I dag innleiar eg innlegget med dette flotte julekortet frå 6.trinn som ei påminning om at ikkje alt ein tenkjer og skriv blir heilt som ein har tenkt…
I år prøver me oss på noko nytt på trinnet. Nå i adventstida set me dei vanlege faga litt til sides den første morgonøkta frå kvart over åtte til kvart på ti. Då syng me, opnar adventkalendaren elevane sjølv har laga, les høgt frå ei adventbok, tenner adventslys og kosar oss med leikar og ein førjulsaktivitet.
I dag var førjulsaktiviteten laging av julekort, og diverse materiale var lagt fram slik at ungane kunne kreera sine eigne kort. Fleire av mine mange flinke og kreative medarbeidarar hadde funne fram diverse former for julekortdekorasjonsrekvisittar, og jammen stod det ikkje fleire store boksar glitter og venta på ivrige aktørar.
Så lenge varte mitt siste løfte til meg sjølv i gårsdagens blogginnlegg: Å ikkje la elevar gå amok med glitter… Og visst glitra det… Og ja, når alt kjem til alt er eg ikkje ein festbrems som nektar skapande barn ein dose glitter når situasjonen byr seg fram…
Det høyrer med til historia at ein kollega fleire timar seinare lurte på om me hadde hatt juleverkstad for det glitra så fint i ansiktet mitt.
Visst vart julekorta fine, med og utan glitter. Hadde eg hatt betre fotokapasitet på bloggen skulle eg vist fram fleire.
Adventboka eg har vald for heile trinnet dette året er «I et speil, i en gåte» av Jostein Gaarder. Det er ei vakker, trist og veldig filosofisk bok om ei kreftsjuk jente som får besøk av ein leiken og filosofisk engel. Boka er litt i slekt med «Sofies verden» og «Julemysteriet». Eg hugsar det som ei god oppleving sist eg las denne boka i ein sjette klasse. Eg håpar det blir det og. Ho er nok litt «tyngre» enn eg hugsa ho, men første kapittelet fungerte fint i klassen min, og i fjor kom me oss gjennom «A Christmas carol» av Dickens.
Det blir snakka mykje om at barn nå er vane med at alt går så kjapt. Den gamle serien om Jul i Skomakergata ville i fylgje dei som har forska på det ikkje fenga ungane av i dag.
For ein god del år sidan gjekk «Jostein Gaarder-feberen“ over landet.»Alle» las «Julemysteriet» for elevane sine. Eg høyrde til og med om ein barnehage det dei las denne boka. Nå vurderer dei fleste av oss det slik at det vil vera alt for tidkrevjande å lesa denne boka i nokre korte adventveker fordi kapittela er lange og fordi ein må få inn 24 kapittel på langt færre skuledagar.
Eg har faktisk i si tid lese «mursteinsboka» “Sofies verden» for ei elevgruppe, rett nok med nokre forkortande handlingsreferat sånn innimellom. Det gjekk fint og var kjekt den gongen, men nå ville eg sett på det som eit nokså halsbrekkande prosjekt å prøva meg på ei gjentaking…
Me får kryssa fingrane for årets bok, og for at mine flinke norsklærarkolleger og får det til å fungera i sine klassar… Eg innsåg plutseleg at eg i ein del samanhenger er ein person som klamrar meg fast til langsamheita, at ting skal få lov til å ta tid og at me av og til må få oss sjølve og andre ned på roleg kvilepuls.
Kvilepuls eller ikkje… Eg er framleis ein person som desperat ønskjer meg fleire timar. Dette på tross av at eg ikkje lenger har dagleg hovudansvar for barn eller hushaldning. Når vandraren eg deler hus med er heime, får eg nesten lov til å prøva meg i rollen som «tradisjonell mann». Eg står opp til nytrekt kaffi om morgonen og kjem heim til ferdig middag og heimebakte knekkebrød og rundstykke.
Nokre dagar er det velsigna godt å ikkje skulla ut på noko igjen når ein kjem heim ein gong ganske seint på ettermiddagen. I dag vart det kaffi, klementiner, litt julekaker og ein nydeleg dokumentar om Selma Lagerlöf. Den anbefalar eg alle litteraturelskarar å sjå. Eg trur han ligg på NRK 2. Eg har sett to av romanane hennar «Jerusalem» og «Keisaren av Portugalien» i filmatisert form på fjernsynet. Begge gjorde uutsletteleg inntrykk på meg.
Heidi

Det er første sundagen i advent, og sidan det faktisk var eit tynt lag med snø ute måtte det koma med på biletet. I dag er me jo nesten innafor den firkanten som blir kalla norsk vinter, og det skjer ikkje så alt for ofte. Når elevane i småskulen lærer om dei fire norske årstidene så er vinterbileta fulle av skispor og snømenn, så det er ikkje rart dei blir forvirra.
Den opprinnelege planen i dag var å invitera familien på adventkaffi slik tradisjonen vår tilseier første sundagen i advent. I år fann me ut at me av smittehensyn fekk venta på nye sundagar. Det verserer både korona og andre variantar av hangling, og det er jo eit slags poeng i å halda flest mogleg på beina, i alle fall dei som har runda åtti.
I staden vart det ein sundag med deler av dagen i lag med mormorjentene. Me henta dei før kyrkjetid og så vart det gudsteneste med sundagsskule, englelaging og kyrkjekaffi. Me er heldige som har dei så nære oss at det er heilt naturleg å vera i lag på sundagane. I dag var kyrkja fin og nypynta med mykje lys og mange stjerner. Det var fint å koma inn dit.
