Gå til innhald

25.mai

Dagens bilete er barnekunst frå kunst og handverkstimen i dag. Eg stolar på at kunstnaren, som forresten heiter Magnus, ville gitt meg lov.

Sidan eg jobbar ein kveld i veka i kulturskulen, styrer eg fredagen frå «heimekontor». Det er nydeleg å sova utan aktivert vekkerklokke. Sidan summen av stillingane mine i år blir ca 100%, seier det seg nesten sjølv at eg ikkje får unna alt lønna arbeid på fire dagar. Det blir ganske mykje jobbing med skule og kulturskule på fredagar og, men det er er fint å kunna styra tida sjølv og gjera noko heilt anna sånn av og til.

Denne torsdagen er eg veldig klar for helg, med to planleggingskveldar og ein kveld i kulturskulen har det gått heilt i eitt sidan måndag morgon.

I dag har me forresten bryllaupsdag, me gifta oss for 38 år sidan viss eg reknar rett. Eg skulle plukka syrinar, men det vart ein sein vår, så det vart liljekonvall i buketten i staden. I år har eg ikkje sett liljekonvall heller, så denne våren må vera endå seinare.

Me har feira med middag på gjenopna Møllehagen restaurant. Lakseplanke smakte veldig godt. Det viste seg at kvar torsdag byr dei på gratis dessert og kaffi, så det kunne me nesten ikkje takka nei til.

38 år er forunderleg lang tid når ein skriv talet ned og ser på det. Me får sjå kvarandre inn i auga og gratulera med dagen. Eg synest me har klart oss godt.

Heidi

Frans av Assisis bønn

Eg og elevane blir liksom ikkje heilt ferdige med Frans av Assisi. I dag skulle me lukka døra til temaet med ei lita oppsummering, men fleire insisterte på å få lov til å gjera seg heilt ferdige med teikningar, maleri, presentasjonar og filming, og slik iver klarte eg ikkje å stå i mot.

Nokre av dei som var ferdige spurte om dei kunne prøva å byggja Assisi, Frans, fuglane og ulven i minecraft-versjon. Det var eit såpass kreativt forslag i seg sjølv at eg gav dei lov, så to av jentene prøvde å byggja som på det berømte maleriet der Frans kler av seg og fråseier seg farsarven. Dei meinte at det eine huset var malt alt for smalt, og det tenkte eg var ein interessant observasjon.

To av gutane sat i eit fargeblandings- og ikonmalingsprosjekt, medan ei av jentene let seg filma på grupperomet i skapnad av Frans som ville liggja på eit hardt og kaldt steingolv og venta på syster Død som skulle henta han. Han insisterte at kroppen hans skulle gravleggjast på same måten som farlege forbrytarar vart gravlagde fordi dei var dei mest forakta i samfunnet. Syster død kom inn på grupperomet og begravde henne under ein gammal skuleplansje for å visa at sjela hans vart henta…

Omtrent slik kan det gå for seg i ein krle-time på 5.-trinn. Teikningen over er laga av ei av jentene som har teikna etter eit bilete ho fann på nettet.

Eg trur det er noko ved Frans av Assisi- skikkelsen som appellerer til elevane akkurat som eg hugsar at eg vart fascinert av å lesa Frans av Assisi si bøn i ei lærebok då eg sjølv gjekk på skulen.

Bøna er ikkje skriven av Frans sjølv, men truleg av ein ukjend forfattar like etter 1.verdskrig. Bøna oppsummerer mykje av det Frans stod for, og er så fin at eg spanderer plass på dagens blogg…

Herre gjør meg til redskap for din fred!
La meg bringe kjærlighet der hatet rår.
La meg bringe forlatelse der urett er begått.
La meg skape enighet der uenighet rår.
La meg bringe tro der tvilen rår.
La meg bringe sannhet der villfarelse rår.
La meg bringe lys der mørket ruger.
La meg bringe glede der sorg og tyngsel rår!

Å Mester!
La meg ikke søke så meget å bli trøstet som å trøste.
Ikke så meget å bli forstått som å forstå.
Ikke så meget å bli elsket som å elske!
For det er gjennom at man gir at man får.
Det er ved å glemme seg selv at man finner seg selv.
Det er ved å tilgi andre at man selv får tilgivelse!
Det er ved å dø at man oppstår til det evige liv!
Amen

Heidi

Tar man livet som det falder

går man gennem livets haller

altid i sin beste alder —Kumbel

*

På ein del felt i livet er eg ganske barnsleg. Eg synest for eksempel at det er litt stas å fylla år.

