er starta allereie. Nå er eg heime og skal prøva å få orden på alt som ordnast burde… Ein del har eg fått gjort. Nå har eg akkurat tredd på trekka på lenestolane frå Ikea som var så skitne at eg orka ikkje venta ein halvtime til med å vaska dei.
Vaskemaskinen vaskar døgnet rundt, og ein og ein halv svart søppelsekk er klar for fretex full av klær til gjenbruk.
Då me kom heim skulle eg hiva solbæra i små porsjonsposar i fryseboksen, men midtveis i spannet oppdaga eg at ein del av bæra ikkje hadde tolt lagringa. Så var det å rensa alt på ny, og for å berga det som kunne brukast gjekk eg i gang med å koka solbærsyltetøy seint på kvelden for å stansa gjæringsprosessen.
Det lukta så godt i huset og lukta henta fram synsinntrykka av farmor som kokte syltetøy på kjøkkenet sitt og bestemor som kokte syltetøy på sitt kjøkken som såg heilt annleis ut enn farmor sitt. Og mor og far som reinska blåbær og tytebær etter ein metode nokon hadde fortald dei om… Dei lot bæra renna på skrå nedover eit laken og så skulle bladverket ligga att. Eg hugsar dei som nokså stressa og at metoden medførte eit skikkeleg søl. Veit ikke om dei gjorde det på den måten fleire gonger…
Det er ikkje veldig ofte eg kokar syltetøy. Fryseboksen gjer at det finst enklare måtar, men luktar godt, ja det gjer det…
Kanskje det er alle ryddeoppgavene som ropar på meg, for husmorgenene som stort sett er heller slumrande, har sett i gang både dei eine og det andre. I går bakte eg scones bare fordi ungane hadde lyst på det til frokost, og i dag lukta det herleg her av nybakte rosinbollar. Eg har oppdaga ein genial juksepatent: Dei sel ferdige usteikte bollar i frosen tilstand i nærbutikken min. Ein brettar bare øskja ut og lar bollane heva, så brukar ein øskja som steikebrett, og dei ser heimelaga, trillrunde og frodige ut der dei står i omnen og gjer seg ferdig… Bollar har eg aldri verkeleg fått til før nå…
Som de skjønar. så er eg eigentleg ikkje ei veldig bollebakande mor, men mødre med ryddige kjøkken, rutete dukar på bordet, blomar frå hagen, bollar og kakao står for meg som ein slags koseleg klisjé. Og i dag… var eg altså rimeleg nære… duk og blomar er på plass… Eg skulle bare hatt på meg ein marimekkokjole med blondeforkle over og hatt roser i begge kinna.
Men så er det all ryddinga då. Eg får ta det stykkevis og delt. Veggene i stova treng meir gulmaling og, men me får sjå kor langt eg kjem… Først er det kjellar og loft, soverom, klesskap arbeidsrom og soverom som står for tur… Vem kan segla förutan vind, vem kan ro utan åror?
Og dagane mine skal ikkje bare vera sånn flink husmorrydding ambisjonane er at kvar dag skal innehalda: Ryddeøkt, skriveøkt, ein lang spasertur, noko kulturelt påfyll, sosialt samver med vener og familie og eit par timars brodering på bunaden til Sunniva…
Æh, må innrømma at desse to første dagane har eg på langt nær kome gjennom timeplanen… Men eg har vore på kino og sett Simpson i lag med Sunniva, Halvard, Vilde og kjærasten min, og i dag drog eg og sistnemde person på ei improvisert byvandring inne i den store byen. Me fekk med oss gladmatfestivalen som finn stad i regnet akkurat nå.
Me sat i lett regn ved eit restaurantbord ute i gata, og i beste Lady og Landstrykaren- stil delte me ein skalldyrtapas og ei flaske farris. Det smakte kjempegodt. Ein kunne kjøpa seg endå meir avansert mat som grilla froskelår eller grilla marinert hvalbiff om ein ville det.
Vel heime har me spelt Kokelimonke med ungane og drukke gul Funlightsaft. Med Vilde på overnattingsbesøk i trespann med dei minste mine så blir det som trillingane eg aldri fekk.
Kom rosor och akvileja, kom liljor og saljevia, kom ljuva krusmynta, kom hjärtans fröjd… sånn omtrent slik er det.
Og kjem eg i mål med prosjekta mine? Eller i det minste i seng i natt? Det finst fleire spørsmål enn svar…
Heidi
I dag har sola skine. Me har sitte i hagen til svigerforeldra mine under ein stor parasol og drukke te og ete speltbrød med blåmuggost og jordbærsyltetøy.
