på flyplassen i Vancouver. Eg kjenner på ei, kva skal eg seia. lett uro?, framfor ni og ein halv times flytur over Atlantaren, men det gjekk jo veldig bra den andre vegen… Me sit her og ventar på at dei skal gje klarsignal til å gå på flyet, og eg er lettare ør i hovudet.
Me jentene var ein tur på do for ti minutt sidan og eg stod og venta. Då Ingrid kom tilbake såg eg rett forbi henne og kjende henne ikkje igjen. Eg skulda på at eg stod i andre tankar, men ho vart litt forskrekka… Eg sa at eg hadde gløymt at det ikkje var to små jenter eg stod og venta på…
Og litt tidlegare datt plutseleg alle korta mine ut av veska fordi eg hadde gløymt å lukka lommeboka, så heilt tilrekneleg er eg ikkje halvtimen før lengre flyturar… Det er godt at dei andre kan passa på meg. De som les dette medan eg er i lufta kan godt senda meg ein varm og venleg tanke… Men eigentleg har eg jo ikkje flyskrekk lenger då… bare for å ha nevnt det. Men det kjendest psykologisk rett slik det vart den andre vegen, først ein kort flytur for å varma opp, og så ein lang flytur etter at meistringsopplevinga er på plass…
Kjærasten min sit og hentar inn opplysningar på mobiltelefonen sin om Korsveifestivalen. Det blir neste prosjekt. På tysdag hankar me med oss Sunniva, Halvard og Vilde Marie og dreg til Korsveiestival i Seljord. Det er der eg skal vera forteljar, så eg må få historiene heilt på plass før me dreg. Nå annonserer dei at boardinga tek til. Dei med små barn funksjonshemma og første klassepassasjerar først. Off we go…
Heidi
Kamloops heiter byen me er komne til. Eg har måtta sjå etter sånn omtrent ti gonger i løpet av ettermiddagen for å hugsa namnet.
Då me kom hit var me ganske slitne etter ein lang og varm dag i ein trong bil. Eg og Sunniva gjekk ned i symjebassenget med det same. Her på hotellet er det innandørsbasseng med “hot tube”- Herleg.
Den gamle badedrakta mi skreik etter avlastning. Etter sånn ca femten år, eller noko slikt var nokre parti sånn bortimot gjennomsiktige. Det nye innkjøpet er relativt drastisk. Eg har kjøpt ei smaragdgrøn badedrakt med skjørt som ser ut som ein minikjole. Om det ser komplett idiotisk ut eller ikkje diskuterer eg med meg sjølv, men på ein eller annan måte blir eg i godt humør av dette merkelege plagget.
Kamloop viste seg å vera ein av dei mest sjarmerande byane me har vore innom. Først var me på kinarestaurant i eit lokale som lukta kjellar, men maten var god og alle var glade. Etterpå vart me serverte lykkekaker, slike hole kinesiske kaker med ein spådomslapp inni. Det er andre gongen på turen me har fått slike kaker, og me er lette å mora.
Etterpå møtte me ein tiggar med fillete sko. Eg ransakte lommar og veske etter myntar. Ein del av dei var frå USA, men han forsikra om at han “took coins from United States
as well.” Han kan ikkje ha fått mange dollarane, men han vart så glad at han omtrent drukna oss i gode ord og lykkeynskjingar.
Etterpå gjekk me over ei monumental gangbru i kinesisk stil bygd over jernbanen til minne om alle kinesarane som hadde vore med og lagt jernbanelinja for meir enn hundre år sidan. På trinna stod det med jamne mellomrom oppmuntrande ord: “You can do this”, “Climbing steps is good for you,” “You´re on the right path”, og “You will reach the top.”
Me kom ned til ei elv, og ved elvebredden var det ei sandstrand der folk bada. I nærleiken var det eit lite vannland for barn med vatn som spruta ut frå ulike installasjonar, og dammar dei kunne leika i. Der plaska det masse glade småbarn. Ved sidan av var det klatrestativ, husker og rutsjebanar. Rett bak var det eit eldresenter med store vindu ut mot desse leikeplassane. Det må då vera genialt! Gje dei gamle innebygd orkesterplass til barna.
