Gå til innhald

Sjå Jæren gamle Jæren

han ligg og lyser fjåg.
Med åkrar og med engjer han seg breider.
Sjølv var han alle dagar det beste som me såg,
og han skal ha vår sveitte og vår heider!
Med arbeid me han pryder, så veks han år for år,
og for dei tusen lyder
han blømer vår for vår,
den heimegilde, gode, gamle Jæren.

Me helsar kvar ei hytte, me elskar kvar ein heim,
og elskar kvar ein tuft og kvar ei tuva.
Me sender au ei helsing langt burt til framand svein,
til dei som reiste burt dit draumen ruva.
Til dei som nådde målet,
til dei som inkje rokk!
I ståket, der i skrålet,
me veit det går ein flokk,
som minnest, og som lengtar heim til Jæren.

Sjå havet, breide havet, som blånar langt mot land,
og voggar seg i blide solskinsdagar,
men som i uversrider slår dundrande mot strand,
når stormen over sjumilssletta jagar!
Å kor det hugen tryllar, det store, store hav!
I sær når sola gyllar,
alt med ho sloknar av,
og kvelden legg si skuming over Jæren.

Gud inderleg velsigne oss alle her me bur,
at me kan vera trugne i vårt yrke.
Og må me alltid vita at me på honom trur
og får hjå han vår tålmod og vår styrke.
Og lat så dagen enda, og sol i hav gå ned.
Han alt så vel vil venda
så hjarto hyser fred
i siste skumringskvelden vår på Jæren.

Torvald Tu

Denne songen leita eg både på nettet og i ein haug bøker for å finna teksten til. Til slutt fekk eg hjelp på biblioteket.
Nå ligg han her på andedrakt til glede for meg og andre…
Veldig vakkert. Denne bør då ungane på Jæren kjenna til?

Heidi

Kjærleik og respekt.

Eg kom over fylgjande sitat på ein blogg i dag.

Alt eg treng er kjærleik og respekt, men det er til gjengjeld eit ubetinga behov.
Fritt sitert etter Jonas Gardell

Det er kloke ord. – Og eg trur dei små og store menneska eg omgåst dagleg har det på same måten.

Til neste år får me femtiein ekstra sjuandeklassingar til skulen min på grunn av eit ombyggingsprosjekt på ein naboskule. I dag hadde me bli-kjent-dag mellom dei og våre komande sjuandeklassingar, som altså er mine elevar.

Me har spelt spel, leika utandørs, spelt spel, bygd tårn av papir, og lært namn. Midt i det heile grilla me ute i skulegarden medan resten av elevane på skulen hadde time.

Vinden er på nord, og det er kjøleg ute, men maisola skin.
Eg har fått rydda i papir og plukka ned nokre ballar som det stressa meg å ha hengande i lufta. Eg jobba til langt på natt i går og sovna på sofaen etter jobb.

Halvard har kjøpt seg stjerneforma el-gitar for deler av konfirmasjonspengane. Dei grøne orkideane og dei andre fine blomane frå konfirmasjonen står framleis i sova. Dei er så fine.

Heidi

Kjærasten til Alexander er eit jordbær

Mai er månaden for å plukka ballar ned frå lufta.

I sist veke avvikla me “Matilda.”
Denne veka skal me avvikla “Med hjartet i handa.”

I kveld skal eg fullføra manuset til trekstsamlinga frå skrivekurset. Eg vil bruka eit sitat frå ein elevtekst.
Eg lurer på fylgjande variantar:

“Eg står her og kastar lyn.”
“Ei sandstrand med mange spor.”
“Kjærasten til Alexander er eit jordbær:”
“Eg er eit epletre.”
“Katten til kusina mi.”
“Lyden av tårer.”

Kva trur de godtfolk?
Eg vil gjerne ha gode råd.

Til helga skal me henta Ingrid heim frå folkehøgskulen.

Om to veker skal me avvikla “Snedronningen.”

Det snør frå kirsebærtreet vårt.
Snart er bløminga over.
Våren er forgjengeleg.

Heidi

Skrivereise.

Det regna om morgonen, men då eg sette meg på sykkelen for å sykla til stasjonen var det opphald.

Skrivejentene mine kom til stasjonen og fekk utdelt notatbøker med stive permer. Den første oppgåva dei fekk var å skriva ein “venta-på-toget-tekst.”

Det bles kaldt, men regna ikkje. Dei to siste kom etter at toget var annonsert. Toget var fullt av syklar og syklistar med sykkelbukser.

