Gå til innhald

Merkelege ting.

Eg har begynt å få eit varmt hjarte for USA. Eg ser at dette landet er så utruleg mykje, og me møter mange varmhjarta, høflege, blide og tålmodige menneske. Likevel må eg få lov til å skriva om ting eg synest er mildast talt merkelege:

Dette med saksøking:
Dei har skilt overalt for å forsikra seg om at dei har sitt på det tørre. Skilt opplyser om “slippery floor,” sjølv om golvet ikkje er glatt i det heile tatt. Gravide og personar med diabetes går i boblebadet på eige ansvar…

På TV såg me ein som saksøker ein karamellfabrikk fordi han har fått vondt i kjeven etter å ha tygd ein karamell. Han meiner at karamellposen burde hatt påskrifta: “Bør ikkje tyggast.”

Ein mann leverte buksa si på renseri og då han skulle henta ho var ho borte. Dette renseriet garanterte at kleda kom uskadde tilbake, og han saksøkte renseriet for førti millionar dollar. Viss du lurer på om han fekk ein advokat som var villig til å ta saka, så er svaret ja…

Produkt som blir selde på TV:

I går var det ein heftig reklame for ein kulepenn som kunne dras ut etter teleskop-prinsippet og bli til ei fiskestong. I eit slikt bibeltrekkfutteral med glidelås, dei innvidde veit kva ein snakkar om, var det plass både til fiskekrokar, ei snelle og denne fantastiske pennen. Ulike personar såg rett inn i kamera og fortalde kva pennen betydde for dei… Eg var heilt sikker på at dette måtte vera ein spøk, men det var det tydelegvis ikkje. Produktet kunne bare kjøpast på TV…

Haldningar til skytevåpen.

I dag var me eit par meter frå å gå inn på supermarknaden i Twin Falls. I kveld las me i avisa at på lørdag klokka to blei politiet tilkalt på grunn av at det var ein butikktjuv akkurat der. To bevæpna politimenn ankom, og det ende med at ein nittenåring vart skoten og drepen. Politiet vil ikkje uttala noko om kva som skjedde, men dei har gått ut med identiteten til den avdøde.

Eg håpar me er milevis unna overskrifter i Jærbladet der det i ein liten notis står at ein nittenåring frå Vigrestad er skoten etter eit innbrot på M 44…

Ein merkeleg verden…

Heidi

Mange rom.

Då me åt frokost i dag i eit ganske trongt frokostrom i dag fekk eg eit syn som gjorde litt inntrykk på meg. Ei nydeleg ung kvinne i kjole med ei slags hette på hovudet kom inn med fem små barn. Jentene i huset-på-prærien-liknande kjolar og gutane i skjorter og litt høge dongeribukser. Mannen heilt i huset- på- prærien- stil han og med bukseselar og det heile. Eg veit at det er relativt slitsomt å reisa med mange snmå barn, og sidan me var i ferd med å avslutta havregrauten og toasten, gjekk eg bort og sa at dei kunne få overta vårt bord. Ho takka med eit strålande smil.

Leif og eg diskuterte kven dei kunne vera. Begge hadde tenkt på Amish-folket, men me fekk ikkje det heilt til å stemma heller, eg kjende at interessa mi var vekt. Ikkje lenge etter kom tre av barna bort til det opne vinduet på romet og begynte å snakka med oss. Eldstemann fortalde at han var seks år, og ungane var utruleg søte og tillitsfulle. Etter ei stund kom mora for å henta barna, og me blei ståande og snakka gjennom vinduet. Faren dukka opp han og. Han fortalde at dei var menonittar. Han spurde om eg hadde høyrt om menonittane, og det hadde eg. Det ende med att me utveksla adressar, så nå veit eg at dei heiter Kevin og Joan Penner og bur i Quebeck. Eg har rett og slett lyst til å prøva å halda litt kontakt med dei.

Eg måtte inn på internett for å finna ut meir om menonittane. Dei tilhøyrer gruppa anabaptistar og nokon kallar dei litt fleipete for amish-light. Dei kler seg i “tradisjonelle klede”, og går inn for å leva eit enkelt liv. Dei er mot all vald og er pasifistar. Dei er kjende for å leva i tette fellesskap og legg stor vekt på å stilla opp for einannan. Denne vesle familien var gode ambassadører for si tru. Dei strålte ut alt som var godt, og eg må innrømma at eg alltid har hatt litt sansen for folk som verkeleg lever alternativt.