Me høyrde song, og lenger bort i parken, på ein scene stod eit blandakor og song. Dei song på fransk-kanadisk, så truleg var dei på ein slags turne. Songen var fengande, og kjærasten min baud meg opp til dans, men ungane sa nei.
Framfor scenen sat masse folk på campingstolar. Nokre av dei var psykisk utviklingshemma. Medan dei song kom eit par ridande på store brune hestar. Dei hadde røde trøyer og kvite cowboyhattar, og stoppa hestane for å få med konserten dei og. Både damene og mennene koret hadde skjorter i enten limegrønt, turkis, lilla eller rust-rødt. Det siste skriv eg for å hugsa at desse fargane saman gjer eit flott scenebilete.
På veg tilbake møtte me nokre turistar som hadde med seg katten sin. Eit langhåra vakkert kattedyr låg oppå den eine ryggsekken og strekte seg i sola. Eg kjende med alle sansar at det var sommar, og tenkte at eg måtte ta med meg sommarvarmen i eit hjørne av sjela, for heime er det visstnok både kaldt og rått.
Litt urolege er me alle mann. I morgon set me oss på flyet heim, og eg trur alle kjenner ei viss uro både for alt som skal klaffa og for den lange turen heimover. Det er ikkje bare autistar som synest at overgangane er det vanskelegaste…
Ungane gler seg til å koma heim nå. Heilt i tråd med slik eg alltid brukar å vea kjenner eg eit visst vemod med å setta sluttstrek for turen. Det har vore så fint. Me har sett og opplevd så mykje. Eg skulle gjerne ha reist i tre veker til, men det er sikkert psykologisk rett at reisa sluttar medan alle framleis har reiselyst att… Eg har lyst til å sjå mykje meir av USA, og kanskje av Canada og, men det får eg ha til gode. Dei einaste eg svært gjerne ville, men ikkje klarte å få til, var å oppleva ulike amerikanske gudstenester. Det får bli neste gong. Og så skulle eg gjerne besøkt amerikanske klasserom og sett litt på kva som skjer der…
Det har vore fint å leva så tett med dei tre yngste barna. Me har vore saman dag og natt i tre veker. Stort sett har det bare vore positivt.
Men ennå er det ganske mange timar til me er heilt heime, så eventyret er ikkje slutt. Ønsk oss gjerne ei god og trygg reise heim.
Heidi
Dette sitatet rulla ut i romet frå TV-apparatet akkurat då eg begynte å skriva. Det er ikkje det eg hadde tenkt å skriva om i det heile tatt, eg måtte bare fanga opp setningen og skriva han ned, for på ein eller annan måte seier han meg ein heil del om Amerika, eller i alle fall ein del om amerikanske TV-program… Jentene kikkar på eit av uendeleg mange TV-program av typen “Bli rik og berømt.”
Me føler oss forresten som rikingar akkurat nå, for i dag tok me inn på eit hotell og bur på eit stort rom med ei lita stove med øyrelappstolar og fotskamlar og to soverom. Me har stort sett sove på det same motellromet alle fem, så i dag slo me til med luksusvarianten sidan det er siste natta vår.
I går kveld var eigentleg planen ein padletur på innsjøen like ved der Joffe og Elisabeth bur, men då Joffe ville bestilla kanoar leigde dei ikkje ut på grunn av vinden. I staden vart det ein spasertur langs innsjøen for oss vaksne. Det var så nydeleg der, og veldig frodig vegetasjon med planter som ikkje veks fritt heime i Norge. Me fant til og med ein busk med bittesmå ville stikkelsbær.
I dag var me tidleg i gang fordi me skulle kjøra langt. Eg og Ingrid gjekk i går for å kjøpa ein ny koffert til meg. Då fann ho og ut at ho trong ein koffert. Me fann to trillekoffertar på halv pris og var kjempeforøgde då me gjekk for å betala. Dama i kassen sa “We have a special offer today, when you buy two special-price-suitcases, you can get a third one for a looney.” Me såg på ein annan. Kva var ein looney, mon tru. Me tok sjansen på at det var ein kanadisk dollar. Dette viste seg å halda stikk då me kom med den tredje kofferten for å betala, for slike tilbod kan ein jo ikkje stå i mot. Me kjøpte og to par sko på sal, og fekk eit tredje par, kjempefine finsko til Sunniva for a looney.
