Gå til innhald

På reisefot-

Eg rekk mest ikkje å pakka ut før eg skal pakka att. Det som måtte att vera av reine klede etter helga får bare venta i kofferten. På onsdag føremiddag dreg eg på manusforfattarkurs på Stord saman med nokre fleire frå kulturskulen der eg er dramalærar. Det skal nok bli spennande…

Eg har hatt eit travelt døgn. Først vart eg veldig sein i seng fordi eg måtte gjera klar lekser eg ikkje hadde klart å få organisert før eg reiste med nattoget torsdag kveld. Så drog eg tidleg til skulen for å retta målprøvar før skuletid og pausane måtte eg og bruka til tilrettelegging.

I møtetida midt på dagen drog eg til legen med Sunniva. Ho har ein del plager med pollenallergi, og eit par gonger har ho opplevd å få pusteproblem under anstrenging, så me må finna ut om det kan vera astmatisk. Denne timen måtte me venta ganske lenge på. Etter å ha sitte mest ein halv time på venteromet tenkte eg at eg kanskje fekk seia i frå i respesjonen. Då viste det seg at legen ikkje var på jobb i dag. Ho hadde ikkje kome med eit fly frå utlandet… Då var det bare å få ny time. Heldigvis fekk me ein om ei veke. Og innerst inne er eg letta fordi det ikkje var eg som gjorde noko gale. Dukka opp ei veke eller ein dag eller ein time for seint, for eksempel…

Sidan eg skal reisa att på mandag måtte eg førebu neste veke slik at det er klart for dei som blir att og skal ha samarbeidsmøte. Eg vart sitjande på jobb til klokka var halv åtte, og det var godt å få det unna. På vegen heim var eg innom rådhuset og fekk avlagd dei tre stemmesedlane mine ein halvtime før stengetid.

Nå er det ein del klesvask som ropar på meg. I morgon skal elevane mine ta nasjonal prøve i engelsk på skulen sine datamaskinar. Eg må innrømma at eg grøssar ved tanken på alt som kan gå gale, men Marit er med og deler ansvaret, så det går nok bra. Alle femteklassingane i landet skal avlegga dei same tre prøvane. Det er første gong eg er med på ei slik ordning. Eg får håpa dei skjønar alvoret i situasjonen og gjer så godt dei kan…

På onsdag skal me laga terrarium og samla inn meitemarkar og småkryp som me kan studera. Det er eit
opplegg etter min smak. Ein av gutane i klassen klarte ikkje å venta. I friminuttet fanga han fem meitemarkar, ein edderkopp og ei vevkjerring som me kunne studera. Skikkeleg spennande, men reinhaldarane som ikkje var informerte haldt på å få panikk då det krøyp diverse smådyr rundt i ei låg pappøskje på katetaret… Sjølv er eg rimeleg herda etter å ha delt hus med dei dyrekjære ungane mine som kjem trekkande med det meste…

Sunniva blir send i seng nå med diverse vekkerklokker. Ho må opp klokka fire i morgon tidleg fordi ein gjeng frå klassen hennar skal få vera med på sauesanking i Sirdal og må reisa frå skulen klokka fem. Tida vil visa om eg er ei god mor som står opp og tek ansvar i morgon klokka 04.00…

Det er sikkert litt sunt å måtta ta ansvar sjølv når ein har blitt fjorten…

Heidi

Svensk katalysator:

Som dei kunstglade damene me er, hadde me tenkt oss på haustutstillinga i dag. Men det kan ta si tid å koma seg på bussen til byen, og bussen tek si tid for å koma seg fram han og.

Me fann ut at me heller ville bruka tida litt meir forsiktig slik at det ikkje skulle bli alt for mykje stress før toget gjekk.

Himmelen var framleis blå over hovudstaden, og midt på Karl Johan var det ein stor scene der det var NM i østers-opning
med oveføring til storskjerm.

Me valde å ikkje leggja alt for mykje energi ned i østersopnarane heller. I staden gjekk me til bymisjonen sitt vesle kapell på Kirkeristen, tende eit lys og var stille litt saman. Så kikka me litt på ei russisk folkemusikkgruppe i kosakkdrakter, før me inntok eit lett improvisert måltid på Demi de Luca. Me fekk varma opp bittesmå porsjonar av tyrkisk og indisk mat, som me åt rett frå pappbehaldarane med perriervatn til. Måltidet vart innteke i komfortable skinnlenestolar ,og etterpå kompletterte me med cappuccino.