Neste ledd på dagsordenen var å avlegga eit besøk i mormonartempelet i Salt Lake City. Det var førti grader ute, og ungane våre lurte på om me verkeleg måtte gjera alle desse merkelege tinga som me vaksne fant på. Trass i litt protestar, så trur eg at dei opplevde det interessant.

Sjølve tempelet slapp me aldri inn i, det var bare for praktiserande mormonarar som var godkjende av ein eller annan komité. Derimot fekk me omvisning i eit informasjonssenter. To unge damer som begge avtente åra sine som misjonærar viste oss rundt. Den eine av dei to jentene først i tjue-åra var svensk, og den andre var frå Tonga. Ho frå Tonga såg ut som ho var klipt rett ut av eit av Gauguin sine Haiti-maleri. Alle misjonærane er ulasteleg kledde. Jentene i skjørt som går til under kneet, bluse, eventuelt jakke, og flate sko. Mennene i mørk dress, kvit skjorte og slips.

Dei tok oss mellom anna inn i eit rom utforma som eit univers med ein stor kvit Jesus skulptur. Der inne spelte dei eit lydband som innleia med “ I`m Jesus Christ…” Men alt han sa var reine bibelsitat. Det avslutta med “I min fars hus er det mange rom…” Eg valde å tolka det som ein antydning til økumenisk tilnærming til evangeliet…

Mormonarkyrkja er verkeleg eit merkeleg trussamfunn. Sjølv om eg stiller mange spørsmålsteikn, så gjorde det inntrykk på meg å sjå desse unge kvinnene si oppriktige tru og fulle overbevisning om at det var sanninga dei forvalta. Me fekk heile tida lov til å stilla spørsmål.

Eg spurde “Sister Nilsson” frå Sverige om det ikkje var enormt stor forskjell på å leva som mormonar i Sverige, der dei er ei skikkeleg minoritetsgruppe, og på å vera mormonar i Utah der det er det mest normale som tenkjast kan. Ho svara at det var verkeleg ein stor forskjell. Ho sa at i Skandinavia hadde folk slutta å tru på Gud, dei var eit avkristna samfunn, som ikkje lenger meinte at dei hadde behov for nokon Gud.

Eg hadde litt lyst til å protestera, men lot det vera. Det er ikkje mi oppleving av livet i Skandinavia, men då me diskuterte vidare i bilen, sa Ingrid at ho syntest dama hadde eit poeng. Ho påpeikte at her kjørde folk rundt med bilar der det stod “I Belive in Jesus Christ,” og plutseleg kan me kjøra forbi skilt langs motorvegen med dei ti bud på… Alle inntrykka me får, gjer at me får mange interessante diskusjonar i bilen om ting me ikkje utan vidare snakkar så mykje om heime. Det er spennande…

Me har rota litt rundt i dag. Me skulle til ein stad som heiter
Twin-Falls, der me hadde planar om å overnatta. Men me fann ingen plass me hadde lyst til å bu. Me skulle og sjå på ein canyon og ein foss. Fossen fann me aldri, og då me kom hit, oppdaga me at me hadde sett på feil canyon. Men nå er me trygt installerte i den vesle byen Burley. Dette er litt av eit sigøynarliv. Nye rom kvar kveld omtrent. Her hadde dei eit Laundry-room, så nå har me fått vaska klær for første gongen. Me har begynt å få rutinar på ting. Korleis me innrettar oss på det nye romet, faste kveldsbad i symjebassenget med eller utan spa, som her er namnet på oppvarma boblebad. Eit litt rotlaust, men veldig fascinerande liv. Og me får sett mange rom.

Heidi

Smoking Cowboy Café.

Der var det me havna i går kveld i den vesle favorittbyen vår Panguitch. Ein skikkeleg saloon som klippa ut av Kruttrøyk såg det ut til å vera, og rundt treborda der inne sat menn med cowboyhattar og to tre kvinner og åt store porsjonar av chili con carne eller noko som likna.

Verten stod høg og smilande ved disken med cowboyhatt på hodet og ein baby på armen. Eg spurte om det var hans baby og han svarte endå meir smilande. “No, i`ts my grandaughter.” Han sa at normalt stengde dei klokka ti om kvelden, men sidan det hadde vore eit rodeo-show i byen så haldt dei oppe eit par timar lenger. Det var jo flaks for oss, for klokka var elleve allereie. Han sa at me kunne bestilla alt frå menyen bortsett frå steak. Kjærasten min sa at me bare hadde tenkt å kjøpa “something to drink.”

