Gå til innhald

Med kurs mot Finklasmauet.

I dag har eg hatt ein deilig bydag heilt etter mitt eige hjarte. I føremiddag tok eg og Astrid toget inn til byen for å møta Torun, som er heime på sommarferie. På toget møtte eg ein lokal pater som såg ut til å gle seg slik over livet at eg fekk lyst til å ta kontakt med han. Men motet strakk ikkje til, eg hadde ingen gode påskot…

På torget selde dei jordbær og moreller, tomater og eit hav av fine blomar som kunne ha gjort seg godt i hagen min. Men me var ikkje i byen for å handla, me var i byen for å snakka og for å nyta fridagen, for å eta god mat og for å driva rundt og gjera ingenting.

Utanfor butikken “Bøker og børst” sette med oss ned på ein veggfast benk. Dette er staden der ein kan kjøpa ulike typar kaffi, gamle bøker og forskjellige variantar av alkoholhaldig drikke. Me kjøpte oss kvar vår cappuccino og sette oss tilbake med ryggen mot det knalloransje- eller var det skarpt lilla huset for å nyta solstreifa.

Ein journalist med tilhøyrande fotograf frekventerte gata, og laga tydelegvis ein reportasje til ei avis eller eit magasin. Me blei snikfotograferte der me sat, så om du i eit glansa magasin eller ei lokalavis ser tre litt småtrøytte damer i førtiårsalderen utanfor “Bøker og børst,” innepakka i oransje og sjokkrosa ullteppe mot junikulda med kvar sin store kaffikopp i hendene, så kan det rett og slett vera oss du ser…

Frå utkikkspunktet vårt hadde me utsikt mot det som i fylgje gateskiltet heitte Finklasmauet. Det er mogleg me er litt miljøskadde av lærergjerning og denslags, for me vikla oss inn i ein diskusjon om kva dette gatenamnet kunne bety. Smau sa seg sjølv, men Finkla? Å finkla? Ein finkel? Hr Finkel? Det slo oss at det vel kanskje var eit eller anna lokalt uttrykk, men då burde me vel visst det? Eg får vel ikkje heilt fred i sjela før eg finn det ut, og tek gjerne i mot tips. Me vandra til og med langsamt gjennom det tronge smuget for å sjå om me vart klokare, men det gjorde me ikkje…

Tvers over for “Bøker og børst” låg etablissementet “Sjokoladepiken”. Her hadde dei sjokolade i alle former og fasongar, og me måtte bare inn for å sjå og snusa litt. Det viste seg at journalistteamet var der inne. Dei var i ferd med å intervjua ein smilande ung mann med skjegg, som moglegens kunne vera eigaren av staden. Eg kunne ikkje hjelpa for at øyrene vibrerte så pass at eg kom til å få med meg deler av intervuet:

“Ein gong stod det ein stor sjokoladenisse inne i denne butikken. Han var faktisk minst ein halvmeter høg…
Idéen vår er å kombinera gamle lokale tradisjonar med vår eigen galskap… Me har altså den teorien at viss noko er godt så er det godt. Blåmugg- ost er godt, og sjokolade er godt. Då vågar me å kombinera to gode ting, me lagar sjokolade med bitar av blåmugg-ost inni. Det er nokon som ikkje heilt har sansen for slikt…”

Det kan henda at eg lot meg inspirera, for då me ein halvtime seinare var klar for lunsj på “Ostehuset” bestilte eg salat med blåskimmelost og marinerte valnøter. Det smakte vidunderleg meg mørkt rugbrød til. Og eg fekk ei stor skål med glovarm te til, for å få tilbake varmen i kroppen. Me fekk servert varm drikke i skål i staden for i kopp eller krus fleire stadar i dag, så me forstår at det er den hottaste serveringsmåten akkurat nå…

Etter at eg hadde kjøpt meg nye sko og tre sjokkrosa puter til hagebenken på halv pris fann me oss sjølve tilbake på sjokoladebutikken som var kombinert butikk og kafeteria. Snart sat me ute under varmelampen med kaffi og litt av utvalget på ein asjett. Eg har høyrt at pub til pub rundar kan vera det store. Vår variant er kafè til kafé rundar…

Innkjøpa mine blir i mitt eige hovud spegla i mine eigne ord om moderasjon eit samfunn fylt av kjøpepress og kjøpegalskap. Eg skal ikkje prøva å rettferdiggjera at eg verkeleg trong dei nye dyre skorne, men eg vurderte sterkt å ta ein Tintomara og kjøpa svarte skor i staden for limegrøne. Dei vart grøne denne gongen. Same farge og same dessign som eg gjekk i filler i fjor, eller var det i forfjor, mon tru?