Sko på sal er utruleg billige her, så me har ikkje klart å stå imot kjøpeinstinkta angåande ting me treng likevel…
Så nå kjem me heim med atten par sko… Bare eit av dei er mine, og eg vurderer å kasta dei grøne joggeskorne eg hadde med fordi dei ber preg av å ha gjort si nytte…
Som de kanskje skjønar. Alle kofferter er stappfulle inkluderte “loonien”, og det førte til at eg i dag har site i baksetet med to små ryggsekker under beina og ein stor reisebag i fanget… Sånn går det når materialismen tek overhand…
Me har kjørt over Rocky Mountains i dag og sett både små isbrear og mange område der det skal vera masse ville dyr. Ingrid er heilt sikker på at ho såg ein ulv bare få meter frå bilen. Ho var heilt skråsikker på at det var det ho såg, men når ein kjører i 100 km/t var me kome langt forbi før me andre rakk å kikka ut.
Nå skal me ut og få oss litt mat. Eg skriv litt meir seinare trur eg. Dagens sitat frå Martin Lönnebo:
Rop ikkje så høgt at du ikkje høyrer hjartet ditt.
Heidi
I dag vakna heldigvis helten min og kjende seg mest like god som ny. Etter Elisabeth sin gode havregrautfrokost, drog me ned til byen. I dag morges bles det, og regna litt. Termometeret viste faktisk bare ni grader. Men sola kikka fram etterkvart, og det vart sommar att.
Calgary sentrum er vakkert, synest eg. Midt i byen er det ei klynge skyskraparar, der er det butikkar og kontorlandskap. Mellom skyskraparane er det gangbruer i glass. Alt ser veldig skikkeleg og velhalde ut.
Endeleg fekk jentene i familien ein skikkeleg runde i butikkar. Det vil seia at Ingrid og eg fekk handla ein del klede. Ho slo til og med til med cowboy-boots, og manglar bare ein skikkeleg cowboyhatt. Annankvar person i denne byen har cowboyhatt, eg har ikkje heilt funne ut om det er i anledning Stampedefestivalen, eller om det rett og slett er eit plagg dei kjenner seg bekvemme med. Me har etterkvart innsett at cowboyhattar er det naturlegste hodeplagget i verda, kanskje me kjem heim med slike alle mann?
Elisabeth lagar fantatisk mat, og ho ropar i dette sekundet. So long.
Heidi
Omsider kom eg meg i seng, men han eg skulle dela seng med vakna og kjende seg ikkje noko bra. Han kjende seg kvalm. Han ville gjerne ha eit spann eller noko liknande i tilfelle han fekk det travelt, for golva i andre etasje er dekka av tjukke heildekningstepper. Eg rota rundt i kott og skap, og det kjendest eigentleg ikkje heilt ok i eit framand hus, men alternativet var vekking av vertskapet, og det kjendest heller ikkje uproblematisk. Til slutt tok eg til takke med avfalls-spannet eg fann i baderomet.
Ein halvtime seinare vart han sjukare og aksta opp fleire gonger. Klokka fem vakna eg av melodien “All of me, why don’t you take all of me?” Full guffe og huset ljoma. Eg trudde det betydde at det var morgon, og kledde meg og stod opp, men det viste seg at klokka ikkje var fem ein gong. Det vart meir musikk med markant styrke. Anten var det musikk i gatene midt om natta, eller naboane som hadde nachspiel. Men fin musikk var det i alle fall. Den sjuke mannen min vakna og kasta opp igjen, og plutseleg var natta over. Eg er bare glad at det ikkje var i dag me skulle forflytta oss seksti mil i leiebilen. I skrivande stund er han mykje betre, dette skal ikkje bli problematisk for heimturen. Det er framleis to dagar att her i Calgary.
Me hadde planlagd ein utflukt til eit stort dinosaurus-museum dag, og ungane vart jo litt skuffa over at far var sjuk og sengeliggande. At mor skulle frakta dei dit i leiebil var heilt utelukka. Det var mest to timars reise kvar veg.
