17.mai

Tenk at me har fått vera med på veslegut sin aller første 17.mai. Han møtte dagen i ny blåstripete kort selebukse med kvit strømpebukse og ein body som fungerte som t-skjorte fordi eigaren hadde rukke å veksa ut av plagget før førstegongs bruk. Me skulle i veg og sjå jentene gå i tog på Tu og fekk det ganske travelt. Me hadde nesten gløymt kor mykje tid ein må leggja til når ein har med seg ein baby.
Visst nådde me det, slik me har nådd toget kvart einaste år, ofte småspringande med knappast mogleg margin medbrakt barn som skal rekka å stilla opp før korpset dreg på med «Norge i rødt, hvitt og blått» eller «Dixiland strut», og alle skal begynna å gå.
Det var mykje ver ute, sjølv om sola skein var det 2-3 regndropar som fløyg i med nordavinden. Med 5-6 kalde varmegrader låg me godt under universaltemperaturen på 12 grader som me ofte held oss med både på julafta, jonsok-afta og 17.mai. Me høyrde rykte om at det var over 20 grader i Oslo, og Sunniva mumla noko om å vera klimaflyktning medan me stod der med ullkofte under kåpa og småfraus medan me venta på toget. På eit av bileta av den vesle familien som marsjerte i toget står Iben sitt livlange hår som ein glorie rundt heile henne i eit intenst vindkast medan Oddvar hutrar under ull-lua.
Me samla storfamilien rundt eit langbord i Kåsenhallen der glade onklar, tantar og søskenbarn fekk beundra veslegut for første gongen, det var tale, korpsmusikk, allsong, pølser, kaker, lynlotteri, is og lapskaus.
Etterpå var eg og Leif på besøk på Figgen og åt lunsj med foreldra mine, syster og svoger, medan dei andre var ute på andre ting. Medan småbarnsfamilien sov litt alle saman, gjorde eg i stand til kaker og kaffi og meir 17.mai-feiring.
Den sistfødde er ganske roleg og fornøgd så lenge han får «vera på hendene». Det å liggja ein plass aleine er ikkje så stor stas, så barnet si mormor får rik anledning til å bera, kosa, byssa og synga beroligande voggesonger som eg reknar med at dei andre taust ber over med fordi lydalternativet er endå meir auditivt stressande…
Ikveld sov han på fanget mitt gjennom nesten ein heil fotballkamp. Det er så utruleg ro i det å ha eit sovande spebarn i armane.
Eg har ambisjonar om å passa baby så ofte eg kan slik at trøytte foreldre i verste fall får henta inn litt av søvnunderskotet. Med slike planar burde eg ikkje sitja oppe til langt på natt og skriva medan alle andre, babyen inkludert ligg og søv.
Det er nok best å konkludera med at det har vore ein fin nasjonaldag og koma meg i seng jo før, jo heller…

Heidi