Ei venninne av meg har nettopp inngått ein avtale med ei av sine venninner om å ikkje kjøpa eit einaste klesplagg til seg sjølv dei komande seks månadane… Det er eit prosjekt det står respekt av. Då eg vart spurd om eg ville vera med vart eg plutseleg litt unnvikande… Ein veit jo aldri heilt kva ein absolutt kan koma til å trenga. Men eg skal heia på frå sidelinja og kanskje la meg inspirera sånn etterkvart…

Etter meir enn seks herlege timar med totalt nedstressande bytur, vart eg plukka opp av nokon som ville ha meg med ut og dansa. Så vart det rett og slett litt trim på meg i dag og sånn etterkvart.

Men heile dagen har eg lurt på korleis blåskimmelost innebakt i sjokolade eigentleg smakar… Eg går ut frå at sjokoladen må vera mørk og kanskje litt bitter eller ørlite salt… Eg er ikkje heilt overbevist over om eg ville la meg begeistra.

Og dersom pateren mot formodning skulle lesa dette: Kanskje eg slår av ein prat neste gong? Du ser så triveleg ut…

Heidi

Nå har eg vore flink…

Under sterkt påtrykk frå min kjære i nokre av sakene har eg fått ordna ein del praktiske ting som har lege tungt på meg at eg måtte få gjort:

Lese korrektur og skrive forlagsavtale på salmene til salmeboka.
Laga rekning på arbeidet eg har gjort for kyrkjerådet
(Er i ferd med å fullføra ho akkurat nå.)
Kjøpt resten av materialet til Sunniva si bunad og bestilt tid til montering.
Kontakta banken min for å få nytt bankkort,
-magnetstripa virkar ikkje alltid.

Var det ikkje endå meir?
Det kjendest som om det var uendeleg mykje…
Sjølvstendig næringsdrivande skal eg aldri bli, trur eg…
Det er merkeleg korleis slikt papirarbeid og organiseringsarbeid kan bli liggjande og gnaga i det uendelege før ein til slutt får gjort det…

I dag var det glimt av sol sjølv om vinden er kald. Fekk til og med lagt meg ned i sola ein halvtimes tid med ei bok:
“Til jeg finner deg av John Irving”. Då me slutta skulen gav Thorbjørg meg to pakkar fersk gjær frå skulekjøkkenet som ikkje kunne ligga over sommaren. Det gav meg eit greitt påskot til å baka i dag. Dobbel porsjon kanelrullar. Dei vart fine. Ingen sak å få omsetning på ferskt bakverk med så mange ungdomar i huset.

Eg har ei slags forestilling om at det er triveleg å vera i hus der det luktar nybakte bollar og der det er duk og prestekragar i vase på trebordet på kjøkkenet. Ingrid spurte meg om det var ein slik “Perfect-house-wife-day”…
Kanskje det var eit slags forsøk…

Nå gjenstår det bare å signera rekninga eg skal senda ut.
“Min hatt, min frakk, mine sykkelspænder, det er nu eller aldrig…”

Heidi

Omkring St. Hans- kvelden

låg det i oppveksten eit magisk lys. I lange tider samla me ungane inn skrap og rot til bålet. Det gjaldt å få det høgast mogleg. Bålet stod oppe på ein fjellknaus, ikkje langt frå der me budde. Utpå kvelden samla heile nabolaget seg rundt bålet. Det hende det måtte ein del bensin til for å få fyr på det, det kom an på kor mykje det regna.

Nokre gonger hadde me fått store mengder gamle bildekk til bålet, då brann det ekstra godt, og me stod der og hosta om kapp i den svarte røyken. Så spidda me pølser på lange pinnar, for dette var før nokon av oss hadde sett ein grill. Me haldt dei inni flammane til dei var kolsvarte og knaste mellom tennene. St. Hans-kvelden var den kvelden me fekk eta så mange pølser me ville, og framleis hadde ingen ennå fått idéen å laga tynne grillpølser, Kanskje logisk nok sidan ingen som sagt hadde sett ein grill endå. Bare Gro Ingeborg og broren hadde pølser som var innepakka i folie. På den måten vart ein ikkje skiten på hendene eller kleda av å eta dei,.
Mor deira likte at ting var reine og heile.

