Gå til innhald

Zzzova znart…

For nå held augene på å detta igjen heilt av seg sjølv. Eg må bare kartleggja kor Sunniva og Vilde held hus, og få dei heim for kvelden…

Eg har feira syttiårsdagen til min Onkel Laurits. Me fekk eit tips om at dei haldt ope hus og gjerne ville ha besøk. Sidan me er sjeldne gjester i garden både eg og syster, fann me ut at me ville ta turen for å gratulera litt skikkeleg for ein gongs skuld. Ingrid ville gjerne vera med mor og tante på jentetur, og så la me i veg. Sjøen var blank og stille. Det lot seg rett og slett gjera å bera eit pappkrus kaffi i kvar hand og balansera seg gjennom båten uten at det skvalpa over.

Me fann oss eit kjøpesenter undervegs og kjøpte ein stor bukett liljer og blå blomar. Ingrid vurderte sterkt å kjøpa ein kjøtetande plante, men det ende med at ho let det vera. Me hadde lova å plukka med oss farmor, og då me kom fram til henne stod ho på trappa og venta i kongeblå finkjole med kortklipt snøkvitt hår.

I hagen til fetteren min hadde dei dekka bord med nydelege blomar inne i eit ope partytelt. Regnet og toreveret let heldigvis vera å koma, sjølv om det låg og dirra litt i lufta. Me åt rekesmørbrød med dill og majones, og laksesmørbrød med eggerøre. Bordet bugna av kaker med jordbær, kaker med nøter, heimelaga iskaker og ostekaker. Eg fekk snakka med søskenbarn eg mest ikkje har sett dei siste ti åra, og møtte søskenbarnsbarn eg aldri før har sett med sommarkjolar og solhattar.

Jubilanten skein som ei sol, og me hadde konkurrransar og gjetta i kva årstal det store raset gjekk på Sjurseike og slikt… Me hadde utsikt over fjorden og det var omtrent like idyllisk som klippa ut av eit Skagensmaleri eller eit Carl Larssonbilet.

Eg fekk ikkje snakka så mykje med farmor, men det var godt å sjå at ho framleis var toleg frisk og rask. Eg sa at ho måtte koma i konfirmasjon til Sunniva i september, og ho lova å tenkja på det. Konfirmasjonsgaven fekk eg med meg i alle fall… Dagen går mot ein ende, og det same gjer månaden mai… Ein skikkeleg feiringsmånad. Eg har i vore i femtiårsdag, førtiårsdag, sekstiårsdag og syttiårsdag. Til alt overmål skal eg feira åttiårsdag neste helg…

Og akkurat nå som det er blitt like naturleg med dagleg blogging som med dagleg tannpuss… Er det verkeleg juni i morgon, eller har eg bomma med ein dag? Det får eg finna ut etter at eg har posta dette. Eg veit frå før av at månaden mai stryk forbi som ein bris mot kinnet. Så blir det ferie, sånn etterkvart, og tida kjennest romslegare.

Heidi

Ytst ved havet

har me sett spor i sand…
Tidleg på kvelden reiste me ned for å sjå på instalasjonane. Det såg anleis ut i dag då alle sperresnorene var tekne vekk.

Veret var eventyrleg til å vera i mai månad. I dag var det varmt og vindstille. Sola glitra, og ungane bada i sjøen. At folk badar så tidleg på sommaren er ganske sensasjonelt, for me snakkar om det opne storhavet som vanlegvis er iskaldt sånn omtrent til første veka i august.

I går hadde eg ikkje sjanse til å sjå på annan kunst enn den me laga sjølv, så i dag måtte eg ta meg ein runde. Spesielt måtte eg beundra hestane til Marit og Geir Magnus som stod der med ranke metallnakkar og nokså reven pels av tova ull. Ullfillene slang rundt ståltrådskjellettet som vinterpelsen til ein moskusokse om våren.

Klokka halv åtte tende dei faklane rundt på runebokstavane og kvitkledde ungjenter dansa på sandkulene til musikk spelt av unge trommeslagarar og trompetistar frå kulturskulane i distriktet.

Det var ikkje plass til å parkera nede ved stranda, så me gjekk eit stykke langs nyslegne grasmarker med markblomar langs vegkanten. Vipene leitte etter mat, og måkane sklei over hovuda våre medan flokkar av gjess fløy lenger oppe på himmelen og lerka tirla så høgt ho kunne.