På toget var det ro og dempa harmoni dei første fem timane. Eg sat i ei firargruppe av menneske som sat med kvar sine bøker og kvar sine drikkeflasker. Eg fekk vita ting om dei alle saman via samtalar dei hadde på mobilane. Slik fekk eg vita at ho eine var skeptisk til å ta antibiotikatablettane ho hadde fått på legevakta mot ein infeksjon, og at ein av dei andre var drittlei av militæret allereie, men at ølet var billig, så han hadde aldri drukke så mykje som nå…

Det er interessant at ein sit slik og veit ting om einannan som ein eigentleg ikkje veit, og derfor ikkje utan vidare kan snakka om…

Den eine jenta var kjempesøt, då eg etter å ha ankome Kristiansand spurde konduktøren om eg kunne få flytta til eit vendbart sete, fordi eg vart så sjuk sist eg reiste mot kjøreretninga, tilbaud ho seg å byta sete med meg. Sjølv reiste ho like bra same kva eg ho sat…

To timar før turen var slutt skjedde det noko interressant. Ein svensk mann, svært kontaktsøkjande og ikkje heilt edru, kom inn i vogna. Han baud rundt av whiskyflaska si, noko alle takka høfleg nei takk til. Så begyntte han å spørra dei forskjellige personane i vogna om kva dei heitte og kva dei jobba med. Alle svarte han høfleg. Så sette han i gang eit lite show: “Majoren här, (det vil seia guten i militæruniform), är mycket interesserad i att bliva känd med dig,” sa han til ei av jentene. “Det kann jag se på hans ögon”. “Vilken fin kavaj, majoren har. Gullknappar och all tingen.”

“Ni får ursäkta mig,” sa han gong på gong. “Jag är nog lite full, men o var jag älskar er nordmenn.” Han prøvde å læra oss svenske fotballsongar “Vi som är från Göteborg, reser aldrig hem med sorg…” Og innimellom politiske funderingar. “Ursäkta mina åsikter fru Professor, (det var meg som hamna i den båsen) men nog får det vara nån gräns för hur många innvandrarar man släpper inn i ett land!” -At han sjølv hadde presentert seg som ein svenske som jobba som stillasiearbetare i Egersund såg ikkje ut til å føra til at han på nokon måte rekna seg sjølv med i gruppa innvandrarar.

I det denne mannen tok fullt fokus i togkupeen, skjedde det noko med samspelet mellom folk. Folk lo og kniste, veksla blikk og svarte svensken som best dei kunne. Plutseleg hadde me noko felles. Det utvikla seg ein slags felles plattform av overraska humor og lettare irritasjon etterkvart som det viste seg at han hadde tenkt å halda showet gåande heilt til han skulle av toget. Folk skålte velvillig med colaflaska si mot hans whiskyflaske og gjentok for tiande gongen at dei heitte Hildegunn eller at dei kom frå Snartemo, og at det budde relativt få somaliarar og andre innvandrarar på Snartemo…

Ei dame med Hinna idrettslag på ryggen vart til og med så inspirert at ho kom med små matematikkoppgåver til vår nye svenske venn, som han med stort oppstyr prøvde å løysa. “Då får jag nog be generalen hjelpa mig, eller kanske fru revisorn som sitter där borta…”

Det var mest som den gongen me fekk straumstans på ubestemt tid etter seks timars taus togreise. Etter eit kvarter gjekk dropsposar og kjekspakkar skytteltrafikk mellom seteradene og heilt ukjende menneske spelte yatzy og hjalp einnanan å løysa kryssord.

Togreiser er eit interessant sosiologisk fenomen.

Heidi

Gule blad på Blaafargeverket.

Septembersola ligg venleg over dei austlege deler av landet. I lag med Eva Mari og svigermor har eg hatt ein herleg haust-tur til Modum og Blaafargeverket. Sidan svigermor er godt over åtti, og helsa hennar har skranta litt, var det så kjekt å sjå henne i så god form, og slike dagar i lag med henne blir ekstra verdifulle.

Me har site ved eit steinbord i graset ved elvebreidda og ete Eva Mari sin gode kyllingsalat medan dei gode bjørkeblada regna venleg ned over oss. Kaffien henta frå kafeteriaen i ei stor kanne og me drakk han med andakt.

Utstillinga til Håkon Gullvaag stod i spennande kontrast til den andre utstillinga med Skagensmaleri og Carl Larsson. Etterpå såg me på Koboltblå glas medan eit brudepar og gjestene deira vart fotograferte like utanfor huset. Eg kom i ein vidløftig samtale med ein kunde som meinte at elgane av blått glas til å henga opp i eit vindu var skremmande lite naturtru i proporsjonane. Eg har ein tendens til å koma i surrealistiske samtalesituasjonar med lettare eksentriske personar… På heimvegen plukka me med oss kremmerhus med heimelaga drops, og kjøpte blåskjell og fylde krabbar på meny.