Brus fekk me og, gjerne med eit spikarhol i korken slik at han skulle vara ekstralenge. Og etter at me hadde ete pølsene vanka det gjerne ein sjokoladekjeks eller to. Viss mor ikkje hadde, var det alltid nokre andre vaksne som spanderte. Sjokoringar og Sjoko-Marie gjorde same nytten. Omtrent på denne tida ville Ivar Murvold pakka ut trekkspelet sitt, og så begynte folk å synga. Det aller mest fascinerande med St.Hans kvelden var at det aldri vart heilt mørkt. Denne natta fekk me vera oppe så lenge me ville, og for å utnytta dei lause tøylane burde klokka godt og vel bli midnatt før me fann sengene våre. Ved midnatt var det framleis liv i St. Hans- bålet, og viss det var av det ekstra store og staselege slaget ulma det ennå neste morgon då me vakna.

I dei første minna eg har om St- Hans hadde morfar ei viktig rolle. Det var mens eg endå budde i lag med besteforeldra mine, noko eg gjorde til eg var fem og eit halvt år. Morfar brukte ikkje ordet St.Hans. For han hette dagen Jønsokaftå. Han sa at det var einannan dag som heitte Larsok, men kva Larsok innebar vart eg aldri heilt klok på. Morfar si Jønsokfeiring foregjekk på dagtid, kanske fordi bestemor nok hadde tankar om at det var bra for barn å leggja seg om kvelden. På Jønsok tok morfar meg og bror min ned i den minimale potetåkeren han hadde, eller eplestykket som det heitte på dialekten vår. Der hadde han brus på lur. Når noko var på lur betydde det at han hadde gøymt det for oss, og at me måtte finna det før me fekk det.

St. Hans har nok aldri vore heilt det same for ungane våre som det var for oss som vaks opp på seksti- og syttitalet. Kanskje ein av grunnane er at brannforskriftene tilseier at det ikkje blir noko skikkeleg bål i eit område der husa ligg tett i tett. I dag hadde nokon i gata teke initiativ til felles grillfest klokka halv seks, men på grunn av veret begrensa det seg til at dei som hadde små barn grilla pølser i ein garasje.

Ingrid og eg gjekk tur i føremiddag. Det regna ganske heftig mesteparten av tida, og me oppdaga at dei første tusen småfroskane denne sesongen var ute og spratt, så me måtte passa oss for kor me sette føtene. Grønfargane ute er på det aller vakraste i slikt lys, og på vatnet såg me andungar som såg ut til å vera ute på sin første symjetur aleine utan tilsyn frå vaksne ender. Ingrid hadde med fotoapparatet sitt, og me tok masse bilete av kvarandre og av oss to i saman, for lyset var så fint og mjukt. Ingrid spurde om eg ikkje syntest det var rart at ho skulle flytta snart, og eg svarte at det var veldig rart.

Då me kom heim hadde eg fått slik frost i meg at eg trudde ikkje eg skulle få varmen i meg att. Eg måtte henta varm jakke og setja på den elektriske omnen på høg varme. Tanken på grilling og uteliv i anledning dagen vart heilt skrinlagd.

Men då kvelden kom kjende eg ei uro over å la St.Hans passera utan antydning til feiring. Eg lokka med meg Ingrid og kjørte tur langs strendene for å sjå på bål. Veret klarna opp, og sola skein på regnvåte åkrar og steingardar. Etter røyken å dømma er det framleis populært med bildekk på St.Hans-bål. På veg heim stoppa me og kjøpte med oss maiskolber til grilling og ein pakke hamburgarar. Pølser hadde me i fryseboksen. Og så vart det grillfest likevel. Ein slags grillfest i alle fall. Me opna døra og haldt oss innandørs. Utover seinkvelden sat eg i sofaen saman med Halvard og Sunniva og såg film under Halvard si dyne. Og eg hugsa plutseleg at minnet om St.Hans- aften i tillegg til alt anna, er minnet om å frysa så ein hakkar tenner med eller utan regnklede og paraplyar. Minnet om å stå tett tett inntil bålet med auga som rann av røyken og prøva å halda varmen i ein time til.

Og nå kan eg seia som ein eller annan vaksen alltid følte seg kalla til å seia sånn litt utpå natta:
Ja, ja… Nå he solå snutt…

Heidi

På bare føter i sanden

gjekk eg langs stranda nå i kveld. Sjølv om klokka nærma seg halv ni, stod sola høgt på himmelen. Vinden kom frå sør-aust. Han burde ha vore varm, men var heller kjøleg. All den lause sanden bles vekk og piska mot dei bare leggene mine medan sanden som låg att var våt og hardtrampa slik eg tenkjer meg det må vera på botnen av havet. Vinden ber med seg saltvatn og sand og slører blikket mitt bak brilleglasa.

Ei stranda død nise med blodig hovud var skyld langt opp på stranda. Kjærasten min prøvde å snakka i telefonen, men lyden frå vind og bølger gjorde det så godt som umogleg. Som ein protest mot å godta at det bare var tretten grader ute gjekk eg i tynt sommarskjørt og ermelaus bluse under fleecejakken frå San Francisco.

