Der er det godt å kvila blikket. I dag tok eg Syster med meg ut til dei strendene der eg gjekk med Bror på sundag. Det er så utruleg vakkert der. Me måtte kle oss godt, for det var kald trekk, og så var det bare å nyta.
Eg falt på plass i meg sjølv. I går kveld var eg litt stressa. Det er så vanskeleg å få tida til å strekke til. Det er så mykje eg skulle ha nådd å gjera i ferien. Så går bare dagane og ting tek tid. På toppen kom jo dette med husstøvallergien som gjer at eg har gått til kamp mot Støvet og alt dets vesen med lånt støvsugar…
I går skulle eg bare… Kjøpa to pyjamasar til onkelen min. Eg sprang byen rundt for å finna, og då eg endeleg fant var det feil storlei og eg måtte tilbake. Han var litt lei seg, så eg sette i gang med å steika vafler til han. Koseleg det, og sikkert rett prioritering, men plutseleg var dagen sånn omtrent gått og støvet låg framleis i muntre lag i store deler av huset medan skodespelet venta på å bli skrive.
I natt vakna eg og fraus og kjende meg ikkje i form. Eg måtte driva tanketerapi på meg sjølv og seia at nå tek me ein ting om gongen, så kjem me nok i mål. Eg fortalde meg sjølv at eg hadde vore veldig trøytt då ferien kom, og at det var naturleg at kroppen min krevde å få kvila litt. Eg fortalde meg sjølv at turen med Syster ikkje skulle avlysast til fordel for skriving og støvsuging fordi det garantert var slike turar heile meg hadde bruk for å få…
Og nå er eg klar til innsats etter ein nydeleg føremiddag ute og ein lang og spennande samtale. Eg har ei slags mental sperre på å koma i gang med store husarbeidsprosjekt… Men syster påstår at det er heilt normalt… Eg trur kanskje eit reingjeringsbyrå ville gjera susen…
Men altså, på tide å setja i gang! heia, heia…
Heidi
Eg sit og ser på TV sånn godt utpå kvelden. Plutseleg høyrer eg ein merkeleg tikkande pipelyd frå den andre enden av stova. Så registrerer eg to sett tassande kattelabbar mot parketten. Noko som får meg til instinktivt å skjøna at kattane er i jaktmodus.
Eg reiser meg motvillig for å finna ut kva som skjer. I det eg passerer pianoet kjem noko flygande i voldsomt tempo rett mot ansiktet mitt. Min første tanke er at undulaten er laus og eg hyler på Sunniva.
Men det er ikkje undulaten, det er noko stort og svart og veldig flaksande som flyr rett i mot meg. Eg får heilt panikk og set i eit urskrik som gjer at kattane skvett tilbake og Vilde, Sunniva, Halvard, Oddvar og Ingrid kjem springande ned trappa frå andre etasje.
Me bestemmer oss for at det flaksande vesenet er ei gigantisk flaggermus som har forvilla seg inn i huset vårt.
Fullstendig panisk flyg ho rundt i stova, og fleire av oss må dukka for å bli truffen i ansiktet. Ingrid ropar at ingen må få henne i håret, fordi ho har lese at flaggermusvenger er så klissete at ho då vil koma til å setja seg så fast at ho må klippast ut att…
Tanken på ei sprellande og flaksande flaggermus i håret er så pass lite forlokkande at Ingrid sjølv forskansar seg med dyna over hovudet på toppen av trappa. Oddvar går nølande til angrep med eit teppe medan Halvard prøver å fotografera. Fleire av oss hyler gjentekne gonger etter å nesten ha fått ei flaggermus i håret med alt det me har fått vita at det vil koma til å innebera.
Sunniva, som har eit varmt hjarte for alt som lever, er den av oss som viser det absolutt største motet. Ho går aktivt inn for å fanga det paniske vesenet i ein stor plastpose…
Neste sjakktrekk frå vår side er å opna alle utgangsdører og skru av lyset i håp om at ho då vil fly ut. Men det er ti gonger nifsare når ho flyr like villt rundt oss i mørket. Halvard konstaterer at flaggermus jo er blinde, og at ein lampe frå eller til ikkje betyr noko. Me bestemmer oss for at det høyrest fornuftig ut. Om ho får fly veggimellom lenge nok blir ho sikkert utmatta og vil gå inn for landing? Men gjesten vår ser ikkje ut til å vera typen til å gje opp. Til og med kattane luskar betutta vekk.
På eit eller anna vis klarer Oddvar til slutt å fanga ho i ein leike-brannmannhjelm i raud plast. Sunniva får lirka henne over i ein matboks og lukker loket.