Neste oppgåve var å skildra jær-naturen medan toget tok oss sørover Jæren. Som alltid så skreiv eg i lag med dei.
Slik vart min tekst:

Grøne enger
steingardar

ein bekk
store løer
rundballar pakka i plast
svarte fuglar lettar
frå markene
lamma spring med viftande halar
svarte og kvite kyr ligg roleg og tygg gras,

neste stasjon er Nærbø

med blå fioler langs stasjonsbygningen
på taket ein gigantisk svart kråkefugl

avstigning venstre side

morgonstille gardar
grøne spirer
ei gammal trebru
ein gravemaskin står der og flyttar mold

fleire steingardar
så grønt allereie
to symjande stokkender
i ein stor vasspytt
myrer med grøne strå

neste stasjon er Varhaug

ein herresykkel lent mot
stasjonsbygnningen

avstigning høgre sida

stengde dører på Varhaug sparebank
ei lita gammal løe står med svart, gapande munn

grantre nokon må ha planta
på snorbeine linjer mot havet
flatt landskap mot havgapet
sauer og steingardar
beitande kyr

Vigrestad

avstigning til venstre

dørene lukkes

sjekk av billettar
to plaststolar
i solveggen mot ei løe

kyrne søkjer ly
mellom dei store steinane
hesteblomane lyser
frekt og gult
havet smyg ut av sikte
for å dukka opp att lenger borte

sol over blenkjande plast på Brusand
Hitlertenner mellom oss og havet
sjø og vatn
ein tunnell
blenkande lyse bjørker
alvorlege mørke graner

Første stasjon er Ogna

fleire parallelle jernbanespor
graset er sjølvlysande grønt
den velsigna sola
kastar lys over husa
mellom blankskurde grå knausar

dei først blå lupinene
på Sirevåg stasjon

himmelen vurderer å tømma ned regn
krusningar på vassflata
mørke skyer
fuglane flyg lågt over vatnet
ein robåt utan årer
dregen opp på land

solblenk gjennom svart skydekke
gulgrått gras frå i fjor
furutre med opna armar
prestekragar
kvitveis
dei første eg har sett i år

Hellvik stasjon
hekk med kvite blomar
avstigning på høgre side

blømande frukttre
knausar ned mot sjøen
tunnelar
turstier

Egersund neste
med fleire kvite blomar

Heidi

Rain keeps falling like helpless tears

and what have they done to the rain (g-moll)…
Eg trur i alle fall det var den akkorden som kom etter den linja då eg hadde gitarundervisning med Terje Korneliussen for ca 24 år sidan. Han sat på kateteret i lilla skjorte og spelte gitar, me sat rundt i klasseromet på kvar vår stol, og prøvde å gjera det same…

Gitar har eg aldri blitt flink til å spela, ikkje noko anna instrument heller, sjølv om eg har prøvd meir eller mindre heilhjarta å læra meg det heilt sidan eg fekk mi første blokkfløyte då eg var åtte år og me spelte “Liv og Per tok toget sammen i fra Holmestrand til Drammen.” Songen var på to tonar, a og høg c, så det var eit nokså overkomeleg fløyteprosjekt med Gerd Signy Kvam ståande framme ved kateteret med ei fløyte ho sjølv spelte på. Me andre tuta med så godt me kunne. Andre verset sit og som spikra: “Konduktøren spurte etter om de hadde kjøpt billetter…”

Eg har alltid drøymt om å vera skikkeleg musikalsk, men ein får ikkje alt eim drøymer om. Tekstar derimot, klistrar seg til hjernen. I situasjonar med spontan allsong rundt eit bord eller eit piano blir eg oppriktig sjokkert over kor lite tekstar folk kan, men det hjelper ikkje om eg kan dei så lange eg er heilt indisponert i rolla som forsongar. Det som fungerer best er at eg seier ein og ein setning til dei som er velsigna med stemmen… Det er eit merkeleg puslespel me har fått utdelt kvar våre brikker til å leggja…

Men poenget med opningsstrofa, var at regnet fell som hjelpelause tårer her hos oss og i dag. Eg har den velsigna frifredagen min og konsentrerer meg om å gjera ingenting innimellom alt det andre. Det er heilt nydeleg. Det hadde vore fint om veret var bittelitt betre i morgon. Regn og vind og åtte grader kan bli ei utfordring for prosjektet mitt som heiter “Skrivetur til Egersund”. Eg og dei ti skriveelevane mine skal ta toget om morgonen og skriva om togturar, natur, våren, byen, havet, menneska, livet og kjærleiken… Det hadde jo vore fint med tørre skriveblokker… Me får skriva om regn, frysing, kalde fingrar og venta på toget. Det kan bli fint det og…

