Det er så mykje som skal på plass. Ikkje minst skal ein helst vera på plass i sitt eige liv…
Det vart ikkje den tidlege kvelden eg hadde drøymt om, men eg fekk gjort noko anna eg og hadde håpa å få til.
I går lånte eg kjærasten min sitt nokså avanserte kamera for å knipsa nokre bilete under generalprøven. Eg hadde eit håpa om at eit par av dei kunne brukast som plakat for forestillinga.
Tenk så vart det bestemt at eg måtte få gebursdagsgaven min to dagar før tida. Så i dag har eg pakka opp, eller rettare sagt fått hjelp til å pakka opp ein fargelaserprinter. Eg har klart meg utan printer i sikkert eit år, og den gamle som takka for seg leverte bare i svart kvitt. Det er lenge sidan me har kunna trykka ut noko i fargar her i heimen, så det var veldig kjekt å få til igjen.
Med god hjelp har eg laga ein plakat med Emil og ein plakat med bilete av Ylvali i matroskjole. Dersom neste operasjon går som eg håpar, så skal dei kopierast opp i A3-format i morgon.
Eg skulle gjerne hatt ein plakat av Lotta i kvit underkjole som klipper i stykker genseren sin og, men tålmodet til den gode hjelparen min nådde ei naturleg grense.
Elles har eg bakt ei stor sjokoladekake, for Sunniva har invitert sånn ca 20 gjester til bursdagsfeiring på fredag.
Nå kan eg ikkje la vera å prøva å få til det med Lotta…
Heidi
eller kanskje under dei, sviv det noko guddomeleg.
I løpet ein vanleg dag høyrer eg ofte det heilage kviskra til meg. Av og til kjennest veggen mot det som er større enn oss tynnare enn kva folk kunne tru.
Eller kanskje eg rett og slett er litt overtrøytt i kveld. Arbeidsdagen har vore på rundt rekna tretten timar omtrent heilt utan pause, det er flaks at eg liker jobben min så godt at eg store deler av dagen har gått omkring med eit halvfjollete smil.
Me er forbi generalprøven med Astrid Lindgren- stykket.
Først var det litt surr og rot med å få dei små skodespelarane til å fungera like bra med mikrofon som utan. Siste runden gjekk det ganske bra. Eg har teke mange foto. I beste fall kan eg laga ein reklameplakat av eit eller fleire av dei.
Blodkapslane frå Amsterdam viste seg å fungera. Putt ein av dei diskret i munnen og knus han med tennene med omtrent same styrken som du bit av eit knekkebrød. Pulveret som er i kapselen vil blanda seg med spytt og det kjem noko som ser ut som ekte blod rennande ut av munnen din…
Men nå er det på tide å ta dagen ned. Det er faktisk over tida når eg kjenner godt etter…
Heidi
for femten år sidan sette eg eit jentebarn til verda. Ho fekk namnet Sunniva som tyder solgave, og i tillegg namnet Lovise som var eit av dei tre namna til oldemor som var fødd på same datoen.
Eigentleg skulle keisarsnittet ha funne stad attande mai, men fordi denne dagen på ein måte er evig dagen etter dagen, bad eg om å få byta dato… Ok, så var det aller mest fordi eg hadde fått ein hypokondrisk idé om at kirurgen eller anestesilegen kunne vera i bakrus attande mai, men den grunnen la eg sjølvsagt aldri fram for det medisinske personalet.
Femtenåringen min er i mora sine auge eit lite vidunder av eit menneske. Ho er mild og snill og venleg, og mange andre ting som mange meiner at ein helst ikkje bør vera. Det er meir politisk korrekt akkurat nå å ha litt spisse albogar.
Truleg er det ein formildande omstendigheit at ho alltid har vore veldig sjølvstendig…
Og vaksenlivet venter ein eller annan stad der framme, men inntil vidare er det kjekt å vakna til bøker og kort og smykker og sjokolade på stovebordet. Tante og Vilde kom på middagsbesøk og me åt tacos og tortillas ute i sola. Dei hadde med seg parfyme, ballongar, som vart festa i kjøkkentaket etter at eg hadde blese dei opp, og is med jordbærsorbet og gelé.
