Gå til innhald

While my guitar gently weeps…

For ti minuttar sidan sette eg meg ved bordet med ein kopp kaffi og gudsteneste på radio, eg tenkte på teksten eg skulle skriva og kjende på kor godt det var å ha god tid.

Så kjem elsklingsungen Sunniva med mandat å overtala mor si. Ho og to venninner vil ut på tur. Dei treng skyss med bil og har kontakta det dei kan oppdriva av foreldre som kan vera potensielle sjåførar. Eg er sistemann på lista fordi dei veit at bilkjøring ikkje er mi yndlingsgreie. Ho legg fram status; Alle kan henta, men ingen kan kjøra. Korleis er det med meg?

Ja, korleis er det med meg? Reisemålet ligg innanfor min kjøreradius, og min tur er det utan tvil… Men eg skulle jo skriva ein lang og gjennomreflektert tekst på andedrakt…
Nei, så skulle eg vel ikkje det då. Nå er dei klare der nede.

“Mor, kjæme du?”… Ja, det gjer eg. Skal bare pussa tenner og dra hårbørsten gjennom håret. Håret som er nyklippa. Ingrid klipte både meg og storebroren sin på fredag ettermiddagen.

Men teksten min då? Den kan vel venta. Kjem tid kjem råd. I mellomtida får overskrifta formidla noko vakkert, reint og halvsentimentalt.

While my guitar gently weeps…

Heidi

Xtra

Nå har eg retta grammatikkprøvar og diktatar. Stort sett er dei flinke. Eg merker meg at det finst feil i diktatane som aldri ville ha vore der då eg var barn. For eksempel at staveforma xtra skulle kunna vera ein mogleg stavemåte av ordet ekstra. Om det er sms-språket eller varekjeden som har skulda, skal eg ikkje spekulera over…

At nokre ungar trur at det heiter sjærast, sjino og sjøleskap er heller ikkje til å undrast over. Då eg var barn, vart det rekna som ein talefeil å seia at ein skjørte bil, nå er det normaltale. Alle mine fire barn var i stand til å seia kino då dei var tre år, nå seier dei fleste av dei sjino… Og eg merkar meg at den arkaiske dateringsforma:“den tyvende,” har kome inn i talespråket, sjølv om det alltid har heitt “den tjuende” før på desse kantar. Datoane 7. og 20. blir nemleg uttalt klin likt etter den nye uttalenormen, begge blir heitande den sjuande, og slik skapar jo forvirring…

Språkutvikling er merkelege greier, dei sørga nok då den stemde th lyden datt ut av språket og ein gong i tida…
Ein annan ting eg legg merke til er at det snik seg inn ein del engelsk når ungar snakkar og skriv. Uttrykk som “So what?” ,“Why not?” og “bitchy” dukkar pluseleg opp i norske tekstar. På danske filmar legg eg merke til at dei i Danmark ser ut til å krydra språket med langt meir engelsk enn oss. Det er langt fram til me snakkar meir engelsk enn norsk. Uendeleg langt…

Og det er langt fram til å mista den lokale dialekta, sjølv om ein del av ungane seier “å se “ i staden for “å sjå” og “å komma” i staden for “å koma”. I Norge er det framleis sett på som flott å snakka dialekt, det synest eg er fint. Framleis kan ein bestemma med bare nokre kilometers slingringsmonn kor ein person kjem i frå dersom ein kjenner dialekta.

Som sagt. Språk er spennande.

Heidi

Yggdrasil, Midgard, Multi, Stairs,

Tekstsamling, Språkbok, Inn i teksten, utviklingsperm, elevmapper, biblioteksbøker, sluttførde resultatlister…

Tida er komen for å telja opp, samla inn, rydda, kartotekføra, ordna, stabla, bera… Slike ting er det eg er minst flink til i heile lærarjobben, og eg utset det helst så lenge at eg får gå aleine og rydda i fred og ro når dei andre vel har teke ferie. Faktisk er det slik eg likar det best, men når alle andre helst vil bli ferdig fortast mogleg, får ein fint og vakkert tilpassa seg…
Nå har eg ikkje rett til å seia eit einaste pip når det gjeld denne omgangen. Eg trur eg er den einaste læraren på heile skulen som verken skal skifta klasserom eller pult på arbeidsromet. Det er mest så eg kunne mistenka at det er tilpassa opplæring styrt frå høgare hald… Og eg er verkeleg djupt og inderleg takknemleg…

