med mange menneske. For Hilde har fylt femti år. Hipp hurra for Hilde.
Jan har kokt fiskesuppe. Fiskesuppe med raud farge og masse krydder, som eg tenkjer eg må få oppskrift på. Ein eller annan gong, det hastar ikkje.
Eg sit mellom Stein og Einar og er bord-dame, me et halve fylde krabbar med salat og oliven og heile nykokte reker.
Eg snakkar om bøkene til Magnus Malm mot venstre mot Einar, og om korleis det er å vera norsk i Tanzania til høgre mot Stein. Innimellom skålar me for jubilanten, som glitrar i svart kjole øverst ved bordet.
Snorre spelar keyboard, og Per Inge spelar gitar. Me syng mange songar. “Now ain`t it good to know that you`ve got a friend, when people can be so cold?” Eg tenkjar på for tjuefem år sidan då Torbjørn song den soongen frå scenen i aulaen på lærarskulen. Han hadde bart på den tida, hugsar eg. “You just call out my name, and you know wherever I am, I`ll come running to see you again…”
“You say that love is like a river…” Då Sindre var ca ti år, eller kan han ha vore tolv, song han The rose for oss på nyttårsfesten og spelte gitar. Eg vart mektig imponert og tenkte at det blir spennade å sjå korleis det går med den guten.
Seint utpå natta dansar me. “Brown girl in the ring shalalalala…” Det var den me nynna på då eg gjekk på gymnaset. “She looks like a sugar in a plum”.
“Don`t worry! Be happy!” spelar dei når festen er i ferd med å gå inn for landing og me ryddar glas. Eg spør om dei andre har sett den syngande batteridriven fisken på Eurospar, men han er det viss bare eg som har sett.
På veg heim dagen etter syng Åse Marie for oss i Mandal kyrkje i lag med skulen sin. Ho står der og strålar og syng afrikanske songar, og eg hugsar plutseleg at ho smilte på same måten då ho sat i vogna si og var baby. Presten i den kyrkja får stå i ein preikestol høgt, høgt oppe på veggen over altaret. Merkelege greier, og det er store tunge søyler rundt i det kvadratforma kyrkjeromet.
Her har arkitektane gått omtrent amok ein gong for ganske lenge sidan. Eg spør ei dame i kyrkjebenken kor gammal kyrkja er. Ho seier at det burde ho vita, men at det i alle fall, så vidt ho hugsar er den største trekyrkja i landet.
Etterpå serverer dei heimebakte rosinbollar og rettferdig kaffi i eingongskoppar utanfor kyrkja i lett haustregn.
Me kjører heim i lag. Kjærasten min, Per Inge, Heidi og eg. Heidi somnar av og til medan me snakkar og teier om einannan. Eg tenkjer at gamle venner er nå det beste eg har, og er trøytt nok til nesten å bli litt sentimental. På Vikeså kjøper me peanøter og les på eit oppslag på veggen på bensinstasjonen at mot å betala eit par tusen kroner kan ein få fram villkvinnen i seg sjølv. Ein kan sova i lavvo ute på heia ein stad, og samstumdes få massasje, healing og livsveiledning.
Medan me les plakaten kjem ein mann ut frå toalettet med ei lang stripe dopapir hengande etter den eine foten.
Eg snakkar med Odd Christian i telefonen, og han seier at han kjem heim onsdag kveld.
Ei helg er i ferd med å takka for seg. Eg takkar eg og.
Heidi
er livet som å symja under vatn.
Det hastar ikkje
med å koma opp til overflata
fortel du deg sjølv
medan du snorklar omkring
mellom sjøstjerner
og forvitne små fiskar.
Du veit du skal opp
sånn etterkvart,
men prøver
å ikkje uroa deg.
Der nede ser du
ein sky eremittkreps
smila.
Medan ein innbitt krabbe
ser på deg med krabbeblikk,
Han spankulerer sidelengs
bortover mot sitt eige mål
og tenkjer sitt.
Du let boblene vera bobler
og brennmanetane
sigla sin eigen sjø
medan du sparkar energisk i frå
med dei alt for store symjeføtene.