Jubilanten måtte reisa like etter middagen til øving i ei nyoppretta teatergruppe ho er bltt medlem av. Dei skal setja opp ein musikal på kulturhuset i haust, og hadde fått streng beskjed om at dei ikkje hadde lov til å snakka om stykket til nokon endå… Ikkje ein gong til mor, så vidt eg kunne forstå.
Nå har ho teke kvelden inne på romet sitt, og spelar “Lift me”, på PC-en sin. “I don`t care if you don´t want me, I`m yours, I´m yours right now…”
Min eigen femtenårsdag hugsar eg godt, fordi det fall seg slik at det var konfirmasjonsdagen min og. Eg hugsar at eg følte meg som vaksen og barn på same tida…
Men kor forskjellig det er på å vera femten år då og nå, og kor forskjellig det er å vera henne frå det var å vera meg. – Ja, sei det du…
Heidi
Nå har eg lese fleire versjonar av historien om den svenske verkstaden som var “Stängd mellan hegg och syren”. Det høyrest ut til å vera ein god idé, som eg med dette lanserer her i fedrelandet og…
Om det ikkje blir hegg og syrin i hagen i år heller, ser det ut til å kunna bli meir swing på han enn på lenge. Eg var uforsiktig nok til å lova Halvard ei ganske klekkeleg timeløn for gartnararbeid. Eg tenkte det ikkje var nokon stor sjanse å ta, men eg skal tydelegvis ikkje undervurdera energien i mitt sistfødt barn. I sist veke la han ned tretten arbeidstimar i hagen, og jobba så svetten silte. På eige initiativ fekk han lånt seg ei heggsaks og ein
betre grasklippar, og han spadde opp eit heilt nytt bed og la steinar rundt.
Oddvar kom kjørande frå Vig med tilhenger. På tilhengeren hadde han ei gåve frå foreldra: Mange brett med sommarblomar frå drivhuset deira. Han og Ingrid har spadd opp eit nokså overgrodd bed, og fått alt saman i jorda. Grasplenen, som me sådde i på ny for eit par år sidan, er eit sørgeleg syn. Me får liksom ikkje nokon skikk på graset. Alle naboane har plenar som nytrimma golfbanar, så eg kan vel ikkje skulda på jordsmonnet heller… Me vurderer sånn gras som ein bare rullar ut, sidan plenen foran huset er sånn ca ti kvadratmeter… Men då må me kanskje spa opp heile greia først? Nokon som veit?
Akkurat nå høyrer eg at det blir skifta lyspærer på gangen. Ein nevenyttig og handlekraftig “svigerson” er absolutt å anbefala for slike folk som oss…
Ingrid og eg har øvelseskjørt i dag. Me kom litt for nære ein stor stein i ein høgresving då me skulle opp ein bratt bakke. Det resulterte i ei ripe og ein liten bulk. Sjåføren var nokså ulukkeleg, men me trøystar henne med at ingen kom til skade, og at ei ripe i lakken har liten betydning i den store samanhangen.
Apropos den store samanhangen. I dag var eg i kyrkja og høyrte om ein misjonær som gav gratis fiolinundervisning til barn som budde i slummen i Thailand. Musikken lyfta dei ut av ein grå og krevjande kvardag, og for nokon av dei som lærte å spela kunne det vera eit springbrett til å læra noko som kunne gje status til dei som var aller lågast på rangstigen.
For to dagar sidan fekk eg årsrapporten frå prosjektet til Linda. Linda, som eg besøkte i Tanzania for snart fire år sidan, som skapte ein heim for psykisk utviklingshemma barn og ungdomar som kanskje elles ville ha hamna på gata. Det var ei stor oppleving å vera der, og dersom ein blar seg tilbake på bloggen min, går det framleis an å lesa. Ein kan og finna ut meir gjennom å søkja på internett på “Mehayo” som ho kallar prosjektet sitt. (MEntally HAndicaped YOuth.)
Av og til tek eg meg sjølv i å vera forferdeleg nærsynt.