Likevel er det litt å henga fingrane i, og som regel manglar det noko viktig når eg skal halda den store oppteljinga, og så får ein leita til ein i beste fall har oversikten att…

Dagens gladmelding i så måte, er at boka om Emil frå Lønneberget, som eg hadde lånt på det kommunale biblioteket, er attfunnen etter to purringar. Eg kunne ikkje fatta og begripa kor ho var, men i dag fekk eg ideen å leita på skulebiblioteket for å sjå om ho var feillevert. Der stod ho jammen, fint plassert under bokstaven L i
hylla med bøker for småskuletrinnet. Glad og fornøgd småsprang eg til biblioteket, leverte boka og betalte bota mi på 30 kroner. Eg har slutta å stilla fylgjande spørsmål:Korleis i all verda? Kven? og Kvifor? Eg har innsett at ikkje alt har si forklaring… Det er enklare slik…

I lærarkollegiet merkar eg tendensen til litt kollektivt høg skulderføring, men dei fleste av oss har gått sisterunden før, og veit at me på eit eller anna vis snublar oss over mållinja kvart einaste år.

Regnveret har ikkje slått til endå, så eg vurderer om eg skal ta ein vatnerunde med mugge og bøtte. Eg har steikt pannekaker og bacon til ære for Odd Christian, og han har som alltid ete seg gjennom ein akseptabel stabel.

Kanskje eg skulle skriva ein ryddesong til sommaravslutninga på fredag? Eg kjende plutseleg inspirasjonen koma seglande. Det kunne gjort godt å le litt av oss sjølve…

Heidi

Zorn, Krøyer, Ancher og Carl Larsson…

Heile gjengen med sommarmalarar skulle ha vore her hos oss dei siste vekene. Det har vore så vakkert ute at nokon burde ha festa det med penselstrok til lerret. Mitt vesle bidrag i denne samanhangen er å prøva å festa inntrykka med fingertuppane til tastaturet, men det blir ikkje heilt det same…

For tidleg juni her i norden må vera noko av det finaste som tenkjast kan, så lenge sola skin. I går hadde me hageselskap hos onkelen min for å feira at han fyllde 70 år. Dei hadde spent opp wolleyballnett i hagen, og alle unntatt meg i min generasjon pluss alle ungdomane våre spelte wolleyball. Eg sat på sidelinja med eit kamera og lot meg imponera. Ballspel har aldri vore heilt mi greie, og wolleyball forbind eg med å irritera alle på laget mitt fordi eg var klønete og ukonsentrert… Midt i selskapet kom Odd Christian heim på sommarferie, med alle eksamenane bak seg, og ein sommarjobb på den lokale pleieheimen framfor seg. Som alltid vart eg så veldig glad for å sjå han att. Som ei hønemor nyt eg å ha alle mine rundt meg, og med Oddvar og Vilde i bonus, er me ganske mange her.

Eg lurer på om me tok ein slags avskjed med sommaren nå nettopp, for temperaturen sokk ganske kraftig i løpet av eit par tidlege kveldstimar, og då me sat rundt bordet ute på terrassen og avslutta middagen, var det lett yr i lufta. Eg har teke inn tepper og handkle i tilfelle det blir skikkeleg regn av det. Jorda og graset kunne trengt litt vatn nå, det har så å seia ikkje vore nedbør dei siste seks vekene, og det er heilt eksepsjonelt i dette hjørnet av verda. Det er kome forbod mot å vatna plen og blomar med hageslange for å unngå at vatnet skal ta slutt.

Apropos dei store kunstnarane i overskrifta. Ville maleria
deira vore like stemninsfulle om folk hadde hatt moderne klede og jobba med moderne reiskap? Er det trongen vår til å romantisera som gjer at me synest kleda og gjeremåla frå den gong ser idylliske ut, medan vår eiga tid er triviell og lite spektakulær?