Hovedøen Social Club song gebrokkent norsk på cd-spelaren vår då me kjørde heim, og me song i lag med dei. “Når kanstanjene blåmstrer i Bygdåi allé m-m-m-m,
finst det ikke et mere bedårende sted, m-m-m-m-m-m”.
Me song høgt i lag med dei, medan eg lurte på om det var svaner eg såg fly over Orrevatnet.

Etterpå var me sosiale på ein kafé der me åt salat og dansa swing og salsa. Ute var det framleis lyst og varmt då kaéen stengde klokka elleve, og det lukta av natt og sommar.

Heidi

X-faktoren.

Ein stor X var det me skulle laga i sanden. Eigentleg var det ein G, men nokon hadde funne ut at inskripsjonen som skulle lysa mot dei luft-farande skulle vera skriven med runeskrift, og då vart G-en til ein X.

Så stod me der, barbeinte i sanden med hundre ungar på eit avsperra område, med storhavet brytande mot stranda, vinden i ansiktet og store skip i horisonten. Me stod der med spader og hakker og hundre elevar og skulle laga kunst.

Logistikken i det heile var imponerande. Alle bussane i området gjekk skytteltrafikk for å frakta ungar til og frå stranda. Det var vakter overalt, store informasjonstavler, ambulansar og politibilar.
Ein av ungane spurde forskrekka kvifor sjukebilane var der, og eg
svarte at det var i tilfelle ein av lærarane fekk hjarteinfarkt eller noko liknande…

Elevane hadde fått namneband med mobilnummeret til læraren deira, og telefonnummeret til skulen dei høyrde til. Transportable toalett var oppsette, og områda var avgrensa og nummererte.

Me hadde innprenta elevane våre at elevar som ikkje haldt seg til læraren og var på rett plass når bussane skulle tilbake, ville bli “attgløymde” på stranda, og tekne hand om av eigne patruljar. Vidare var me instruerte i å fortelja dei at ungar som ikkje fulgte reglane ,ville bli tekne hand om av vakter, som ringde foreldra deira og forlangde dei henta heim.

Dei gjekk frå bussane i lange rekkjer, berande på kvart sitt store keramikkrelieff, som skulle monterast i sandskulpturane.

Utfordrande vart det, og fint og fredeleg på same tida. Hundre ungar på eit lite område, litt udefinerte arbeidsoppgåver og litt for få reiskapar, førde til at ein del småkonfliktar oppstod, men ikkje verre enn dei ein tek på rein rutine. Ingen av ungane falt for freistinga å bada, noko som var strengt forbode. For å avverga forsøk på bading, patruljerte det vakter langs strandkanten. Nokre av ungane hadde problem med å la vera å klatra på instalasjonen vår, og ein av dei tok gjentekne gonger baklengs salto ned frå den to meter høge vollen. Ikkje alltid lett å vita om ein skal bli sint eller imponert…

Dei ti vaksne på området fekk ei utfordring i å samordna kunnskapar og dugleik til å laga ein vakker X dekorert med keramikkrelieff. Ingen av oss visste heilt korleis, men dei fleste av oss hadde visse forestillingar om korleis sluttresultatet helst skulle sjå ut. Så skulle me koma til innbyrdes semje, og i tillegg setja elevane i arbeid. Eg kjende meg i bokstaveleg forstand tilbake i sandkassa, men det fine var at kjensla av leik dukka opp etterkvart. Då me kunne dekorera toppen av X-en vår med store bjørkegreiner og faklar, og me kunne raka fint rundt han, var me strålande fornøgde med vår eigen innsats…

Så viss nokon flyg over strendene sør-vest i Norge dei komande to døgna, så hugs å tolka runeskrifta i sanden.
Legg spesielt merke til X-en. Den har eg vore med på å laga!

Ettermiddagen har eg brukt til å organisera forestillingane i neste veke, diskutera eksamensoppgåva Odd Christian skal leggja fram på tysdag om fleirkulturell skule kontra einskapsskulen, og til å eta jordbær og drikka kaffi med Laila.

Nå høyrer eg kjærasten min koma heim frå kurshaldarverksemd på Sunnmøre.

Fred og solskin.
Heidi

Wow

For ei stund sidan var eg på kurs. Der var det ei dame som fortalde om ei undersøkjing og ei bok som på engelsk heiter “The wow-effect”.

