Gå til innhald

Finaste festen.

Me hadde øvd inn ei musikalsk dramatisering av dei ulike sidene av jubilanten: Læraren, kunstnaren, magedanserinna, trenigsentusiasten, Pippi Langstrømpe og divaen. Til slutt slo me til med “Du trodde änglarna fanns…”, mest fordi ho skal ha uttalt at det er ein av dei fryktelegaste låtane nokonsinne.

Resten var som eit eventyr. Det var pynta med faklar og blomar på fortauet framfor keramikkverkstaden. Inne stod det store trebordet klart med etasjefat med jordbær og pikekyss, blomar,brennande lys og eit isfat med sjampanje til kjøling. Vertskapet song for oss, og alle dei levande lysa vart tende. Synneva si mor haldt tale frå det innvendige galleriet, og utpå natta var det afrikansk dans.

Fordi hjarteromet var viktigare enn husromet, inntok me den indiske kyllingsuppa sitjande på golvet eller rundt på det det måtte finnast av stolar i lokalet. Me såg lysbilete frå tretti år tilbake og åt frukt og sjokolade. Ungane fekk vera med heilt til morfar fulgte dei heim i sengene, og mainatta var velsigna varm heilt til me gjekk heim. Då lukta det mørke og bjørk og gras og blomar slik som det gjer om nettene i mai månad.

Synneva sa at ho ville det skulle bli ein fest for livet og for kjærleiken. Det vart det.

Heidi

Endå meir tidleg sommar.

Sola skin like fint. Eg har drukke kaffi og ete ei stor knalloransje appelsin ute på verandaen. Nå har eg ein viktig jobb å gjera, så eg sit her på arbeidsromet med ope vindu og undulatane kvitrande ved sida av meg.

Nå skal eg nyta fridagen og prøva å få tid til litt fornuftig rydding og hagearbeid og slikt. Det kan jo handa at eg rekk det. I kveld skal eg i stort selskap. Eg har glade forventningar og trur det skal bli fint. Eit sitat frå avisa i dag sviv i hovudet mitt. “Å passa betre saman enn me passar kvar for oss.” Eg veit ikkje eingong om setningen var slik, men eit eller anna med desse orda ligg og duppar kreativt i tankebanane mine.

Carpe diem, godtfolk.

Heidi

Dagen finst.

Var eg ein gud,
ville eg skapa ei stillare verd.
Der skulle alle elska.

Var eg ein gud,
ville eg skapa kjærleik og død.
Bare kjærleik og død.
Tor Jonsson

Dagen i dag har vore ein dag med eit scenario eigna for kjærleik og død. Trea er så grøne at det gjer vondt. Vipene spaserer rundt på markene og er inkarnasjonen på vår. Det er sommartemperaturar ute.

Jan Ivar og eg var på kostymejakt på Fretex. Me fann forbausande mykje som kunne gå rett inn i Astrid Lindgren- stykket vårt. Eg saknar bare nokre slike forkle som Ida og Madicken med fleire bør ha oppå kjolane. Kanskje eg må til med å sy?

Etter end innsats sette me oss på ein uterestaurant og let sola tina sjela. Det var som å vera ute i den store verda på oppdagingsferd.

Etter på reiste eg i lag med kolleger til kyrkja for å ta del i ei gravferd. Avdøde var kollega av meg i omlag åtte år, og har vore pesjonist ganske lenge nå. Eg har snakka med henne ofte etterpå i kyrkja. Ho hadde ein sjukdom som innebar sterke smerter, og nå var ho i tillegg blitt innhenta av alvorleg kreftsjukdom. Det vart ei gravferd med ein undertone av noko godt. Ho var eit menneske som hadde sterk tru på bøn. Eg trur ho brukte mykje tid på å be. Nå var ho klar til å reisa til noko betre.

Før gudstenesta var det orgel- og fiolinmusikk. “I himmelen i himmelen…” Det gav meining å synga ei salme som har svive mykje i hovudet mitt i det siste: “Jeg er i Herrens hender når dagen gryr i øst. Hver morgen han meg bringer sitt ord til hjelp og trøst. Hva dagen meg vil bringe av glede og av savn, jeg kan på bønnens vinge få trøst i Jesu navn”

Ho fekk kvile under nyutsprungne bjørker, blømande rosa japanske kirsebærtre og norske kirsebærtre med snøkvite blomar. Ein vakrare dag for ein avskil kunne ikkje tenkjast.