Korfor bruker me ikkje meir pengar, tid og krefter som verkeleg kan gjera ein stor forskjell for einskildmenneske?
Det er faren med å leva eit travelt liv, om ein har det aldri så interessant medan ein lever: Ein får for lite tid til å tenkja etter, fordjupa seg i tankar og søkja kraft til å handla… Kanskje er det slike ting ein kunne sysla med medan verkstaden er stengd mellom hegg og syrin?
Heidi
Det vart ei sein natt i går. Eg vaska golv til klokka eit om natta, og etterpå kunne eg ikkje sova før Ingrid var trygt i hus. Eg var ikkje sikker på om ho fekk skyss med nokon dei femten kilometrane ho var heimefrå, eller om me måtte ut og henta. Derfor vart klokka tre før eg mentalt tok natta. Då var det ein ganske god tanke at nå hadde eg to av ungane trygt gjennom russetida, og at det var fire år til neste gong…
Det kjendest det relativt tidleg då klokka ringde klokka åtte, sjølv om det er halvannan time seinare enn vanleg.
Ute var det sol, og det visste folk å setja pris på då me høyrde og såg på tv at det var regn og snø andre plassar i landet. Ganske visst hadde temperaturen sunke minst ti grader sidan begynnelsen av veka, og det var kald vind, men den typen ver er me ganske flinke til å leva med på våre kantar.
Det vart den årlege spurten for å nå barnetoget, og til mi eiga overrasking let eg meg kvart år røra og overvelda over kor vakkert det er med naturen i mai, alle dei norske flagga og alle dei stivpynta ungane. Etterpå var det kaffi, jordbær, is og kake i lag med storfamilien min, for på 17.mai skal ein helst ha ete is før klokka blir elleve på føremiddagen.
Nå i ettermiddag har me hatt grillselskap på verandaen med pølser, ulike typar koteletter, poteter i ulike former, salat og laks. Så vart det meir is og sjokolade og kake. Heldigvis smakte bløtkaka, som eg klarte å brenna noko så grundig i går kveld, heilt upåklageleg etter at eg hadde skore vekk det brende, dynka sukkerbrødet med appelsinjuice, fyld med krem og jordbærsyltetøy og pynta med jordbær.
Gjestene er gått heim, og eg er trøytt. Ingrid og Oddvar har kome frå Vik med ein stor pose av dei største rabarbraane eg har sett i mitt liv. I morgon får det bli rabarbragrøt og kanskje ei rabarbrakake. Hanne Lise tipsa om at ein kan baka eplekake med rabarbra i staden for epler. Det trur eg at eg vil prøva. Nå har eg tenkt å tilbringa kvelden på sofaen. Det skal bli herleg.
Heidi
Det stod ein nytilflytta far på skulen og snakka med ein lærar i korridoren. Eg observerte at det var noko kjend med mannen, og eg nærma meg nysgjerrig. Plutseleg var eg midt i ein skikkeleg bamseklem. Jammen var det ikkje Kleng frå lærarskulen og begynnelsen av åttitalet! Og han var heilt lik seg, sjølv om eg ikkje hadde sett han på ca tjue år. Han påstod at eg heller ikkje hadde forandra meg sånn omtrent i det heile tatt dei siste tjue åra. Han fekk meg til å smila så grundig at det tok fleire timar før munnvikane var på plass att…
Og det har hend fleire ting som har fått meg til å smila i dag. Eg har drukke kaffi med pensjonistane på jobb som kjem på fredagskaffi med jamne mellomrom. Det var lenge sidan eg hadde hatt tid til å setja meg ned med dei, og det var så fint å sjå dei att.
Så har me vore effektive og flinke, eg og Jan Ivar. Me har fått lese inn tankestemmane til Bosse og ånda frå Mio, min Mio, og me har prøvd ut kostymet til Karlson på taket. Me har øvd med solisten i “Jentegarderoben,”- ungdomsstykket vårt, det viste seg at American pie songen kjem til å fungera med den nye teksten min. Eg sette meg ned og høyrte på at Jan Ivar og solisten song duett med komp-cd gong på gong på gong for at ho skulle læra seg melodistemmen. Det høyrdest riktig bra ut. Til slutt rakk me å filma den eine scena i ungdomsstykket som me skal ha på film. Glad og fornøgd la eg på heimveg.