Etter første møtet i liturgikomiteen var eg litt usikker både på mi eiga rolle og på kva eg kunne få til å bidra med, men i går var det bare veldig fint å vera der. Å sitja ein heil dag og vega formuleringar mot einannan er definitivt noko for meg… Spennande å vera i lag med andre som blir like engasjerte av det som meg, og dei andre medlemmane er utruleg hyggelege menneske som eg gler meg til å bli endå betre kjend med. I går var ein norsk lyrikar, som eg aldri før har møtt innom i gruppa. nå gler eg meg til å kjøpa og lesa den siste diktsamlinga hans.

Då møtet var slutt dreiv eg litt omkring i gatene før eg kjøpte meg ein bukett haustfarga fresia og tok bussen ut til Eva Mari. Der fekk eg servert scampi i fennikelsaus med raud pesto og cherrytomatar. Over senga mi hang ein nysydd knallraud kjole med hekla mansjettar og krage og venta på meg. I dag vart eg vekt med varm kaffi på senga. Eg let meg overvelda…

I morgon har me tenkt å få med oss haustutstillinga før eg set meg på toget heim. Eg elskar den lange våren me har heime på vestlandet, men hausten som årstid gjer seg aller best på austlandet. Her er hausten klar og kjøleg med gule blad som blir hengande i vekevis. Heime bles og regnar det meste vekk i løpet av ei vekes tid.

Nå spelar dei musikk på fjernsynet frå Pavarotti si gravferd. Me skal slappa av litt på sofaen med laurdagsavisene før det blir skalldyraften i heimen.

På togturen heim får eg prøva å kjenna kva parti eg skal stemma på på måndag. Akkurat nå veit eg det faktisk ikkje…

Heidi

Foreldremøtet er vel overstått.

Eg trur det gjekk heilt fint… Eg er alltid litt spent før eit foreldremøte, og etterpå håpar eg at eg har fått sagt det som seiast burde.

Nå sit eg her og glipper meda augene medan eg ventar på å bli kjørt til nattoget og liturgimøte i Oslo. Ok å sova seg fram til nye plassar. Eg føler meg litt som Tårnfrid med foreldremøte heime om kvelden og møte i Oslo neste morgon.

Det skal bli deilig med ei avslappande helg i Oslo. Nå gjeld det bare å ikkje koma for seint til toget…

Heidi

Om å kjenna seg att.

Festen i går blei ei stor oppleving. Det var varme klemmar frå eg kom inn døra og den gode kjensla av at “Desse menneska er eg jo faktisk veldig glad i, korfor i all verda ser eg dei ikkje oftare…”

Eg hadde gløymt kor mange fargerike og flotte folk eg faktisk gjekk på skulen med. Når ein møter dei att i ein slik setting så kjem dei faktisk inn under sistenemnde kategori alle som ein. Dei hadde bokstaveleg talt kome frå aust og vest og sør og nord for å vera med på festen.

Kari Lise hadde reist heilt frå Chicago fordi ho hadde så lyst til å sjå oss att. Der borte vart ho verande etter å ha studert i USA i eit par år. Under namnet Kerilaisa lever ho med amerikans mann og to vakre tenåringsdøtrer me fekk sjå bilete av. Det er tjueseks år sidan sist eg såg henne, og bare møtet med ho ville gjort festen verd sin pris.

På ein veranda i Thailand sit Steen og skriv Boing-blad og barnebøker viss han då ikkje syng nede på stampuben sin. Han hadde sidan sist fått seg kone frå Thailand og adoptert to thailandske tenåringsjenter.

Inger Kari var nygift og Morten, som var næraste naboen min størsteparten av barndomen, og gjekk i klassen min i tolv år, hadde blitt bestefar til to jenter.

Rune kom utkledd som gorilla i førtiårsdagen min. Han hadde fått snusen i at eg skulle feira og dukka opp heilt uanmeldt. Han letta ikkje ein millimeter på gorillamaska og eg var heilt ekte vettskremd då han prøvde å fanga meg.

Børge ankom same festen utkledd som ei lett hysterisk dame med grøne platåsko og eit kålhovud under armen. Han påstod at han var leiar for fanklubben min på Vikeså og radbrakk dikta mine. Han var like uanmeld og ubuden som mannen i gorilladrakt. Tenk å kjenna folk som bare gjer slike ting utan at du har sett snurten til dei dei siste fem åra.