Både i klassen og på skrivekurset, har me jobba med Torvald Tu denne veka. Han skreiv mellom annan “stubbar” på dialekt der han skreiv ned på ein humoristisk måte kva folk snakka om og var opptekne av. Eg hadde tenkt å prøva ut noko liknande på turen i morgon… Kva snakkar jærbuar om på toget ein maidag i 2009, liksom…

Og så skreiv han så fine dikt. Ein del er lite tilgjengelege for barna fordi dialekta har forandra seg så mykje dei siste 100 åra. Eg vil likevel gjerne at dei skal få oppleva kor vakkert det er. Då eg var lita gjekk eg og morfar på tur til Mosberghaven der huset til Torvald Tu framleis stod. Me hadde med oss kjeks og saft på flaske, og så gjekk me inn i hagen og kikka.

Eg siterer litt etter minnet.

Te jærs, te jærs,
eg vil heim te jærs,
eg kjenne så væl eg må.
I dag fekk eg brev med noge særs,
ein lyngblom, ein jærblom ein heimablom,
med helsing: Det bløme nå!

Men lirkå synge på Jæren,
og ho e ein foggel frå Gud,
øve brune markje,
tirla ho gleå si ud,
den littla velsigna lirkå.
Torvald Tu

Heidi

Nå skal eg sova

til i morgon ettermiddag eller noko slikt. Det skal bli utruleg deilig. Sunniva skal ha skriftleg eksamen i morgon, ho er komen opp i norsk.

Merkeleg nok hugsar eg min eigen avgangseksamen på ungdomsskulen veldig godt. Eg kom og opp i norsk og skreiv ei humoristisk forteljing på nynorsk om bebuarane på ein gamleheim som skulle på fisketur for å feira våren.
Hovudpersonen heitte Gunda eller Magda og gjekk med svarte knappestøvlar. Marit Oftedal kom for å lufta oss, eg fortalde henne frå forteljinga mi og ho lo høgt. Det tok eg som eit godt teikn… Og i morgon er det altså Sunniva sin tur…

Og min tur til å finna senga, kjenner eg…

Heidi

Matilda

Så er Matilda lagt i stabelen av fullende musikalprosjekt. Det var ein lukkeleg slutt denne gongen og. Eg hadde ei ekstra lita utfordring med å skriva på ei blank tavle med ein spesiell penn for å få til magisk skrift på lerretet. Matilda kan nemleg skriva på tavla ved hjelp av rein tankekraft…

Heilt lett var det ikkje. Tavla gjekk i kvilemodus og måtte lirkast på att. Men ungane var veldig flinke, og håret til bilselgjar Wormwood var greidd så stramt bakover med ekstra power hairvax at eg lurer på om det let seg vaskast tilbake i normal fasong.

Nå er eg veldig trøytt og skal leita meg veg til senga. Kirsebærtreet blømer ivrig, og det er så vakkert ute at det gjer vondt.

Heidi

Femte mai.

Den overskrifta er reint juks og bedrag, men ho får stå der likevel for å skapa ein illusjon om at ideen om å skriva kvar dag i mai let seg gjennomføra. Eg er nemleg ganske sta på fikse idear…

Og visst skulle eg skriva i går, men medan eg sat der med andedrakt for mine føter og fingrar svikta internett, og til slutt måtte eg bare gje opp prosjektet. Eit eller anna med tilkoblinga vår fungerer ikkje heilt som det burde. Kanskje eg burde ta det som eit hint frå høgare makter om at det er andre ting eg heller burde bruka timane mine til?…

Dagane er framleis store bølgjer som løftar meg, tidvis halvvegs til himmelen. Denne veka har det vore intense øvingar med “Matilda” av Roald Dahl som sjette og sjuande klasse set opp. I dag er det skuleførestillingar og foreldreførestilling. Tida har gått alt for fort dei siste vekene, og i går brukte eg alle pausane mine til å øva med elevar som gjerne ville ha litt ekstra støtte.

Om ettermiddagen var det først øvingar på stykket “Med hjartet i handa”, og så på “Snedronningen”. Begge desse teaterstykka skal visast med dunder og brak nå i mai.

Og nå er eg tidleg oppe for å handla mat til familien Wormwood og gjera klar til elevane kjem. Før forestillinga må Frøken Trunchbull øva på korleis ho veltar eit stetteglas med ei salamander i ved hjelp av usynleg fiskesnøre.