Heldigvis stod riddaren onkel Joffe fram og sa at han skulle reisa med oss, og tante Elisabeth vart heime med pasienten.
Me har sett vaskeekte hovudskallar av Tyranusaurus rexar, og tileigna oss masse informasjon om tidlegare tider. Museet var veldig proft laga, og unggane fotograferte og koste seg. Me hadde lunsj i ein nedlagd gruvelandsby. Av alle ting ein persisk familierestaurant der det verkeleg var hummar og kanari, ikkje heilt bokstaveleg reint menymessig, men elles…
Me venta i mest tre kvarter innan maten kom, men ungane likte maten, og omeletten min smakte nydeleg. I dag vart han servert med to loffskiver pluss peanutbutter og rasberry jam… For to dagar sidan var det pannekaker og maplesyrup. Kanskje eg skulle reisa landet rundt og skriva ei doktoravhandling i emnet kva ein serverar til osteomelett. Joffe som bestilte ein eller anna for oss heilt ukjend persisk rett, fekk vel eigentleg den kjedelegaste maten.
Heimturen gjekk over endelause vidder med gigantiske rapsmarker og grasenger. Dette landet er verkeleg utruleg storslagent. Terrenget vil liksom ingen ende ta.
Halvard sorterer dinosaurusfotografia sine. Kanskje eg skal kvila litt… Vertskapet kviler etter ei for dei og uroleg natt…
Heidi
Ikkje på meg, men på pc-en, så viss dette får ein brå og uforklarleg ende, så er det grunnen.
I dag har me vore oppe i Rocky Mountains. Først kjørde me gjennom eit ganske stort område som var indianarreservat. Eg har alltid sett for meg eit indianarreservat som eit lite område, men det er i verkelegheita ganske gigantisk. Der har indianarane fått små hus og jord dei kan bruka som dei vil Området skal og vera stort nok til å jakta på, sidan det var den opprinnelege livsstilen deira. Stammen disponerer området og får ein sum pengar til å bruka som det er best for dei. Kvar stamme har ein høvding, og dei me såg i opptoget i går var vaskeekte høvdingar, og høvdingen har eit eldsteråd som hjelper dei å styra.
Eg vart fortald at det heile fungerer forskjellig frå stamme til stamme. Nokre stammer klarer seg bra, medan det fungerer dårleg i andre reservat. Rusmisbruk er eit stort problem, mange har vanskar med å finna seg jobbar, og ein del av skulane fungerer veldig dårleg. Det å vera indianar har ikkje høg status i det canadiske samfunnet, og reservatordninga gjer at mange har problem med å bli integrerte på ein god måte.
Husa dei budde i var ofte små og ganske forfalne, og det var ganske grisgrendt i det store opne landskapet. Det stod skilt med “Be avare of pedestrians,” noko som indikerte at ein måtte rekna med at ein del av fotgjengarane ikkje gjekk støtt i vegkanten. Veldig trist.
Og der svikta batteriet, men med litt hjelp av Halvard har eg kopla om til den lokale PC-en. Ein med amerikansk tastatur, i fall nokon synest eg utrykkjer meg kronglete i resten av teksten…
Etterkvart kom me fram til naturreservatet. Her finst det mange ville dyr, ein del av dei store og farlege, men me oppdaga bare to hjortar, begge like ved vegen, og i tillegg mange ekorn. Me tok vegen heilt opp til eit vatn som heitte Lake Louise. Det var heilt nydeleg der. Fjelltoppane som raga mot himmelen, det eine delvis dekt av isbrear. Vatnet , som var smeltevatn, hadde farge som melk blanda med turkis maling. Folk padla rundt i kanoar, og av alle ting stod det ein mann der med tyrolarhatt og Lederhosen og spelte alpehorn. Det hadde visstnok i tidlegare tider vore sveitsarar der som underviste folk i fjellklatring, eg trur mannen var ein slags gimmick i samband med dette. Truleg var han kanadiar god som nokon, men heilt sikker er eg ikkje…
Det gjekk ein sti oppover i fjellet til eit utsiktspunkt, og dit ville me gjerne. Eit skilt opplyste om at ein burde vera saman i grupper med minst fire personar. Det ville gjera det mindre sannsynleg at pumaer eller slektningane til Ole Brumm skulle angripa oss. Spesielt Halvard var lite konform med at slike dyr fantest ikkje langt unna, og Ingrid ropte og laga lyd med ein kjepp med jamne mellomrom, for det var anbefalt i turistbrosjyren. Heldigvis traff me ingen skumle skapningar og utsikten var vakker.