Det er to veker att av skuleåret. To veker med repetisjon, prøvar og avrundingar. Får håpa me klarer å halda på motivasjonen både store og små.

Heidi

Ærefrykt for livet…

Var livsmottoet til legen, filosofen og kunstnaren Albert Shweitzer. Han sa sjølv at han bare drap mygg dersom han var i eit land der myggen kunne bera med seg malariasmitte, elles meinte han at dei hadde rett til å leva.

Sjølvsagt er det ikkje mannen sitt forhold til mygg som har gjort han berømt… Det han blir hugsa for er kampen for å gjera verda til ein betre stad å vera. Men dette, kanskje litt pompøse mottoet, har stått spikra i minnet mitt heilt sidan eg lærde om Albert Shweizer i eit klasserom på Ålgård skule, eller kanskje eg las ei bok om han før eg kom så langt?

Av og til slår det meg at me i vår generasjon er redde for store vyer og store ord. Idealismen er noko dei fleste av oss tek ut i små porsjonar og ikkje snakkar alt for høgt om.

Men eg seier som Oscar Stein Bjørlykke sin litterære karakter Hans Klure sa då han las innskifta “Soli Dei Goria” i kyrkja: “Da e nåke me da!”

I dagar som den i går kan eg kjenna på mottoet “Ærefrykt for livet”, og nikka forsiktig for meg sjølv.

Skuleforestillingane gjekk fint. Kvar gong eg sit der med ein gjeng skodespelarar og kjenner på den spesielle kjensla av at “nå skal me skapa noko viktig saman”, skjønar eg korfor eg orkar å halda på med to dramaklassar kvar tysdag etter ein full arbeidsdag i skulen. Det er noko med magien i kunsten og i det mellommenneskelege som gjer det heile verd å bruka krefter på.

Etter litt rydding og gjennomgang av søkjarlistene til drama neste år, reiste eg heim. Etter litt vasking og handling la eg meg på eit teppe i sola og sov med mobilalarmen på.

Om kvelden reiste eg geim til staden der eg vaks opp og brukte kvelden med Jane og Karin som eg vart kjend med då me begynte i same klassen på barneskulen. Det er så fint å kunna halda på vennskap som går så langt tilbake i tid.

Først sat me på verandaen i kveldssola. Eg tenkte at så fin veranda skulle eg ønska at eg og tok meg tid til å få til. Duk og tepper og puter og parasol og roser og stauder i krukker og potter. Ovanfor var det plommetre og syrintre og staudebed. Kven veit. Kanskje me blir hagemenneske i sommar?

Me sat der og diskuterte kva det ville seia å vera livsnytarar. Er det det motsatte av å springa etter klokka. Er ein livsnytar ein som drikk kvitvin midt på dagen i staden for å jobba overtid. Me kom vel fram til at det må vera ein eigenskap inne i ein sjølv som ein må hugsa å bera med seg gjennom dagen. Evna til å nyta mens ein lever. Ein kan truleg vera like mykje livsnytar med hendene planta i brøddeigen heime på kjøkkenet som på uterestauranten i ein eller annan storby? For ikkje å snakka om når ein vrir opp ein klut i godt varmt grønsåpevatn… -Den siste setningen var ei oppmuntring
til meg sjølv, i fall nokon skulle undra seg…

Då eg kjørde heim klokka eitt om natta, etter jordbær og kaffi og masse herleg prat, var det framleis omtrent lyst ute. Det var så vakkert at eg hadde lyst til å gråta. Lyrikaren som skreiv “Mens Gud ennå trodde på menneskene, skapte han juninettene”… Det teologiske innhaldet i sitatet tek eg ikkje stilling til, bare det lyriske…

I dag vil eg påstå at eg har oppført meg som ein livsnytar.
Eg sov lenge, smøya den oransje sommarkjolen min over hovudet og tok med meg kaffikoppen ut i sola. Der har eg site sidan, eg har konversert det vidunderlege mennesket eg har til yngstedotter, og så har eg lese aviser og knaska epler og rugsprøknekkebrød med blåskimmerost.