Mannen svarte med orsaking i røysta at han dessverre, desverre bare kunne selgja øl til dei som kjøpte mat. Og kjærasten min forsikra han fleire gonger om at “That`s ok to us”. Det vart to koppar kaffi og eit stykke av grandma`s cherrypie med is. Den siste vart sett midt på bordet med to gaflar. Stor porsjon som alltid.

På menyen under drinks: stod det: Milk, juice, coke, lemonade, non-alcohol beer og til slutt eit par vanlege øltypar. Det er den mest sjarmerande puben eg har vore på… Dei som ikkje kjenner meg kunne nå bli leia til å tru eg var ein svært pasjonert pubgjengar…

Me vurderte sterkt å gå på mormonargudsteneste i dag, men droppa det fordi ungane viste lite entuiasme for prosjektet. Eigentleg litt synd, men slik vart det. Såg at han på naboromet på motellet kom ut med kvit skjorte og slips. Han skulle truleg dit me aldri kom.

I staden har me vore i ein ny naturpark som heiter Bryce canyon. Landskapet var heilt uverkeleg. Raude saltstøtteaktige formasjonar som minna om slott og spir og skulpturar og istappar. Viss du vil sjå, så gå inn på vancouver-la-calgary.blogspot.com, der ligg det i dag eit fotografi me fekk ein venlegsinna forbipasserande til å ta.

I parken var det både bjørn, rådyr, præriehund og hjort, men me såg bare masse ekorn, slike Snipp og Snapp-ekorn. Dei var veldig nærgåande og truleg vane med å bli mata, sjølv om det var understreka at det ikkje var lov å fora dei.

I parken kunne ein gå lange turar med fleire overnattingar. Det blei understreka at ein måtte gå med hatt på grunn av varmen og ha med seg nok vatn å drikka. Det kunne faktisk ha vore spennande å prøva det ein gong, men i dag vart det lettversjonen på oss.

Heidi

I mormonarland.

Dagen i dag var i utgangspunktet spennande. Me visste ikkje kor me skulle hen, bare at me skulle vidare nordover, og at me skulle ut av Las Vegas.

Me fekk ikkje frokost på motellet, så me stoppa på ein liten kombinert bensinstasjon, landhandel og kafé. Denne plassen såg ut akkurat slik eg på førehand hadde sett for meg at slike butikkar skulle sjå ut i Amerika. Ein litt kaotisk plass med kulepennar, kjeks, hamburgarar og oljekanner. Me fant oss eit bord utanfor i skuggen og åt ein litt uortodoks frokost beståande av varme pølser, ein eplepai utan fett og sukker, iskrem, epler og Cola-light. Tenåringane våre sit i bilen og fantaserer om grovbrød, fiskebollar, kålstuing og morfar sine kjøttkaker. Mc Donalds har mista litt av magien… Men det skal dei ha på Mc Donalda, salatane deira er veldig gode her i landet.

Kjærasten min fekk eit råd om ein veg me burde kjøra. Me vart anbefalte ein nasjonalpark med det fromt klingande namnet Zion. Så i dag har me vore på Zions bjerg og i Zions dal. Det var ein fantastisk spektakulær tur. Det var som å vera på ein annan planet. Fjellet var av ein slags sandstein eller dryppstein og varierte i farge frå bleikgult til solnedgangsraudt, og det var merkelege fjellformasjoner og steinar overalt.

Ulempa var at det var veldig bratt og svingete. Vegen gjekk i krappe hårnålssvingar, og gjekk delvis i ein svingete tunnel. Det er akkurat slike vegar me som vaks opp i Vest Norge på seksti-talet hugsar frå ferieturar med telt på taket av folkevognsbobla og ei mor i passasjersetet framme som vekselsvis haldt seg for augene eller øyrene og hylte av skrekk… Det eg nå vil fram til er å visa til genetisk nedarva instinkt på spinnesida, som gjer at eg fekk akkutte anfall av høgdeskrekk på dei smalaste og brattaste plassene. Men i etterhand så var det veldig flott…

Vel ute av nasjonalparken var me i cowboyland. Her var det bøflar, indianar-reservat, store kvegflokkar og hjortar.
Utanfor små hytter med fem-seks bilvrak på tunet sat det eldre menn med snekkerbukser og cowboyhattar, og då me var innom ein liten kafeteria for å kjøpa litt å drikka, hadde dei heile rekker av utstoppa elgar, hjortar og bøflar på veggen.

I fire-fem-tida kom me til ein liten småby, framleis så høgt oppe i høgda at temperaturen ikkje steig stort over tretti grader. Me fann ut at dette måtte vera den perfekte kontrasten til Hollywood og Las Vegas og fann oss eit logde der det såg greitt ut å bu.