Elles så øver eg meg på å finna kvilepulsen. Feriepulsen skulle eg kanskje heller seia. Innimellom er han der, og innimellom kjenner eg at adrenalinnivået i blodet framleis er i høgaste laget. Den aller mest vidunderlege kjensla i dag var rett og slett at det var sundag og at eg ikkje trong å bruka ein millimeter av dagen til å planlegga verken mandagen eller tysdagen. Det innebar ei overveldande kjensle av fridom…

Så fekk eg prøvd ut den nye kakeforma frå Ikea. Eg tredobla oppskrifta på eplekaka eg vanlegvis brukar. Det blei heilt perfekt. Slikt er lurt for oss som er minst sju i familien når me reknar med Oddvar. Eg sende tekstmelding til mor og far om at eg hadde bakt ei stor eplekake og kunne by på kaffi. Dei kom og etterkvart dukka May Brit opp med Vilde som ville vera litt hos oss før ho reiser til Hellas. Syster og eg har eit greitt system med felles barn, dei flytter litt fram og tilbake mellom oss etter som dei finn det for godt. Det er eit nærmast litt afrikansk system me lever etter på den fronten.

Som eg har avslørt fleire gonger, så liker eg å ha øyrene med meg når eg er ute i sen store verda. På Ikea-ekspedisjonen vår i går, då me vende heim stort sett vare med ting me ikkje hadde planlagd å kjøpa, høyrde eg fylgjande to små monologar:

1.
Desse er med: Mann på omlag femti år. Kvinne som truleg
er kona hans.

Scene: Dei to står ved hylla for koppar og tallerkenar.
Kvinna legg ovale asjettar ned i korga.

Mannen: Det er spontankjøpa som er det farlegste med
denne plassen. Alt ein kjøper utan å tenkja seg om…

Kvinna held fram med å leggja asjettar i korga. Mannen får eit litt resignert drag over munnen…

2.
Desse er med: Ein mann på omlag femti år. Ei ung jente med asiatiske trekk, truleg adoptivdotter hans, står ved ei kasse full av fargerike puter. Jenta løfter opp ei pute.

Mannen: … men det er ikkje tinga som gjer det lukkeleg.
Det er ein ting i livet du likegodt kan læra det nå med det same. – Det er ikkje tinga som gjer deg lukkeleg.

Jenta: Eg veit det…

Om ho la puta ned att er manusforfattar ikkje heilt sikker på, så det får vera opp til lesaren å avgjera…

Desse to snapshota frå handelen ein laurdag i juni på Ikeabutikken utanfor ein relativt stor norsk by ville vel knappast eigna seg som reklamefilm for butikk-kjeden. Eg finn dei interessante likevel…

Dei siste dagane har eg filosofert litt over må-ha-kulturen me lever midt oppi. Denne grådigheitsgreia som gjer at me stadig synest me treng nye ting og fleire ting. Me kjøper klede til klesskapa våre står med struttande magar og knapt kan lukka dørene sine. Me kjøper ny sofa før den gamle har rukke å bli gammal og finn ut via skattelistene på internett kven som tener meir enn oss slik at me kan misunna dei…

Eg ville ikkje eigna meg som tillitsvald i fagforeninga. Eg har problem med å forsvara korfor nordmenn flest bør tena endå meir og få større kjøpekraft. Derimot veit eg at det finst norske barn som aldri får nye klede og som ikkje får sykkel eller skulemjølk på grunn av foreldra sin økonomi. Dei skulle eg gjerne ha slåst for, og for dei funksjonshemma ungane som mi afrikanske venninne Linda har teke til seg i Tanzania, og som kjemper for å gje ein anstendig oppvekst.

Men eg får skunda meg å seia at eg sit i glashus. Aldri har eg hatt meir pengar i lommeboka, men ho er framleis like tom som før den siste halve veka før lønningsdag. Men kanskje me kan hjelpa einannan til å halda fokus på kva som er viktig i livet og kva som er mindre viktig. Dyktige reklamefolk lever av å fortelja oss kva me bør kjøpa for å kunna bli lukkelegare.

Og framleis ynskjer eg meg ei hengekøye. Ei slik ei med stativ til…

Heidi

Quo vadis?

Ferien har begynt, tida har stoppa opp, og i dag sov eg heit til middag. – Dersom middag framleis er klokka tolv på dagen det vera seg i vintertid eller sommartid, og det er det vel… Eg er akkurat så ør og omtåka og klar for ferie som eg er programmert til å vera første feriedagen, og det kjennest heilt vidunderleg.