Etter gudstenesten åt jentene middag hos oss. Me koste oss med eit nytt kapittel av «Snøfall», og så sat me lenge rundt bordet og teikna. Klassebamsen, kaninen Teddy, har og vore i lag med oss. Han har hatt ei begivenheitsrik helg.
Dei to lysande julestjernene våre er på plass i kvart sitt vindauge, og me har hatt to omgangar med tende adventlys. Jentene vil gjerne baka fleire kakemenn, så det må me få til ein dag. Den første porsjonen som vart bakt for to veker sidan vart så liten at han er borte allereie.
Ettermiddagen er blitt brukt til å planleggja den første adventveka i 6.klasse. Eg trudde me var nesten i mål, men eg er framleis ein tidsoptimist av dimensjonar. Eg har framleis litt att, men har store planar om ikkje å bli for sein i kveld. Eg gleder meg til å feira advent med klassen. Førjulstida er den beste tida i heile skuleåret. Kanskje eg har lært meg nokre strategiar som eg får til å gjennomføra i år? Det kan bli sånn omtrent det første året eg ikkje brenn meg på fingrane med ein limpistol.
Kanskje eg og klarer begrensa glitterbruken til eit minimum? Til informasjon for uinnvidde: Glitter er forferdeleg å få i auga, i verste fall er det så mykje i omløp at det knasar mellom tennene når du et brødskiva di. Det er heller ikkje heilt uvanleg at det glitrar i vinylbelegget og knitrar under skorne til i midten av februar. Det høyrer med til historia at elevane elskar glitter. Helst sånn lausglitter på boks og helst i store mengdar…
Heidi

Det er så lenge sidan eldstebarnebarnet hadde vore her aleine, så i dag skulle me få til litt aleinetid med mormor og morfar. Ikkje overraskande ankom ho med ei ganske stor pappøskje under armen.
«Mommor, du må finna fram lagekassane dine for me skal laga noge!» Sidan mormor kjenner den ungen igjen på seg sjølv, sparar ho på alt frå tome dorullar til vitaminpilleglas. Det er aldri feil å ha ein lagekasse eller tre ståande med slikt ein kanskje kan få bruk for…
Planen for laginga var snart klar. Ho hadde med seg familiens helgegjest denne første adventshelga: klassebamsen Teddy, som i dette tilfellet er ein kosekanin. Han trong eit eige hus han kunne overnatta i inne på romet hennar. Det vart for varmt under dyna i senga saman med henne, og utan dyne vart det alt for kaldt. Formingsaktiviteten gav seg sjølv: Teddy trong eit hus, og det fortast mogleg. Av pappa hadde ho fått med seg ein tynn pose med glidelås. «Me må sy enn sovepåse te Teddy og, mommor!»
Sidan ho var først på ballen reint tankemessig, og alt i bilen på veg bort hadde begynt å tenkja gjennom arkitektoniske løysingar, hadde ho delvis planen klar. Me skulle klippa av den eine klaffen på øskja og laga ein flyttbar vegg. «Viss me presse an inn uden å lima kan Teddy velja kor stort soverom han vil ha. Då kan han av og te ha det lide og av og te ha det stort! Viss han vil kan han ta veggen vekk å ha bara ett stort rom…»
Tanken var ikkje dum, og det viste seg at skyveveggen fungerte etter intensjonen. Teddy fekk gullfolie på golvet, bilete på alle veggane, seng med fastlimt pute i mosegummi, ein stjernelampe i taket, samt spiserom med matskål og vannskål av ein gammal gnagsårplasterboks som vart delt på midten. I matskåla låg ei oransje gulrot.
Eit ballettskjørt i rosa tyll vart det òg til Teddy i tillegg til fløyelssløyfer i øyrene. Dette sjølv om Teddy strengt tatt pleier å vera ein gut…
Det fine med huset var at det kunne klappast saman til ei øskje med lok når Teddy skulle reisa heim.
Då veslesyster ankom med brask og bram var byggeprosjektet avslutta, og me kunne gå over til vanleg teikning på ark og etterkvart ha eit lite måltid beståande av julegeiter med smør.
Klokka halv fem pakka me jentene inn i lag med varme klede og reiste ned til torget for å vera med på adventkos og tenning av juletreet. Det var nydeleg kaldt vinterver og masse folk på torget, og i tillegg var det to musikkorps, boder med gløgg, peparkaker, popcorn, dansegruppe, barnekor, ein andaktshaldar frå Australia og ein felleskorreografert dans for alle som var samla. Minstejenta møtte Ingrid, favorittpersonen hennar på denne jord, og insisterte på å bli boren rundt på området slik at ho hadde god oversikt og var i trygg forvaring.
Juletreet viste seg å forbli utend sjølv om forsamlinga telde ned frå ti til null tre gonger. Det funka for då vidt greitt å gå rundt treet og syngja «O jul med din glede» sjølv om lysa på treet forblei utende. Det var mange andre lys på torget. I tillegg gjekk det smånissar rundt og delte ut kakemenn til alle barna, og slikt er aldri feil.
Etterpå inviterte me med oss onkel Odd Christian heim, og så sat me tett saman i sofaen og åt heimelaga pizza og såg to episodar av Snøfall 2. Det var kjempekoseleg. Litt lørdagsgodt vart det òg tid til før jentene vart henta heim til legging.
I går handla eg på ein spontan impuls, og fekk sett influensavaksine nede på apoteket. Det er sjuke folk overalt, og nokre av dei eg kjenner godt er blitt skikkeleg dårlege. Nokre av dei har testa positivt på korona denne siste veka. Ein kan jo håpa at den runden me hadde med Covid i august har gitt oss ein slags immunitet, og i tillegg kan ein håpa at eg har nok tid slik at influensavaksinen når å gjera meg immun i tide…
Det å gå rundt å frykta smitte var meg heilt ukjend før koronaperioden. Eg trur for øvrig at det å ha stått i eit klasserom med meir eller mindre halvsjuke ungar i nesten 38 år i strekk er den beste trimmen immunforsvaret kan få.