Det viste seg at denne vesle byen Panguitch, om nokon mot formodning skulle ha høyrt om han, er ein by der mest alle er mormonarar. Ein slik by har eg eigentleg alltid hatt ein draum om å koma til sidan eg i lærarskuletida vart kjend med Ronny Stulen, som var eit ivrig medlem av Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige, som dei eigentleg helst vil bli kalt.

Det kjennest herleg befriande å vera i ein by der ein kan gå på gata aleine om kvelden utan å vera redd, og det gjer meg ingenting etter eit halvt døgn i Las Vegas at alkoholen blir seld i ein eigen butikk der personar under 21 år bare slepp inn i fylgje med vaksne…

Det vart så tydeleg at det var heile menneskeliv det dreia seg om. Kampen for tilveret, gledene i kvardagen og dette å stå saman om ei kyrkje som betydde mykje for dei. Ein mann hadde laga stolar og fletta stråseter for å ha dei i bønneringen i kyrkja, og kona hadde sydd puter til. Bare ein slik liten ting…

Eg har bada i ein stamp i hage der me bur. Ein slik stamp med boblebad og varmt vatn. Eg og jentene hoppa oppi etter at husverten hadde tilbudd seg å gjera han klar for oss. Så har Ingrid klipt håret mitt på badet med ei saks me kjøpte der me åt frokost, og eg er blitt så fin så… Ikkje verst å ha med eigen frisør. Ingrid foreslo at me skulle kjøpa lørdagsgodt og sjå fjernsyn saman slik me gjorde på lørdagskveldane då dei var små. Så nå har me site i ei dobbeltseng og drukke amerikansk brus med og utan sukker og knaska gulrøter og godteri. Ein stor melon kjøpte me og, men me hadde jo ikkje med oss kniv på flyet frå Norge, så den har me ikkje fått hol på.

Nå skal eg ta med meg kjærasten min og gå ein kveldstur. Ungane våre er ikkje fullt så uthaldande turistar som oss.
Dei vil heller sjå meir fjernsyn.

Heidi

Las Vegas.

Me er i Casinoland. Me kom hit i 40 varmegrader. Utruleg, som i ei badstu.

Det er ikkje internett tilkopling i motellroma, derfor sit eg i vestibylen og betalar dyrt for minutta. Tastaturet er amerikansk. Derfor er det visse bokstavar eg ikkje kan bruka… Og tida tikkar. Femten minutt og tretti sekund att, det gjeld bare at eg sparar det eg har skrive innan tida renn ut…

Sunniva er heldigvis frisk att, og me andre er ikkje blitt sjuke. Dette er ein ubeskriveleg plass. Det er som eit stort tivoli med tusenvis av blinkande lampar overalt. Me bur vis a vis eit kjempeanlegg som heiter Circus. Der er det fire skyskraparaktige hus som inneheld hotell, restaurantar, casinoar, tivolirom og mellom anna eit wedding chapel der ein kan bli gift om ein kjenner for det…

Der har me vore i kveld med ungane. Dei opplever verkeleg mange merkelege sider ved livet i denne ferien. Rundt i casinoet stod det advarslar om at folk som var der og ikkje viste omsorg for barna sine ville bli kasta ut. Sympatisk nok det… Folk sat heilt oppslukte rundt speleborda, og dei hadde det utan tvil spennande. Gamle damer sat ved einarma bandittar med kredittkortet sitt kopla direkte til maskinen. Ein mann som virka veldig sjuk sat i rullestol med surstoffmaske og spelte. Det var sikkert fint for han at han fekk gjera det han hadde mest lyst til i heile verda, men dei han spelte med, lot ikkje sigarettane liggja fordi om mannen hadde openbare pustevanskar…

Halvard har reist med ein heilt forferdeleg berg og dalbane med ein grusom loop. Det var det han hadde mest lyst til her i byen.

Motellet er det mest shabby me har vore borti til denne tid. Me hadde unna oss to rom, men mykje var gale. Airconditionen virka bare inne hos oss, ikkje hos jentene.
Ingen av TV-apparata virka. Skapa let seg bare delvis opna, og badet var ikkje i orden heller. Men, men. Noko me kan le av etterkvart…

Heidi

Walk of fame.

Dagen i dag vart litt annleis enn me hadde tenkt oss. Sunniva vakna og var kvalm, og ho starta dagen med å kasta opp. Heldigvis så hadde me bestemt oss for å droppa Disneyland, som me halvveis hadde lova ungane å avlegga eit besøk. Dei var faktisk einige med oss i at ein park fekk vera nok. Det hadde vore ekstra bittert å bli sjuk om ho var på veg dit.