Det blir ein spennande dag.

Heidi

Den store dagen.

Det kjendest litt som å snubla før målstreken etter å ha ligge i langtidstrening og ligge an til ny pers på oppløpssida… Men bare for ei stund… Litt har ein då lært seg etter 23 år i eit nokså stressrelatert yrke…

Etter å ha skrive teksten min tidleg i går morgon, lista eg meg ned trappa for å stryka Ingrid si bunadskjorte. Då eg fekk ho på strykebrettet, oppdaga eg at ho ikkje var rein i det heile tatt. Ho hadde tydelegvis hamna i skapet etter siste gongs bruk og ikkje blitt vaska. Etter å ha prøvd å behandla ho lokalt, fann eg ut at her var det bare å handla raskt viss eldstejenta skulle kunna bruka finstasen. Eg lukka augene, for å sleppa å sjå kva eg sjølv gjorde, og heiv skjorta i vaskemaskinen på finaste finvask.

Etter å ha kontrollert kvart tiande minutt om ho ikkje snart var ferdig, kom den største “bunadssynda”: ein halvtime i tørketrommel, før eg strauk skjorta tørr med strykejernet på svakaste varme… Godt fornøgd med bergingsprosjektet, gjekk eg for å vera med på frokosten, som Eva Mari var i ferd med å organisera for resten av husstanden, inkludert overnattingssgjestene. Frokostegg på bordet, kaffi, ost og heimebakte rundstykke. Så langt var alt såre vel…

Så kom Halvard og sa at han ikkje fann den nye dressbuksa si. Konfirmasjonsdressen hadde me kjøpt for fleire veker sidan, buksa hadde me fått lagt opp, og alt burde vera perfekt. Eg hadde sjekka i skapet at skjorte og slips hang som det skulle…

Dressbuksa var i bruk på torsdag då dei hadde prøve i kyrkja med konfirmantkappar og fotografering etterpå. Halvard meinte at han hadde hengt buksa av seg på badet…

Telefon til Sunniva som sov hos tante for å gje meir plass til overnattingsgjester. Ho kunne ikkje hugsa å ha sett nokon dressbukse der, men kanskje i verste fall, nede i vaskekjellaren i ein skittentøysdunk…

Så var det å leita. I skap og i skittentøysdunk. Alle tenkjelege og utenkjelege stader. Me vart meir og meir paniske, klesskapa blei tømte, ikkje bare Halvard sitt, men våre og, i tilfelle feilplasseringar. Utruleg nok såg me ikkje spor av den nye dressbuksa…

Eit kvarter før han skulle vera på plass i kyrkja, gjekk me over på plan B; nemleg å finna ein erstatning. Huset vart finkjemma for finbukser. Alle storebror sine bukser viste seg å vera alt for store, sjølv med belte og provisorisk opplegg. Halvard sine eigne såg ut som pølseskinn, eller var alt for korte… Til slutt fann me ei finbukse som fekk passera. Litt for kort og litt for trang, men etter ein runde med dampstrykejern fekk ho bare vera som ho var. Den fine grå skjorta med slips fekk henga utanpå buksa, og dresstrøya var jo fin… Me fekk han og oss sjølve i veg i tide, og heldigvis var konfirmantkappen så pass lang at ingen kunne sjå at buksa var for kort…

Som dei seier ved amerikanske filmer: Viss nokon har noko å seia nå, så få det sagt eller la det bli “forever unspoken…” Nå var det på tide å la bukse vera bukse og ikkje la ei bukse øydeleggja ein fin dag. For kva er vel ei dresssbukse i den store samanhangen, og kva er vel ei pølse i slaktetida?

Då eg kom meg på plass i kyrkja, måtte eg konsentrera meg om å pusta roleg ut og inn, eg lukka auga mine og bad Gud om hjelp til å la tankane falla til ro. Eg vart bønnhøyrt. Eg sat der mellom far min og Odd Christian, begge ulasteleg antrukne, og kjende slekt fylgja slekters gang. Det var ganske sterkt å blanda min eigen, ikkje alt for melodiøse sangstemme, med alle dei andre og høyra far sin stemme til venstre og eldstesonen til høgre:

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord,
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Presten hadde kloke og høgtidelege ord til både foreldre og konfirmantar, og som vanleg måtte eg svelgja ein klump i halsen då dei kom fram ein og ein i dei kvite kappane for å knela på alterringen og få forbøn for alt livet som skal koma, og alt som sidan skal skje dei.