I morgon skal me tenna det første lyset i dei to adventstakane. Hos meg er det lilla lys som brenn på ekte ved hjelp av fyrstikker som tel. Ein snømann og nokre englar fann me og fram. Dei små gjestene ville helst plukka fram heile pynten, men dei har ei litt gammaldags mormor som påstår at det er lenge til jul endå…
Heidi

1.desember, frost og strålande sol. Det er på tide å gjenoppfriska gamle adventblogg-kunstar etter nokre særs intense veker med boklansering, ferdigstilling av manus til 10.-klasseforestilling, fagevalueringar, utviklingssamtalar, evalueringar av iop-ar og litt forskjellig anna. Det følest som om kvar halvtime i døgnet har vore timeplanlagde dei siste månadane, så nå skal det bli velsigna godt med ei roleg helg….
Eg er takknemleg for at alt har gått bra, og at eg er lukkeleg og heilskinna gjennom hektiske og fine veker.
Etter å ha brukt mykje bloggkapasitet på bokproduksjon sist eg var flink til å bruka bloggen, så må eg nesten visa fram at bøkene er trykka, klare og i sal. Sist veke hadde eg boklansering i lag med Torhild på biblioteket. Det vart ei fin oppleving. Alle stolane i salen var opptekne og dei måtte bera inn fleire. Eg følte meg møtt med ein vegg av varme og entusiasme. Takk til dei som var med på å utgjera det gode publikumet, og takk til Torhild som det alltid er ein fryd å opptre saman med.

Nå er boka å få kjøpt på Bryne på Vivo, Nordli og Garborgsenteret og i tillegg på Jærhagen på Klepp. Det går òg an å bestilla frå oss. Det er deilig å vera så langt. Nå gjeld det bare å la resultatet vera som det vart og ikkje bruka krefter på små detaljar som kunne vore annleis.
Nå går eg som sagt ei roleg helg i møte. Det kjennest fantastisk. Eg har tenkt å feira med å baka litt julekaker, vaska litt skapdører på kjøkkenet og kanskje toppa det med å stikka innom apoteket og få meg ein influensavaksine. Så er det ikkje utenkjeleg at eg litt tid til skriving. Eg har lova nokon eit dikt, og eg har lova nokon ein salme. Eg gleder meg og til tid med barnebarn, men nå skal timane få lov til å flyte roleg.
Desember er framleis ei nesten opna bok med blanke ark. Du er med dette invitert til å opna ei og ei luke i lag med meg, og så får me sjå kva dette blir til.
Heidi










































Her er ei samling bilete som eg har henta frå bloggen min. Eg har lagt dei her for å sjekka ut nærare med Linda som skal hjelpa meg med designet om dei er gode nok til å brukast i ei bok. Alle er fotograferte med mobil, så eg må finna ut om oppløysinga er god nok. Eg hadde opprinneleg ikkje tenkt å posta denne sida, men så tenkte eg at det kanskje er eit gjenkjenneleg tilbakeblikk på dei siste tre og eit halvt åra, så eg trur eg lar det stå.
Heidi

Kva skal barnet heita? Det kan vera eit nesten umogleg spørsmål når ein står med eit nyfødd barn i armane og ingen namn er fine nok. Det å namngi ei bok kan og vera ganske vanskeleg. Eg trudde at diktsamlinga mi skulle heita «Kjære mi tid», som ei kjærleikserklæring til tida eg har fått, står midt i og skal få, men heilt sikker har eg ikkje vore. Eg er redd at folk les tittelen bare i lys av det uttrykket som gav meg ideen til eit dikt, altså eit forundra utrop over eit eller anna, kanskje med eit ørlite anstrøk av noko negativt som i «Går det verkeleg an?».
Nå er eg blitt endå meir i tvil for ein svært lokal kritikar som er sett i sving med å lesa korrektur meiner at
tittelen gir assosiasjonar til tida som er forbi. Altså ein tittel som passar viss ei gammal dame ser seg tilbake. Eg opplever det ikkje slik, men ein skal lytta til kritikk som kjem frå andre fordi dei fleste andre ikkje kan forventast å tenkja og oppleva på same måten som meg…
Eg har derfor tenkt på alternative titlar, og dette blir verkeleg ei hastesak fordi eg har tenkt å levera frå meg første utkast i løpet av morgondagen. Diktsamlinga skal innehalda fylgjande: Dikt om årstider og natur, dikt frå skulen, dikt om det vanskelege, dikt om det fine, dikt om koronaepidimien, barndomsdikt, mormordikt og dikt om tida som går så utruleg fort. Dersom eg skal skifta tittel, kva for ein av dei fylgjande dekkjer innhaldet på ein god måte og er samtidig ein fengande tittel?
- Du kan godt gå ut i storm
- Å dyrka smilerynker
- Frå nå av vil eg bu i håpet
- Å la seg bera
- Me skal pakka livet ut
- Me som har ledd mykje saman
- Fri oss frå likesæla
- Pust livet inn og stå i deg
- Ønska livet velkomen
- Nokre dagar er fullmøblerte
Eg tek i mot innspel med stor takk.