I kveld har eg gått tur med kjærasten min som kom heim frå Trondheim i dag. Ingrid og eg har sett omlag halvparten av den nye filmen om Elizabeth 1. Men me var så trøytte begge to at me hadde problem med å halda oss vakne sjølv om me sat med kvar vår kaffikopp. Me fann ut at me ville spara resten av filmen til ein annan dag.

Nå er dei to yngste vel i hus, så nå kan eg gå og leggja meg. Eg gler meg verkeleg til å ikkje måtta vakna av vekkerklokka i morgon.

Heidi

Ca sommar…

Bortimot tjue grader i sola vil eg tru. Me hadde pausane våre ute på eit bord på fortauet på sida av skulen.
“Nå blir det vel ein kald sommar, sidan me for varmen nå,” var det ein av oss som sa…

Då begynte me å diskutera om det var typisk norsk dette med atterhald. Viss det er sol i dag, så kan me bare grua oss til regnet i morgon. Og så skal det viss vera norsk talemåte dette med å fortena ver. “Nå har me vel fortent litt sol,” seier me. Eventuelt “Nå har me ikkje fortent meir av dette drittveret.”

I alle fall vart stemninga lausluppen og høg der me sat. Det er minsanten ikkje kvar dag det fristar å ta med seg nistematen ut på fortauet. Og burde det ikkje eigentleg vera unntakstilstand? Burde me ikkje likegodt senda barna heim slik at dei kunne få nyta sommaren den dagen han var her?

Eg hadde tenkt meg tidleg heim i dag og, men først måtte eg stri med ein lite samarbeidsvillig pc og så med to kranglevorne kopimaskinar. Då den tredje kopimaskinen på huset viste seg å ikkje fungera den heller, gav eg opp og reiste heim.

Ingrid og eg gjekk på tur i lag og det var så grønt og fint.
Kvelden har eg brukt til å vera kreativ i lag med nokon eg kjenner og me har ledd mykje.

Det blir for seint i kveld og, men snart er det helg…

Heidi

Bare det å liggja strekk ut

på magen i sola ute på terrassen med ein stabel aviser eg ikkje har hatt tid til å lesa før…

Det er det eg har brukt ettermiddagen til, og det har vore alldeles nydeleg. Plutseleg kjende eg kor trøytt eg var, og ingen ting er som sola i mai månad.

I dag har eg laga bilar med elevane mine. Dei fekk utlevert blomsterpinnar, tape, plasthjul og sugerøyr, og fekk utan vidare instruksjonar i oppdrag å konstruera ein bil som kunne kjøra fortast mogleg over eit skråplan og vidare bort over golvet. Ein del av oppgåva var vidare å finna optimal helningsgrad på skråplanet. Det var ei veldig fin oppgåve. Nokre var mest opptekne av designen på karosseriet, medan andre prøvde å utnytta bøye-delen av sugerøyret som fjøringsmekanisme i det bilen traff golvet.

Så har me sunge mange av dei gamle nasjonale songane me alltid hentar fram i mai, og i kortimen marsjerte femti ungar og minst fem vaksne taktfast rundt i aulaen. Det skjer noko med nordmenn i denne månaden, me let oss røra til lettflytande tårer når ein gjeng ungar stemmer i med “… for så hvitt som det hvite sneen, og det røde har kveldshimlen fått, og det blå gav sin farge til breen, det er Norge i rødt, hvitt og blått, “ eller “ Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma, lat lysa din fred frå fjell til strand, og vinter for vårsol røma.” At ein del av tekstane med rette kan kallast sentimentale, polititsk ukorrekte og ha ei språkdrakt som er tildels komplett uforståeleg for barn, tek me ikkje så tungt….

Odd Christian ringde og ville gjerne ha skyss til togstasjonen grunna to tunge ryggsekker. Eg stakk uforskamma tidleg av frå jobben til meg å vera, og me unde oss den raskaste kaffikoppen nokonsinne på ein kaffibar før me fylde litt opp i den heller tome lommeboka hans. Vel framme på toget sende han meg sms for å takka for denne gongen. Eg saknar han kvar gong han reiser sjølv om han har budd heimefrå i snart tre år.