Me blir veldig forbausa over kor lita ho er i liggande tilstand… Ei lita gråbrun mus med dei tynne vengene folda inn mot kroppen.
Me ber henne ut på verandaen, men ho vil ikkje fly, ho bare ligg der med bankande hjarte. Me set matboksen ned, men framleis bare ligg ho der. Ein av oss meiner å ha høyrt at flaggermus treng å henga etter tærne for å koma i flygeposisjon.
Nokon finn ei stor skei, og me får plassert det stakkars dyret på skeibladet. Sunniva let skeia vibrera på det ho håpar er ein flygeoppmuntrande måte.
Plutseleg skjer det me håpar på. Flaggermusa spenner ut dei gigantiske vengene sine og forsvinn ut i natta…
Om me fekk fotorafert henne? Ja og nei… Det var alt anna enn lett å knipsa henne i flukta. Dei er heilt utruleg kjappe i rørslene. Nå spørs det om eg vågar å sova med ope vindu i natt…
Heidi
Det er ei liding eg er totalt fri for, og aldri har ynskt at eg hadde, men nå får eg prøva å utvikla det. Eg har vore hos legen med Sunniva for å få utreda allergiplagene hennar. Det viser seg at ho har veldig sterk allergi mot husstøv… Normalgrensa var ein verdi på 0,5 eller noko slikt og blodprøvane viste 97,0… Ikkje veit eg noko om slike verdiar, men det høyrest høgt ut, og legen sa at det var det…
Alle som kjenner meg foratår at nå har eg eit problem, men eg får ta det som ei ansporing til ein støvfri heim…
Det kunne vore verre tross alt. Både Sunniva og eg var livredde på at ho skulle få store utslag på katt. Ho hadde litt utslag på katt og hund, men ikkje meir enn at det var heilt ok å bu i hus med to kattar. Det prisar me oss lukkelege for. Nå er me i gang med vasking av golv, og allergimedisin er innkjøpt på blå resept. I morgon får eg kjøpa meg ny støvsuger, for den gamle er heilt elendig.
Eg har begynt å skriva på skodespelet mitt. Det kjennest bra. Eg trur det kan bli ei veldig fin forestilling. Nå må eg ta meg ein times intensiv skriving før me skal dra i familieselskap
Heidi
I går morges stod eg opp ti over fem for å koma meg på første toget i retning Arendal. Toget gjekk halv sju, og det var heilt mørkt ute. Heilt frå eg var lita har eg lete meg fascinera av grytidlege morgonar dei få gongene eg er tidleg nok oppe til å observera dei…
Det viste seg at det skulle bli ein nydeleg oktoberdag. Etterkvart stod sola opp og farga himmelen kaldt blårosa medan skodda dansa trolsk over myrer og fjellvatn. Det var så vakkert at eg for ein gomgs skuld irriterte meg litt over at eg ikkje hadde kamera for handa. Etterkvart klarte eg å lausriva meg frå utsikta slik at eg kunne konsentrera meg om boka eg hadde teke med og gledd meg til å lesa; romanen til Nils Henrik. Det er ikkje kvar dag nokon eg kjenner gjer ut ein roman, så eg las med stor interesse og likte det eg las.
Eg rakk akkurat å lesa ut boka før eg nådde Nelaug stasjon der stasjonsmeisteren stod og banna på telefon over eit tog som ikkje hadde kjørt langt nok fram på perrongen. Etterkvart ropte han eit unskyld til meg, eg skulle nok få betala avisene mine bare han hadde fått sagt sitt til rette vedkomande.
I venteromet sat det ein triveleg mann med autistiske trekk og åt nista si, brødskiver med egg frå ein matboks. Akkurat slike brødskiver eg kan hugsa at me hadde med oss på turar i ein stor emaljert matboks då eg var barn. Mannen var tydeleg oppteken av at han kjende til rutetabellen og let seg stressa av at lokaltoget me skulle ta ikkje gjekk til oppsett tid. Omsider kom me oss i veg fem minutt etter ruta, og så var alle dei fire passasjerane på toget lukkelege medan me fekk oss ein tre kvarters kjøretur over heia i strålande solskin med haustfarga lauvtre som spegla seg i blikkstille vatn.
På ein benk utanfor stasjonen sat Maria og Eva Mari og venta på meg. Maria sitt mørkebrune krusehår var sett opp i to muntre musehalar, og ho hadde fått hårbøyle. lipgloss og nye vanter av tante.
Me kjøpte heimebakte rosinbollar på Bøndenes Marked nede på torget, og Eva Mari fekk to gammeldagse raude kaffikoppar med kvite prikkar fordi ho har hatt gebursdag sidan sist. Så åt me lunsj på ein kinarestaurant der Maria visste at ein kunne kjøpa iskuler med krem og parasol på.