Heidi

I dag kjenner eg ikkje begrensningens kunst. Eg sit her og jobbar og finn fleire tekstar eg har lyst til å dela for å sjå om eg blir klokare av det… Overskrifta handlar om dikt 2 og 3 under her. For to år sidan oppdaga dei ved ein tilfeldigheit at Leif trong ein stor hjarteoperasjon. Det vart ein rar sommar medan me gjekk og venta. Eg trur aldri før eg har publisert den teksten, og eg kjenner at orda framleis rører ved livet vårt på ein heilt spesiell måte.
1
Lag på lag med barndom
Eg ber på dei voggande minna
om ein barndom som var min,
ein annan barndom som var barna mine sin.
Nå står eg her på ny
eg står her og vil aldri flytta meg.
Eg står her med målband og klokke
midt i barnebarn si barndom.
Helst ville eg få fylgja dei lenger enn langt,
kanskje snoka med meg opp endå ein etasje
med barndomar langt der framme.
Eg grådige menneske,
som vil leva og leva og aldri får nok,
eg vil fylgja dei langsamt og forsiktig
og bu nye barndomar.
*
2
Så mange me er blitt
Ei mor i meg sjølv
ei mor som er mi mor,
ei mor som var hennar mor,
ei dotter som er meg,
ei dotter som er mi,
ei dotter som er hennar
Alle mine døtrer,
og alle mine mødrer,
kom og la oss dansa.
Så mange me er blitt.
*
3
Hjartet ditt vart hjartet vårt
Den dagen dei ringde frå sjukehuset
vart hjartet ditt plutseleg hjartet vårt.
Me hadde det mellom oss i bilen,
ved middagsbordet,
og medan me sov om nettene.
Du kjørde det bankande hjartet vårt fram og tilbake,
frakta det mellom sjukehuset og hagen vår heime
for å leggja det under alle luper og skjermar.
Det låg der og var vårt.
Det bare låg der og dirra.
Det låg i pusten vår og planane våre.
Me la det forsiktig ned i tilliten vår,
me prøvde å la det banka ubekymra
medan me såg fjernsynsprogram
om togturar og pilgrimsvandringar,
og prøvde å drøyma gode draumar.
Med uro og høg puls telde me
dagane og vekene fram til operasjonen
som låg der som redning og dommedag.
Forsiktig bar me det med oss,
ein vår og ein sommar,
hjartet vårt og sjølve livet
gjennom tikkande sekund
og levande dagar.
Det banka seg fram mot den dagen,
den dagen då du skulle ta det med deg aleine
og leggja det under sterke lampar,
for å overgi deg og hjartet vårt.
*
4.
Dagane kom så tett den sommaren
Dagane den sommaren,
meir hand i hand,
meir på tå,
og med føtene fastare på jorda.
Meir levande saman
i skuggen av det som skulle koma,
medan sommarveker gjekk forbi,
med bare føter og med milde vindar i hendene,
alltid med hjartet ditt bankande mellom oss.
Alle åra me hadde hatt i lag,
eit kikkeskap i eit hjørne
med små og store rom
fulle av hendingar og år
fulle av spebarnsgråt,
glade barnestemmar,
tenåringar og barnebarn.
Alle ansikta som endra seg
utan at me rakk å leggja merke til deg.
På eit udekka bord ei bok om livet,
og alt som hadde gått så fort forbi.
Ein draum om nye tider,
om nye kapittel,
om nye songar.
Dagane kom så tett den sommaren
med ny tyngde og med nye fjørlette draumar.
*
5
Ikkje eit sekund betenkningstid
Ikkje eit sekund betenkningstid
ikkje ein time utan innhald.
Bare livet
det som kjem og kjem
pulsslag på pulsslag,
bølgje etter bølgje,
tone på tone,
morgon etter morgon
medan barna dine blir vaksne,
håret ditt grånar,
og klokka tikkar utan å ta friminutt.
Me trekkjer pusten djupt
og blir med ein runde til.
*
6
Luktene i rom eg har gått ut av
Det luktar rosmarin i skogen
eller kanskje er det timian.
Timian og våt rå jord.
Då eg fekk mine eigne nyfødde barn på brystet
lukta dei og rått og ramt av jord.
Fostervatn og jord,
den overraskande angen av jordmennesket.
Lukta av såpa frå dispensarane på sjukehuset
var lukta av tjøre frå telefonstolpane i barndomen.
Lakena som lukta reint av såpepulver og strykejern
på den tida det lukta kjøleg av mold og potetåker.
Luktene i rom eg forlengst har gått ut av.
Magiske lukter som ber meg med
før eg har fått tenkt deg om
til rom eg heilt hadde gløymt,
til kvardagar for lenge sidan.
*
7
Dotter mi dansar gjennom gatene
Dotter mi dansar gjennom gatene
som då ho var åtte år
med lattermilde tankar
og sommarkjole i alt for kalde kveldar.
Eg kjøper kakao med chilismak,
men ho veit ikkje om ho vil ha.Å fanga vaksne døtrer
med sommarfuglhåv
er ikkje tilrådeleg.
Eg smiler litt av at eg skjøner såpass.
*
8
Alle eg kunne vore venner med
Eg et frokost på hotell
med alle eg kunna vore venner med
i eit anna rom av livet.
Den vesle lyshåra guten
som kunne vore barnebarnet mitt,
han som vil forsyna seg av alt,
han ikkje orkar eta opp,
og etter fem minutt
sit med kriblingar i heile seg
og vil springa vidare.
Mor hans,
som kunne vore dotter mi
tålmodig forklarande,
men med svetteperler i panna.
Den eldre dama med rullator
kledd i sjal og sterke fargar,
som smiler bleikt
og prøver å balansera tallerkenen
i smale passasjar mellom borda
kunne ha vore mor mi.
Hadde eg vore annleis om ho var det?