Sunniva fekk kledd seg, og etter å ha tatt det litt med ro, kom ho i lag med far sin ned til frokosten. Men ho orka ikkje mat, og etter at ho hadde kasta opp ein gong til, fann me ut at ho trong ein roleg føremiddag “heime”, og at eg og ho fekk bli igjen når dei andre reiste ut. Takk og lov at dette var ein dag me ikkje skulle ut på motorvegen.

Ho fekk Cola til å drikka, og etterkvart klarte ho å eta bittelitt potetgull. Eg sprang rundt på hotellet for å veksla pengar til automaten. Det er ikkje kjekt å ha spysjuke på eit hotell i utlandet, men ho har vore tapper. Me såg på Lucy-show med Lucille Ball i svart-kvitt på T, truleg spelt inn på 60-talet. Eg hugsar det som eit program familien benka seg rundt på sundagskveldane, då var det fast underhaldning på den einaste TV- kanalen me hadde i landet på den tida. Eg trur ikkje Sunniva var kjempeimponert over showet, men det må jo ha vore ein forgjengar for alle sit-coms?

Apropos TV-show… Dersom du har sett Ricky Lake show og tenkt at det er moralsk forkasteleg, heilt forferdeleg og så langt det i det heile tatt går an å strekka strikken, så er her sjølvsagt langt sterkare saker å oppdriva i Ricky Lake sitt heimland. Her er eit program der folk som vurderer skilsmisse får gratis advokatar, dersom dei kjører saken for open scene og surrande filmkamera. Heilt forferdeleg.
Og i eit anna program kan folk som lurer på om dei er smitta av hiv bli testa på direktesend TV… What a crazy, crazy world…

Etterkvart sovna Sunniva, og eg solte meg i hagen utanfor vinduet vårt. Ho kunne ropa på meg om det var noko, og med jamne mellomrom såg eg inn til henne. Først las eg ei bok ute på ei solseng, og så skreiv eg dikt ved eit bord under ein parasol. Det var idyllisk og avslappande, men eg hadde forferdeleg vondt av den sjuke jenta mi.

Då dei andre kom tilbake kjende Sunniva seg litt betre, og bada litt i bassenget i lag med Halvard og ein gjeng amerikanske ungar som var der med mødre, tantar, fettarar, kusiner og bestemor. Ei stor forsamling med mykje lyd i. Dessverre vart Sunniva dårleg att og måtte inn og kasta opp meir.

Halvard og eg har vore ute og opplevd “Walk of fame”, som ligg bare fem minutt her i frå. De veit den gata der hundrevis av berømte menneske har ei stjerne med namnet sitt på.

Heile Hollywood liknar på ein måte på eit stort industriområde. Bygningane er firkanta, lageraktige og ber ikkje preg av nokon overordna idé om arkitektur. Det er høge, store skilt overalt, og er veldig kaotisk. Likevel, det har sin sjarm. Kanskje det var Halvard sin entusiasme som smitta over, men i dag opplevde eg strøket som bortimot litt magisk. Han kjøpte seg solbriller med refleksglas og ein svart gangsterhatt, og så gjekk me på voksmuseum og fotograferte han med og utan solbriller i lag med all slags filmheltar…

Om kvelden tok eg med Ingrid og åt middag i den same gata. Me var på Walt Disney- restaurant der dei serverte spaghetti med kjøttbollar som i Lady og Landstrykaren. Kelnarane var blide, og eplekjekke og som klippa ut av ein familiefilm. På borda var det serviettar med Mikke Mus motiv. Det kjendest trygt og kjend i ein stor farleg by.
Hovmeisteren kalla oss You ladies. Heilt ok.

I morgon går turen til Las Vegas. Håpar Sunniva er frisk, og at ingen andre er smitta…

Heidi

Starbucks and smoked almonds…

Ungane har fått nok uteliv for i dag. Kjærasten min og eg går ut ein tur for å sjå oss om. Ingrid tek kontrollen på motellet.

Det er mørkt ute. Kanskje advarslane frå min venn frå tidlegare på dagen sit i kroppen, for eg kjenner meg rett og slett litt fælen.

“Excuse me!” Ein veldig mørk stemme er rett bak oss. Kor kom denne mannen frå? Kjærasten min støkk og hoppar høgt. Eg støkk og, og kjenner intuitivt etter knivar eller pistolmunningar.

“Sorry! I didn`t want to scare you guys!” Stemmen hans virkar oppriktig lei seg. Snakk om lettskremde turistar. Mannen kom på sykkel og er veldig mørk i huda. Kankjse det er derfor me ikkje såg han. Han ville bare forbi oss stakkar.