Ein av desse dagane
kan det tenkjas at du kjem opp ein tur
for å løsna litt på dukkarmaska.
Kven veit?
Heidi
I dag har eg vore konsulent for ein forfattar eg har veldig stor sans for. Spennande!
Dagen har elles vore meir intens enn eg hadde sett for meg, og det var deilig å bruka kvelden i sofaen med Halvard. Me har sett på Idol og på “Elsk meg i morgen,” den tredje filmen om Elling, som er vemodig, trist og vakker på same tida.
Me har steikt kanelbollar. Sunniva har kjellaren full av venninner som ser film, ler og et pizza.
Rydda litt nå, skylja opp eit par blusar og legga meg tidleg? Trur kanskje det, ja…
Heidi
Sykkeldagen vart gjennomført i høljeregn, men det var bare glade ungar å sjå. Dei sykla over vippebrett og mellom kjegler med regnet i små bekker frå sykkelhjelmane sine: Regnklede var det så som så med, for det hadde jo ikkje regna om morgonen. Då me kom inn for å avslutta dagen, vrei ein av gutane ein heil liten dam av regnvatn ut frå genserermet sitt.
Av og til tenkjer eg at me her oppe i nord er eit merkeleg folkeslag. Senda femti ungar, til dels utan regnklede, ut for å sykla i fleire timar. Eg gløymar aldri panikken i ein tysk familie me besøkte midt på sommaren, då me gjekk tur og vart våte i regnver. Då var det beordring til badekar og varme dusjar, utdeling av varme badekåper og hårfønarar, pluss koking av kamillete for å unngå Erkältniss… Men du og du så robuste me blir her til lands, i beste fall…
Då me stod utanfor huset til Inger i flokk og tilfeldig følge og song gebursdagssongen for henne, gjekk det opp for meg at i dag var det den tjuande september, og i går var det den nittande september, og at eg hadde gløymt dagen til Eva Mari. Eg måtte skunda meg å smugsenda ei melding innimellom salatetinga…
Anne Kristine spelte munnspel, og Inger spelte saman med henne på pianoet. Fiona improviserte på fiolin.
Bred dina vida vingar med tonefylgje av fiolin og munnspel vart rett og slett vakkert.
På den mørke duken låg det mørkeraude haustblad.
Min elskede jeg har en vise å synge.
Om eg bare kunne finna teksten. Melodiar er eg ikkje så flink med.
Heidi
Eg måtte jo formidla kunnskapen eg fekk sist veke, så i dag spådde eg kjærasten min, syster mi og meg sjølv i Kinderegg. Spådomen sa at me skulle tvihalda på leiken og det gode i livet. At me skulle kasta oss livsglade på vannscooterane våre, sjølv om ikkje alle ting i livet går opp i ein femgong…
I morgon skal elevane mine gjennom sin andre nasjonale prøve. I morgon er det norsk. Dei skal sitja rolege og konsentrerte og jobba i nitti minutt med ein tekst der dei skal lesa informasjon ut av teksten og svara på spørsmål.
Nitti minutts konsentrert arbeid er ganske mykje når ein er ni eller ti år gammal, eg håpar eg klarer å formidla kor viktig det er at dei gjer så godt dei kan. Og i neste veke er det matematikk.
Etter prøven er det sykkeldag, så då får dei prøvd seg på sikk-sakk-sykling, flytting av klossar og sykling over vippebrett før dei skal praktisera trafikkreglar ute i trafikken.
Ein av gutane i klassen min har siamesarkattar heime. Han hadde ei vidunderleg forklaring då me snakka om korleis me skulle forhalda oss til å gjennomføra ting me grudde oss for.
“Sjå på kattane,” sa han. “Først sit dei heilt stille og tek sats. Så bare hoppar dei.”
Heilt nydeleg bilete.
Heidi
Eg ber dagen i nakne hender.
Open for brannsår i handflatene.
Eg snur meg mot aust
og ser.
Vestavinden smakar salt.
Sola står i nord,
og i sør skimtar eg månen.