Den litt sjenerte mannen
pertentleg kledd
som forsiktig legg appelsinmarmelade
med spiseskei
i kanten av tallerkenen sin.
Eg lurer på kva han kunne fortald meg
om eg spurde kva han syntest var det viktigste i verda.
Eg ser fleire som kunne vore systrene mine
og venninnene mine,
eg lyttar så lenge i smug
at eg nesten blir kjend med dei.
Eg føler plutseleg eit streif av sorg
over alle dei eg aldri skal bli kjend med,
alle historiene eg aldri skal få høyra,
alle samtalane eg aldri blir ein del av.
Det er som alle bøkene eg aldri vil få lese,
sjølv om eg starta nå,
og las så lenge det er liv i meg.
Alt ein aldri rekk,
nå ligg det her og ropar.
Kom og bruk meg ropar tida,
det er kanskje ho som har den sterkaste stemmen.
Heidi

Eit kapittel i den nye boka er fullt av mormordikt. Eg håpar desse gir gjenkjenning.
*
1
Dotter mi sin mammamage
Dotter mi sin mammamage
ei struttande oransje påskeappelsin,
under kjolen,
under vinterkåpa,
snart klar til å sleppa livet ut.
Det største påskeegget
fullt av ein som snart har tenkt seg ut.
Måtte portane opna seg
og vegen leggja seg til rette
for dine første skrik
og inngangen til oss og alt det nye.
*
2
Den store livsbogen står i spenn
Ein bølgjande struttande mammamage
sit fast på yngste dotter mi,
og synleg sparkande der inne
han som snart skal koma ut til oss.
Den store livsbogen står i spenn
tidevassbølgja er snart klar.
Eg foldar fingrane i fine mønster i fanget,
i håp om god bør
og godt og tenleg ver.
*
3
Den blå ballongen fylt med mot og glede
Den blå ballongen fylt med mot og glede
bind eg i ei snor om handleddet ditt
når eg skal senda deg ut
og ombord i dei store båtane.
Det er du som skal segla
mot soloppgangar og kvardagar,
du som snart skal på skulen
med ein rosa sekk full av forventningar
dinglande på ryggen,
du som skal skal gå opp og ned trappar
eg ikkje ante fantest.
Du og den blå ballongen,
og eit skrin fylt av nye fargeblyantar.
Gå ut i glede barn,
gå ut i ditt eige tempo
me er her for deg.
*
4
Så står eg her igjen
Så står eg her igjen
med eit nyfødd barn i hendene,
har fått lov til å vera med ein runde til
leva saman og dikta i lag
eit liv,
eit eventyr,
ein katedral.
Trilla eit nyfødd barnebarn
under raude raunbær,
under fugleflokkar,
som gjer seg klare
for turar me ikkje veit om,
til stadar me ikkje veit kor er.
Heldige meg
som har klart å klamra meg fast,
som har klart å kvalifisera meg
til nye rundar
til eventyrskogar
til ulvar og ville jordbær,
til voggesongar eg framleis hugsar alle versa på
til denne vemodig kjende kjensla
av eit pustande augustbarn mot hjartet mitt,
ein ubeskytta, liten og mjuk kropp
som kviler tungt og lukkeleg i armane mine.
*
6.
The fact that I will love you till I die
Eg et is med ho som snart skal fylla tre,
me smiler til kvarandre
Katie Melua syng frå radioen
om ni millionar syklar i Beijing
and the fact that I will love you till I die,
medan tida renn ubønhøyrleg forbi.
*
7.
Måtte vegen bli deg god
Du lener hovudet mot aksla mi
rettar deg opp,ser rundt deg
med forvitne kuleauge.
Den nesten nyfødde sitt nye blikk på livet.
Ein månad gammal i dag
med gulldun på hovudet
og nestensmil over leppene.
Me syng deg dei gamle songane
om skutor på vågen,
og kärleken den röda,
og sorg og død kom ikke hit.
Du gryntar litt
open for påfyll av mjølk,
men enn så lenge let du deg roa
av song.
Kanskje at du en gang får
myrtekransen i ditt hår
kanskje etter dagens dåd
får ditt hår en sølvertråd.
Men framleis har det meste
enno ikkje skjedd.
Gud signe deg vesle menneske,
måtte vegen bli deg god.
*
8
Eventyret
Du veks og lærer om tramping
på trollet sine bruer,
om blomsterplukking
i ulven sine skogar,
for snart er det du
som skal sova som Tornerose,
kyssa froskar i lag med andre prinsesser,
og sleppa det lange håret ditt ut frå tårnet,
akkurat som Rapunzel.
Du skal ri på kvitebjørnen,
dansa med dvergar,
stikka deg på lange torner,
og bita forsiktig i forgifta eple.
Du skal dansa deg til Soria Moria slott
og bli flydd av ville svaner
i eit fletta nett over havet,
Du skal gå barbeint over myrene
og samla myrull og brennenesler
for å veva kvite skjorter.
Du skal slå fylgje med Hans og Grete
og brekka forsiktige bitar av kakehuset.
Du skal nesten målbinda Askeladden,
og fly til fjerne land med Tommelise.
Du skal gjera det umoglege, barn,
klatra opp på det brattaste berget
og berga prinsen din frå heksa.
Du skal leva og veksa deg sterk nok
til å løfta livet ditt som ein prikkete hest
på strake armar over hovudet ditt.
Heidi

Eg trur det første kapittelet i den nye diktboka mi skal vera dikt frå min eigen barndom. Eg har ganske mange av dei, men dei kjennest viktige. Det eg lurer på er om dei er for «smale», nærmast bare ei minnebok for meg sjølv, eller om det går an å kjenna seg att i dei. På grunn av den problemstillinga har eg kutta ut ein del barndomsdikt som eg tenkte var mest for meg sjølv, for dei som vaks opp på det same byggefeltet eller gjekk i den same klassen som meg på Ålgård skule.