Etter ein rask innkjøpsrunde havna eg som sagt på magen ute i sola. Og der vart eg altså verande. Eg har bare mobilisert nok husmorkrefter til å starta oppvaskmaskinen. Nå tel eg på knappane eg ikkje har om eg skal vera ein god samfunnsborgar og rydda huset mitt, eller ein person med syn for eigen helsetilstand som tek ein lang spasertur i kveldssola… Det kjennest som om det blir det siste… Trur eg…

Heidi

Alle gode krefter

i dag har gått til teaterrelatert aktivitet. Dagen starta med sminking av unge skodespelarar, og så hadde me to skuleforestillingar. Det gjekk rett og slett bra. Alle småtinga som ikkje fungerte optimalt i går gjekk det stort sett bra med i dag. Og det kjendest veldig godt…
Det er alltid fint når me har lagt mykje arbeid ned i noko at både barn og vaksne kan gå ut av prosjektet med relativt rak rygg…

Etter ryddinga var det to dramaklassar, og sidan me nærmar oss forestillingar der og så utvida me frå to timar til fire timars øving. Så slik kjennest det å jobba med teater på heiltid. Det er intenst og fint, men eg held likevel ein knapp på å veksla mellom å vera vanleg lærar og dramalærar. Utfordringa blir å la det bli hundre prosent til saman når ein har to arbeidsplasser, ikkje hundre og femti prosent… Grensesetjaren det er meg.

Mot slutten av dramaøvinga var eg så sliten av teater at eg sprang til næraste butikk og kjøpte is til alle saman. Så viste det seg at opptil fleire av elevane ikkje likte kroneis med sjokolade. Heldigvis hadde eg kjøpt eple og, og dei fekk bein å gå på.

Ungdomsstykket vårt skal starta med at ei jente sit aleine i gymgarderoben og les høgt: “Ja vist gör det ont när knoppar brister.” Eg trur det skal bli fint, men det er vanskeleg for elevane å lesa svensk. Eg trur det blir fint å lesa “svensk på norsk”, men ungdomane meiner at det helst burde lesast med svensk intonasjon. Problemet vårt er at det å lesa flytande svensk har me ikkje sjanse til å få til på ein truverdig måte. Me får sjå…

Veret har vore heilt nydeleg ute, sjølv har eg stort sett vore inne, men eit par pausar i sola har det blitt.

Heidi

Teamarbeid

er eg veldig glad i å driva på med. Men då skal det vera ekte teamarbeid av den sorten, der det me kan tilsaman er noko ingen av oss kan aleine. Skuleteaterprosjekta våre er eit eksempel på dette. I dag har så godt som dagen vore teater.

Me møtte ein time før elevane. I alle fall var det slik i teorien. Første ledd i planen var å plukka fram dei siste kostyma, kopiera ekstra manus til lys og lyd, hella eplemost over på ølflaske – og setja på korken, blåsa opp ballongar ,og rigga scenen.

Så var det på tide med kostymeprøver, der ein del av det heile var å integrera dansarar og orkester i stykket, finna ut kven som tek rekvisittar ut og inn, opnar og lukkar sceneteppet, og kven som passar på glasauga til fru Dust når det ikkje er i bruk. Dessuten måtte me finna ut kven som hadde tid til å kjøra til dyrebutikken og kjøpa melormar, og kven som skulle slepp apekattane ut av buret…

Etter nokså kaotiske kostymeprøvar, gjekk me rett på generalprøve med myggar, lys og handhaldne mikrofonar.
Vel gjennom generalprøven på eit vis, sprang me vaksne ned til byen og inntok det tradisjonelle måltidet me får nyta på kafé dei to gongene i året det er kveldsforestilling i skulen sin regi.

Så var det ein rask tur innom butikken for å kjøpa hårstrikkar og store mengder bananar. Før me var på plass på skulen att, stod dei første elevane klare til å bli sminka. Så sminka og tupperte me dustar, apekattar, fuglar og forteljarar. Me rakk å varma opp songstemmene
og gje dei siste omgang instruksar, før aulaen vart fylt opp med søsken, foreldre og besteforeldre. Hr og fru Dust stod klare i frys med teppe over seg i åtte og eit halvt minutt før dei lot seg avduka.

Etter at foreldra har klappa, rektor har halde tale og me har smilt og prata med foreldra, er det lett rydding og vask av spaghettigryter og middagstallerknar, før det er på tide å vakla heim. Eg kom heim med klokka til hr Dust på armen.

Nå har eg sett på den danske TV-serien Album om å veksa opp på 70-talet. Nå må eg prøva å få eit par timars søvn før det blir skuleforestillingar i morgon på dagen, og dei to teatergruppene i kulturskulen på kveldstid.