Etterpå sat me på huk eller på kne ved kvar vår solbærbusk og plukka bær. Svigermor sat på ein stol, men ho plukka mest av oss alle saman. Me skal ha med oss masse solbær heim i morgon. Det er så fint å ha bær i fryseboksen.
Slike julidagar har eg hatt sånn omtrent dei siste tjueto åra. Åra flyt saman og livet går med sjumilsteg frå juli til juli medan ungane mine langsomt har vakse i frå plaskebassenget mellom kirsebærtre og valmuer.
Me spaserte heim med hunden, eg og Eva Mari og tok turen over kyrkjegarden. Langs vegen plukka eg markblomar: Kløver, prestekragar, blåklokker, ryllik, reinfann og små kvister med raunbær på som me brakk forsiktig av eit tre me passerte. Minst ein gong kvar sommar må eg plukka meg ein skikkeleg markblombukett sjølv om eg veit at det er den sikraste måten å trigga pollenallergien min på. Dei siste ti minutta gjekk me i lett sommarregn. Det luktar så godt når det regnar i juli.
Så har me laga middag for åtte. Wok med svinekjøt frå Sverige og masse gode grønsakar. Eva Mari påstår at ho er blitt sånn omtrent avhengeig av sweet chilisauce, og godt smakte det, Til dessert hadde me svart kaffi, is, vaniljekesam og bær frå hagen.
Livet flyt stille etter fire veker med hektisk aktivitet. I morgon set me oss i bilen for å kjøra femti mil over fjellet
og landa heime hos oss sjølv.
Heidi
I dag tok me med svigermor på handletur til Sverige, og som ekte nordmenn hadde me med oss ein bag med kjøleelement for å få frakta kjøttet og flesket heim i god behald.
Me hadde ikkje tenkt oss så langt, Töckfors, like over svenskegrensa var målet vårt. Det var tydeleg at me i eigenskap av å vera gode nordmenn var sjølvaste målgruppa for all handel der. For å vera sikre på at me forstod kva det dreia seg om var det teikna søte små rosa griser på kjøttbutikkane. Ekspeditørane snakka norsk og ein kunne betala med norske pengar… Godis, flãsk, tobakk og alkohol var varene som var mest synlege.
Eg hadde personleg bare eit innkjøpsprosjekt: Eg hadde lyst til å kjøpa meg eit par svenske romanar, for eg vil helst lesa svenske bøker på svensk. Det viste seg imidlertid at i den einaste bokhandelen eg klarte å oppspora selde dei stort sett bare norske bøker… Dei bøkene eg fant på svensk var omsette frå andre språk, og då falt liksom vitsen bort…
Men eg fekk kjøpt ein stabel teikneseriar på svensk: Kalle Anka, Bamse, Supermann og ein del fleire. Dei skal eg ha liggande i klasseromet slik at elevane mine kan få litt spontantrening i å lesa svensk. Dei skal nemleg bli kjende med språka i grannelanda våre.
Grensehandel er noko merkeleg. Eg hugsar Svinesund for tjue år sidan. Då var det ein plass eit gedigent hoppeslott i gummi der ein kunne plassera familiens barn medan pappa var i “Porrshopen” og mamma handla godis, sprit, flesk og røyk…. Eller motsatt, kva veit eg… Den gongen var me på kafé i lag med bror min og svigerinne og åt feittete pommes frites og wienershcnitzel på ein nokså sjuskete kafé. Då me skulle på toalettet låg det ein stabel pornoblad der på ein stol til fri bruk…
Dette formen for grensehandel er kanskje med på å befesta alle fordommar: Kva svenskar har å by på, og kva nordmenn er interessert i å ha med seg heim? Eller kanskje det nøkternt og kynisk sett er akkurat det Ola Nordmann er interessert i møta og å ha med seg heim. Eg må innrømma at tanken er litt ubehageleg…
Men i dag hadde me ein hyggeleg dag i grannlandet. Me åt lunsj utandørs ved kanalen og maten smakte godt med blondeduk og geranium på bordet. Me fekk vera vitne til at eit sveitsisk ektepar på kanalferie vart slusa gjennom slusekammer i båten sin, og posen med fryseelementet vart fylt til randa…
Vel tilbake i gamlelandet gjekk Eva Mari og eg på kino og såg ein spansk film: “Blå, nesten svart.” Me var bare åtte tilskodarar i salen, men filmen var vakker og kan anbefalast. Nå senker mørkret seg rundt oss. Det merkest at sommaren har passert det aller lysaste og er i ferd med å bli fullmogen.
Heidi
i alle fall eit av dei, er det romet som heiter Korsveifestival. Eg er metta på sterke inntrykk som eg skal leggja ut smakebitar på her sånn etterkvart.