Eg synest desse dikta fortel ei ganske sann historie om kven eg var då eg var frå sånn omtrent fire til sju år gammal, men er det interessant for andre å møta dette barnet? Dersom eg begynner ei bok med slike dikt, vil då mange tenkja at heile boka er uinteressant. Det er så mykje ein kan lura på, og i dei siste svingane kjenner ein seg nesten «ordblind». Som alltid tek eg godt i mot alle innspel.
1.
Songen om alt som var
Det spelar ein song i sommargraset,
ein song frå gløymde heimelaga seljefløyter.
Morfar laga dei til oss,
dei ber på songen om alt som var.
Sykkelklyper og armstrikkar,
matpakkar til onklane i tømde sukkerposar,
smaken av sukkerbiter dyppa i kaffi,
eller stukne ned i eit appelsin
som ein saug safta ut av.
Lukta av nivea og syrinar,
av varm gummi frå luftmadrassane,
raslinga av papirposar frå morfar si sykkeltaske
med varer frå Sverres konditori.
*
2.
Grøn krukke frå barndomen
Nokon går med tøflar i trappa mi
det er truleg ein onklar frå barndomen
med armstrikkar kring skjorteermene
og håret greidd bakover med cheseline hårkrem.
Eg ser eg den grøne krukka på skjenken,
den eg skulle knusa av vanvare
mykje seinare, etter at eg var blitt vaksen
og onklane og bestemor var døde.
Det var ikkje ei veldig fin krukke,
men bestemor var glad i ho,
så eg gråt då det skjedde.
*
3.
Prikkete ballar og hoppetau
Stripete hoppetau med blå handtak.
Eg lærte aldri å hoppa
med kryssa armar,
eller ta doble rundar med tauet,
men det gjorde ikkje så mykje.
Solfrid si mor let oss leika med mat på altanen
med bordet og dei små stolane
Me laga suppe
til oss og dokkene
av vatn og brød
og ei tynn osteskive
som Solfrid fekk i skåla si.
Halli hallo, inn, ut
jentenamn, gutenamn,
blomar og land,
medan me dabba store prikkete ballar
Kongen i hålå,
og Kari Mari krigsmann,
døden skal du lide.
Med ilande uhygge song me
om den sorte gryte,
og skunda oss under brua av armar
og samanfletta hender.
Min mann Mass,
døde stille på dass,
med dolokk i hånden,
forlot han ånden.
Ofte var me takknemlege
for at me framleis kunne seia fritt for lov,
og bli usårbare.
*
4
Med høg hestehale og vidopne auge
Ein gong var eg
ein veldig liten observatør av livet
med høg hestehale og vidopne auge,
med øyre som tok inn alle frekvensar,
dei vaksne ikkje visste at eg hadde antenner for.
Ein fire år gammal spion
midt i vaksne samtalar
som prøvde å fanga orda,
dei som ofte betydde meir enn dei sa.
og ikkje alle ord vart sagde høgt.
Eit barn med nervetrådar utanpå kroppen
som framleis bereknar funna sine,
nesten seksti år seinare.
og prøver å forstå.
Medan sekunda tikkar vidare.
*
5
Ein gong var du Rødhette
Ein gong var du Rødhette,
korg over armen full av konglar,
kåpe med spiss hette.
Skogen som var mindre enn nokon skulle tru
ser du ikkje for bare tre.
Du går der med tanker om moglege ulvar,
og som alltid med blikk for tyggisar
som kanskje kunne skrapast av asfalten,
eller plukkast frå skogbotnen,
og tyggast mjuke med innlagd spytting av småstein.
Kanskje er det ulvar langs hovudvegen og,
der det bare kanskje er lov til å gå,
med gummistøvlar eller brune støvlettar.
mot bilane som kan kjøra på små barn
om du ikkje går forsiktig?
Så du går forsiktig og veit det er farleg,
langs vegkantar, med støvete sjokoladepapir
og sigarettsneipar.
Forbi dei brune stolpane
som luktar så godt av tjøre,
der ein kan klatra i med stolpesko
om ein er elektrikar
eller kanskje jobbar i televerket.
Bilane kjører forbi
med nummerskilt fulle av tall
du kanskje skal skriva ned
i oransje notisbøker
når du blir eldre
og liker å skriva tal.
Du vandrar mellom store gutar
og bestefedre på syklar
med sykkelklyper og sidetasker.
Eventyrlysten og forviten
på alt du framleis ikkje veit så mykje om.
*
6
Me samlar på glans og papirdokker
Me samlar på glans og papirdokker,
lagar kveitemjølsklister i hankelause koppar,
og snurrar store knappar på tråd,
medan me lagar vogger og kråketær
med ulltråd mellom flinke fingrar.
Me går tur med hunden
med gamle jojoar frå Coca Cola og Fanta,
dei av oss som blir flinke nok til å læra oss kunsten.
Medan Esso stasjonen reklamerer for ein tiger på tanken,
og kan selja deg ei stor og tigermønstra badebukse
dersom du er gut.
Me blir blå på handledda
av kunsten å klikka klikk-klakk-kuler,
og lar hopperingen med kule gå rundt og rundt,
sjølv om mor til Grete Iren hadde høyrt
at ein kunne få hofteskade av det,
mor og ho vart einige om at faren ikkje kunne vera stor.
Det ville vera rein løgn å hugsa
at eg kunne hiva opp ballar og sjonglera
tre om gongen eller to med ei hand,
men nå i diktet kan eg kanskje unna meg å klara det,
nesten ingen ville kunna avsløra meg.