Eg kjende glede over å pakka opp nokre spennande pakkar med veldig fint innhald før dagen for alvor tok til.

*

Då eg kom inn til første time bytta min kjære kollega Kari om på det eg hadde av planar. Ho fekk med elevane på song og dans og hadde med musserande rabarbradrikke (alkoholfri sådanne), og is til alle saman. Ho fekk alle i romet til å seia fine ting til meg, og det vart nesten litt tåredryppande å skulla ta i mot alt saman. Ei av jentene sa: «Heidi, du er den mest vimsete læraren eg veit om, men du er det på ein fin og god måte…». Det får vera dagens attest. Og eg som trudde eg klarte å skjula den sida av meg sjølv i mitt profesjonelle virke…

Eg veit ikkje kva det er med denne datoen. Det må vera den optimale datoen for planleggingskveld på Bryne skule. Eg har ein følelse av at minst to av tre bursdagar dei siste 36 åra har blitt feira på denne måten. Ein får bare omfavna sin skjebne og erklæra at det må då vera den ypperste feiringsforma som tenkjast kan…

Sidan me i år ikkje haldt på til langt på natt, så rakk me jammen å eta sein kveldsmat med nokre venner. Nå skal eg krypa til sengs og trøysta meg med at det framleis er nokre år igjen både til «When I’m sixty-four», og «Når man blir seks og seksti, først da tar livet til.»

Tusen takk for alle fine helsingar på facebook, instagram og sms. Eg vil gjerne svara på alle etterkvart, men dersom det skulle gleppa, så vit at eg har sett stor pris på kvar einaste helsing.

Heidi

22.mai

Lillegut er reist tilbake til Oslo, og det er tomt i huset. Me har hatt planleggingskveld på jobb, så det er ikkje så lenge eg har vore heime heller.

Etter planlegginga sykla eg til Ingrid det eg hadde fått lov til å plukka rabarbra. Så sykla eg heim i kveldsregnet. Det lukta sterkt og krydra av nyutsprungen bjørk.

Vel heime reinska eg rabarbra og laga deig. Så mellomlanda eg i ein sofa og var så trøytt at kaka vart i overkant godt steikt før eg orka reisa meg. Eg får finna på noko lurt før paien skal serverast. Det er mangt og mykje som let seg retta opp…

Heidi

Streif av sommar

I dag var plutseleg sommaren her, i alle fall viss ein har ein «liven udeplass» slik som Ingrid og Oddvar.

Føremiddagen var av det trivelege slaget som bare lagar seg sjølv på uventa vis. Først hadde me koseleg sundagsfrokost med overnattingsgjestene våre, så dukka det opp venta og uventa gjester. Plutseleg stod min gamle venn og kollega Stig i stova vår. Eg trudde nesten ikkje mine eigne auge, for han bur for tida veldig langt unna. Det er den typen overraskelsar eg kan lika. Dessverre stod me nesten på farten, men ein liten prat blei det tid til mens eg trødde i han det siste lille sjokoladekakestykket som var igjen på fatet.

Hos Oddvar og Ingrid var det full sommar. Der hadde me familiemiddag og koste oss med nydeleg pizza bakt i uteovnen. Min eldste svigerson imponerte som pizzabakar og toppa det heile med heimelaga iskake. Ungane koste seg i sommarantrekk og leika på plenen med onklane sine. Min yngste svigerson imponerte med sjongleringskunstar så her kjem kompetansen flytande til familien.

Sundagen vart avslutta med rigging av bønevandring og kveldsgudsteneste i kyrkja med besøk frå Kirkens bymisjon og song og musikk av Jarle Obrestad.

Kirkens bymisjon har som mål å spegla og respektera alle menneske sin eigenverdi og å visa alle menneske kjærleik og omsorg. Det er målsetningar eg har sansen for.

I morgon reiser gjestene og eg skal tilbake på jobb. Med andre ord er eg innhenta av kvardagane. Heldigvis er dei fine dei og.