I går var eg i byen i lag med tre venninner for å eta eit betre måltid, oppdatera einannan på liva våre, og for å feira at det var blitt sommar. Me sat i andre etasje på restauranten, der såg me rett ut på Vågen med turistbåtar, kurtiserande svaner og ein russisk seglbåt. Med jamne mellomrom vart sjøen piska opp av hissige regnbyger som fekk folk til å springa forbi med aviser og pappøskjer over hovuda sine.

Eg åt ei nydeleg fiskesuppe med fisk og skalldyr til hovudrett, ost til dessert, og varn cappuccino heilt til slutt, og livet var godt og fint og gyngande søvnig.

Då me skulle gå datt regnet ned som om nokon hadde skrudd kranen i den store dusjen så open som det bare kan gå an. Leande sprang me gjennom vasspyttane med oppslegne paraplyar og vart våte på føtene, den kvite, prikkete parasol-liknande paraplyen min med rusjekant kjøpte eg for femti kroner på Nille sist eg var ute og åt med same gjengen ein gong i mars eller april.

“Det er herleg med sommarregn,” sa eg til Anne Mette.
“Ikkje når temperaturen ute ligg på ti grader,” svara ho.
“Det er omtrent same temperaturen som me hadde i desember og januar.” “Men då er det ikkje grønt ute, og lyst midt på natta,” sa eg. “Og tenk på at for to veker sidan hadde me tjuefem grader ute.” “Ja, men nå har det regna i snart to veker, nå vil me ha sommaren tilbake, “ sa ho. Og så lo me begge to, av oss sjølve og av regnet og av dei ti gradene.

Og lyst var det då me kjørde heim, lyst og grønt, sjølv om vindusviskarane jobba i heilspenn mesteparten av vegen.

Nå er eg i gang med å prøva å ta unna for to- tre vekers forfall i heimen, for dagane har vore alt for travle og alt for intense til husarbeid. Sånn stort sett i alle fall. Litt har eg fått unna, det meste står att… Me reiste til Ikea for å kjøpa kasse til å ha verandaputer i. Eg hadde og tenkt å kjøpa hengekøye, klyper til å halda fast duken på utebordet med og nokre store blomsterpotter. Stort sett fann me ingenting av det me hadde tenkt, men heimen vart likevel velsigna med eit og anna ikke-planlagd utstyr.

Me er dei lukkelege eigarar av to nye verandastolar, ei vannekanne i blikk, ein raud slikkepott, eit rosa og gult serveringsbrett til hagebruk, og ei stor djup ovnsform med hankar. Eg såg nemleg for meg at eg skulle baka ei gigantisk stor eplekake oppi der, og at glade menneske skulle sitja ute på verandaen mellom blomane mine og smila til kvarandre medan dei åt kanelduftande eplekake med kald stivpiska krem..

Eg har masse eg har tenkt å gjera i ferien, men denne helga har eg gitt meg sjølv to dagar, med kvilande unntakstilstand der det einaste eg forventar av meg sjølv er lett husarbeid og det å koma til hektene att etter innspurten… Snart skal det skrivast dikt og salmer, broderast bunad og syklast eller spaserast daglege lange turar…

Og best av alt. Eg har tenkt å leita meg fram til kvilepulsen og orientera meg fram til refleksjon og ettertanke slik at eg kan justera livskompasset litt etter ei ferd i storm på sjøen…

Nå blir eg så poetisk og vidløftig at det kanskje er på sin plass å¨nemna at eg ikkje har drukke noko sterkare enn rein svart kaffi. Så har eg ete rugknekkebrød med ost og godt mogne norske jordbær i lag med eit surt grønt eple. Menyen kan anbefalast.

I følge avisa er dette årets lysaste dag. Det skulle kunna gå an å lesa utan elektrisk lys i sånn ca 21 og ein halv time av dette døgnet. Akkurat nå ser kveldssola sitt snitt til å kikka fram over åskanten. Framleis burde det altså la seg gjera å rydda hus i eit par timar utan elektrisk lys.

Nå skal dagane i teorien ha plass til at ein skal kunna gå langt utanom kvardagsgrensene. Så får me sjå kor eg skal gå hen.

Heidi

Revemor sa til revefar:

Det er en modig mann jeg har, og fordi du er så snill og rar skal du få den største biten!