Essensen av denne boka er at alle små og store barn i alle aldrar treng wow- opplevingar. Opplevingar som løfter deg ut av kvardagen og over i eit anna nivå. Eg går ut frå at det er det same Jon Roar Bjørkvoll skriv om i bøkene “Det musiske mennesket,” og “Skilpaddens sang”. Han kallar det å få livet til å svinga.

Personleg er eg veldig svak for wow- effektar… Eg har akkurat avsluttat
eit prosjekt som har gitt meg eit visst wow-kick… Karlsson på taket har kledd av seg propellen for siste gong, og Pippi har teke ståltråden ut av håret. Lotta har klipt i stykker sin siste genser og Ylvali har teke med seg porselensdukka si og latt Salikons rose visna.

Eg har fått nydelege roser av ei av mødrene, og lagt klar ein stabel
kostymer som kan trenga ein vask. Det er deilig å vera ferdig, samtidig som eg må innrømma at eg sørger litt over at det er over og. Det hadde vore interessant å byggja vidare og perfeksjonert det endå meir. Samtidig så kjenner eg at eg er trøytt nå, og det er ikkje verre enn at eg har endå eit stort teaterprosjekt som skal fullførast i neste veke.

Det beste av alt er at rapporten om wow-effekten konkluderer med at barn som får utfolda seg musisk og kreativt gjer det betre i norsk og matematikk og. Det kan sånn omtrent vera noko å slå i bordet med for oss som med jamne mellomrom må finna oss i å bli uthengde som den mest udugelege yrkesgruppa i Norge, samidig som dei viftar med undersøkjingar frå Pisa og fuglane veit kor…

Og i morgon kan det henda at eg må kosta på meg eit nytt wow…
Eller kanskje ikkje det vil visa seg. I desse dagane er tusenvis av skulebarn opptekne av å laga gigantiske runebokstavar i sanden ute på stranda spm dei skal dekorera med sjølvlaga keramikkrelieff som skal avspegla kva dei synest er viktig i livet. Mine elevar skal saman med 80 andre ungar få tildelt ti meter strandlinje der dei skal dekorera ein stor x som skal vera 1meter og 20 cm høg. Me lærarar skal gå rundt med gule refleksvestar og administrera prosjektet.

Det blir noko av det merkelegaste me har vore med på her på skulen, og det seier i grunnen ikkje lite…

Heidi

Vandringsvise.

For dette har vore ein dag på vandring i mange slags forstand. Det finst så mange vandringar.

Eg vakna grytidleg i dag og. Det ser ut som om det har blitt ein god vane. I dag morges i sju tida tikka det inn ei melding som viste deg å vera frå min gamle venn Per. Eg hadde ikkje høyrt noko frå han på ca eit halv år. I maldinga stod det: “Heidi, skru på tastelåsen. Jeg sover.
Per.” …- Tastelåsen kom på. Eg vurderte om eg skulle senda ei beklagande tilbakemelding, men gjorde det ikkje i tilfelle han hadde somna om i mellomtida…

Så gjekk eg ein klang omveg til jobb fordi eg ville innom ein butikk eg visste opna sju for å kjøpa med meg eit par flasker med vatn til turen.

Eg rakk eit viktig møte før bussane skulle gå kvart på ni, og så lasta me dei to hundre elevane på dei tre eldste klassetrinna inn i fem bussar for å dra på tur.

Veret var heilt nydeleg, sol og varme som var det midt på sommaren. Eg hadde tilbydd meg å danna baktropp i lag med syster. Det er alltid betryggande å slippa å kappspringa med nokon, og det å danna baktropp er eg faktisk ganske god på. Det gjeld å finna passe emosjonelt toneleie til å setja mot og fart i dei som har vondt ein eller annan stad, eller som rett og slett er minimalt motiverte for ein norsk fjelltur.

Og opp kom me, om ikkje så brått, som det står i songen… Halvannan times vandring i svært bedageleg tempo for å få med oss etternølarane kjendest heilt perfekt. Vel framme ved vatnet var den store grillen til fotballklubben, tend og passe varm til pølsegrilling. Dei sprekaste blant barn og vaksne fortsatte opp på ein fjelltopp medan me andre rett og slett hadde nok med å leika og nyta sommarveret.