Me går inn på ein butikk. Jons marked. Dei reklamerer med at dei sel etnical food. Det gjer dei. Jødisk brød, russiske kaker og greske oliven. Fulle hyller med alt mogleg. Me kjøper oss to katolske lys i høge glas med jomfru Maria på. Dei er fine. Eg seier at me må sjå om det er gravlys me kjøper. Me les teksen bakpå som er på spansk og engelsk. Dei ser ut til å vera il bruk i heimen. Då tek me dei med.. Eg kjøper og røykte mandler frå Mexico med smak av Jalapeños.

I kassane sit unge meksikanske damer. Unge mexikanske damer i lyseblå forkle står ved kassane og pakkar ting i plastposar. Dei kallast baggars. Dei pakkar ganske få varer i kvar vesle plastpose og henger posane på trillevogna som er utstyrt med mange små taggar. Ein pose på kvar tagg. Når vogna ser ut som eit juletre trillar dei vogna ut for kunden og lastar posane inn i bilen deira medan kunden trippar på sida av.

Ved kassen på sida av oss står det ein bråkmakar. Ein vaksen mann. Han manglar bare cowboyhatten, så er han som klippa ut av ein dårleg amerikansk film. Han er aggressiv i stemmen og kjeftar i aust og vest på dei aom jobbar der og på andre kundar. Stemningen i butikken blir dempa. Alle går i eit slags gå-på-tå-modus for ikkje å irritera mannen endå meir. Dei små meksikanske ekspiditrisene hadde truleg hatt lite å stilla opp med om han verkeleg skulle slå seg vrang.

Me passerer ein Starbucks- coffee på vegen. Me går inn og bestiller kvar vår cappuccino. Oppå dryssar eg kanel, kardemomme, vanilje og muskat. Her skal me få maksimal aroma. Me finn oss eit lite bord og sit der med kvar vår kaffe med muskatnøtt og røykte mandler med jalapeños medan me les i amerikanske aviser og studerer livet. Så går me heim på den mest opplyste delen av gata.

Heidi

Universal Studioes.

Universal Studioes, Hollywood er ein fornøyelsespark i slekt med Tusenfryd og Disneyland. Me hadde forstått at det var eit must for turistar, så dit reiste me i dag. Eg let meg alltid fascinera av å gå i ein slik smeltedigel der tusenvis av menneske frå alle kantar av verda er samla på eit lite oråde for å la seg underhalda.

Først var me på eit watershow der me sprang inn mest frodi dei skulle til å begynna showet, og det var fleire timar til det neste. Folk var samla i eit digert amfi, og nokre av skodespelarane varma opp publikum med å kasta bøtter med vatn over dei og bruka vannslangar til å sprøyta villt utover frsamlinga. Folk hoia og lo. Så vart me instruerte til felles buing og jubling alt ettersom.

Scenebiletet var flott. Tårn og plattformar var bygde opp av jernskrap. Det var stilig. Så vart me fortalde at dette var frå ei dyster framtid. Pol-isen hadde smelta og mange byar låg under vatn. Sivilisasjonen var i ferd med å bryta saman. Så langt så godt. Utgangspunktet virka jo spennande.

Så tok showet til, og handlinga viste seg å vera syltynn:
Slemme mørkhuda menn kjem til den vesle staden og prøver å ta kontroll over staden. Dei blir jaga vekk. Vakker muskuløs jente kjem på vannscooter, sjefen for fortet, stor tjukk, skalla muskuløs mann vil ha henne, men ho er forelska i ung vakker kvit mann.

Så var det masse slåsting, skyting, eld og vatn, folk slåst fire meter over havet, kasta kvarandre ut i vatnet frå fem meters høgde og resten var akkurat slik du kan tenkja deg at det var.

Me har kjørt buss gjennom filmområdet, vore inne i hallane der dei filma, møtt King Kong, vore i Urassic park, sett kulissebyen i Hollywood og vore på 3D-kino. Imponerande alt saman.

Berg og dalbanar står eg over. Eg gjekk på ein stad der dei selde Cinnabuns, kanelbollar, og kjøpte meg ein Starbuck-kaffi. Kanelbollane lukta utruleg godt, og oppå dei var det eit tjukt lag melisglasur. Viss ein betalte litt ekstra kunne ein få eit endå tjukkare lag melisglasur. Dei selde og drikkeflasker til barn med Svampebob eller andre filmfigurar. Det var gratis påfyll så lenge ein var i parken. Eit foreldrepar kom med tråringen sin for å få påfyll med Cola. Flaska tok sikkert ein liter… Crazy.