Som de sikkert har forstått, måtte eg greia meg utan internett medan eg var der, og det kjendest i grunnen heilt ok… Men eg unnar alle som les her å få del i opplevingane mine…
Nå er me installerte hos svoger, svigerinne og to nevøar her i Bærum. Me lever nomadelivet på femte veka i strekk, og eg trivst eigentleg forbausande bra med det. Ungane har sove tretten timar i strekk etter teltliv i tenåringsleiren, og er nå nokonlunde klare for livet att. Om ein times tid blir det formiddagsmat hos svigermor.
Eg telde på knappane om eg skulle skriva denne teksten eller ikkje, ikkje fordi han er provoserande eller kontroversiell, men rett og slett fordi eg var redd for at den andre teksten eg nettop skreiv skulle drukna i denne. For det var nemleg ein veldig viktig tekst…
Eg har sett på telleverket mitt, som eg må innrømma at eg fylgjer nøye med på, at viss to tekstar blir lagt ut samtidig, så er det den nyaste teksten folk les. Så lov meg å lesa den teksten eg la ut før denne og, kjære lesarar…
Dette blir viss bare prat. Det er jo så lenge sidan eg har prata her… Halvard er ute med far sin og luftar Marco, den nydelege irske settaren til vertskapet vårt. Han har verkeleg gleda seg til å vera hundepassar. For tida er han heilt besatt av ynskjet om å få ein hund medan me andre meiner at to kattar og ein hamstar er meir enn nok. Dessutan har eg opna for at Sunniva skal få kjøpa seg undulat. Dei dyrekjære ungane mine går liksom aldri nok dyr rundt seg, og nå har me jo slept ut dei åtte froskane som Halvard avla fram frå rumpetroll nå på forsommaren.
Det regnar mjukt sommarregn der ute, og eg har fått ein uforståeleg trang til å laga ein fin staudehage når eg kjem heim ein gong mot slutten av veka. Frodig og blømande. Kanskje eg rett og slett får det til?
Sommaren har vore god.
Heidi
Sirkusteltet er fullt av menneske og glad forventning. Nokon der framme tek til å synga, og snart syng alle med. Sirkusmusikken startar og fyller teltet frå manesjen med den krittkvite sanden og granittaltaret med eit stort rundt brød og mogne blå druer i store klasar heilt opp til det stjernekledde taket i teltet.
Inngangsprosesjonen kjem. Først prosesjonskrossen boren av eit barn, så sirkusdirektøren med klovnebukse, sjakett og flosshatt, bak han kjem ein gut på einhjulssykkel og to klovnar med raude klovnenasar. Forteljaren med kvit blondekjole over dongeribuksa ber ei stor bibelbok i tre. Sist kjem presten i den lange prestekjolen sin. Kjolen svingar i takt med dei lange stega som fylgjer sirkusmusikken. Messa kan ta til.
“Skap i oss Gud tro, håp og handling, Herre vær oss nær,” syng folket. Nattverdbrødet, som barn og vaksne har bakt saman dagen i førevegen, blir bore til mange stasjonar i teltet. Det blir løfta mot himmelen saman med vin. Raud nattverdvin i kalkar av keramikk, sølv og glas.
I heile teltet stillar folk seg i små køar for å ta i mot sakramenta. Brød og vin blir delt ut av klovnar, prestar og barn.
Ein ny dag på Korsveifestival er i ferd med å begynna.
Heidi
regntøy og lavvo, luftmadrassar og pumpe, sokkar og støvlar og gjer oss klare for neste etappe.
Eg har fått fortald historiane mine. Alle fem ein gong og den eine to gonger. Eg merker at dei blir betre for kvar gong eg får fortelja høgt for nokon, så eg får vel kanskje terrorisera reisefellene mine i morgon i bilen…
Frans av Assisi har eg fortald om mange gonger før, så den historia har eg eit visst tak på. Frans av Assisi er forøvrig ein mann som eg alltid har vore fascinert av. Det hjelper godt på når ein kan fortelja noko som ein rett og slett har oppriktig lyst til at andre skal høyra. Eg skal fortelja om Frans kvar dag for ulike tenåringsgrupper. Elles er det ei historie for kvar dag som skal forteljast to gonger. Då er publikum absolutt alle som er med på festivalen frå toåringar til pensjonistar.
Elles så har me feira Ingrid i dag med familieselskap, blomkålsuppe, pannekaker, bløtkake, diverse desserter og atten til bords. Det har vore koseleg.
Eg håpar eg får sjanse til å skriva litt på festivalen og. Korsveifestival pleier å vera sånn omtrent det finaste eg veit.
Først skal eg bare…
Heidi
bur i hovudet mitt. Eg har øvd inn dei fem historiane eg skal fortelja på Korsveifestivalen, og det er eit ganske heftig konsentrasjonsarbeid. Nå må eg finpussa dei. Eigentleg burde dei fortaljast høgt til nokon om igjen og om igjen til dei har fått form og blitt glatte og fine.