Me fekk alle firehundre uskadde ned att og inn i bussane, etter ei nedstigning med nydeleg utsikt over havet og det flate landskapet som omgjer den vesle heimbyen min. Kvar gong eg kjem meg litt skikkeleg ut på tur lurer eg på korfor eg ikkje gjer det mykje oftare. Dei fleste turane mine blir i nærområdet eller langs stranda.

Så rakk eg heim til litt salat og ein rask dusj før det var ein ny planleggingskveld på jobben. Sidan me var så flinke på timeplanlegging i går kunne me gå laus på årsplanane. Ein heil del fekk me gjort og. Eg må innrømma at eg ikkje er spesielt flink på langsiktig planlegging. Eg skulle gjerne ha konsentrert meg om å laga programma til forestillinga i morgon kveld og timane eg skal ha på skulen i morgon. Det fekk ordnast etter klokka ni. Og i pausen mellom tur og planlegging rakk eg å springa innom eit par butikkar for å kjøpa hårspenner og dessutan ein boks til med oransje hårfargespray til Pippi.

Eit tips til alle som skal klargjera ei Pippi Langstrømpe:
Gløym alle parykkar som bare sklir og forflyttar seg. Flett håret stramt rundt ståltråd før du sprayar det med store mengdar oransje sprayfarge. Det blir heilt perfekt.

Heidi

Ute er det sommar,

og inne er det kveld. Me har lagd timeplan for neste år, og det har gått overraskande fort og greitt. Men me får ein heil del mindre ressurser enn me har i år, og eg er veldig spent på korleis det kjem til å kjennast. To kveldar kvar vår er sett av til timeplanarbeid, og nokre år har me slite noko forferdeleg med å få kabalen til å gå opp. Det er mest litt mistenkeleg at det gjekk så greitt i dag.

Halvard har fått sin første dyre hårklipp hos frisør. Til nå har me ordna det billig. Han vart ganske stilig.

I morgon skal me på tur med 5., 6. og 7.-klasse. Vermeldingane er strålande. Før me reiser skal eg ha eit møte, så eg må vera klar før klokka åtte om morgonen.
Nå må eg ned og rydda litt før eg tek kvelden.

To av ungane mine er midt oppi eksamen akkurat i desse dagane. Eg er nervøs på deira vegne, blir lei meg når det går dårleg og glad når det går bra. Og eg fortel dei at det er ein bagatell i den store samanhangen om dei er uheldige med oppgåva og gjer det dårlegare enn dei hadde trudd… For det er det jo…

Heidi

Tenkja takketankar.

I dag har eg vore gift i 23 år. Det er heilt ubegripeleg at me allereie står med ei så lang rekke år som “rette ektefolk at være”, som onkelen min så poeteisk utrykte det her ein dag.

Kjærastem min er eit svært skrivande menneske, men songar og kjærleiksdikt er ikkje heilt hans sjanger. Derfor tipsa eg han om at den utruleg vakre svenske kjærleiksvisa “Lyckan”, godt kunne vera hans song til meg i bryllaupet.

“Så tar jag dig til brud i vår,
för långa rika kärleks år,
ty lyckan kopmmer lyckan går,
den som du älskar lyckan får.”

Framleis får eg tårer i augene og frysningar på ryggen av vers to.

“ De sova i våra drömmar,
de späda som vi skal ge livet.
De sova och drömma om våren,
då kärlekens liv blir dem givet.
Och därfor bor undran och oro
i våra hjärtan och sköten,
och därfor så drömma vi båda
om jublande kärleksmöten.”

Eg hugsar kor inderleg eg håpa at det skulle venta på oss nokre “späda som vi skal ge livet”. Og fire stykker skulle det bli. Takk Gud og livet og alle gode makter.
Og nå tjuetre år seinare lever me vel midt i det tredje verset:

“ De sova i våra drömmar,
de visor som vi skal sjunga,
när våra små barn skal sova
i leande drömmar unga.
Du kära, en gång ska du minnast
de visor som nu förklungit,
när våra små barn blivit stora,
och själva sin kärlek sjungit.

Så tar jag dig til brud i vår,
för långa rika kärleksår,
ty lyckan kommer, lyckan går,
den som du älskar lyckan får.”

I går las eg i avisa at familiar med fire barn eller fleire pr definisjon er storfamiliar. Storfamilie…, det passar meg bra. I dag var me åtte til frokost, sju til middag og tretten til kaffi. Slik liker eg å ha det.