Eg sette meg aleine med kaffien min. Ein eldre mann, kanskje nærmare åtti år gammal spør om å få sitja ved bordet mitt. Eg seier ja. Mannen ser ut som kelnaren i Lady og Landstrykare, bare 30 år eldre…

Her er utdrag frå samtalen:

Han: I like talking to people.
Eg: Smiler
H: You know why I like to talk to people?
E: You probably like people?
H: Yes I do.
E: I like to talk t people too.
H: When I was a boy my father said,“Son, you should
talk to people. Every day you should talk to all kind
of people.
E: And that`s what you`ve been doing?
H: Yes, and it`s made me really happy.

H: It is really dangerous here. They shoot people in
the streets, you should be really careful.
E: You mean not talk to strangers, and things like
that?
H: Thats right. Don`t talk to me. No, I mean out in
the streets. Stay away from young boys with no
hair. They operate in gangs. Really dangerous.
E: OK.

H: I was born five miles from here, and I will die five
miles from here. That`s what I want.
E: You find that is a happy circle?
H: Yeah. Are you afraid of dying?
E: Yes, I suppose I am. A bit.
H: Why?
E: I like living, I want to take care of my children.

H: First you take care of your children. Then they
take care of you. Don`t let your father be sent
away to die, let him die in his own home.
E: Yes.
H: I took care of my father and my mother. They
both died in their home. No my seven children
take care of me.
Your children will take care of you and then after
fifty years you will die happy.

Han smiler og flaksar med armane som ein engel.

H: We are born to die.
E: And to live.
H: That`s right. And to live.

Han smiler med eit litt for stort gebiss og viser meg gummane. Han rekk handa fram og eg tek ho. Det er ei skrukkete brun hand som minner meg om borken på eit gammalt tre.

H: My name is Joe.

Heidi

Harboes go to Hollywood 2.

På vegen hit, reiste me gjennom eit måneaktig ørkenlandskap. Det var gult og tørt ute, men så kom me til eit stort vannreservoir. Då me gjekk ut av bilen for å ta ein pause, sa Ingrid: “På slike plassar som dette kan det vera klapparslangar, eller rattlesnakes, som det heiter på engelsk.”

Eg smilte litt av den til tider nokså dramatiske jenta mi, men ikkje før hadde me kome ut av bilen, før me såg eit stort skilt med overskrifta “Rattlesnakes!”, der det stod at dei bare angreip viss dei følte seg angripne… Ein skal ikkje undervurdera allmenndanning ein kan tileigna seg på “Discovery-channel”… Elles må eg bare innsjå at ho faktisk kommuniserer betre med amerikanarar enn eg gjer. Når eg set i gang på min beste skuleengelsk får eg ofte eit “excuse me?” til svar og må gjenta medan ho har ein amerikansk swung ho kan henta fram som dei forstår med det same. Kanskje TV på romet ikkje er bare dumt likevel?…

Temperaturmålaren på dashbordet viste at temperaturen ute steig til 36grader celcius. Heldigvis har me ein canadisk bil, for her går all måling i Fahrenheit, og eg må med skam melda at det har eg ikkje heilt taket på, men varmt vart det i alle fall.

Det er få gonger beundringa for kjærasten min stig opp i meg til dei grader som det gjer når han kjører bil i utlandet. Eg som helst ikkje kjører bil heime heller, kan ikkje forstå at han orkar og torer. Spesielt det å ta seg inn i storbyar står for meg som litt av eit mareritt. Nå var det atskillig enklare å koma seg inn i Los Angeles enn i San Francisco, sjølv om me kanskje ikkje har prøvd det verste endå. Me er i bydelen Hollywood, og det å finna fram til motellet vårt var overraskande enkelt.

Motellet er i hotellklasse i forhold til dei andre me har budd på. Først må ein legitimera seg inn eit slags innslusingsystem, og roma ligg mot eit atrium med solstolar og badebaseng. Ungane har det heilt topp der ute.

I USA er ein veldig oppteken av sikkerheit. Eg mistenkjer at det har noko med saksøking å gjera. Over alt er det plakatar av typen, “Watch your step,” og “Slippery floor!” For å ha sitt på det reine om nokon skulle detta og brekka lårhalsen, liksom. Her på hotellet må eiin vera 17 år for å bada i bassenget utan tilsyn. Akkurat nå er det Ingrid som held tilsyn med Halvard frå solstolen sin.