Heidi

Kan det se ut som det ikke teller

det heller, men til sammen blir det svært…

Setningen over er eit brotstykke frå ein ræpp som har svive non-stop frå datamaskinen dei siste to timane. Eg har nemleg teke på meg å laga ein jærsk ræpp etter rytmen på ei plate eg har fått. Det er innvikla matematikk. For å få det til må eg ta ein og ein setning, laga eigen tekst til, og prøva ut rytmen ved å ræppa min eigen tekst til rytmen saman med vokalisten på plata. Eg har lova å vera ferdig med dette til i morgon. – Og eg er ferdig, sånn omtrent akkurat nå, trur eg.

“Hjælper du meg, er du kul eller ikke, neste gang så gjelder det deg. Brett ut øra og hør litt på meg, okay?”

Resten av dagen har og vore rytme… Kjennest det som…
Opp og få alle i veg til noko om morgonen går betre og betre, men heilt smertefritt får me det vel aldri til.

Odd Christian hadde med to halve dressar, ei trøye frå ein dress og ei bukse frå ein annan, men pytt, pytt. Han meinte han hadde finsko heime, men då han framleis leita då me bare måtte kjøra, ende han opp med eit par svarte sko frå faren si skohylle. Dei var meir enn fire nummer for store. Men alt slikt høyrer heime på bagatellkontoen…

Veret var mai-vakkert, og Vilde var nydeleg med vårfregner og ny bunad. Torhild spelte piano kyrkja slik at tonar og rytme fekk det gamle kyrkjeskipet til å gynga.
May-Liss spelte trompet: “Amazing grace” og “Som när ett barn kommer hem om kvelden.” Konfirmantsalmen min vart og sungen, det er alltid ei merkeleg kjensle å møta mine eigne tekstar i ulik tonedrakt midt i nye samanhangar.

Konfirmantane gjekk fram ein og ein. Dei tende lys i lysgloben og knelte for å få forbøn og bli velsigna av presten. Då dei gjekk ut, fekk dei med seg kvar si rose.

Farmor til Vilde vart veldig sjuk i haust. Ho hadde bakt kransekake og mandelkake med gul krem som skulle stå i fryseboksen og venta på konfirmasjonen. Vilde haldt tale for dagen og sa noko fint til alle gjestene sine. Ho snakka om farmor som var her ho og, inne i alle som hadde vore glade i henne. Ho gråt og svelde og gråt igjen, men klarte å koma seg vidare gjennom talen sin.
Og dei fleste av oss som høyrde på måtte svelja litt me og. Vilde si farmor var slik at når ho fekk vita at ho skulle døy så lurde ho på kva ho kunne ordna av praktiske ting på førehand før ho reiste. Vilde sin konfirmasjon var ein av dei tinga som låg henne på hjartet.

Me såg på eit multimediashow med filmar, bilete og musikk som på ulike måtar viste Vilde sitt liv. Det var rart å sjå desse åra i revy. Me gjenopplevde Vilde og Sunniva som låg side om side på eit teppe på golvet og gurgla og sparka og var nyfødde saman. Ingrid haldt tale og sa at i periodar hadde ho hatt kjensla av å vera storesyster til eit trillingpar som til ei kvar tid sprang hylande gjennom huset vårt , og Vilde takka fordi ho alltid hadde kunna bu hos oss når ho hadde lyst…

Eg seier som Tevje i Spelemann på taket, og siterer etter minnet: “Is this the little girl I carried? Is this the little boy at play? I don`t remember getting older day by day. When did she grow to be a beauty? When did he grow to get that tall? Wasn`t it yesterday that he was born? Sunrise, sunset, sunrise, sunset, swiftly flows the years, each season following the other, laden with happiness and tears.

Heidi

Havskodda har lagt seg

som eit rått, grått teppe kring ein kveld tidleg i mai. Ein kan fornemma ei stenk av salt i lufta.

Dagen har vore så fin, og gått så fort i frå meg. Det var beroligande å finna russejenta mi trygt sovande i eiga seng i dag morges. Etter ein pause heime drog ho tilbake til meir fest og moro…

Dagen min begynte med ein tur til kjøpesenteret for å handla inn dei siste konfirmasjonspresangar og strømpebukse til Sunniva. Ho var buden i konfirmasjon til ei venninne som konfirmerer seg borgarleg i dag. Tannkremen var borte vekk, truleg er han på russetreff, så det måtte eg og kjøpa. I håp om å forebygga nye morgonar utan tannkrem kjøpte eg to tuber.