Ingrid tilbaud seg å koka middag, så mens ho kokte hovudretten skrelte eg poteter og skar opp gulrøter medan eg høyrde henne i nynorsk grammatikk.

I morgon skal ho opp til eksamen artium i nynorsk, og Odd Christian skal ha muntleg eksamen i matematikk på
lærarhøgskulen. Eg kryssar fingrar og tær for dei begge. Eg får litt sommarfuglar i magen eg og når dei store barna mine er oppe til viktige eksamenar. Odd Christian sin eksamen kan i verste fall bli utsett i siste liten på grunn av streik. Får håpa han kan avviklast. Det må vera skikkeleg antiklimaks å koma godt førebudd til ein munleg eksamen for så å få han utsett…

I ettermiddag har me hatt bordet fullt av blomar og kaker for å feira alle merkedagane i mai i lag med den utvida storfamilien. Då eg var ferdig med å rydda unna klarte eg det kunststykket å riva ned ei spansk salatskål med kjøleskapsdøra, denne igjen reiv med seg eit glas salsasaus og ei flaske olivenolje. Det var saus, olje, glasskår og keramikkskår over heile golvet, og eg låg på kne på ei avis og prøvde å tørka opp med avispapir, serviettar, dopapir, klut og såpevatn.

“Går me for tjuetre år til?” spurde eg kjærasten min då me åt middag i lag med den utvida barneflokken vår minus Odd Christian. “Eg tenkjer me tek eit år om gongen,” sa han og kyste meg på kinnet. Ungane sukka og himla med augene slik dei gjer kvart år…

Dette er dagen for å tenkja takketankar.

Heidi

Smak av sommar.

Eg hadde tenkt å sova lenge, men vakna overraskande tidleg og var oppe før ni. Femtenåringane hadde tydelegvis hatt det veldig kjekt i går kveld og ikkje prioritert ryddinga etterpå spesielt høgt. Sidan eg først var oppe tok eg unna det verste medan Sunniva og dei fire overnattingsgjestene hennar låg og sov.

Denne helga var det dei årlege store marknadsdagane i den vesle byen vår. Eg hanka med meg kjærasten min og me gjekk ein tur ned til sentrum for å få med oss litt av det som skjedde.

Veret var nydeleg , og me møtte mange hyggelege folk å snakka med. Mellom anna prøvde eg å inspirera min venn Styig til å spa opp ei dodør som me skal bruka på den neste store forestillinga om litt over ei veke. Han har ein vidunderleg evne til å stilla opp i den slags oppdrag.

Nede i sentrum kunne du kjøpa spekepølser, sjå demonstrasjonar av fantastiske rivjern, handla heliumsballongar, skaffa deg vond lukt på sprayboks, eller eit eller anna anna som gjev livet ein skikkeleg touch av plastikk. I tillegg kunne du sjå eit stort meisterskap i traktorpulling oom du gjekk ein kilometer ekstra. Eg stod over det siste, ikkje på grunn av gåvegring…

Etter ei stund havna me på kafé. Sentrum i byen var forvandla til eit folkehav av glade folk med sommarskjorter og sommarsjeler. Me sugde inn sydenstemninga til me hadde blitt mette og bestemte oss for å vandra heim igjen. Eg la meg pladask på verandaen med eit par aviser og sovna ei lita stund i sola. Livet kjendest som sommar, og for første gong på utruleg lenge kjendest det som om eg ikkje hadde store arbeid hengande over meg. At den kjensla eigentleg er ein rein illusjon, tek eg ikkje så nøye.

Både Vilde og Tonje er på overnatting, og i kveld har eg konsentrert meg om å vera mor og tante. Tonje og eg såg slutten på filmen om Elisabeth 1. etter at Ingrid hadde gitt opp fordi ho var for trøytt. Tonje kom med fylgjande kloke kommentar til ei krigsscene: “Eg forstår ikkje vitsen med å be til Gud om at det skal gå godt i ein krig, for Gud er heilt sikker ikkje med på krig.” For ein klok elleveåring eg er tante til… Etterpå såg me avstemninga på Melodi Grand Prix. Me fekk med oss at Norge fekk ein femteplass utan at me hadde høyrt ein einaste ein av melodiane i konkurransen.