På heimvegen traff eg ein mann som alltid får meg i godt humør, og me vart ståande på gata og le saman. Eg fortalde han om replikken “den heile skapning stundar no fram til klokka ti.” Han repliserte med ein eigen vri på ein like kjend song:
Frampå vinteren stundom ho tenkte:
Gjev eg hadde ein varmare mann,
men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk ho sjå at den gamle gjekk an!
Eg spurte oppglødd om eg fekk lov til å sitera songen på bloggen min. “Det kan du godt,” var svaret, “bare ikkje mannen din trur at det handlar om han…” Eg forsikra om at det kom han sjølvsagt ikkje til å tru, og då var alt greitt…
Nå høyrer eg den allereie nemnde ektemannen støvsuga nedi stova. Eg får koma meg på banen att eg og. Det er mykje å ordna. I morgon er det 17. mai, og eg har invitert gjester. Eg har bakt bløtkake og pynta med jordbær, og er i gang med det møysommelege prosjektet som vert kalla husvask…
Ingrid er på ute med russen, og viss ho ikkje får skyss med nokon, er det mogleg eg må henta henne ut på natta.
Får halda meg i beredskap til eg får nærare beskjed…
Heidi
Nei eg visste heller ikkje… kva det ordet betydde, men sær som eg er, les eg ordlister som andre les kokebøker…
Og ordet passa godt på dagen min. Det betyr nemleg, i fylgje Nynorskordboka frå Det Norske Samlaget, noko som er breiddfullt… Breiddfylt i positiv forstand, kan eg jo våga å leggja til, som eit påskeegg der du så vidt får på loket etter at godbitane er på plass…
Noko som har bekymra meg dei siste dagane fall på plass i dag. Plutseleg spøkte det for lydteknikaren på forestillingane våre. Me er blitt så pass proffe at det ville vera rein katastrofe å ikkje ha nokon til å styra lydanlegget. Me kan ikkje invitera inn 500 skulebarn og ikkje ha lyd som fungerer…
Ingrid og eg hadde ein periode der me leika oss med å finna opp nye ordtak fleire gonger til dagen. Kanskje eg skulle prøva meg med eitt… “Den som har is i magen får høyra gauken i år og?”
Elles er Ingrid langt meir kreativ med nye ordtak enn meg. Ho kan foreksempel på ein veldig naturleg måte, smetta inn nye små ordtak når ho fortel om ting ho har opplevd, for eksempel: “Det er ikkje kvar dag det kjem ein kamel på den sida av gata…”
Og i skulen held me fram med tradisjonelle norske songar i leselekse. I dag hadde me læreløype, der eg på den eine posten høyrde dei i lekse og prøvde å forklara elleveåringar kva nasjonalsongen vår eigentleg handlar om… Og så las ungane Per Sivle sin song om vesle lerka. Det var sterkt å høyra dei lesa. “Gud signe deg, du er fuglen min du, Gud signe deg for di glade tru. Og møter eg kulde og snjo på min veg, Gud gjev at eg soltru må syngja med deg: Å hei å hi, å tireliti…”
Eg forklarte dei at Per Sivla prøvde å læra seg livsmot av lerka fordi han ofte var så veldig lei seg. “Korfor då?” spurde ungane. “Fordi han tenkte på så mykje trist,” prøvde eg å forklara, “og kanskje fordi han opplevde mykje vanskeleg då han var liten.”
At han til slutt var så lei seg at han tok sitt eige liv unnlot eg å nemna. Men tanken slo meg så sterkt: Kva gjer me for å gje desse ungane optimisme, pågangsmot og framtidstru? Det må då vera det beste og mest nyttige me kan gje dei i skulen? Og visst prøver me, heile tida. Tenk om ein kunne gje slike gåver i dåpspresangar og gebursdagspakkar…
Vel heimkomen venta det meg større prosjekt enn eg hadde tenkt. Halvard måtte kjørast til band-øving, fordi han trong å ha med seg både el-gitar og forsterkar.