I dag vil eg særleg anbefala å lesa magasinet der ein journalist har gått frå tom til rom på ein pleieheim og spurt bebuarane kva som hadde vore viktig i liva deira.
Eg har alltid likt å lura historier ut av eldre menneske. Ei slik bok kunne eg ha lyst til å skriva ein gong. Det er herleg befriande å lesa om ekte menneske, ikkje bare om overflata av menneske presentert på glansa papir.

Framleis er me tidleg i juni, og me har hatt lang sommar allereie. Det er som om noko inne i meg dett på plass når det er sommar… Sidan eg er i full gang med å bruka lausrevne sitat på ein halvtåpeleg måte: “Dette kallar eg kjærleik, eg veit ikkje kva det er…”

Og nå veit eg akkurat kva eg må fortelja før eg sluttar å skriva. Ein ettermiddag sat eg ved kjøkkenbordet og drakk kaffi. På radioen høyrde eg Marilyn Monroe synga: “I wanna be loved by you, just you, and nobody else but you…” Eg visste ikkje ein gong at Marilyn Monroe kunne synga… Plutseleg bare visste eg at akkurat den musikken var det me mangla for å ramma inn “Jentegarderoben”. Så dette merkelege vesle stykket vårt begynte og vart avslutta med Karin Boye og Marilyn Monroe, og i tillegg ein spylelyd frå doen på skulen som eg sende Jan Ivar ut for å laga opptak av. Det sat som smock…

Så eg torer å konkludera med at “Jentegarderoben”, som ein stad i prosessen omtrent gav meg grå hår ende opp med å bli ikkje heilt formfullendt, men lettare eksperimentelt og ganske sjarmerande.

Heidi

Ørlite ør i toppen,

…og utruleg trøytt i kroppen,- slik kjenner eg det akkurat nå. I tillegg er eg veldig glad og letta, for i kveld hadde me premiere på “Jentegarderoben”, og det meste fall på plass.

Eg veit at det er eit gjengangartema på bloggen min å bekymra seg for forestillingar for så å koma gledesstrålande tilbake og melda at det gjekk bra… Eg ser at det kan virka som eit merkeleg og egosentrert mønster, men eg trur ikkje folk som ikkje har prøvd seg på det veit kva for ekstremsport det er å driva barne- og ungdomsteater.

Eg prøvde å rydda litt på kjøkkenet, men kroppen viste seg å vera ubrukeleg til alt anna enn sofaliv, og til skriving, sjølvsagt, det er eg merkeleg nok alltid opplagd til…

Halvard sit i stova og er nærmast karmosinraud på armane og i ansiktet. Han har vore med klassen sin på sykkeltur til stranda, eg sa at han for alt i verda måtte hugsa å ta med seg solkrem, men han hadde reist utan.

Ingrid tek praktisk eksamen i formgjevning i desse dagane, og Oddvar tek fagprøve som cnc-operatør. Odd Christian ringde gledesstrålande midt i generalprøven, for å fortelja at på eksamenen som han hadde trudd han kanskje hadde stroke på, hadde han stått med veldig god margin.

Nå er snart prøvetida over her i huset. Kjærasten min er sensor og sit med store bunker eksamensoppgåver frå rundt omkring i landet, som han skal retta.

I går fekk eg to presangar, den eine kom i posten frå Eva Mari, og var ein transparent kjole i eit silkeliknande materiale og, i eit spennande snitt eg trur ho kanskje hadde dessigna sjølv. Viss du les dette, kjære, søte svigerinne, så ha tusen takk. Eg ringer og takkar skikkeleg så fort eg ikkje er for trøytt til å snakka, slik eg er akkurat nå. Eg trur eg skal innvia han i Odd sin 80-år-dag på lørdag.

Den andre pakken fekk eg av ein elev. “Eg har ein gave til deg,” sa han. “Noko eg har kjøpt for mine eigne pengar, fordi du har vore så grei med meg:” Eg fekk lilla badesalt, skumbad, badeolje og bodylotione. Det skal brukast med andakt ein dag eg treng å stella ekstra godt med meg sjølv.