Ragnar hadde måtta legga opp karrieren som dypdykkar i Nordsjøen fordi ein rett og slett ikkje kan ha ein slik jobb i mange år. Nå jobba han på kontor, men glimtet i auga hans gjorde at eg absolutt kjende igjen
“Vidlasen” som hoppa utfor små stup med eini gammal herreparaply som fallskjerm, og konstruerte sine eigne slalåmbindingar då han var fjorten.

Ein av dei mange konklusjonane var at me var evig takknemlige fordi me hadde fått veksa opp på denne vesle flekken av ein tettstad på seksti og syttitallet då alle kjende alle og fabrikkblåsa bles signal kvar dag klokka halv tolv som betydde at folk skulle gå heim til middag. I klassen min var det folk som sykla heim kvar einaste skuledag for å eta middag i langfriminuttet.

Sjølvsagt gjekk tida alt for fort og plutseleg stod kjærasten min der for å henta meg. Eg meinte på førehand at klokka eitt sikkert var passe seint, men sjølvsagt kjendest det alt for tidleg.

I dag har eg vore serverings- og kjøkkenhjelp i konfirmasjonen til Karen Amalie. Veldig kjekt det og.

Snipp snapp snute
så var helga… ute…

Heidi

Mens eg ventar på ein fest.

Nå sit eg klar i den nye svarte kjolen min med raude skor og raudt hjarte rundt halsen. Om trettifem minutt skal eg møta klassen som eg var ein del av frå eg var sju til eg var seksten år.

Nå må bare kjærasten min skifta klede i ein rasande fart. Han kom inn døra akkurat nå, skal i ein femtiårsdag og skal setja meg av på vegen.

Visst har me hatt festar før. Sikkert fem i alle fall sidan me gjekk kvar til vårt for tretti år sidan. Ja, når eg tenkjer meg om må det rett og slett vera eit trettiårsjubileum eg skal på. Det har eg ikkje tenkt på før.

Og alle er blitt vaksne. Likevel kjem me nok til å kvila litt i dei gamle rollane frå me var seksten slik me alltid gjer utpå kvelden.

Eg var definitivt ikkje av dei kulaste, men det hadde eg i grunnen ikkje så veldig behov for heller… Då me gjekk ut av skulen var eg med i eit kristent ungdomskor og var sundagsskulelærar på si…

Det er lett å tru at folk er dei same som dei var for tretti år sidan, og kanskje dei til ei viss grad er det og. Me har opplevd mange mange timar barndom i lag, eg har heilt klare bilete av dei fleste korleis dei var då dei var sju. Eg ser for meg dei etterkvart tøffe gutane stå framme i det eine hjørnet der me stod ein og ein og to og to då me fekk “koma fram og synga for dei andre.” Eg trur eg må ha hatt ei lukkeleg skuletid, for eg hugsar veldig mykje frå alle åra. Som det barnet eg eingong var…

Heidi

Haustdag med liturgisk fyll.

Då eg vakna i dag var golva så kalde at eg måtte gå i skapet og finna meg sokkar. Eg har slått på den elektriske omnen i stova for første gongen på lenge.
Det er nok kanskje slik at hausten verkeleg er komen og sommaren er over?

Nå sit eg her og prøvar å laga liturgiske bøner. Det er vanskeleg og arbeidskrevjande. Eg filer på orda. Eg stryk ut og skriv på ny. Eg flytter på eit ord og les det hundre gonger før eg skiftar det ut med eit heilt anna ord.

Orda blir så tunge når dei skal stå i ein slik samanhang. Dei blir så annleis enn dei fjørlette orda eg slynger ut frå andedrakt i store mengdar i løpet av nokre minutt.

Ord som skal talast på vegne av mange andre, og vurderast eitt for eitt av ein gjeng eksperter. Det er litt skremmande. Samtidig som det er heilt ufarleg for ord er jo til sjuande og sist ikkje meir enn ord. Og får eg ikkje til det eg prøver å få til så har eg likevel prøvd og lært…

William kvitrar i buret sitt og Venus ligg på golvteppet ved
føtene mine. Helst vil ho liggja bak ryggen min på den nye kontorstolen med gult sete og nettingrygg, men det blir litt trongt i lengda…

Kjærasten min har opna vinduet. Me sit her begge to og jobbar med kvar våre tekstar. Han veit ikkje at omnen står på nede i stova.

Gerd ringer og spør om Tonje kan få vera her i eit par timar. Eg seier at det er det klart at ho kan. Chleopatra, den andre katten vår hoppar inn gjennom det opne takvinduet og landar med eit lite smell.