Denne barnesongen dukka opp i hovudet mitt då eg stod og varma noko så prosaisk som ein boks lapskaus som kjærasten min skulle få til middag. Eg skulle laga litt mat til oss siden han var så trøytt at han hadde sovna på sofaen, og sidan eg skal ut og eta gourmetmat med tre venninner i dag var det ingen grunn til å overdriva…

Det slo meg at eigentleg hadde fortent betre. I dag har han nemleg overgått seg sjølv fullstendig reint hagemessig. I dag då eg sat med morgonkaffien kunne eg nyta lyden av arbeidsfolk i hagen. I lag med Oddvar og Odd Christian har gatnaren min gravd og tromla og spadd på sand før dei rulla ut ferdig grasmatte. Så nå ser det veldig vakkert ut, grøn plen og greier…

Nå har eg tatt ferie. Det kjennest uvirkeleg ut endå. Akkurat nå er eg mest trøytt, og veit av erfaring at det kjem til å gå opp for meg litt etter litt at eg har fri.

Eg har ete avslutningslunsj i lag med kolleger i kulturskulen ute i hagen til ein kollega som har drive korps i snart femti år, og skal gå av med pensjon. Plutseleg kom korpset hans marsjerande opp bakken. Dei spelte for han medan me andre stod på trappa og småsnufsa, for på denne tida av året er me ekstremt lettrørte…

Hagen hans var som eit parkanlegg, heilt utruleg vakkert.
Sidan det regna og bles haldt me oss innomhus. Han og kona hadde svingd opp med nydeleg mat. Mellom anna fekk me mørkt rugbrød og ein eksotisk salat med honning og masse sjalottløk i dressingen.

Nå skal eg sjå om det er fleire reine klede i skapet slik at eg kan bli litt fin til i kveld…

Heidi

Spurtar inn mot mål…

For i morgon er siste dagen for i år, sidan eg har fri på fredagar. Eg er akkurat så sliten som eg er kvart år…
Det skal bli herleg med ferie… I dag tok mine søte små uthaldenheitstesten: sju og ein halv runde rundt stadion. Den største utfordringa vart eit måkepar som hadde reir og egg, og som stupdykka mot ungane kvar gong dei passerte… Etterpå vart elevane påspanderte slush og me vaksne fekk kaffi, før me fekk tilbod om gratis bowling. Det er nemleg ein utruleg huggeleg far i klassen som driv ein bowlinghall. Tilbodet vart teke i mot med jubel.

Dette er programmet for i morgon om nokon lurer:

Høgtlesing av eventyr av HC Andersen.
Visualisera matematiske fenomen som kvadrattal, figurtal
og trekanttal ved hjelp av logiske brikker.
Leika mafialeiken og jamnføra med utfrysing og intriger.
Rydda i innsamla lærebøker og tella dei opp.
Eta sjokoladekake som eg har med til dei.
Læra om Edvard Munch og ekspresjonismen,
Mala sitt eige skrik etter inspirasjon frå Edvard Munch.
Setja ark inn i utviklingspermane og systematisera det som finst der frå før…

Ser det ut til å vera ei pedagogisk haldbar siste olje for i år? Det får duga… Etterpå blir eg nok sitjande til langt på kveld for å få unna alt papirarbeidet… Og så… utruleg nok… er det sommarferie.

Ei fin kulturoppleving i dag og: Cabareten til niandeklassane der Sunniva song og dansa.

Og så var eg intervjua i avisa i dag. Det er alltid ei merkeleg oppleving å sjå seg sjølv presentert. Er det meg slik andre ser meg?- tenkjer eg. Kanskje delvis… Og biletet liknar overhodet ikkje på meg i spegelen. Hårskillen var for eksempel på feil side… Og eg hadde sollys i augene og var fotografert i froskeperspektiv… Men det gjer vel eigentleg ikkje så mykje…

Heidi

Tid-takaren, den grøne sjiraffen og eg.

Eg har ein teori om at små grøne sjiraffar finst. Dei gøymer seg inst i eplehagar og rosenlundar, og dei spelar fløyte om sommarkveldane. Dei finst bare for sånne som trur på dei, men dersom ein vågar å bruka fantasien, er det meste mogleg.

Tidtakaren er eg alltid ikkje fullt så glad i. Han finst sjølvsagt ein plass der inne. Han er alltid utstyrt med millimeterpair, gramvekt og linjal, og får ikkje fred i sjela før verda er ordna på geledd. Rette linjer skal det vera og ikkje slinger i valsen.

I dag måtte eg henta fram tidtakaren i meg¨,for det var idrettsdag på trinnet. Min oppgåve var å stå der, delvis med ei stoppeklokke, delvis med to og ta tida på ungane som sprang seksti-meteren. Dersom dei sprang på 11.30 eller fortare var dei reint løpsmessig kvalifiserte til idrettsmerket i bronse.