I morgon skal elevane mine møta dei nye førsteklassingane, som dei skal bli fadrar for. Dei har laga fine bøker til dei, og fortald om seg sjølv og skulen sin. Nå er dei kjempespente på å møta dei.

Men eg skal ikkje vera i lag med dei då, for eg skal opphalda meg i “Jentegarderoben”. Me skal ha skuleforestillingar. Det kjem til å gå bra, trur eg.

Sommaren er framleis like sommarvarm, og me merkar at elevane er i ferd med å ta mental ferie. I tillegg merkar me at me vaksne begynner å bli slitne. Det er kjende teikn på at ferien nærmar seg.

Nokre av dei sterkaste leseopplevingane mine som barn var å lesa “Berre ein hund” og “Fante- Nils” av Per Sivle. Ein eller annan gong i løpet av skuletida les eg alltid desse historiene for elevane mine, og nå var turen komen til femteklassen min i denne veka. Det same skjedde som alltid, dei sit musestille og lyttar, heilt oppslukte av stemningane i historia.

Det som likevel slo meg er kor langt desse ungane lever frå det gamle norske bondesamfunnet som blir skildra. Veldig mykje lenger borte enn eg sjølv gjorde då eg var på deira alder. Dei veit ikkje utan vidare kva smørkinne, hesjestaur, fant og skulemeister er, og dei kan knapt nok forestilla seg ei tid då det var politisk korrekt å jula opp ungar som ikkje oppfører seg skikkeleg. Ikkje at det siste er noko sakn…

Hadde det vore opp til meg, skulle alle skulebarn fått ein heil skuletime kvar einaste dag så lenge dei gjekk på skulen, som var avsett til god litteratur, eventyr, segn og andre gamle forteljingar. Slik det er nå så snik eg meg til så mykje som eg vågar, det vil seia sånn omtrent 15-20 minutt kvar dag. Elevane elskar det, og for meg er det eit av høgdepunkta på dagen. Men aldri har fagkunnskapsguruane pusta oss så tungt i nakken som nå.
Det er greitt at ungar treng fagkunnskap, men samstundes må me gje dei så mykje allmennkunnskap og så mange wow- opplevingar at dei har noko å henga knaggane på. – I alle fall er det det eg likar å tru.

Snart skal eg sova burt sumarnatta, men først treng eg ein lang og kjøleg dusj.

Heidi

Å halda fast ein deilig dag.

Så snart elevane var tekne godt i mot, og vel formante, fordelte me dei i fire bilar og kjørte med retning Figgjo.

Først tok me ein rask fottur opp til Klugeslåtten i herleg sol. I ein gjørmedam kunne me studera livet blant myggar og blå og brune vannymfer.

Så bar det ned att til May Brit sin hage med is og lappesteiking, vasskrig og trampoline.

Me nådde eit avskjedsselskap for Jens, som sluttar hos oss, før heile klassen med foreldre og lærarar drog ut til sjøen for å grilla, bada og kosa oss i lag.

Dagen har vore god, og eg er trøytt og ør etter ein lang dag ute i sommarveret. Før eg legg meg må eg vaska sanden ut av håret.

Heidi

Å gapa passe høgt,

og å vita når nok er nok… Det kunne jo vera to passande utviklingsområde for meg.

Eg har vanskeleg for å sleppa taket i ting før eg er heilt fornøgd, for eksempel det teaterstykket me skal visa fram på torsdag. Helst ville eg ha jobba heile natta i håp om å få det som eg ville til slutt.

Og så har eg litt lett for å tru at det meste som går galt på eit eller anna plan er min feil /mitt ansvar. Om eg bare hadde tenkt på det, gjort det litt annleis, hatt litt betre tid, stoppa opp litt lenger…

Noko bra er det med det: Eg har ikkje lett for å skulda på andre. Noko destruktivt er det med det: Eg trur ofte at eg er ansvarleg for det meste…

Kanskje nokon les mellom linjene at eg er trøytt, og det er eg. I dag har eg stort sett vore på arbeid frå åtte om morgonen til ti om kvelden…

Men mykje av jobbinga var rein luksus: Som å vera på gardsbesøk med ein gjeng ungar, klappa nyfødde føl, grilla pølser i hagen og sjå på at ungane hoppa i høyet.