Truleg er det framleis ein kaffiskvett igjen på traktaren.

Heidi

Pensel på stort lerret.

Dei første vekene etter skulestart heiter det lerretet eg malar livet mitt på skule. Jobben tek så stor plass i livet mitt akkurat nå at eg har problem med å hugsa at folk pleier å laga og eta middag sånn ein gong utpå ettermiddagen.

Det er fint og intenst å vera i lag med ungane. Daglege små under og heilage stunder dukker opp mellom slaga.
Livet dirrar og skjelv og lever, og det går levande straumar på kryss og tvers i klasseromet.

På fredag skal alle elevane her i småbyen gå ein vennskapsmars til torget. Me har laga plakatar i dag til å bera med seg. Elevane fekk sjølv foreslå kva som skulle stå på dei. Ein plakat står det “Peace and love på” med store peacemerke og hekla snorer. Guten som designa plakaten var nøye på at alt skulle vera i “hippifargar.”

Eg fråråda teksten “Ned med krig og elendighet”, og eg la ned forbud mot påskrifta “Ut med Bush”. Elles så fekk dei formulera sine eigne slagord om vennskap og fred og alt som godt er. Ironisk nok kan vennskap settjast på prøve når ein har som gruppearbeid å laga ein vennskapsplakat. Det er ikkje alltid så lett å forstå at dei andre ikkje vil ha det akkurat slik som ein sjølv har sett det for seg…

Men me kom vel i havn, ein time på overtid, og elevane var stolte over resultatet.

Etter at elevane er sende heim kjem neste etappe av lærargjerninga… Foreldremøte skal organiserast og invitasjonane lagast, målprøvar skal produserast, bøker skal rettast, telefonar og sms-ar skal gå heim til diverse foreldre, og eit tema om naturen om hausten skal snekrast saman. Så skal dagen evaluerast, og me på trinnet skal diskutera om noko bør gjerast annleis neste veke…

Eg lurer på korleis eg hadde tid til å ha denne typen jobb då eg hadde fire små ungar, men det gjekk det og. Om det er ein type jobb eg verkeleg vil anbefala nokon å utdanna seg til? Ja, sjølvsagt…

Og ein ting til: I dag har eg utvikla ein ny salat som smakte heilt nydeleg: Issalat, reker, avocado, agurk, jordbær og brie. Har oppdaga at mange store smaksopplevingar ventar om ein bare slepper kreativiteten laus…

Heidi

Månen er så stor om hausten

og om våren. Eg lurer på korfor. Kan henda er det bare noko eg innbillar meg? Og kveldane er mørke.

Ferien kjennes allereie som noko som var for lenge sidan, og kvardagane er i ferd med å bli sjølve livet att. Og dei er på ingen måte å forakta.

Frå i dag av er dramaundervisninga og i svevet att, og meg og Jan Ivar har innteke ein utruleg rask lunsj på ein uterestaurant for å rekka å vera tids nok til første timen.

Eg har snakka i telefonen i ein time med Odd Christian som var i pratehumør, og dessutan hadde litt lite pengar…

På laurdag skal eg på klassefest med alle dei eg gjekk i klasse med på barne- og ungdomsskulen. Det blir som å stikka innom barndomen sin ein snartur trur eg.

Nå skal eg inn og sjå på Sunniva som skal få undulaten vår handtam ved hjelp av hirsekolber. Vesle signalgrøne William skal trenast opp til å gjera kunster.

Fullmånen lyser

som var den av glas… Augustmånen er stor og kvit, og ute er det heilt mørkt.

Dagen har gått i eitt og veksla mellom elevar og møter og telefonar. Eg konsentrerer meg om å leva i det som skjer og ta ein ting om gongen. Som eg lærte i ein song ein gong: “Der du går skall din veg öppnast för dig, steg för steg…” Det prøver eg å leva i. Steg for steg.

Eg handla blomkål og jordbær i butikken i tillegg til mogen raud paprika og lysegrøn vårløk. Rundstykke til alle som ville ha stod og vart lunkne i omnen og venta på mjukt lysegult smør.

Eg tenner lys på kateteret når eg les. Eg les høgt frå “Glasblåsarborna”, den vakraste barneboka eg veit som eg til slutt fant brukt på eit antikvariat via internett.
Det er ei bok alle burde lesa langsomt medan dei tenkjer. Eg prøvde å kjøpa filmen og på interenett, men der eg fann han fekk eg bare betala med svenske, danske eller finske pengar.

Dagarna mörknar minut för minut,
tänn våra ljus det är nära til hösten
snart är den blommande sommar slut.

Heidi