eit troll på barne TV.

Vem fick dig att skratta senast?

Arne, då han var på besøk og viste ein parodi på ulike dansestilar.

Är du för ung för att äga vinylskivor?

Nei. har ein stabel i kjellaren. Eg hugsar til og med 78-platene frå min tidlegaste barndom.

Har du stationär eller bärbar dator?

Stasjonær heime, og berbar på jobben.

Hur många kuddar har du i sängen?

Tre, trur eg, men minst ei havnar på golvet når eg skal sova.

Hur många landskap har du bott i?

Seks ulike, trur eg.

Har du någon gång spytt på någon?

Nei. Men då eg var lita vart eg ein gong så bilsjuk at eg spydde på ytterkleda til alle i familien som låg i bagasjeholet bak i folkevognsbobla me hadde då-

Föredrar du skor, strumpor eller barfota?

Barføtt om sommaren, men barfotsesongen har ikkje kome hit endå.

Är du social?

Ja, veldig, men eg trivst godt i eige selskap og.

Vilken är din favoritglass?

Softis i kjeks. Det er bare sååå godt.

Vad skulle du göra om du vann en miljon?

Eg håpar eg hadde hatt vett til å gje mesteparten bort til nokon som treng det betre enn meg.

Tycker du om kinamat?

Ja.

Tycker du om kaffe?

Ja, veldig.

Vad dricker du till frukost?

Eit stort glas med vatn. Og eit krus kaffi. Helst kaffi heime først, og så eit krus på jobben før første time.

Sover du på någon särskild sida?

På magen.

Kan du spela poker?

Nei.

Tycker du om att mysa?

Ja.

Är du en beroendemänniska?

Ikkje så veldig om eg samanliknar meg med ein del andre eg kjenner.

Känner du någon med samma födelsedag som din?

Ja. Den eine har eg gratulert med dagen.

Vill du ha barn?

Eg har fire og ville helst hatt minst to til.
Men eg får nok heller drøyma om at det kanskje kunne koma eit par barnebarn etterkvart.

Kan du några andra språk än svenska?

I tillegg til norsk så forstår og les eg svensk og dansk utan problem. Så snakkar eg engelsk og tysk, og bittelitt fransk og spansk

Har du någonsin åkt ambulans?

Ja. Tre gonger. Ein gong med bestemor då ho fekk slag.
To gonger med onkelen min dei siste månadane han levde.

Föredrar du havet eller en pool?

Havet.

Vad spenderar du helst pengar på?

Det er eg rett og slett usikker på, men dei sit nok litt for laust i lommeboka sånn generelt.

Äger du dyra smycken?

Nei.

Har du någon gång testat narkotika?

Nei. Rører knapt nok alkohol.

Vad var de senaste du stoppade i munnen?

Rugsprø med brie og epleskiver. -Nydeleg.

Vem är den roligaste människan du känner?

Her er det knivskarp konkurranse, eg kjenner veldig mange med utruleg masse humor. Kanskje Ingrid vinn i oppløpet med Jan Ivar og kjærasten min på delt andreplass?

Välj ett ärr på din kropp?

Eit mest usynleg keisarsnittarr som alle barna mine har brukt som port ut til livet.

Har du kvar något klädesplagg från du var liten?

Ja. Ein gul kjole med snå ruter og rund krage og ei raudrutete snekkarbukse. Begge er sånn ca passe til ein eittåring, og eg har brukt desse plagga på døtrene mine og.

Flirtar du mycket?

Det kjem an på korleis ein definerer flørt.

Kan du byta olja på bilen?

Nei.

Har du fått fortkörningsböter?

Nei.

Vilken var den senast bok du läste?

Ei bok om korleis Kirsten Flagstad og mannen hennar vart berørde av landssvikaroppgjeret etter krigen. Eg ser at det ser sært ut på trykk. Det var slik fyll- ein berepose
for 200-kr- sal som eg sjeldan har ryggrad til å stå i mot.
Eg las ei anna bok frå posen i går. Det var eit oppgjer med journalistikken i “Se og Hør”.

Läser du dagstidningen?

Les ei til to aviser til dagen.

Prenumererar du på någon veckotidning?

Nei, men abbonerer på magasinet “Strek”. Eit veldig bra magasin.

Dansar du i bilen?

Nei.

Vilken radiostation lyssnade du senast på?

P2.

När var du i kyrkan senast?

Var det ikkje for to veker sidan?

Heidi