Ute er det skikkeleg varmt allereie, men her inne på romet som er fyld med dei to obligatoriske dobbelsengene pluss ei “Extra-bed” for Halvard, er det kjøleg og godt på grunn av aircondition. Me har faktisk klart oss med eitt rom overalt der me har budd, så overnattingskostnadane har vore lågare enn me hadde rekna med så langt. Det ser ut som eit standard amerikansk motellrom er eit stort rom med to dobbelsenger, TV, kjøleskap og plass til ei ekstra seng eller madrass om det skulle trengast.

Me bur i ei gate med ein firefelts veg. På begge sider er det butikkar, og her og har dei denne merkelege vanen med gigantiske skilt for alt mogleg. Butikkane konkurrerer om å ha det største skiltet på den høgast mogleg stonga, og der står skilta og ropar om kapp om “Beauty-saloon” og “Nail-service”, “Dentist” og “Bakery”, eller om filmar som skal koma om tre veker og ei forbønsgudsteneste som var den 19.mai.

I går kveld gjekk me ut for å få oss litt mat, og bestemte oss til slutt for ein indisk restaurant. Det var bare det at han låg på den andre sida av den firefelts vegen, og ingen gangfelt var i sikte. Me stod der saman med eit spansktalande par og lurte på korleis me skulle koma over. Då det vart raudt lys i den eine retninga vart det ei luke, og folk begynte å gå. Eg og Halvard nølte nokre sekund lenger enn dei andre, og plutseleg stod eg og han fanga på midten av vegen. Det kjendest heilt som galskap å stå der, men me kom oss over til slutt. Mor, viss du les dette: Unskyld, me skal aldri gjera det meir…

På restauranten bestilte me to gonger tre rettars middag for to, fordi me meinte at ungane våre ikkje ville orka å eta for meir enn to til saman. Forretten smakte godt, og eigentleg var me mette allereie då. Då dei kom inn med hovudrettane trudde me ikkje våre eigne auge, dei trilla inn på bord med fat på fat på fat. Kylling, lam, vegetariske rettar, naanbrød og sausar. Eg såg med det same at dette hadde me ingen sjanse i havet til å eta opp.

Då alle var mette, såg det ut til å vera minst like mykje att. Servitøren foreslo diskret at me kunne “Take it home in boxes.” Me ville gjerne vera høflege å visa at me likte maten, så det takka me ja til.” Dei kom bærande på fire fulle plastboksar i ein pose.” Til dessert valde me Ice-cream, sidan eg veit at indisk ricepudding er ganske kraftige saker. Alle sukka letta ut då isen var i små skåler.

Ingrid sa “Dette smakar ikkje is, det smakar rømmegraut”
Og det var verkeleg mektig med indisk is. Det smakte godt, men samanlikninga med rømmegraut var faktisk ganske treffande; Veloppfostra som me trass alt er, så syntest me ikkje at me kunne setja att desserten etter å ha sett att halve middagen. Halvard melde pass medan Sunniva tappert åt i seg si skål med “Mango flavour”. Eg tok eit steg til sides frå prinsippa mine for å hjelpa oss i mål. Unskyld Atkins, Fedon, Padkær Andersen og Grethe Rohde, sommarens iskrem vart to skåler indisk is!

Då me gjekk heim var me så mette at me tenkte me klarte oss utan mat den fylgjande dagen. I går skreiv eg om storleiken på amerikanske jordbær, i dag vil eg nemna at alle amerikaske matprosjonar ser ut til å vera gigantiske. Me har ofte måtta setja att mat me ikkje orkar eta, og det skjer ikkje heime for å sei det slik. “A medium sized diet coke” må vera på minst ein halv liter, trur eg. “Supersize me…”

Nei, nå må eg ut i sola eg og. Kanskje eg til og med blir litt brun. Om mindre enn ein time held programmet vårt fram med besøk i ein Hollywood-tema-park.

Sunniva har kome inn. Ho ligg under teppet på den eine senga og tygg tyggis og les “Harry Potter”. Ho ser ut til å nyta eit kvarter med fred og ro.

Heidi

Harboes go to Hollywood:

Vegen langs kysten hald fram. Me kjørte over eit stort jordbruksområde med enorme sletter. Ein stad langs vegen stoppa me og kjøpte moreller og jordbær. Jordbær for fem dollar fylde tre korger. Dei var så store som små plommer og var søte og fulle av smak: Det slo meg at norskamerikanerane kanskje hadde eit poeng då dei påstod at alt var mykje større “over there”, sjølv om slike utsegner altså fekk folk til å le bak ryggen deira heime i gamlelandet.