Så har eg blitt intervjua og fotografert. Etterpå lurer eg alltid på kva eg eigentleg har sagt… Ein times pause i sola vart det og tid til jammen… Og framleis er det full sommar her.

Heidi

Øve, øve jevnt og tappert…

det er tingen,
alltid bedre om og om og om igjen…

Slik song me så det ljoma i si tid på barneskulen, dirigert av Liv Godin, heimkomen misjonær frå Kongo, som visste at det gjaldt å aldri gje opp…

Det siste teaterprosjektet for dette skuleåret går framover. Dodøra til scenebruk er klar, i matfriminuttet på skulen i dag fekk me spelt inn den siste filmsnutten, og me øvde ein time etter skuletid med ho som skal synga solo. I morgon blir den store øvingskvelden. Då skal me øva i fire timar, og i beste fall kjem me i mål, slik at me er klare til premiere på torsdag utan å bruka onsdagskvelden og.

Ingrid øver til prøveeksamen i norsk i morgon. Ho har laga ein powerpointpresentasjon om reklame, som ho snart skal prøva ut på far sin og meg. Odd Christian hadde sin siste eksamen i dag i munnleg pedagogikk, og eg og Halvard har vore og hatt foreldresamtale med gitarlæraren hans.

For første gong på lenge har eg vore skikkeleg allergisk i ettermiddag, nå har eg medisinert meg inn i ein søvnig og behageleg tilstand…

Sunniva har flytta undulatane sine inn på arbeidsromet mitt for å sleppa å bli vekt av dei grytidleg om morgonen. Eg ser dei har lite mat i buret, så eg får gå og finna litt fuglefrø før eg går ned for å sjå om eksamenskandidaten er klar for ein prøve på prøveeksamen.

“Der hvor lien brattest stuper,
setter han utover,
gutten på de glatte ski så spruten står,
jenten etter rart å se
hva slik en unge vover,
du skal se en vakker dag hun gutten når…”

Slik haldt songen frå innleiinga fram, framleis dirigert av Liv Godin. Og slik vart me indoktrinerte til å bli gode nordmenn og uforferda skiløparar… Om det har bore frukt?

Tja…

Heidi

Ære vera all god vilje.

For med god vilje kjem ein langt. Gong på gong har eg sett at folk som bare ikkje vil gje opp, kjem lenger enn kreftene i første omgang skulle tilseia.

Nå sit eg på arbeidsromet på jobb og ventar på Stig som har lova Jan Ivar og meg å hjelpa oss med å laga ei dodør til scenebruk. Både han og me veit at han er frykteleg mykje flinkare enn oss til å laga dodører til scenebruk. På veg hit var eg vitne til eit arbeidslag som var midt i ein ryddedugnad etter ein barnedåp. Dei fortalde meg ei historie om sterk og god vilje som eg ikkje kan referera her, men som gjorde inntrykk på meg.

Juni har kome med det flottaste sommarveret som tenkjast kan. Liknande forsommar som dette kan eg knapt nok hugsa at me har hatt. Akkurat nå ser eg ei dame passera på fortauet utanfor vinduet mitt. Ho går med lukte augo, og nyt heilt tydeleg at den varme ettermiddagssola kjærteiknar andletet hennar.

Eg abonnerer på eit fantastisk tidsskrift som heiter Strek. Eit tema denne gongen var bøn. Det å be vart i ein artikkel samanlikna med å leggja seg flatt i sola og bare ta i mot lyset. Bøn var å opna seg, ikkje å prestera noko, det var ein god tanke å bera med seg. Nå kjem arbeidsfolka mine, så nå må eg smila fint og smøra dei med honning og godord i tillegg til at eg har kjøpt inn CokaCola og Pepsi Max.

I dag har eg planta ut masse små planter i potter på verandaen. Med mitt nivå på hagearbeid, så er eg ganske stolt av meg sjølv.

Heidi