Som ein glattslipt stein
i tidevatnet
ei dirrande valmue
i haustmørkret.
Lener eg meg
mjuk av tillit
og meisla av tankar
mot dagane mine.
Forvirra og klok
med sand i skorne
og ei kråke i håret.
Heidi
når fuglene flokkes og trekker mot sør… Eg trur det er slik det begynnar… I fleire dagar har brokkar av dette diktet svive rundt i hovudet mitt.
En kaldere årstid skal røre vår tinning… heiter det litt lenger nede i diktet, trur eg… Eg trur det er Einar Skjæråsen, eller kanskje Hartvig Kiran som har skrive det, men eg har ikkje klart å leita det fram.
Det ligg ein mollstemt tone og dirrar i dei første hauststormane og i dei mørke kveldane som pakkar seg rundt oss. Eg kjenner sorg etter sjukebesøket i går, og på vegne av dei som må forhalda seg til at livet tek svingar dei gjerne skulle ha sluppe å henga med i.
Me har vore på foreldremøte for konfirmantane. Neste september skal vesle Sunniva, som snart er vaksen jente bli konfirmert, og nå går ho inn i eit år med førebuingar: Me foreldre avslutta møtet med ei vandring i kyrkjeromet der me bar med oss ein stein som me seinare skulle gje slepp på. Ein annan stad tende me lys for ungane våre, eller ein annan person me tenkte på. Små telys vart tende på det store Kristuslyset og stod og blafra i det delvis mørklagde romet.
For fem somrar sidan, eller var det meir, var me i Paris. Eg tok med meg alle fire barna inn i Notre Dame. Eg kjende det var ei heilag stund og velsigna dei med ordlause bøner.
Nokre gonger kjennest det så rett å lena seg mot noko som er større…
Heidi
var det gudsteneste i dag føremiddag. Regnet øste ned over teltet. Inne var det pynta med striesekker til alterduk, og poteter og blå blomar langs kanten av platformen. Her på våre kantar feirar me nemleg potetfestival i desse dagane… Eg tenkte då me sat der med regnet hamrande over plasthimmelen at me er eit merkeleg folkeslag.
Sunniva G dansa så tårene mine silte. Ho er venninne av Sunniva og kvar gong eg ser henne dansa er det eit eller anna som bare smeltar inni meg. Så fint å bruka dans som eit ledd i ei gudsteneste.
Mi eiga Sunniva og femti andre konfirmantar vart presenterte for kyrkjelyden. Dei gjekk ein og ein over den provisoriske og lett vaklande plattformen for å få bibel og ein blom kvar av kateketane. Det var høgtideleg og vakkert, og ute regna og regna det.
Etterpå reiste eg saman med Gerd inn på sjukehuset for å besøkja onkelen min som har fått slag. Det var trist ¨å sjå han så hardt medteken, men han var veldig klar for å kjempa seg på føtene att så han kunne få koma heim.
I dag har eg hatt mange små samtalar med forskjellige personar. Ein fellesnevnar i dei er at me må sila ut det som verkeleg er viktig i livet og halda det hardt fast.
“Lær oss å telja dagane våre så me kan få visdom i hjartet,” står det i Forkynnaren.
Heidi
er tingen akkurat nå. Det regnar og er haust. Klokka halv ti på føremiddagen er det framleis ikkje heilt lyst.
Vegen heim frå kurset vart lengre enn me trudde. Det handla om ein bil som hadde kome til å bli ståande med lyset på, snille menn med startkablar som hadde kome til å røska med seg den negative polen då dei tok startkablane av. Dette førde med seg total straumstans ein del mil seinare, Falken redningskorps og nokre timars venting i surt haustver. Heldigvis var det ein stad like i nærleiken der dei selde varm kaffi, og plutseleg dukka den yngste kusina mi opp med babyen sin på armen og kjærasten ved sida av.