Det er vel ikkje så nøye, kviskra sjiraffen. Eit tidels sekund frå eller til gjer vel ikkje så mykje i den store samanhangen, men for eit barn som prøver å ta idrettsmerket er det veldig viktig. Ein kan vel koma til å vera bittelitt treig på avtrykkjaren.

Er du galen, snerra tidtakaren. Du trur vel ikkje at stoppeklokker og linjalar og sekstimetrar finst til for å driva med slinger i valsen. Trur du reglane for sjølvaste idrettsmerket vart laga for at ryggeslause lærarar skulle juksa elevane sine gjennom krava? Ligg unna, dette er ikkje tida for grøne sjiraffar. I dag er det faktisk, for ein gongs skuld meg som er på banen…

Og sjølvsagt hadde han rett. Eg hadde forklart elevane at eigentleg betydde det ikkje så mykje om dei ville prøva på idrettsmerket eller ikkje, det viktigste var at dei sprang. Dette kunne eg sjølvsagt ikkje leva opp til sjølv ein gong då eg stod der med stoppeklokkene. Eg hoppa opp og ned og heia og klarte dei det jubla eg høgt. Då den eine eleven min skulle prøva for tredje og siste gong fekk eg klassekameratane hans til å springa ved sida av og heia. – Og jammen klarte han det ikkje til slutt, og eg var kjempestolt.

Sjølv vil eg helst ikkje tenkja på kva tid eg kunne ha prestert. Heldigvis slepp lærarane unna den slags screening.

Eg hugsar frå eg sjølv var i skulealder at eg ein gong i livet sprang under 11 blank. Eg hugsar til og med talet: 10.8, – og at eg var stolt og glad sjølv om eg visste at det var uendeleg langt bak dei raskaste. Eg er den dag i dag ikkje sikker på om Turid Kilhavn som tok tida, lot ein grøn sjiraff overtala henne til å nøla eit tidels sekund på avtrekkaren, men lærarar bør ein jo kunna stola på… Ein einaste gong i mitt liv, truleg blir det ikkje fleire heller, stupte eg med fart frå stupebrettet i Giskehallen. Dette gjorde eg for å klara symjemerket i gull. (Kor kan eg ha gjort av det, mon tru, kanskje eg burde bera det på jakkeslaget?) Eg visste jo at eg var milevis frå å klara idrettsmerket i gull, så då kunne eg trøysta meg med at eg haldt då mål i symjing.

Seinare på dagen fekk eg litt rom for sjiraffliv. Då var eg på kulturskulen si danseforestilling på kulturhuset. Det var åtte dansegrupper på scenen. Sunniva var med i den eine. Det var heilt proff korreografi og lyssetting, og eg vart rørt og imponert. Av ein eller annan grunn sit tårene utruleg laust når eg ser barn dansa. Og vaksne og for den saka si skuld. Tidtakaren i meg kastar seg frampå og nemner at dans er ein ekte millimeterkunst. – Ja takk, seier eg. Det veit eg då godt.

Sidan Tid-takaren har hatt gode kår i dag, unnar eg meg å avrunda med eit lite sleivspark i form av eit dikt på Sandnes-dialekt skrive av lyrikaren Gunnar Roaldkvam. Som det meste eg siterer, så er det etter minnet…

Ein eller aen gong
vil ein eller aen
springa hondremetaren
eit titals sekund raskare
enn nogen gjørr det i dag.

Ka så?

Heidi

Utan konsert,

men elles ved godt mot…

Me bomma på høgdepunktet for dagen. Nemleg gitar- og tromme-konserten, der Halvard skulle opptre. På lappen eg har hatt på kjøleskapet i lengre tid, stod det at konserten begynte klokka sju. På eit eller anna tidspunkt var han flytta til klokka seks utan at me hadde fått vita det.

Halvard sin mormor og morfar var komne for å vera med på konsert. Me sat og drakk kaffi frå dei små hjartekoppane med gullkant og skulle snart reisa. Då ringde Halvard fordi konserten var over, og han lurte på korfor me ikkje hadde vore der. Dei andre foreldra i bandet hans viste seg og å vera feilinformerte… Men det kjem nye sjansar. Det er lett gjort å rota med avtalar i denne stresstida.

For å bøta på det heile haldt Halvard ein liten pianokonsert i staden. Han kunne ikkje gje nokon gitarkonsert i heimen fordi han hadde reist frå forsterkaren på skulen. Men morfar betalte inngangspengar til kammerkonsert på klaver, og alle var fornøgde.