Me hadde lunsj ute. Eksklusiv hotellmat rundt eit terrassebord i sola med utsikt til fjelltoppane. Eit godt alternativ til Mc Donalds… Dei andre tok ein svevebane opp til ein fjelltopp medan eg koste meg med kaffi og kortskriving. Ein kan ikkje forkasta alle fobiar samtidig,
og svevebanar er ikkje heilt mi greie…
Ingrid og eg sat i bilen til svoger Joffe og fekk interessant guiding. I indianarreservatet plukka me opp ein haikar, slik at Ingrid fekk selskap i baksetet… Han budde nede i byen, i reservatet var livet alt for kjedeleg, sa han. Elles var han ikkje veldig medelsam. Det ville vore interessant om han hadde fortald om livet i indianarreservat og om livet som indianar med utgangspunkt i sin synsvinkel…
Forresten heiter det ikkje indianar lenger. Det heiter “first nation” eller “native americans”…
Alle dei andre er i djup svevn allereie. Programmet er intenst, og eg er visst den einaste natteranglaren under dette taket… Kanskje det er best at eg fylgjer dei gode eksempla og kjem meg i seng eg og?
Heidi
Byen var full av cowboyhattar og boots. Folk stod tett i tett, og eg hugsa korleis det var å ssjå på 17.mai-tog då eg var lita. Mange ryggar, og i dette tilfellet store hattar.
Me kom vekk frå dei andre, eg og jentene. Me skulle gå i førevegen medan dei andre parkerte bilane, og så hadde me ikkje klart å gjera ein klar nok avtale. Me delte oss i to lag, jentene på eitt og eg på det andre. Me skiftest om å halda vakt på det punktet me forsvann frå einannan og på å tråla gatene etter dei andre. Til slutt klarte kjærasten min å ringa meg opp. Me avtalte å gje opp og leita i folkemylderet, og heller avtala møtestad når paraden var slutt.
Paraden varte i tre timar og var verkeleg fargerikt. Det var hestar i alle storleikar og fasongar med all slags ryttarar. Hestar med masker, med panneband, med skaut og gulhovar. Muldyr, esel og ein svær oksa med ring i nasen og ein ryttar på ryggen. Det var musikkorps i alle fasongar, drilling med flagg og gevær, digre militære tanks, mange divisjonar med sekkepipeblåsanda skottar og ekte indianarar i store mengdar. Det var verkeleg motstykket til 4.juli-paraden. Kven skulle trudd at me skulle spesialisera oss på paradar i sommar.
Nå har me skifta status frå å vera eit omflakkande sigøynerfølge, til å bli gjester i eit svært standsmessig bustadområde. I ettermiddag trudde me at me måtte byta ut leiebilen fordi oljelampa lyste og fordi me fekk ein steinsprut på frontruta i går som laga eit lite “kulehol” . Holet gjekk ikkje gjennom ruta, og var heilt oppe i hjørnet. Det viste seg at oljelampa var falsk alarm, slik at me slapp å skifta bil. Det var me glade for, for den me har er stor med stor bagasjeplass. Då me rydda ut av bagasjeromet vart me svært overraska over kor mykje me har samla med oss desse vekene. Sjølv om me hadde med ein tom koffert med ein bag oppi så må me nok kjøpa oss ein koffert til for å få med oss alt. I teorien har me heilt minimalt med bagasje…
I dag då me sat i hagen og snakka var det plutseleg masse røyk i hagen, og eit helikopter surra i ringar rundt området. Det viste seg at ei boligblokk eit par hundre meter frå her var heilt overtend. Me får verkeleg håpa at alle kom seg ut.