Då dei to unge jentene framme i koret song “Sliding through my fingers” frå Mamma- Mia, rann tårene i små bekkjer nedetter kinna mine, og eg måtte konsentrera meg for ikkje å hulka høgt.

Utanfor etter gudstenesta kompanserte Halvard den litt for korte og tronge buksa med eit par raude solbriller, som fekk merksemda mot fjeset hans. Han såg ikkje ut til å vera plaga av det i det heile tatt, og eg begynte å mora meg over situasjonen.

Då eg kom til festlokalet, hadde eg gløymt to kaker i kjøleskapet heime, og teke med feil songbok til Sunniva, men me var ikkje lenger vekke enn at det greitt lot seg gjera noko med. Far fekk ein tre mils lang kjøretur i pausen for å henta lefsene dei hadde gløymt heime, men slikt er ein bagatell det og. Hadde det ikkje vore for den store skåla med heimelaga gome, hadde eg insistert på at me kunne klara oss utan lefser…

Kransekaka hadde eg klart å lappa greitt saman, sjølv om mange ringar hadde knekt i fryseboksen. Konfirmantfiguren som skulle ha vore på toppen hadde falt ned trappa og knekt av seg hodet, så det fekk bli eit stort jordbær på toppen av kransekaka…

Eg vart litt stressa då det viste seg at den halvparten av maten me hadde bestillt måtte varmast før servering, eg hadde trudd det kunne setjast kaldt på bordet saman med dei varme karbonadane, lasagnen og alle salatane. Eg var redd at Jan Ivar, Kirsten og dei to jentene skulle bli overbelasta ute på det knøttlille kjøkkenet, men det gjekk bra…

Og seinare gjekk det meste som smurt: Jan Ivar og Kirsten, som handplukka syngjande servitørar, song Gabriellas song så vakkert at fleire av gjestene gråt.

Jag vil känna att jag lever,
at jag strecker til…

Maten var nydeleg, det vart ein fin dag med talar, lysbileteshow, leikar, song og musikk. Sunniva song vakkert for bror sin, konfirmanten var strålande fornøgd, og det kjendest godt og rett og fint å vera saman med gode vener og familie.

Og så gjekk det som det alltid går i godt lag, timane forsvann som sand mellom fingrane våre. Plutseleg var det på tide å rydda festlokalet, kjøra heim masse mat og store mengder blomar. Klemma gjester farvel og kjøra dei til flyplassen. Så vart det restefest med dei siste gjestene til kvelds, før me vakla i seng for å vera klar til ny morgon og meir kvardagslege utfordringar…

Då eg kom heim frå jobb i dag, var det restemiddag, og så sovna eg på sofaen under eit forsøk på å lesa avisa. Så dette vart ikkje den store ryddedagen. Stova bugnar av blomar, og over sofaryggen ligg det diversa festklede. Buksa har framleis ikkje dukka opp, men kven bryr seg om slikt nå…

Og det å koma seg i seng nå, er sikkert ein utruleg god idé. Eg har prøvd å leggja ved ei adresse til eit fint bilete av ungane mine og Vilde. Kan nokon gje meg tilbakemelding på om de får til å opna biletet? Eg er på litt vaklande grunn når det gjeld teknologi…

http://farm4.static.flickr.com/3555/3497347365_42b78994f4.jpg?v=1241376197

Heidi

Eg sit her og ventar på dagen

og på at huset skal vakna. Det er i og for seg ein uvant
situasjon. Eg har vore meir eller mindre oppe i smug i ein time, det vil seia sidan klokka seks, men med masse sovande folk i huset, to av dei i stova, må eg halda meg i skinnet litt til før eg set i gang aktivitetar som kan vekka folk og røvarar i Kardemommeby.

Eg høyrer at den firbeinte gjesten vår, Marco er oppe allereie, klørne hans skrapar mot trappetrinna. Halvard hadde lyst på foccaciabrød, eg hadde faktisk hatt tid til å baka det nå, men kanskje det blir bare rot og mas i eit allereie belasta kjøkken der folk snart skal serverast frokost?

Nå har kjærasten min lista seg ned for å stryka skjorter, og jammen høyrer eg ikkje lyden av Eva Mari og. Stakkars alle eventuelle B-menneske, som ikkje har tenkt å vakna på ei stund endå her hos oss… Nå begynner dagen, er eg redd. Dei har meld fint ver med ei og anna regnbyge. Kryss fingrane for at Halvard og alle saman får ein fin dag.

Heidi