Eg vart aldri spesielt flink til å hoppa spring,
slo aldri hjul over enkel strikk på strak arm,
hadde meir enn nok med å få til «det vanlege spelet»
når strikken var i lårhøgde,
og fekk i grunne aldri heilt teken på «baklengs dra».
Kanskje eg ikkje prøvde hardt nok?
Men noko fekk eg då til.
Me laga hus med do og kjøkken,
eg og Grete Iren,
på ei mark der ingen budde,
og togg kjekt på tyggiklyser skrapte opp frå gata,
eller dei heimelaga av gammal tjørepapp.
*
7
Me song fleirstemd med Liv Godin
Me song fleirstemd med Liv Godin
ho som viste oss filmar frå Kongo
der ho alltid gjekk med tropehjelm.
Ho stilde oss opp midt i alle slags timar
og dirigerte songen etter tonehøgdeprinsippet.
Me broderte dukar på stoffbitar
frå mannen sine avlagte bukser,
Jacques Godin, belgisk misjonær
eit pust frå den store verda.
Ho var tidleg ute med redesign,
sikkert førti år før læreplanane.
Hundebo gjekk framleis i gangane
med lagerfrakk og sandalar
om kveldane dreiv han biblioteket.
KB Lima var sjef og skulestyrar
og let meg lesa tekst på brosjyrar
frå Trygg trafikk
på bokmål og nynorsk
den dagen eg skreiv meg inn på skulen,
seinare enn alle andre,
fordi mor oppdaga det for seint.
Noreg har mange born,
men ingen å missa.
Eg las Norge
sjølv om eg såg det stod Noreg,
Det var nok ein stavefeil,
eg visste jo ikkje at nynorsk eksisterte.
Eg skamma meg i vekevis etterpå.
Eg skulle jo bare visa skulstyraren at eg kunne lesa.
Kanskje han vart i tvil?
Eg, ein vandrar gjennom dei første friminutta
såg og observerte dei store og flinke
i klatrestativ, fotball og leik
og sugde til meg livet
i skulegarden på Ålgård skule.
Eit spennande teaterstykke på ein stor asfaltscene.
Eg prøvde å vera usynleg
for ikkje å forstyrra forestillinga.
Det let seg gjera heilt til eg åt eit eple
med ein veps på
som gav meg vepsestikk på halsen.
Nokre av dei andre i klassen
kunne rampete vers eg aldri ville våga å framføra.
Anne på landet, tiste i spannet,
og politi Margeri, dreid i bokså klokkå ti.
Tenk om eg hadde sagt det siste
og lensmann Auestad tilfeldigvis hadde kome forbi
med det store smilet sitt og høyrt kva eg sa.
Eg raudna varmt og heftig bare ved tanken.
*
8
Stjerneauge og blussande kinn
Det finst alltid ein stad der inne
ei lita jente med stjerneauge og blussande kinn,
ei lita jente med eit litt såra drag over panna,
men med modig blikk
mot det ho trur skal koma.
Kanskje nokon flettar håret hennar akkurat nå,
og bind himmelblå silkeband nederst på flettene
sløyfeband med svidde kantar.

Det er første dagen i oktober. Eg burde snart vera heilt i mål med diktsamlinga mi, men eg småspring framleis så fort eg kan i mellomstundene i håp om å koma i mål. Det er ein tilstand eg har blitt van med gjennom livet, så det stressar meg ikkje meir enn det burde…
Eg har lyst til å leggja ut nokre dikt i dag og. Det kjennest nyttig å få lufta tekstane litt. Eg tek framleis meir enn gjerne i mot tilbakemeldingar.
*
1.
Edderkoppen
Eg ser på regnet og vinden utanfor,
eg plukkar den femkronestore edderkoppen
forsiktig ned frå veggen,
og flyttar han til eit anna rom i huset
før gjestene kjem.
*
2.
Me som har ledd mykje saman
Me som har ledd mykje saman
blir aldri framande for kvarandre.
Me som har vore fortvila saman,
trøytte saman
og sett små under skje med jamne mellomrom,
vil alltid bera litt av den andre med seg
i eit hjørne av hjartet,
eller aller lengst nede i ei ekstra stor regnjakkelomme.
Eg skal snofla meg fram
i bratte trapper og lange korridorar
og plutseleg hugsa
at her gjekk me saman ein gong.
Det var der me stod
då du fortalde det hemmelege.
Når me kjem til gatekryss og rundkjøringar
og noko nytt skal skje
skal me modige ønskja kvarandre
lukka til vidare.
Me skal meina akkurat det me sa,
at frå nå av håpar me at det meste
som skal skje
er godt.
Det er ingen grunn for tårer,
for visst skal me sjå einannan igjen,
me skal møtast,
i neste veke eller om lenge.
Då skal me smila noko hemmeleg,
og kvila trygt i blikket til kvarandre
før me går vidare.
Slike som har ledd mykje saman
kan aldri bli heilt framande,
ikkje for kvarandre.
*
3.
Sundagen
Me tek sundagen i hendene
som ein stor melonmåne
og bit i han så safta renn.
*
4.
Herleg oppslukt av å leva
Du har smakt på dei gode dagane
der du ikkje hugsar om du er vaksen eller barn
ung eller gammal, trøytt eller opplagd
fordi du har vore så herleg oppslukt
av det å leva.
Om du høyrer fløytemusikken
må du klora deg fast i han med neglene
så kan du dansa og synga
eller bare lytta roleg og andaktsfullt
for akkurat nå er du barnet frå ditt indre,
du er heime hos deg sjølv.
*
5.