I kveld gjekk me tur i ein park like ved her. Naturen er nydeleg, og blond og nordisk. I morgon blir deg ein dagstur opp i Rocky Mountains. Me er ikkje heilt sikre på om me eigentleg har lyst til å sjå bjørn, men truleg reiser me ikkje langt nok til at det er nokon overhengande fare. Nå må eg dessverre gje frå meg datamaskinen, folk står i kø.
Heidi
I dag har me brukt store deler av dagen i bilen. Først kjørte me gjennom fjell-landskapet nord i Montana. Så kryssa me grensa til Canada etter å ha stått i kø i ca 40 minutt. Denne vegen slapp me gjennom utan fotografering og fingeravtrykk.
Straks me var over grensa ril Canada forandra landskapet seg og vart mykje opnare og flatare. Eg fekk liksom litt kjensla av å vera tilbake i Europa. Det var litt vemodig å forlata USA, desse to vekene har vore eit konglomerat av ulike opplevingar, og eg skulle gjerne vore der endå lenger.
Me var innom ein liten kafé for å få oss litt mat. Eg bestilte omelett med ost og skinke. Det var kjempegodt. Som tilbehøyr til omeletten var det tre små pannekaker med ei lita mugge lønnesirup. Godt eg hadde nokon med som kunne hjelpa meg litt med å eta opp.
Nå er me vel framme hos svogeren og svigerinna mi i Calgary. Me har grilla på verandaen godt innsmurte med myggolje. Her er masse ville dyr, i hagen er det fleire slags ekorn, ulike typar hjort er i nærområdet, og ein vaskebjørn hadde prøvd å bygga hi i pipa deira. I ein park i nabolaget såg dei bjørn nå i mai, og for nokre år sidan var det ein puma i den same parken.
Eg håpar å få oppdatert litt kvar dag, men dei har ikkje trådlaust nettverk, så det er litt meir innvikla å koma seg inn på nettet. I morgon er det eit kjempestort rodeo-arrangement i Calgary. Det er klart me har tenkt oss dit…
Heidi
I dag var me for første gongen på eit motell der dei serverte varm frokost. Speilegg, bacon og pannekaker med lønesirup. Det siste har me høyrt så mykje om, så det var spennande å få prøva.
Kjærasten min er ein hund etter å få med seg kuriøse ting, så han hadde klart å snusa opp ein småby, ca 25 minutter unna, der det skulle vera ein 4.juli parade. Jentene våre var trøytte og ikkje heilt i form, og bad tynt om å få slippa å vera med, dei ville heller kvila på motellet.
Me kom til ein bitteliten og veldig amerikansk småby som heitte Boulder. Der var folk i gang med å gjera i stand til fest i byparken. Dei bles opp ballongar og hadde dekka trebord med amerikanske flagg og fargar.
På lyktestolpane hang det pappskilt i sløyfefasong med namnet på ein og ein av dei ungdomane som var ute i krigen akkurat nå. Ein del av dei går kanskje inn i hæren fordi dei då får subsidiert utdanning. Utdanning er dyrt her, og for mange er det kanskje urealistisk å få det på andre måtar. Men det kan bli ein høg pris…
Folk her er veldig glade i bilane sine. Sjølv om det var strålande sol og tjuefem grade ute foretrakk mange å parkera bilen der paraden skulle gå, og sitja der og sjå.
Sjølve paraden var som eit 17.mai-tog i miniformat. Først kom krigsveteranen i byen med ei lue det stod Vietnam på. Han leidde ein liten gut i handa, som truleg var barnebarnet. Guten bar på eit stort amerikansk flagg.
Bak han kom ein mann i eit militærkjøretøy ikledd militæruniform. Om han var ein slags veteran han og, veit eg ikkje.
Så kom det ein gjeng menneske i gamle lastebilar og ein og annan veteranbil. Ein gjeng ungdomar kjørte firhjulingar eller gjekk rett og slett til fots. Bakerst kom sjukebilen og brannbilen. Dei som gjekk i paraden eller sat i bilane kasta drops og karamellar til ungane som såg på. Etter trehundre meter snudde opptoget i ei rundkjøring og kom tilbake att. Folk oppdaga oss og skjøna me var utlendingar. Dei kom bort og presenterte seg for oss, og tilbøyd oss campingstolar på fortauet.