Sunniva skulle ha heildagsprøve i matematikk, og ho trong hjelp til å finna passar, gradskive og kalkulator. Ingrid skulle halda eit tjueinuttars foredrag om imperialisme i morgon, og ville gjerne ha mor som responsgruppe og rådgjevar, i siste svingen før samfunnsfagkarakteren blir gitt.
Alt dette var vel og bra, og sjølvsagt stiller mor opp. Problemet var bare at eg skulle vera i “forening” hos ei venninne halv åtte og tida bare rann ut. Spesielt fordi eg innimellom alt måtte ut og kjøpa propell til Karlsson på taket. Ein tekstmeldig forklarte at eg kom til å koma forseint, men at eg kom til å koma…
Og nå er dagens tekst på plass og alt. Jamtrøma har vore god, sikkert ingen dum idé å sova litt sånn etterkvart…
Heidi
Som seg hør og bør hadde femteklassingane mine ei skikkeleg nasjonal leselekse i dag. Eg høyrde dei i leselekse ein og ein, og då ein av gutane i klassen stod for tur las han høgt, spontant og tydeleg:
No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram mot klokka ti…
Så kan de jo lura på kor tid friminuttet skulle koma…
Den replikken laga ein spiss på dagen min som eg morar meg over endå…
Halvard jammar med gitaren i stove-etasjen, og eg har akkurat gjort ein innsats for kunsten… Eg har sitte her med Madonna på repeat på internett og prøvd å laga ein norsk variant av Bye, bye Miss American Pie, som helst burde vera ferdig til i morgon fordi ei av jentene på den tenåringsgruppa vår på drama skal framføra han 5. juni.
Eg har fått til det først verset og refrenget, og trur eg for stoppa der, for nå er eg så trøytt…
Heidi
vad är det för nytt som tär och spränger?
Ja visst gör det ont när knoppar brister,
ont för det som växer,
och det som stänger.
Karin Boye
Ei helsing frå dramalæraren:
Det nærmar seg to store forestillingar med stormskritt, og dramalærarlivet er på sitt aller mest intense. Me har ei barnegruppe, som i beste fall har eit godt grep på Astrid Lindgren. I tillegg har me ei ungdomsgruppe…
Å jobba med tenåringar er på ein del måtar ganske ulikt det å jobba med barn. Dei svingar på ein ganske sårbar måte mellom det å vera barn og det å vera vaksen. Konsentrasjon kan faktisk vera ei større bragd å få til med ei gruppe fjortenåringar enn med ei gruppe tiåringar. Likevel, innimellom brest kvardagen og blir magisk. Det er noko med tenåringar som er utruleg fascinerande.
Teater er musikk og rytme, – og masse hardt arbeid. Eg trur ein framleis må vera glad i å leika for å orka å driva på med det. På ein måte er det min variant av å spela golf…
Det er noko merkeleg med denne månaden. Dagane er så intenst tilstades, samstundes som dei er over før du har fått tenkt deg om.
Og nå vil eg snart heim frå jobb… Men først må eg bare…
Heidi
Tid eg har brukt på å rydda i klær i dag:
Heile dagen frå elleve til halv fem.
Tid som gjenstår før det er heilt ryddig i kleda:
Meir enn mykje…
Men eg dreiv på ute i sola, og då går det an å vera husmoderleg…
Klokka halv fem oppdaga eg at eg hadde bomma på kostymeavtalen
med Jan Ivar. Då skulle eg nemleg ha vore der…
Nå har me jobba i nokre timar, og ganske mykje er under kontroll, men det gjenstår å prøva kostyma for å sjå om dei passar til barna som skal ha dei på seg. Om nokon som les dette og ikkje er alt for langt unna skulle ha ei snekkerbukse i dongeri til Karlsson på taket, så er det ein
av tinga me er på desperat jakt etter. Han kan bruka størrelse ti år og oppover.
Nå er eg på jobb for å retta litt bøker og gjera meg klar til i morgon. Eg har mellom anna eit referat eg må få skrive. Langfri er gode greier…
Heidi