Etter å ha kjørt festpynta jenter til konfirmasjonslokalet, vart det ein ny handlerunde på meg. Eg vurderte å kjøpa ein ny kjole til meg sjølv, men sidan eg ikkje fann noko som var akkurat som eg hadde tenkt, fann eg ut at det gamle fekk duga. Så handla eg blomar og hekta med meg Borghild, Gerd og Tonje som eg inviterte på lunsj, is og kaffi på verandaen med amerikanske blåbær frå butikken som var omtrent like store som druer.

Halvard viste seg å ha vokse ut av dressbuksa si, og så vart det dagens siste tur til kjøpesenteret for å ordna det.
Så hugsa eg i siste liten at eg skulle handla bananer, eplemost og hermetisk spaghetti til skuleteateret på måndag.

Ein tur til skulen for å kopiera skrivelekser og leselekser, ein tur til onkel der eg plukka påskeliljer og rabarbra. Så ringde eg på døra til Eilen med ein bukett blå blomar, og fekk halda Waldemar som var der på besøk.

Nå vil eg sjå på TV-program om Thor Heierdal før eg legg opp buksa til Halvard og skriv talen til Vilde.
Eg trur det blir tidleg natt i kveld.

Heidi

Undulatane flaksar i buret,

og eg har fått augedropar, men augene svir litt framleis.
Me har henta Odd Christian på kaien inne i byen, og det er alltid så fint så fint å sjå han att. Eg likar å ha alle ungane mine samla trygt under eige tak… Men det kan eg ikkje skryta av å ha fått til i kveld, sjølv om eldstemann akkurat nå sit i den oransje sofaen min med kvit hettegenser og caps og let seg oppdatera på faren sine datainvesteringar sidan sist…

Ingrid er russ i år og på festival i Kongeparken med sånn rundt rekna 9999 andre. Dei sa at det var titusen påmelde i alle fall. Sola skin og ho sendte melding for nokre timar sidan om at ho har det bra. Eg har eit litt anstrengt forhold til russefeiring, men eg unnar henne å ha det bra der. Me åt lang frokost i lag ho og eg, og eg fekk formant henne litt. For eksempel slik.-“Og viss nokon spanderer ein liten tablett med smilemerke på…” -” Då veit eg at det er fluor og at eg trygt kan eta han…” Ho er ei fornuftig jente og skal nok overleva ei helg i Kongeparken, men let meg provosera når eg høyrer at dei kvart år får inn ei handfull valdtekne og alkoholforgifta russar på akuttmottaket.

Og Halvard er på Lan. Eg lurte på om eg burde sjekka det ut med foreldra til han som dei er hos at det verkeleg er ok med seks gutar på fjorten år som skal spela data heile natta. Halvard meiner det er dødsflautt med foreldre som ringer for å sjekka ut ting… Me har vald å stola på han…

Nå har me ete ein veldig sein middag. Gullguten på 21 år hadde bestillt ein stor stabel pannekaker med sprøsteikt bacon, og det er det klart at han måtte få…

Sola har skine i dag, og trea har blitt merkbart grønare bare i løpet av dagen. Eg lokka syster med meg på byrunde med kafébesøk sjølv om ho hadde hendene fulle med førebuingar til konfirmasjon på sundag og oppussing av bad. Det kjennest så bra med slike friminutt. Sunniva fekk vera med oss og. Ho har plutseleg blitt stor og vaksen jente. Eg blir sitjande og stirra på henne rett som det er og lura på om det verkeleg er mi vesle Sunniva eg ser der borte…

I går såg eg ein interessant svensk dokumentar om ei ung jente som valde å bli karmelittarnonne. Dei fulgte henne og familien i seks- sju år. Ho strålte av lykke og sa at ho hadde vald det gode livet, å få lov til å fordjupa seg i andelege mysterium…

Og eg forstår kva det er som får folk til å velja å gå i klosteret. Det er denne perla som ein mann fann i ein åker som førde til at han selde alt han åtte for å kunna kjøpa åkeren. Samanlikna med den miste alle andre ting sin verdi.

“Saman er ein mindre aleine,” heiter boka eg les. Ho er skriven av Anna Gavalda. Eg har kjøpt filmen og for over ein månad sidan, men har ikkje fått tid til å ta han ut av coveret.

Heidi