I dag var det ein av dei store ryddedagane på jobb. Me hadde rota oss saman ein liten gjeng for å rydda kostymelageret. Då jobben var gjort havna me på golvet på gangen i bomberomet og vart sitjande tett i tett, litt i skjul for nye arbeidsoppgåver, medan me fniste som tenåringar fordi det meste akkurat då fortona seg ustyrteleg komisk.

Etterpå fekk eg unna ein del papirarbeid. Eg leiter framleis etter eit og anna og prøver å kvila i tilliten til at det skal dukka opp att…

Eldsteguten min hadde sin første arbeidsdag på rehabiliteringsavdelingen på ein pleieheim i nærleiken.
I prinsippet synest eg at dette er ei yrkes- og livserfaring alle burde få med seg ein gong i livet, likevel har eg kjend litt på at eg håpar det ikkje blir alt for tøft. Eg veit at mange får heilt sjokk i møte med denne delen av livet, ofte gjer knapp bemanning og ein stram timeplan at stressfaktoren blir veldig høg. I dag var han i alle fall godt nøgd etter første møte med eldreomsorg. Eg håpar han meiner det same om ei veke.

Sjølv har eg jobba på institusjon for psykisk utviklingshemma, og på psykiatrisk sjukehus, i tida eg var under utdanning. Eg var og hjemmehjelp to somrar og sykla rundt for å vaska hus og koka middag for eldre og hjelpetrengande. Sjølv med relativt sparsomme anlegg for det husmoderlege stortrivdes eg i desse jobbane. Den mellommenneskelege faktoren gjorde at eg opplevde det veldig interessant.

Sunniva pratar og ler med ei venninne i underetasjen. Dei sit og et kveldsmat etter voksing av legger og bleiking av hår. Eg bur i eit hus fyllt til randa av ungdommar. Og det er sanneleg ikkje det verste ein kan gjera…

Heidi

Venta-på-ferien-veka…

Det kan me kalla den veka me går inn i nå. Det er bare fire skuledagar att for mitt vedkomande, sidan eg har fri på fredagar. Eg innrømmer det: Det skal bli herleg med ferie. Nå gjeld det bare å halda stødig kurs dei siste dagane med sluttføring, oppsummering, rydding og avrunding. Eg er trøytt, slik ein alltid er på oppløpssida av eit skuleår, og livet er i rute.

I dag har eg hatt ein ekte kviledag-sundag. Ikkje vasking og rydding, og ingen tur til skulen for å bedriva snikjobbing. Det kjennest vidunderleg. Nå har eg planar om å runda av dagen med å legga meg tidleg og satsa for fullt på dei fire gjenståande skuledagane.

Det skjer litt av kvart av andre ting og. I morgon skal eg sjå Hallvard spela på konsert med bandet sitt på kulturskulen. Dei skal spela ein melodi som heiter “Mad horsie”, der han visstnok har eit lite soloparti. På tysdag skal eg sjå Sunniva dansa på kulturhuset, og på onsdag skal ho spela cabaret med skuletrinnet sitt. Ho skal vera med på “Summerdays” frå Grease, og på “Forelska i lærer`n.” Eg skal nyta å sjå på forestillingar der eg ikkje har det minste fnugg av ansvar.

På fredagskvelden var det personalavslutning, mitt team hadde ansvaret. Alt gjekk så fint som me bare kunne håpa. Det vart seint og natta etterpå vart ekstremt kort.
I går gjekk eg omkring i halvsøvne og var takknemlig då
det var leggetid, og eg har tenkt å vera eit fornuftig menneske i kveld og. Eg skal visa meg sjølv at viss eg vil så kan eg vera utruleg flink og fornuftig, riktig eit A-menneske i døgnrytmen…

Etter at eg hadde fått jentegjengen av garde, kjørte eg opp til syster. Me reiste ut til den vakraste staden i verda for å gå tur langs sjøen. Det lukta saltvatn, tang og tare, våt sand og grønt gras. Mot eit bakteppe av blåsvarte uversskyer hang det florlette kvite skyer. Måkane flaug lågt over havoverflata og skipa der ute duva tungt i dønningane. Me kunne sjå lokale regnbyger gå som mørke gobeliner frå skyene og ned i havet. Den siste biten gjekk me i sommarregn, og etter den siste hengebrua klarte ikkje verda å slutta å gynga.

Daglege spaserturar blir eit must i sommar. Nå har eg det skriftleg her at eg har lova meg sjølv ein lang tur kvar dag…

I sist veke var eg på møte og vart oppdatert om Spaniaturen vår, og den vesle sommarjobben eg skal ha der. Eg gler meg. Eg trur det skal bli så fint så fint. Men ein etappe om gongen. Dei neste fire dagane blir det skule på heiltid.

Heidi