Glede, tolmod og kjærleik
La glede tolmod og kjærleik
få stor plass
Det er slike som dei
som skal halda deg oppe,
som skal bera deg gjennom
når livet frys til,
og du treng å bli boren.
*
6.
Du skal syngja deg gjennom
Du skal syngja deg gjennom
når det kronglar seg til,
gripa fatt i kvilenotar og gånotar
og bare klamra deg fast.
Du skal lukka auga
og syngja høgt når det er nødvendig
i store skogar om natta,
og i mørke trapper som knirker.
Alltid freidig
og aldri redd for mørkets makt,
stjernene vil lyse.
Det er heilt i orden å klatra i notelinjene
dersom det kan redda deg.
*
7.
Pust livet inn og stå i det
Pust livet inn og stå i det.
La strikkepinnane gå.
ikkje ver redd for vrange maskar.
Ikkje ver redd for å ta for deg av fargane,
sjølv om det betyr at du må festa trådane etterpå.
*
8.
Ha tol med oss som rømmer
Ha tol med oss som rømmer
frå slikt me ikkje vil vita av,
med oss som ikkje orkar å sjå.
Ha nåde med oss og hald oss
med sterke hender slik at me kjenner,
det er mykje meir enn motet det kjem an på.
La oss klamra oss til deg
i det kalde vatnet
heilt til me vågar å symja sjølv.
*
9.
Kyrie og gloria
Tida er naken og begrensa
Me kviskra eit kyrie,
og nynnar eit gloria.
Me høyrer klokkene slå ni slag
og samlar livet vårt til bøn.
*
10.
Kom, for alt er gjort ferdig
Skaparen opnar kyrkjedøra
og hentar oss inn frå gata.
Han seier kom inn
for her er det plass til deg.
Kom, for alt er gjort ferdig.
*
11.
Ei sliten Mona Lisa
Ei sliten Mona Lisa
med store tatoverte overskrifter
på panna og på brystet.
Store vidopne auge
og eit forpint smil,
striper av sorg langs det eine kinnet,
klar for det meste
Du held deg oppe så vidt det er,
tenk at det er mogleg.
Så mykje eit menneske er i stand til å bera.
Eg ser deg og kjenner pulsen din
i mine eigne årer.
Eg tryglar tida og livet om å vera deg vennleg.
*
12.
Redde tankar med kalde fingrar
Det hender at redde tankar
rører meg med kalde fingrar
Det hender at eg begynner å be
om at føflekken over høyre kne
ikkje må vera farleg,
Eg lover å vera vaksen og klok,
eg lover å få han sjekka.
Eg ber om at hjartet mitt ikkje må få kramper
og plutseleg slutta slå,
om at hjernen min ikkje heilt utan vidare
skal begynna å blø,
om at det andedraget
eg akkurat nå dreg ned halsen
ikkje må bli mitt aller siste.
Eg ber om at barnebarna mine
velsigna vere dei,
ikkje plutseleg skal springa ut
framfor ein buss i fart,
ikkje plutseleg skal detta ned
lange og veldig bratte trapper,
mot ein stor og alt for kald kjellar,
Eg ber om at ikkje noko slags mørke
skal sluka ein einaste ein
av dei eg er glad i.
Så puster eg inn så djupt eg kan,
held pusten fast der inne
og takkar med alle nervetrådane i heile meg
for livet og ein ny dag.
*
13.
Bøner på strikkepinnar
Ikkje alle veit at ein kan be med strikkepinnar,
det kan ein.
Dei ber glødande bøner
med garn og fargar,
med masker og rader,
lysande og gråtande.
Bønar for fødde og ufødde barn.
Bøner for dagar som skal koma.
Bønar som blir gensarar
og vottar til iskalde fingrar.
Strikkepinnar syng stille songar.
i blått og grønt og rosa
om det fine som har vore,
og det gode som koma skal.
Dei veit alt om vrange maskar
i tillegg til dei rette,
om aukingar og fellingar
og slikt som raknar før ein oppdagar det.
Dei veit det meste
om å rekkja opp att og begyna på ny.
Strikkepinnane har bore
mange bøner,
mykje levd liv,
lyst lett garn,
og store garnvaser,
slike ein til slutt på klippa brutalt vekk med saks.
Dei er nåtida mellom hendene
på toget og i sofaen,
i godt lag og i stille rom,
dei har alltid ein tråd til framtida.
*
14.
Han har kyst meg på hjarte og bryst
Dødsfrykten er ikkje langt borte frå meg.
heller ikkje min andre faste medvandrar,
Livstørsten, evig optimist
og ein smule utmattande,
ein som skamlaust framoverlent
alltid vil ha meir.
Eg kjennest ved tørsten og svolten,
den andre fyren prøver eg å halda på avstand.
Han dukkar opp med ulike masker
og kysser meg med den spisse munnen sin
før eg får stoppa han.
Han har kyst meg på hjarte og bryst,
i pusten og på halsen,
men så langt ikkje klart meir
enn å skremma vitet ac meg.
Han frir til fantasien
og saman kler dei seg ut
og prikkar meg med isnåler.
Det hender dei dansar meg
gjennom dødsskuggens dalar
mens eg lukkar auga hardt
og minner meg sjølv på kven eg er.
Eg veit at ein dag,
om litt eller lenge,
vil det vera han sjølv eg ser
når eg får rive av han maska.
Då har eg trening i å møta han,
kanskje det hjelper?
Då må du blåsa
mildt og vennleg på meg,
himmelske kjærleik,
og så får vel eg stå i det og.
*
Eg innser at 14 tekstar sikkert er nok til å ta energien frå dei fleste som les, men i kveld hadde eg ikkje vit til å stansa i tide, så då får det heller vera sånn…
God sundagskveld til alle
Heidi