Nå sovnar eg over tastaturet i dag igjen. Kom deg i seng, Heidi…

Heidi

Rett som ørnen stiger.

Eg har hatt ein fantastisk fin gebursdag. Klokka er snart halv fire om natta, og som observante lesarar forstår, så er eg i ferd med ikkje å sova burt sumarnatta…

Eg sov forresten ikkje burt morgonen heller, var pigg og opplagt klokka litt over fem. Det er eg som regel dei dagane eg skal til med teater frå morgonen av.

Det er ei eiga stemning i det å låsa inn ungar klokka halv åtte om morgonen, og i det å kjenna på den spente stemninga før den første forestillinga. Det viste seg å vera ei perfekt løysing å fletta Pippi Langstrømpe sitt hår inn i ståltråd og farga det skarpt oransje ved hjelp av ein sprayboks. På den måten kunne Pippi frimodig slå hjul utan å tenkja på ein parykk som ikkje måtte detta av eller koma på skakke…

Gratulerar-med-dagen-meldingar tikka inn på mobilen heile dagen, og fleire kolleger var innom aulaen, der me dreiv på og gjorde klar til stykket, for å dela ut gebursdagsklemmar.

Ungane var konsentrerte og flinke, og stykket fungerte kjempefint. De minste ungane i salen ropte at Lillebror måtte leita under senga etter Karlsson, for det var der han låg og gøymde seg med kjøttbollane på ein tallerken…

Aller kjæraste syster kom med kyllingsalat til meg i lunsjen, og i den eine pausen hadde me 800 elevar ute på grusbanen der dei stod tett i tett og såg opp på tre store menn som stod med kamera, mikrofon og megafon oppe i ein heisekrane for å fotografera alle ungane i den vesle byen vår. Biletet skal inn i ei ny bok.

Etter tre forestillingar og bortimot 800 tilskoderar var det ryddetid. Ingrid kokte deilig indisk kyllingsuppe til middag.
Eg steikte opp tre kilo kjøttdeig til Sunniva, som skulle feira 15-årsdagen sin med 21 venninner.

Sjølv tok eg med meg ein song skriven i full fart, og drog til 3X60-års dag med gode kolleger. Sidan eg valde å feira dagen min med dei, fekk eg med meg ein blå fugl i glas. Me snakka og åt og song vakkert om “heim og sjå ein solnedgang på Jæren”, og sånn.

Men nå er det på tide å runda av, for nå somnar eg bokstaveleg talt over tastaturet…

Heidi

Quiz:

1. Klokka er snart halv elleve om kvelden. Kor er eg?

1. På skulen for å legga fram kostyme til elevane mine
x. I senga for å få ein ekstra porsjon helsebringande søvn med ein
lånt berbar pc på magen.
2. I hagen for å nytta kveldslyset til luking.

2. Kva oppdaga eg då eg kom til jobb i dag morges?

1.At det var ein vannlekkasje over arbeidspulten min, og diktatane
frå i går var uleselege.
x. At dei tre speilegga eg hadde tenkt å ta med til lunsj stod att på
kjøkkenbenken.
2. At eg eigentleg hadde fri i dag…

3. Kva hadde eg til middag i dag?

1. Eg møtte ei gammal venninne som spanderte tre rettars
middag på restaurant.
x. Restane av ei gryte spaghetti elevane brukte på scenen som
eg ikkje hadde hjarte til å kasta.
2. Ei svidd kotelett som naboen ropte meg over for å spandera.
Han hadde grillparty i anlednig femtiårsdagen, og gjestene
orka ikkje meir mat.

4. Kva har eg fått i gave i dag?

1. Ein utstoppa bever.
x. Eit maleri og to tablettar til kuren thirty days.
2. Ein bibel frå 1800- talet med gotiske bokstavar.

5. Kva skal eg gjera i morgon kveld?

1. Gå i frå dei tjue gjestene heime i stova for å eta reker
ein annan plass.
x. Dansa tango på fin danserestaurant.
2. Gå på utekonsert med Kaizers Orchestra.

6. Kva gjer eg mens eg skriv dette?

1. Et kald rømmegrøt, mens eg prøver å jaga katten vekk
frå tastaturet.
x. Har ein undulat i håret, og ein på skuldera.
2. Snakkar med sonen min som sit i Bergen og les til
eksamen.

Kven kjenner meg best, og får seks rette?

Heidi