Så var det tale i byparken. Vietnam-veteranen stod med flagget og representerte veteranane medan han i militæruniform haldt tale:
“We are gathered here today on the forth of July. We all want to honour the men that went to Vietnam, we must also remember that we have young men, right now, from this town both in Irac and in Afganistan. They are there to protect our country, and to fight for freedom and our values. Let us all be grateful.”
Så oppfordra han dei i forsamlinga som var flinke til å synga om å starta på nasjonalsongen. Alle som var der begynte å synga, først nølande, og så sterkare. Mange la handa si på hjartet medan dei song.
Alle klappa høfleg etter talen… Og eg kjende sympati for desse menneska, sjølv om eg kanskje ville blitt jaga ut av parken om dei visste kva eg eigentleg tenkte om amerikanske unggutar i Irak og Afganistan. Det er ganske sterkt å få inntrykk frå det som for meg på ein måte er vrangsida av teppet.
Så var det fest. Ein blanding av 17.mai og jonsokfeiring.
Ein mann i bestefarsalder gjekk rundt i klovnedrakt med ei hand-dokke på armen og delte ut meir godteri til ungane.
“Do you think you know how to use this?” spurde han og delte ut sukkertøystenger til fireåringar som nikka ivrig.
Så var det sal av hamburgarar, varme pølser, heimebakte paiar, heimekokt syltetøy og andre varer. Ungar hoppa i sekk og kasta ballar på blink omtrent som heime. Eg kjøpte ein pose reddikar til inntekt for barn som trong økonomisk hjelp for å dra på sommarskule.
Me kom i snakk med ei dame som i si tid hadde hatt norsk bestefar. Ho rekna seg som halvt norsk, og me fekk og helsa på bror hennar. Dei fortalde at mora deira hadde lært dei å laga potetlefse, og det var det beste dei visste. Generøst inviterte ho oss til å koma tilbake i kveld og sitja i hagen deira og sjå på fyrverkeri.
Elles så har me teke det med ro i dag. Sunniva er litt sliten endå etter at ho var sjuk. Ingrid og eg har sitte på kvar vår gyngestol utanfor motellet og ete frukt og kikka på folk. I kveld skal det vera stort fyrverkeri over heile landet i fylgje ryktene. Me må nok ut og kikka.
Heidi
“Se, nu har vi også deg fra hånden,” sa den gamle farmoren fornøyd og festet muslinger på halen til den lille havfruen, for å vise at nå var hun voksen.
Sitert etter minnet frå HC-Andersen sitt eventyr om den lille havfruen. Dette hende på femten-års-dagen hennar, den dagen ho var vaksen og fekk lov å gå opp til overflata for første gongen.
I dag fyller Ingrid atten år, og me har fått feira i lag med henne heile dagen. Nå er ho altså myndig… Me hadde gjort klar ein celebration-pose med fargerikt trykk og oppi var det amerikansk sjokoladekake, eit blad, eit kort og nokre småting. Og på ein tallerken fekk ho fersken, kirsebær og druer.
Me har kjørt mest heile dagen, først gjennom Idahoe, og gjennom deler av Montana. Eit stopp på eit kjøpesenter vart det tid til, og i kveld har me vore på pizzarestaurant for å feira den store dagen. Me sat ute og åt, og sidan me er mykje lenger nord att, var det lyst til klokka var over ti.
På motellet er det og eit kristent ungdomskor med lyseblå T-skjorter med kors og hjarte på. Dei hadde gitarar og klemde kvarandre på gangen og det heile minde meg om koret eg var med i som tenåring.
Me har sett kveldsmesse på TV frå ei katolsk kyrkje. Fint. Uvant å høyra latin med sterk amerikansk aksent, og å sjå ein katolsk prest med utprega amerikansk kroppspråk…
I morgon er det independence-day, den amerikanske nasjonaldagen. Me har tenkt å oppleva mest mogleg.
Eg veit ikkje heilt korleis dei feirer bortsett frå at det har vore eit voldsomt fokus på fyrverkeri dei siste dagane. Dei sel det overalt, og folk har tjuvstarta med oppskytinga.
Heidi