Heidi

20.mai

Etter ein iskald 17.mai har temperaturen vore stigande. I dag var det 14 grader og nesten varmt. Spebarnslivet fortset i heimen, me byssar, kosar og djupdykkar etter babysmil. I dag har den unge mannen har ein god dag med opptil fleire smil og lite sutring. Det blir tomt og trist når han reiser, men det har me ikkje tenkt å bekymra oss over endå.

I løpet av dagen har fleire vore innom for å helsa på det nye vesle mennesket me har i hus for tida. Det har vore fint. Elles har Sunniva lært oss nye knep i pizzalagingens kunst. Me har hatt besøk av to små jenter som har rigga dokkesjukehus i eit hjørne av stova og brukt store mengder plaster på dokkesår og skadde dokkebein.

Nokre dagar spring forbi utan at ein heilt veit kor dei har teke vegen. Dette er ein av dei. Då resten av husfolket gjekk til ro og barnet var byssa og sov i nestet sitt skulle eg skriva blogg og diverse anna, men då sovna eg like godt i sofaen ved sida av han. Nå er skaden retta opp, og me får vel tusla oss inn i senga.

Heidi

19.mai

I dag har me feira Sunniva sin tretti-års-dag. Alle var friske etter ei veke det fleire av gjestene har hangla litt. Det kjendest veldig bra at feiringa kunne bli etter planen.

Me hadde bestild bord på Drivhuset kafé og bageri. Sola skein utanfor dei store vindauga, og inne var det deilig sommartemperatur. Alt er så estetisk vakkert der, nokre menneske har bare evna til å skapa vakre rom som det kjennest godt å vera i. Me hadde buffet og koste oss der i eit par timar før me reiste heim til oss til kaffi og kaker, der tre gjester til hekta seg på feiringa.

Oldemor, oldefar og tante May Brit fekk helsa på det vesle nye familiemedlemmet.

Han klarte seg heilt utmerka i selskapslivet, og sjarmerte alle saman i senk. Dagens antrekk var ein liten dress med vest og tversoversløyfe, ein presang frå tante Ingrid og familien.

Med ein nyfødd liten gjest i heimen har eg fått gjenoppfriska tilveret med eit menneske som er veldig ny i livet. Eg har vore barnevakt om kveldane og byssa vesleguten gjennom dei urolege ettermiddagstimane dei siste to dagane. I kveld fekk en meg ein time og halvannan med ein litt uroleg og kavete gut i beresele på magen, og i natt fekk eg jammen lov til å prøva meg på ei nattevakt, noko som i praksis vil seia å prøva seg på svæving av spebarn som nettopp har blitt amma og som ikkje har tenkt å sovna att.

Den vesle vennen starta nattegildet med å lysa opp i dei nydelegaste babysmila nokon kan ønska seg, ei hjarte- og sjelevarmande forestilling for ei mormor nettopp henta ut av nattesvevnen. Kanskje eg burde teke det som eit hint om at han ikkje hadde tenkt å sova burt nesten-sumarnatta. Min strategi var byssing, bering og song, og til slutt, etter ein dryg halvtime, måtte han litt motvillig gi tapt og la auga gli igjen sånn omtrent i overgangen mellom Bonnie banks of Loch Lomond og Fagert er landet… Og så sov han heilt til tidleg morgonsmat, og endå lenger etter ein solid frokost.

Nå ligg han her i eit babynest og søv sin søtaste søvn medan foreldra får sjansen til å ta igjen litt av søvnunderskotet oppe på gjesteromet. Og kroppen min hugsar korleis det er å bera rundt på eit nytt lite menneske med litt for lite søvn innabords. Det er ei veldig sterk og levande kjensle…

Heidi

18.mai

For ei glede, i føremiddag hadde eg tre barnebarn rundt meg. Dei to jentene var glade og stolte over å få helsa skikkeleg på dette nye vesle søskenbarnet sitt. Eldstejenta lyste av meistringsglede då ho fekk halda han i fanget, og minstejenta gjorde det same då ho fekk gje han tutten.

I ettermiddag tok eg ut på trilletur med vogna slik at foreldra til vesleguten fekk kvila litt og slik at eg fekk ein tur ut med barnevogn. Barnet var nysteld og nyleg mata, så eg rekna med at han ville sova seg gjennom dei nitti minutta eg hadde avtalt å vera borte.

Soving viste seg å ikkje vera planen til han i vogna det han låg og smågrynta mot livet og dagen. Eg var overbevist om at han kom til å sovna til slutt, men det siste kvarteret klaga han meir og meir høglydtpå at maten ikkje var innan umiddelbar rekkevidde.