Først ei pølse og så to kuler sjokoladeis. For ein fireåring er det verkeleg ein smak på livets goder, ho smilte frå musehale til musehale.
Sju timar seinare var det nytt togbyte på Nelaug stasjon. Vakthavande stasjonsmeister, ikkje den same som sist så vidt eg kunne bedømma, betrudde meg at det var utruleg irriterande når han bare fekk vita at toget var dobbelt så tungt som vanleg utan at han fekk vita korfor. Konduktøren på lokaltoget kom springande etter meg med ein røykpakke som ikkje var min før han fortalde meg at toget eg venta på ikkje gjekk lenger enn til Kristiansand. Då eg fortvila viste han at eg hadde billett like heim smilte han ertelystent og let meg forstå at han bare tulla med meg…
I dag begynte dagen med felles frokost rundt spisebordet i stova og tende talglys i den nye smijernslysekrona. Så tok eg med Odd Christian på eit onkelbesøk før eg steikte vafler til gullguten sidan han skulle reisa tilbake til Bergen i dag.
Så har eg gått ein lang fottur langs strendene med min eldste og einaste bror og kjærasten hans. Eg sakna faktisk eit fotoapparat i dag og, for lyset over sjøen og strendene var heilt spesielt. Me var kledde for uvér, så ei og anna regbyge gjorde ikkje noko.
Det var tomt for kattemat, så kattane meska seg med rå kyllingfiletar til middag. Resten vart menneskemiddag med rømme og sterk tacosaus.
Så var det meininga å ta fatt på husrydding, men det var jo trass alt sundag og ferie… I staden havna eg i sofaen i lag med Halvard der me tilbrakte eit par timar under eit himmelblått teppe…
Nå blir det ein ørliten rydderunde før eg kryp til køys, og i morgon må eg bare eg koma i gang med både det eine og det andre… Til mitt forsvar las eg i eit vekeblad i går at det virkar forebyggande på stressrelaterte sjukdomar å ha evne til å leggja alt anna til sides og bare slappa av…
Heidi
Men nå er det haustferie. Det kjennest godt. Eg elskar jobben min, men han krev kvar millimeter eg har av energi, tålmod, kreativitet og styrke. I alle fall kjennest det slik av og til, og nå skal det smaka godt med ferie. Eg skal leika husmor og hønemor, og huset skal lukta bollar og grønsåpe…
I tillegg skal eg sjå meir eller mindre tåpelege filmar og TV-program, skriva ein musikal basert på Glasblåsarbarna, slappa av med å brodera bunad og gå lange turar… Amen!
Så har eg eit fint og tåpeleg knep eg brukar når livet er i sterkaste laget. Eg pustar langsamt inn og ut og ber den eldgamle Kristusbøna om og om igjen heilt til denne bøna går i eitt med pusten og pulsen min: “Herre Jesus Kristus, Guds son, miskunna deg over meg.” Til den bøna er barna mine komne til verda, med den bøna haldt eg bestemor i handa på dødsleiet og med den har eg vore hos tannlegen med ungar med brekte tenner, og førebudd meg til møte eg har oppriktig grua meg for…
Sidan ein deler matoppskrifter, slanketips og andre små knep som handlar om å leva, så deler eg gjerne litt galskap eg og… Bøna minner meg om at eg er ein del av noko større, at eg roleg kan leggja ned min bit i puslespelet og vera ein del av det heile, verken meir eller mindre. Ho minner meg om at i den store samanhangen er eg liten og Gud stor. Eg er på ein liten prikk av livet kvart sekund, samtidig som den prikken er ein del av fortida og framtida mi, -og livet til mange andre menneske.
Ute skin sola, og eg har fri i dag. Og på akkurat denne dagen, omtrent på denne tida glir det yngste barnet mitt ut av barndomen og blir tenåring.
Velsigna vere livet.
Heidi.
Det er sjølvsagt litt av ein illusjon, men slik kjennest det akkurat nå. Klokka halv fem i dag morges reiste kjærasten min med kurs for Spania, der han skal vera i fire veker. Oddvar var så grei at han stod opp før grålysninga på fødselsdagen sin, for å få han i veg til flyplassen.
Og heilt aleine er eg då ikkje. Alle fire ungane er heime pr i dag, og Vilde er på helgebesøk og Oddvar på plass i heimen han og.
I heile går feira me Halvard sin fødselsdag som eigentleg er først om ei veke, men sidan så mange skulle reisa vekk, og det blir haustferie og greier, så vart det den store festdagen i går. Først var det ope og fullt hus for familien, og om kvelden hadde Halvard invitert femten kameratar på pizza, pølser og film.
