Gå til innhald

18.mai

mai 18, 2023

For ei glede, i føremiddag hadde eg tre barnebarn rundt meg. Dei to jentene var glade og stolte over å få helsa skikkeleg på dette nye vesle søskenbarnet sit. Eldstejenta lyste av meistringsglede då ho fekk halda han i fanget, og minstejenta gjorde det same då ho fekk gje han tutten.

I ettermiddag tok eg ut på trilletur med vogna slik at foreldra til vesleguten fekk kvila litt og slik at eg fekk ein tur ut med barnevogn. Barnet var nysteld og nyleg mata, så eg rekna med at han ville sova seg gjennom dei nitti minutta eg hadde avtalt å vera borte.

Soving viste seg å ikkje vera planen til han i vogna det han låg og smågrynta mot livet og dagen. Eg var overbevist om at han kom til å sovna til slutt, men det siste kvarteret klaga han meir og meir høglydtpå at maten ikkje var innan umiddelbar rekkevidde.

Etter fleire rundar med byssing, amming og bering, sovna han til slutt i fanget mitt. I natt har eg lova å vera back- up om det blir vakne periodar etter ammepausane. Får håpa barneforeldra har vett til å benytta seg av tilbodet…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: