skal Sunniva synga i morgon om alt går bra. Nå har det vore to svært intense førebuingsdagar med masse innhald og utruleg mange flotte folk i. Jan Ivar har vaska og planta og sunge og dekka bord, og Eva Mari har jobba som ein helt. Kattane og Marco klarer å dela hus.
Eilen kom med nysteikte kanelbollar til oss, eg har kokt gome og laga lasagne og gelekaker.
Nå skal eg sova snart. Klokka er bare ein time inn i den nye dagen. Først skal eg bare skriva tale og laga ein konkurranse.
Heidi
…og leve lykkelig med sukker på…
Klokka sju var eg fit for fight, den første halve timen har eg drukke kaffi og skrive tankekart over alt som skal ordnast dei komande døgna for at konfirmasjonen skal bli akkurat så fin som eg gjerne vil at han skal bli…
Etter ein minst fire veker lang langspurt, hadde eg eigentleg håpa at utgangspunktet for dei komande døgna hadde vore endå betre… Men utgangspunktet tatt i betraktning, så er det kanskje ikkje så gale… Og kva får ikkje eit menneske eller tre gjort i løpet av førtiåtte timar?
Ikkje tru på meg når eg later som om eg er utruleg flink til å ta det alt som det kjem… Eigentleg er eg perfeksjonist og kontrollfrik, – i alle fall i eit hjørne av sjela…
Sola skin så fint der ute, og fem lister med arbeidsoppgåver ligg klare på den babyrosa kvitprikkete voksduken nede på kjøkkenet…
Eg var eigentleg bare innom dette arbeidsromet for å henta papir til fleire lister…
Eg er dessverre ein litt dårleg administrator, men i dag skal eg prøva så godt eg kan å lokka fram arbeidslysten i Companiharboe…
Det har vore ei veke til med veldig lange arbeidsdagar, men nå er det fri, og huset er fullt. I forgårs kom Odd Christian heim frå Bergen og Berlin med ein skikkeleg stilig hatt på hodet. Er det min son som står der borte med hatt og krøller?
Seint i gårkveld kom Ingrid direkte frå USA med innlagd Mexicobesøk. Oddvar kom frå Porsgrunn og henta henne på flyplassen vår. Ho hadde tunge koffertar med mange presangar til mor, T skjorte med I love San Franscisco, og var i strålande humør. Ho spøkte med “swine-flu”, og hosta høglytt utan å halda seg for munnen. Heldigvis virka ho langt mindre stressa ho som har vore ute og levd reiselivet, enn oss som har gått rundt og tenkt på at “Ungen min var faktisk i Mexico under utbrotet.” Dersom eg var henne, hadde eg sikkert hatt dei fleste symptoma…
Nei, til rors Columbus. Månaden er mai, og eg har eigentleg intensjonar om å vera dagleg maiskribent slik eg har laga meg ein aldri så liten tradisjon på. Ein setning eller to skal eg vel klara å henta fram, sjølv i dei komande dagane. Snart blir me forsterka og berika med overnattingsgjester.
Lenge leve livet…
Heidi
…sars, fugleinfluensa – og nå svineinfluensa. I trua på vår eigen sjølvskrivne rett til liv og helse, blir me jamnleg skremt livet av med krigstypar i avisene om dødsbakterier og dødsvirus…
Kanskje eg burde føla meg uroleg med Ingrid i USA? I sist veke var ho til og med på dagstur til Mexico. Ho rakk å rapportera begeistra om ein fantastisk dag før pandemiryktene nådde fedrelandet… Sidan folkehøgskulen reiste med eigne minibussar og truleg hadde relativt lite med den mexicanske lokalbefolkninga å gjera, går eg ut frå at faren for å få ein takstein i hovudet er større enn faren for å bli slått til bakken med svineinfluensa…
Men at eg i det heile tatt skriv dette, må jo tyda på at heilt upåverkeleg av rykter om verdas moglege undergang er eg ikkje… Men eg undrar meg av og til over kor godt det slår an i pressen med saftige rykter om at svartedauden er på veg tilbake. Kanskje er det nettopp på grunn av det at me lever så beskytta at me gløymer å hugsa på at me faktisk er dødelege. Som ein filosof uttrykte det: Den dagen me blir fødde er me gamle nok til å døy… Eg får seia som sambygdingane mine angjeveleg skal ha sagt for femti år sidan om at Jesus gjorde vatn til vin: Me vett dæ, men me liga dæ ikkje…
Men langt meir jordnær enn dette har dagen hovudsakleg vore. Det vart ein sein kveld over tastaturet i går. I dag skulle eg bruka fritimen min til å begynna på manuskriptet mitt, som eg skal presentera i morgon. Då vart eg så utruleg søvnig. Samstundes kjende eg ei uimotståeleg dragning mot nokre småsjokoladar som låg i ein pose på pulten min etter eit påskeegg elevane fekk leita etter i skogen rett før påske…
Eg skjøna at eg trong eit miljøskifte, og tok sykkelen for å få luft og andre impulsar. Medan eg sykla til butikken, kom regnet. Eg fekk meg ein kalddusj sidan eg hadde vore optimistisk nok til ikkje å ta på ytterjakke. Det hjalp på trøyttleiken. I butikken kjøpte eg jordbær og atkinsbar og vatn med sitronsmak… Etterpå klarte eg å koma i gang med skrivinga.
Torhild har vore her i kveld og øvd med Sunniva på “God bless the child”. Det var kjekt å høyra på. Etterpå hadde me ein veldig nyttig diskusjon om manuset mitt. God bless my friends… – and enemies…
Heidi
Denne veka har strategien vore å duppa i bølgjene og bare la seg gynga. Alle som har bada i store bølgjer, parentes bemerka så elskar eg å gjera akkurat det, veit at om ein let seg driva med utan å vera fokusert på fotfeste og kontroll, så går det mykje lettare enn om eit har fått det for seg at ein skal stå oppreist og tenkja på andre ting…
Eg veit det er eit noko gyngande bilete, men såpass kan eg kosta på meg… Eg har fått gjort alt det intensjonane mine tilsa, og kom heilberga gjennom veka. På grunn av at det var veldig travelt før påske, hadde eg lagt alle utviklingssamtalane med elevar og forelsdre til veka som var. Saman med dei vanlege kveldsjobbane mine, gjorde dette at eg var på jobb frå tidleg morgon til sein kveld dei fire første dagane bortsett frå dei timane eg var i gravferd på tysdagen. Det er faktisk veldig triveleg med denne halvtimes samtalen ein har med alle elevane og foreldra deira to gonger i året. Triveleg og veldig viktig.
I tillegg er desse samtalane ganske krevjande i forkant, for krava til dokumentasjon blir større og større. Ein skal kunne legga fram dokumenterte opplysningar om fagleg utvikling og måloppnåing.
Og så er det tre forestillingar under oppsegling, i tillegg kjem den med skrive-elevane og arbeidet med boka eg lagar i lag med dei. Veldig kjekt alt saman, men det tek tid. På tysdag skal eg ha møte med oppdragsgjevarane til det store prosjektet eg har sagt ja til, -ei stor barnehageforestilling til eit byjubileum i ein nabokommune. TIl då bør eg ha klar ei prosjektskisse…
Men denne helga er stort sett via til konfirmasjonen som skal koma neste helg. I dag har me rett og slett vore ganske flinke eg og min aller kjæraste. Eg stod opp klokka sju til solskin og fuglekvitring. Store deler av føremiddagen har eg stått med hendene i mjuk herleg
gjærdeig. Eg har steikt store mengdar rundstykke, vaska hus og hengt ut reine klede på klessnorene medan kirsebærtreet vårt forsiktig har begynt å bløma. Uavhengig av min innsats så har steikeomnsdøra blitt reparert, vidua vaska, bilen vaska og garasjen rydda. Så nå begynner me å nærma oss vanleg norsk standard…
Ikkje rart at naboen kom over med konfirmasjonspresang, det liknar ikkje oss å vera så pass i rute ei heil veke før gjestene kjem, så han trudde vel det var i morgon…
Nå vurderer eg om eg ikkje må ut og handla litt før butikkane stenger. Eg las på ein blogg om nokon som hadde blomkålgrateng til middag, det høyrdest så godt ut…
Men for all del. Her er nok å henga fingrane i resten av helga og. Eg skal skriva song til Halvard, avslutingssong til Mathilda musikalen på melodien “Banana-boat-song”, eg skal laga norsklekser til elevane mine og ei aldri så lita prosjektskisse til byjubileumsoppdraget. – Og halvironisk nok; tekstar til ei bønnevandring med tema å ta tid til å vera stille… – Martha, Martha kviskrar eg til meg sjølv og klappar meg oppmuntrande på skuldera sånn reint mentalt…
Det skal bli fint å laga konfirmasjon for minsteguten. Folk er så snille og generøse at eg omtrent får tårer i auga. Dei kjem innom heimen for å høyra om dei på nokon måte kan bidra til festen; baka kake?, hjelpa til på kjøkkenet?, laga ein salat?, vaska vindua mine?…
Anne Mette ringde og spurde om ho kunne få lov til å kjøpa blomar til borda. Torhild kjem på mandag for å øva med Sunniva, som har bestemt i samråd med songlæraren sin at ho skal synga “ God save the child,” – ein vakker liten jazz-låt av Billie Hollyday, med ein tekst eg ikkje blir heilt klok på. Det var min idé at ho kanskje kunne synga ein song, og eg synest det er veldig koseleg at ho gjer det.
Nå høyrer forresten eg at melodien blir spela nede i stova… Og Eva Mari ringde for å fortelja at nå var ho ferdig med å sy den raude taisilkekjolen min. For eit nettverk eg har av fantastiske, hjelpsame, kreative og vidunderlege menneske…
Eg bur i eit område der det å arrangera konfirmasjonar nærmar seg å arrangera bryllaup. Mange er klare med bordkort og bordpynt minst eit halvt år på førehand. Eg las i avisa at den store trenden er å ha ei stripe kunstgras midt på bordet med små traktorar på. Dette er truleg ein av dei få byane i Norge der ungdommane, helst gutane, hiv seg i traktoren når dei skal på byen ein laurdagskveld… Men her i huset er det heldigvis ikkje folkekrav om gras på bordet…
Rydda arbeidsrom var det ja… Eg lar vera å skriva kor lenge det er sidan sist me gjorde det grundig. Ein har då eit og anna snev av sjølvrespekt… Og i morgon har eg av alle ting i verda planar om å dra på katteutstilling. Det gler eg meg til. – Veldig.
Heidi
Påskeliljer i beda, hestehov og løvetann i grøftekantene og til og med eit og anna frukttre. Bjørkene har fått grønt slør. Det er vakkert.
Eldstejenta i Los Angeles, eldsteguten i Polen, kjærasten i Spania og syster i Firenze. Hallvard, Sunniva eg og kattane held oss heime. Her er meir enn nok å bestilla.
Eg har tenkt å bevega meg ut i den fine sola i løpet av dagen, så her gjeld det å henga i. Skal henta min kjære på flyplassen ti på sju, og så ber det rett i femtiårsdag til Jan Atle.
Men først ville eg gjerne få rydda og vaska og finna klær eg kan ha på meg i kveld.
Frifredagane er smilehola i livet mitt. I går fekk eg bakt seksti grove rundstykke til konfirmasjonen og ei kransekake av ferdig masse. Først såg det ut som om ringane sat ubarmhjertig godt fast i formene. Eg frykta at heile kransekaka ville enda opp som ein stor haug smular, men heldigvis virka trikset med å setja formene inn i fryseboksen og så lirka dei ut etter ca 15 minutt.
Eg har nok litt vel mykje lagra på den indre harddisken for tida, for rg hadde gløymt at eg skulle ha sundagsskule på samtalegudstenesta i morgon. Søte, varmhjerta Jorunn tilbøyd seg å gjera det heilt aleine. Eg hadde eigentleg takka ja til generøsiteten hennar, men så kjende eg at eg ville. Temaet for andakten er seier over døden, og det kjenner eg at eg faktisk gjerne vil sankka med ungane om. Så nå skal eg pakka det hemmelege skrinet med hemmelege ting. Sunniva skal vera med og vera løve.
Konfirmantane skal og bidra på gudstenesta. Halvard skal spela piano og ein annan konfirmantgut synga solo til. Så nå øver han på pinoet:
Det einaste hun ønska seg det var en solskinsdag
skyfi himmel
ein problemfri time i gode venners lag…
Eg er bittelitt nervøs på hans vegne, for det er jo eigentleg gitaren han brukar å spela på. Eg veit at det er vanskeleg å spela til song, og at det kjem til å vera stappfullt i kyrkja. Men det er bra at han kastar seg utpå og vågar.
Nå kan eg ikkje bruka meir tid på skriving. Eg vil ut i våren sånn etterkvart.
Heidi
I`m gonna let it shine…
Sunniva og eg reiste til midnattsgudsteneste. Helst ville eg hatt med meg alle ungane, men i år vart det oss to. Ho var i strålande humør, og me song i bilen oppover mot kyrkja: Så skimrande var aldri havet, og Deg være ære.
Det er så fin symbolikk i påskegudstenesta. Mørket inne i kyrkja og lysa som blir tende av lys frå Kristuslyset slik at alle får sjå. Leif Olav i kvitt som ein Kristusskikkelse framme i koret under dramatiseringa.
Noko av det sterkaste for meg i natt var songane og liturgiane som me sa fram i lag. Eg skjelna røystene til folk eg set pris på både på sidene, framfor meg og bak meg. Eg kjende at eg kunne kvila i stemmane som bar meg gjennom trusvedkjenning, Fader vår og O salige stund uten like.
Sunniva og eg gjekk fram til nattverd i lag. På veg ned passerte eg Ståle og me møttest i eit handtrykk og eit blikk. Ståle er berar av eit av mine største traumer. Det var han som vart forbrend i anskiktet den gongen eg var uforsiktig med eit stormkjøkken for fire år sidan. Kvar gong eg ser han takkar eg Gud for at han ikkje fekk varige mein.
Ute på kyrkjegarden blir me ståande og pråva å halda liv i kvar våre brennande stearinlys. Me opplever alle at elden sloknar og at me må gje einannan varme. Til ei kvar tid er det nokon som kan dela flammen sin med dei som mister sin. På den måten held me liv i lysa heilt til me har sunge oppstandelsessongen og presten har bede oss gå i fred og tena Herren med glede. Sunniva er litt uroleg for det lange flagrande håret mitt, og prøver å passa på at eg held det vekke frå alle dei små flammane.
Etterpå stel eg til meg ein klem frå Thomas, som eg hadde i klassen min i seks år. Det er så fint å sjå dei att som unge flotte vaksne menneske. “Korleis hugsar du barneskulen?” spør eg. “Som den beste tida,” svarer Thomas. Slike svar gjer meg glad. Av og til kjenner eg på kor utruleg stort ansvar me har i skulen. Foreldra betrur oss det finaste dei har.
Sunniva tilbaud skyss til ein som ikkje visste korleis han skulle koma seg heim. Eg liker måten Sunniva behandlar folk på. Ho har eit varmt hjarte.
Nå skal eg ta meg tid til å kikka på dagens aviser, for så langt har eg ikkje kome ennå. Eg må bare hugsa at eg må koma meg opp i anstendig tid i morgon, for eg skal vikariera som kyrkjevert. Det vil mellom anna seia at eg må vera der før dei andre kjem for å ynskja dei velkomen og god påske…
Heidi
Ingen veit kva som skjuler seg.
Mørket er naturen sin stemme:
Gjer det nå!
Men eg veit ikkje kva mørket vil eg skal gjere.
Ting gøymer seg.
Det er vanskeleg å finna i mørket.
Leiter du etter ein person er du fortapt.
Fortapt i mørket.
Fortapt i det store mysteriet.
Dette er ikkje min tekst. Teksten ovanfor er henta frå skrivemappa til ei jente på skrivekurset mitt. Ho er tretten år gammal. Sidan eg ikkje har spurt henne om lov, kan eg ikkje fortelja kva ho heiter. Men eg synest ho er ein veldig begava skribent. Sjå opp for komande forfattarar.
Eg har brukt fire fem timar i dag og på å velja ut elevtekstar til boka me skal laga, og skriva dei inn på pc-en min. På kurset skriv dei med blyant eller penn. Eg synest eg kjem nærmare dei på den måten. Det er spennande å sitja her og fordjupa seg i tekstar skrive av jenter på elleve til fjorten år. Tekstane fortel mykje om dei som skriv. Sannsynlegvis meir enn jentene sjølv skjønar. Det ligg eit ansvar i å vera publiseringssjef…
Eg er glad for å sjå at dei brukar kvar sin stemme sjølv om dei til ei stor grad har jobba med dei same oppgåvene.
Men heilt har eg ikkje isolert meg frå påskefeiringa. Me har hatt påskefrukost her i dag. Ingrid stod opp med meg to og ein halv time før gjestene kom for å hjelpa til. Det trengdest. Eg er ein stor tidsoptimist. Men me rakk å baka focacciabrød, sjokoladekake og grove rundstykke før gjestene kom. Ingrid laga eggerøre, la pålegg fint på fat, dekka og pynta bordet medan eg prøvde å organisera meg sjølv og alle deigane. Merkeleg kom me i mål…
Det vart eit fint besøk. Gjestene ramla inn med kaffi, jus, smør og heimelaga leverpostei. Martin friskmelde huset etter vannlekkasjen i går. Det er fint at vennene sine barn etterkvart har fagbrev som tømrarar og andre nyttige saker. Før var påskefrukosten vår i større grad eit liturgisk måltid enn det det er nå. Med tenåringsbarn er det litt grenser for kva krumspring det er i orden å setja i gang… Men me fekk då sunge litt.
Deg være ære
Herre over dødens makt.
Evig skal døden være Kristus underlagt.
Kvar gong eg syng denne teksten tenkjer eg på at eg ein dag skal laga ein spørrekonkurranse der eg spør kva for nokre dyrenamn som skjular seg i ein del songtekstar.
Akkurat denne songen skulle vera lett for alle salmesyngande nordmenn…
Nå er eg litt overtrøytt og lite seriøs kjenner eg…
Eg er eigentleg ferdig med rasjonen min av elevtekstar for i dag, men jobbar litt på overtid. Det gjev ei god kjensle…
Viss sola framleis er utanfor døra mi i morgon lovar eg på ære og samvit å koma meg ut på tur.
Heidi
Etter gudstenesta dekka dei av altarbordet. Presten og klokkaren bles ut kvart sitt av dei store altarlysa. Så bar dei ut lysestakane. Dei fjerna bibelen og altarboka, dei fjerna blomar, brød og vin. Utan blomar og sakrament står altaret nakent og klart for langfredag.
Då hadde me delt brød og vin. Me hadde sunge om himmeldogg og Getsemane og skjærtorsdag natt. Me hadde høyrt historia, som sannsynlegvis er lettare å skjøna dybdene av i ettertid, enn for dei som stod der der og då, med forvirring og opne sansar og prøvde å tolka kor livet tok dei hen. Det trur eg presten har rett i. Skjærtorsdag natt møtest fleire tider i eit brennpunkt kring nattverden.
For meg er kanskje påsken den viktigste religiøse høgtida. Eg kviler i mysteriet. På sida av å kvila i dagen.
Men eg har gjort langt meir enn å vera i kyrkja. Stova er forsøkt vaska med mopp og vaskevatn. Likevel ligg det til mi forundring masse støv i stova ein time etter at eg er ferdig. Det er eit like stort mysterium som at nattverdbegeret aldri let seg tømma heilt…
Mor og far har vore her og drukke kaffi og ete bollar. Me sat her alle saman med alle tenåringane og kjørte ein slags lightvariant av eit spørrespel. Så høyrte me på Halvard sine siste songar. Eg let meg framleis imponera.
Ein av dei handlar om ein som ikkje fiksar livet sitt heilt.
Refrenget er omtrent slik:
Day by day slowly faded away,
and he never made the train…
Eg påstod at det måtte heita reached the train, og ikkje made the train. Halvard påpeikte at det var ein metafor for ikkje å klara å koma seg med i livet som susar forbi, og at det å nå toget like godt kan heita to make the train som to reach the train. Det som forbausa meg var at dei tre eldre søskena hans var heilt einige med han. Har dei verkeleg rett? Men songen var fin.
Og så har me kokt oss ei stor gryte lapskaus. Nokon etterlyste akkurat restane, men nå er gryta tom. Sunniva skulle hjelpa meg å vaska golv. I forvirringa over å ha brukt salmiakk i staden for grønnsåpe, velta ho bøtta utover kjøkkengolvet, og det har rent salmiakkvatn gjennom golvet og ned på badet under. Eg kryssar fingrane for at me unngår ein større vannskade… To av barna mine har arva min evne til å knusa, øydelegga, gløyma att, og sleppa ting i golvet. Eg veit kva det vil seia å slåst mot gener… Eg har lite eg skulle ha sagt…
Eg sit her og reinskriv elevtekstar frå skrivekurset. Det er eit stort og spennande arbeid. Eg reknar to timar pr elev, og så blir det bok av det. Dei er flinke… I morgon får me føremiddagsgjester. Skal eg baka nå eller i morgon tidleg?
Eg trur eg ventar…
Heidi
og barnebarn på heiltid. Sjølv om eg var mor og nesten svigermor på same tida. Far kom ned om morgonen og henta meg og Oddvar og Ingrid. Oddvar hadde lyst til å helsa på Ingrid si oldemor, og far hadde lyst til å visa fram heimbygda si.
Farmor tok i mot oss med koteletter i brun saus og nykokte mandelpoteter. Ho hadde kokt dei med skalet på, for ho hadde høyrt at dei skulle bli best då, men ho skrelde dei på kjøkkenet før ho la dei i potetskåla. Til dessert fekk me fruktkoctail med krem. Måltidet smakte veldig godt.
Når eg sit ved farmor sitt bord er det litt som å vera barn igjen. Farmor er blitt veldig tynn og heilt kvithåra men ho er framleis kvikk og effektiv når ho småspring til og frå bordet med fata sine. Ho er den sprekaste 92-åringen eg har møtt i heile mitt liv, men seier at nå merkar ho tyngden av åra. Eg er så glad for å få ha henne litt til, det er som å vera barn på overtid. Kor mange har framleis ei farmor å gå til når dei er nærmare femti enn førti?
Me fekk ein prat aleine medan dei andre kjørte tur. Eigentleg var ho mest oppteken av å snakka om aktuelle ting i tida, ting ho hadde lese i avisene og sett på dagsrevyen, og om familien. Men litt tankar delte ho med meg om det å koma i så høg alder. Livet har mange utfordringar…
Ho fortalde at då dei gifta seg hadde ho nettopp fyllt tjue år. Farfar var tre år eldre. Dei hadde kjøpt seg gard, og folk meinte det var litt av eit kjøp. Huset og løa var veldig nedslitne, og folk sa at det spøkte på låven fordi nokon hadde hengt seg der. “Kva tenkte du då?” spurte eg.
“Nei på den tida var alt bare kjekt, og spøkelse har eg då aldri vore redd for,” sa farmor.
I dag er det slutt på den midlertidige barndomen. Det er
arbeidskrevande å vera matmor for ein stor gjeng tenåringar. Eg lesste oppi ei handlevogn i store haugar. Då hugsa eg korfor eg ikkje får til storhandel ein gong i veka… Det skjer noko med meg når eg skal handla og betala store mengder matvarer. Det kjennest bare for mykje… Litt om gongen ligg meir for meg, eg er ingen stor planleggar.
Eg kjenner litt på dilemmaet mellom ulike roller. Gjerne vil eg vera mor og husmor og servera dei velsmakande retter og nybakte bollar og brød i eit ryddig hus. Det går bare ikkje heilt i hop når eg har så mykje anna arbeid eg må prøva å få unna. I dag har eg vore seks timar på skulen og jobba. Det vart rydding i papir og førebuing av utviklingssamtalane med elev og foreldre. Det var godt å få ei skikkeleg økt.
Elles så fekk eg helsa på Daniel i dag, den nye kjærasten til Elisa. Eg håpar eg får sjanse til å bli betre kjend med han etterkvart…
Heidi
Ingenting går så fort som eg trur det skal gjera. I alle fall ikkje husarbeid. Eg priser meg lukkeleg fordi eg ikkje lever i ei tid der mitt verd skal målast i husmorpoeng.
Eg hadde tenkt å bruka mesteparten av dagen på jobb, men eg kom aldri så langt. Det vil seia eg kom dit til slutt, men då fekk eg ikkje gjort det eg hadde tenkt å gjera…
Men trekket på sofaen har eg levert tilbake, og pengane fekk eg att. I tillegg ein link til ei svensk side der eg kan sjekka ut om det finst restlager av trekk til sofaar av utgått modell. Ingrid og Oddvar kjøpte hyller og rammer og diverse, så eg hadde fint fylgje. Eg var farleg nære å kjøpa ein softis i den fine vårsola. Det er sånn omtrent det beste eg veit, ti poeng for å stå i mot…
Ferdige kjøttbollar frå ikea er alltid populær middag, spesielt saman med fløtesaus med ekte fløte. Og så skulle eg på jobb ein tur, men vart sitjande fast i rydding.
Men til slutt fekk eg rykka meg vekk, og gjekk ut i vårkvelden for å ransaka skulen for materiale som kan vera relevant for Odd Christian si matematikk-didaktikk-oppgåve som han skal skriva i påskeferien. Det slo meg kor mange fine bøker me har på lærarbiblioteket. Synd at det blir så alt for lite tid til å lesa dei.
Men eg har lånt med meg ei bok som eg gleder meg til å lesa. Den som er skriven av ei førtiåtte år gammal svensk dame som fulgte undervisninga i ein svensk ungdomsskuleklasse. Eg trur dommen hennar var at mykje var forferdeleg kjedeleg, og at når ein ein og annan gong kom inn på eit verkeleg interessant tema, så stressa lærarane vidare under påskot av at dei måtte prioritera pensum…
Eg vart sitjande på jobb og bla i to fotoalbum eg laga då eg hadde den forrige klassen min. Det var fine ting å gjenoppleva. Eg såg at me hadde betre tid då, bileta bar preg av mange kreative og spontane krumspring. Men kanskje dei elevane eg har nå kjem til å stilla sterkare fagleg fordi fagpresset er blitt mykje større? Ikkje veit eg… Og eit og anna krumspring blir det framleis når eg tenkjer meg om.
I morgon skal me på tregenerasjonstur til den fjerde generasjonen, oldemor mi i Vats. Det blir fint, trur eg.
Heidi