Kjærasten min ville gjerne vera med på å overrekka Halvard gaven, så den fekk han i går. Elektrisk gitar med forsterkar, -kjøpt såpass billig at me kryssar fingrane for at han skal fungera som tenkt.
Gitaren vart det store leiketøyet i går. Eldsteguten min spelte gitar og song i lag med Oddvar, Ingrid og far sin: “When I find myself in times of troubles, mother Mary comes to me, whisper words of wisdom, let it be…”, og song etter song vart det.
Etter ei lang og lovande karriere som arrangørar av barneselskap, slo det meg at det i gårkveld kanskje vart det siste me gjorde sånn omtrent i dan sjangeren. Nå var det store tenåringsgutar som kom, og ikkje sånne små energiske stivpynta som raser rundt i alle rom med svett pannelugg.
Sunniva hadde fire venninner på besøk, så då gutane var ferdige vart det ei bordsetjing for fjorten år gamle jenter og eldre tenåringar. Etterpå var eg så sliten at eg knapt nok kunne halda auga opne medan eg gjorde eit forsøk på å sjå ein fascinerande dokumentar om danske hr Vig som hadde kjøpt eit gammalt slott han ville gje som kloster til russisk-ortodokse nonner…
I dag har Sunniva vore med på preike i lag med vikarpresten vår. Ho var utkledd som løve, og klarte seg fint. Eg var nok eit hakk meir nervøs enn henne då ho påtok seg oppgåva på eit halvt døgns varsel. Eg sat på sida av henne i kyrkjebenken og kviskra gode råd før ho skulle ut og kle seg om. “Det er lurt å gå nå, så du har god tid!” “Mamma, det tek to minutt å skifta, eg kan gå når alle barna er døypte.” “Nei, gå nå, det er godt å ga god tid i tilfelle glidelåsen set seg fast eller noko…”
Det var livsgledegudsteneste me feira i dag, som eit ledd i livsglededøgent som me feirar på desse kantar av sivilisasjonen. Oppmerksomme lesarar kan lett få inntrykk av at livet her i småbyen vår er ei festreise frå festival til feastival… Og det er kanskje slik omtrent det er… I alle fall. Barnehagebarn kom inn i prosesjon bak dåpsfølget. Stolte bar di på kvart sitt bilete: Hodefotingar og sånne som så vidt har fått kropp som livsgledeikon på knall oransje bakgrunn. For meg vart blikket på eit av barnehagebarna det sterkaste inntrykket i dag…
Og nå ventar resten av oppvasken nede på kjøkkenet. Halvard spelar elektrisk gitar i stova. Han har fått det for seg at han skal laga ein ny song med tekst og melodi. Eg har lova å laga vafler sidan me endeleg har fått nytt vaffeljern, Odd Christian er heime og Oddvar dessutan fyller år…
Og eg er aleine heime… Nesten i alle fall. Og foreldra mine reiste til Syden sånn omtrent med same fly som dei.
Skikkeleg aleine heime, og den vaksne på banen i fall noko skulle skje.
Og så har eg to gode bøker som ventar.
God tur til alle reisande. Eg held meg ved reiret.
Heidi
Ho varmar meg gjennom viduet inn til arbeidsromet og avslører at vindua mine er meir enn klare for ein vask.
Livet er sterkt og villt og roleg på same tida. Eg seiler på livets hav med vind i seglet og venlege understraumar som nok skal få meg vel i hamn.
Eg sit her på arbeidsromet mitt og jobbar med viktige tekstar. Eg er både konsulent og forfattar i det same prosjektet. Det er fint, og eg må strekka meg ut over mine eigne tilgåtte spor. Og skrivinga er ein liten skjerma del av livet mitt der det er godt å vera.
Medan eg skriv, tikkar meldingane inn på mobilen min. Dei handlar om store viktige ting. Om sorg og glede om ting som er bra, og om ting me skal få til.
I kveld kjem det venninner hit på litteraturgruppe. Boka me skal diskutera kjøpte eg i går, så det spørst nok om eg blir ferdig med ho… Eg skal trass alt først skriva i nokre timar til. Så skal eg vaska hus og laga til gjestebud. I morgon skal Halvard ha to selskap for å feira at han blir tenåring.
Sundag morgon reiser kjærasten min til Spania og blir borte i fire veker. Han har fått eit reisestipend, og gler seg veldig. Så lenge har me aldri vore i frå kvarandre før. Det er godt eg har store flinke ungar.