Falkenmannen fortalde mellom linjene at eigentleg hadde han ikkje tid til å stå der i ein heil time for å lada eit bilbatteri som aldri burde ha vore flatt. Han kom seg då me viste pedagogisk interesse for kva som finst under eit panser. Som ein god del menn vart han rett og slett litt oppliva og glad ved å få gitt oss lite skjønande ein opplysande leksjon om både det eine og det andre…
Me kom oss lukkeleg heim. Då var det allereie kveld. I går vassa eg rundt på ullsokkar og hadde vondt i halsen medan eg brukte heile dagen på å rydda og vaska golv. Utpå kvelden var eg klar for kaffi, god mat og aviser før eg avrunda i lag med kjærasten min med ein film av Michael Moore om 11. september og invasjonen av Irak, eller frigjeringa av Irak som ein del valde å kalla det…
Å gjera verda til ein betre plass er kompliserte greier…
Heidi
Ør og trøytt etter å ha fått gjort unna mest mogleg arbeid, mellom anna eit opplegg for vikarane mine, i løpet av måndag og tysdag kveld, kom me oss i veg på onsdag etter tredje time. Eg håpar ikkje det var min lynraske tur innom toalettet som gjorde at me mista ferga med knappast mogleg margin…
Men det stod framleis suppe på bordet då me kom fram, og sidan har det gått i eitt med ulike kurs innimellom hotell-lunsjar og festmiddagar…
I går fekk me innføring i lysdesign, og han som haldt kurset gjorde det så bra at eg straks fekk lyst til å setja i gang med lysillusjonar i sceneromet.
Visste de at føresetnaden for ei vellukka lys-setting var å kunna mørkleggja det opprinnelege romet i størst mogleg grad? Utelys om våren er hundretusen gonger sterkare enn scenelys, så for at scenelyset skal få skikkeleg effekt må auget lurast ned på eit mykje mørkare modus… Eg må kasta meg over Stig ein dag og undesøkja kva moglegheiter me har for mjukt frontallys, farga baklys og konturskapande sidelys? Har me grisetryne og låvedør tilgjengelege på Bryne…
Nå er det fest på hotellet der me bur. Dei dansar akkurat nå swing til “The old cottonfields at home”, som i denne augneblinken glir over i ein annan melodi… Stemninga er stigande.
I dag har me vore på kurs i manusskriving og ho Pelone frå Alta har prøvd å visa oss at alle inntrykk kan trasformerast til historier og teaterstykke. Me er blitt spådde i Kinderegg, og eg klarte å manipulera spådommen til å bli akkurat slik eg ville ha han… Så har me laga historier av typen den gongen i 1935 då Adolf Hitler måtte dela sovekupé på eit tog i lag med ei ung kvinne, som seinare skulle koma til å kalla seg Mor Theresa.
Me har leika oss med verkemiddel og gledd oss over alle historier og teaterstykke me heilt sikkert skal rista ut av begge skjorteermene i all framtid.
“All ting kan gå i tu, men ett hjärte kann gå i tusen bitar,”
spelar dei inne i festlokalet. Representantar for kursdeltakarane samlar seg rundt tastaturet mitt, og lurer på kva i all verda eg driv på med? Klassisk festbremsing å parkera ved ein datamaskin i foajeen? Men natta er endå ung, har ikkje runda midnatt ein gong… Der inne går det i gitarboogie, medan tilskodarane mine påpeikar ein og annan skrivefeil på skjermen…
Og her på Stord går det framleis arbeidsbuss frå verftet. Eg såg arbeidarane stå og venta på busshaldeplassen. Då eg kom vart dei plukka opp av ein buss merka “arbeidsbuss” som kjører folk til og frå jobben. Eg meiner å hugsa at det fantest slike i min barndom, men trudde ikkje at dei eksisterte lenger.
Her på Stord slår sjøen mot fjøresteinane, og ute i havet står det høge fjell. På nettavisa lovar dei oss den første hauststormen til heimreisa i morgon ettermiddag. Det veks store svarte bjørnebær langs vegen, og eg høyrer på folk rundt meg at klokka har bevega seg inn i timane for dei store betruelsane.
Kanskje det er timane for å samla inntrykk til skodespel?
Det skulle eg nesten tru…
Heidi