Etter fleire rundar med byssing, amming og bering, sovna han til slutt i fanget mitt. I natt har eg lova å vera back- up om det blir vakne periodar etter ammepausane. Får håpa barneforeldra har vett til å benytta seg av tilbodet…

Heidi

17.mai

Tenk at me har fått vera med på veslegut sin aller første 17.mai. Han møtte dagen i ny blåstripete kort selebukse med kvit strømpebukse og ein body som fungerte som t-skjorte fordi eigaren hadde rukke å veksa ut av plagget før førstegongs bruk. Me skulle i veg og sjå jentene gå i tog på Tu og fekk det ganske travelt. Me hadde nesten gløymt kor mykje tid ein må leggja til når ein har med seg ein baby.

Visst nådde me det, slik me har nådd toget kvart einaste år, ofte småspringande med knappast mogleg margin medbrakt barn som skal rekka å stilla opp før korpset dreg på med «Norge i rødt, hvitt og blått» eller «Dixiland strut», og alle skal begynna å gå.

Det var mykje ver ute, sjølv om sola skein var det 2-3 regndropar som fløyg i med nordavinden. Med 5-6 kalde varmegrader låg me godt under universaltemperaturen på 12 grader som me ofte held oss med både på julafta, jonsok-afta og 17.mai. Me høyrde rykte om at det var over 20 grader i Oslo, og Sunniva mumla noko om å vera klimaflyktning medan me stod der med ullkofte under kåpa og småfraus medan me venta på toget. På eit av bileta av den vesle familien som marsjerte i toget står Iben sitt livlange hår som ein glorie rundt heile henne i eit intenst vindkast medan Oddvar hutrar under ull-lua.

Me samla storfamilien rundt eit langbord i Kåsenhallen der glade onklar, tantar og søskenbarn fekk beundra veslegut for første gongen, det var tale, korpsmusikk, allsong, pølser, kaker, lynlotteri, is og lapskaus.

Etterpå var eg og Leif på besøk på Figgen og åt lunsj med foreldra mine, syster og svoger, medan dei andre var ute på andre ting. Medan småbarnsfamilien sov litt alle saman, gjorde eg i stand til kaker og kaffi og meir 17.mai-feiring.

Den sistfødde er ganske roleg og fornøgd så lenge han får «vera på hendene». Det å liggja ein plass aleine er ikkje så stor stas, så barnet si mormor får rik anledning til å bera, kosa, byssa og synga beroligande voggesonger som eg reknar med at dei andre taust ber over med fordi lydalternativet er endå meir auditivt stressande…

Ikveld sov han på fanget mitt gjennom nesten ein heil fotballkamp. Det er så utruleg ro i det å ha eit sovande spebarn i armane.

Eg har ambisjonar om å passa baby så ofte eg kan slik at trøytte foreldre i verste fall får henta inn litt av søvnunderskotet. Med slike planar burde eg ikkje sitja oppe til langt på natt og skriva medan alle andre, babyen inkludert ligg og søv.

Det er nok best å konkludera med at det har vore ein fin nasjonaldag og koma meg i seng jo før, jo heller…

Heidi

16.mai

I dag har me øvd på 17.mai- songar og pynta klasseromet ferdig til kafé. Eg sende elevar ut for å plukka løvetann som me pynta med i vindaugskarmane. Eg håpar dei fortsatt er fine i morgon I siste time fekk dei vera med og gå i øvingstog opp til Bryneheimen.

Vesle Tage kom i dag. Flyturen hadde gått veldig bra. Nå heng 17.mai- antrekket hans nystroke over ein stolrygg og ser bittelite ur. Me håpar at han ikkje har vakse frå det før førstegongs bruk. Han veks i høgt tempo og er alltid svolten, og forøvrig det vakraste og søtaste vesen ei mormor kan drøyma om. Nå har eg stroke, rydda pynta litt og pynta ei kake etter at dei andre gjekk til ro.

Nå skal eg koma meg i seng for nå sovnar eg mens eg skriv. Dei melder opphaldsvêr og nordavind i morgon n. Akkurat nå høyrer eg lyden av ei kraftig regnbyge. Håpar ho har regna frå seg før barnetoget, og at alle i huset får litt nattesvevn.

Heidi