Mens eg sit her og skriv høyrer eg stemmane til to av dei nede i stova. Odd Christian er heime på ferie og Sunniva er heime fordi ho ikkje er heilt frisk. Og sola varmar så deilig.
Heidi
Det er eit vanviddsprosjekt. Eg kan ikkje la vera å beundra folk som får til slike ting.
Sjutusen skulebarn frå regionen her skal først laga kvar sitt relieff av 2 1/2 kilo leire. Desse relieffa skal ligga til tørk rundt i skulane i minst ein månad før dei skal brennast.
Så skal alle bussane i området frakta sju tusen ungar med sjutusen relieff ned til der storhavet møter sandstranda. Ei stor mengde gravemaskinar skal grava opp sandvollar som ungane skal pynta med relieffa sine. Det heile skal vera spektakulært frå landskapet, men mest av alt frå fly…
Det er utruleg at nokon har fått gehør for å setja dette her i sving, og det blir spennande å sjå koss det utviklar seg. I dag var eg og dei andre formingslærarane i kommunen på kurs og lærte korleis me skal vera ein del av dette prosjektet. Etterpå fekk me under leiing av to keramikarar laga kvart vårt store relieff i leire som ein modell for det ungane skal laga.
Ei av oppgåvene var å laga eit relief av noko som hadde betydd noko i livet vårt. Mitt bidrag vart ei framstilling av det første keisarsnittet mitt for 21 år sidan med påskrifta:
Så såg eg deg for første gongen,
mørkeraud og skrikande¨,
ein oppdagelsesreisande
på veg mot lyset.
Bare synd at etter to timar var kurset slutt, men relieffet vart pakka inn i plast slik at eg kan gjera det ferdig i morgon viss eg får tid.
Nå er kjærasten min i byen og hentar eldsteguten min som kjem heim på haustferie. Eg gler meg veldig til å sjå han att.
Og så har eg fått tilsend det diktet eg har leita slik etter.
Takk Torun!
Min elskede jeg har en vise å synge
mens bladene faller og fuglene drar.
Det sukker i skog etter sang som forstummet,
det mørkner muld etter grøde som var.
En blekere årstid skal røre vår tinning
med hastige vinger og drivende løv.
September skal gå over jorden og kalle
dens hjerte til stillhet
dens ånde til støv.
Einar Skjæråsen.
Eg veit det er fleire vers, nå er det dei eg og må tak i.
Heidi
Dagen har vore full av innhald. Tysdagane er ein einaste lang arbeidsdag frå åtte om morgonen til åtte om kvelden.
Mellom dei siste to dramagruppene fekk eg akutt behov for eit lite gjestebud. Jan Ivar fekk beskjed om å setta over kaffien medan eg småsprang til næraste butikk. Der kjøpte eg litt av kvart. Noko til han, noko til meg og noko til begge to.
Så hadde me tjue glade minutt med nykokt kaffi, sjokolade, avocado, cashewnøtter, brie og jordbær. Måltidet vart etterfulgt av to flasker lettbrus som me aldri fekk tid til å opna.
I morgon startar dagen med møte klokka halv åtte, og så er det aktivitetsdag med gymnastiske opplegg både ute og inne.
Dei har lova oss fint ver. Den som lever får sjå…
Heidi
er det eg skal produsera før eg kan ta kvelden. Dramaelevane våre skal presentera han på ein konsert, så nå må eg sjølv bli betre kjend med mannen. Eg har rota litt rundt på internett allereie, så heilt blank er eg ikkje.
I dag har det vore den store haustdagen. Regnet er som kasta over oss frå enorme bøtter ein stad der oppe. Det er noko nær ein parodi på vestlandsk haustver. Men koseleg er det, viss ein held seg innomdørs eller er skikkeleg skodd og kledd dersom ein vågar seg ut. I dag morges var det litt krise då eg skulle i veg, for den nye regnbuksa mi låg bak i bilen som var mange mil i frå meg akkurat då.
I morgon er det nasjonale prøvar i matematikk. Elevane våre skal verkeleg målast og vegast og strekkjast og vurderast. Å ha rekneprøve i nitti minutt er ganske krevande, og me har fått signal på at prøven er så omfattande at mange ikkje kjem til å bli ferdige…
Det er norsk storsatsing på faglege kunnskapar sidan norske barn har scora dårleg i internasjonale undersøkjingar. Heldigvis er dei blant dei barna i verda som trivst best på skulen. Det må då tella litt det og?
Så får me bare håpa at satsinga ber kunnskapsfrukter sånn litt etterkvart… Og at både ungane og me lærarar kjem ut av testsentrifugen med sjølvtilliten i behald.
Heidi