Merkeleg nok så er det ein terskel å fortelja høgt, og ein endå høgare terskel å finna publikum. Eg tyr jo helst til dei her heime, men dei har eit nokså raskt metningspunkt. “Eg kan sikkert høyra på deg i morgon, mamma, men i kveld er eg for trøytt”… Og det seier eg ingenting på, eigentleg.
Elles så har eg vaska to stappfulle vaskemaskinar med sokkar. Me hadde i si tid ein teori om at viss me vaska sokkane samla så var det mindre sjanse for at dei forsvann frå maken sin. Dersom du betvilar logikken, så er eg etter fleire år med nevnde vaskepraksis tilbøyeleg til å vera enig med deg… Det einaste eg har tru på eigentleg er sytti par klin like svarte sokkar som passar til alle i familien… Det er til dels den bestanden eg prøver å byggja opp, men døtrene mine sverger til søte små sokkar med prikkar og sommarfuglar…
Nei, eg får gjera eit siste forsøk på å sjarmera nokon til å la meg fortelja for dei…
Heidi
“Det er i gråsonene du har livet ditt,” seier Rolf Jakobsen i eit dikt, dersom eg hugsar rett. Og Trille, ein visesongar eg lytta mykje til tidleg på åttitalet, song omtrent som dette:
“Det er halvmånetid, midt i mellom ingenting og allting.
Det er havlmånetid,
mellom alt og intet går jeg nu omkring,
jeg ved da godt jeg går i ring,
og det gør ingenting.”
Gråsoner og halvmånetider interesserer meg. Det er tida for uregissert liv. Kjærasten min har eit blikk for ting som eigentleg ikkje er heilt definerte når han fotograferer. Han fotograferer ukjende menneske i settingar der dei fleste ikkje ville kome på idéen å henta fram eit kamera.
Det er mykje poesi i det som aldri vil bli vist på scener eller henta fram i store festtalar. – Trur eg…
For oss er dette ei slags halvmånetid. Me er på mellomlanding heime mellom ei drøymereise i den store verda, og ein stor festival me skal vera med på. Ungane har pumpa opp luftmadrassar i stova for å finna ut om dei er tette, og me må leita fram campingutstyr. Tenåringane vart oppfordra til å ha med stormkjøkken til felles matlaging. Eg kjenner at eg har motvilje mot å røra stormkjøkkenet vårt etter at eg på festivalen for to år sidan forårsaka ei ulukke med det. Heldigvis gjekk det bra, men eg veit aldri meir om eg vågar å koka mat på eit slikt eit…
På meir enn ein måte svever eg i ei merkeleg halvmånetid akkurat nå. Etter at me kom heim har eg vore fullstendig døgnvill. Eg prøvde å leggja meg til nokonlunde normal tid i går, men fekk ikkje sova. Sidan eg vart bare vaknare og vaknare, prøvde eg å lesa ei bok. Etter det prøvde eg alle triks eg har mot ikkje å få sova, men ingen av dei nytta. Eg lurte på om eg skulle stå opp og lata som om det var dag, for å bruka tida lurt, men i følge ein artikkel eg las på internett var det viktig å prøva å tvinga kroppen inn i det som er gjeldande døgnrytme der ein er.
Først klokka kvart over sju om morgonen vart eg trøytt og sovna. Så tvang eg meg opp klokka eitt for å ha håp om å koma inn i eit betre spor nå i kveld. Eg har følt meg litt uvel heile dagen, men har fått gjort ein del nyttige saker. Mykje av klesvasken har me fått unna, sjølv om kjærasten min måtte henta inn halvtørt tøy frå snorene ute då det begynte å høljeregna.
Eg har jobba med historiane eg skal fortelja, og ca ein tredjedel av huset er reint og rydda. Bagasjen er pakka opp, og koffertane er klare til å pakkast på ny. Kanskje blir eg sånn nokonlunde klar med det eg har tenkt å få gjort i morgon, og kanskje eg til og med klarer å få litt sundag sånn innimellom?
Ingrid og Oddvar maler Ingrid sitt rom kvitt. Eg er djupt imponert over Oddvar sitt pågangsmot i praktiske saker. Vips så er alle ting som står i vegen rydda ut på gangen. Resten av inventaret er dekka med plast og i løpet av null komma null så står guten der og maler…
I lag med kjærasten min og delvis Halvard har eg sett ein fascinerande film i kveld. Ein vaksen son som har dokumetarfilmar som yrke har laga ein dokumentar om foreldra sine sitt forhold til einannan. Han har mellom anna lese mora si dagbok etter at ho var død, og bruker denne direkte på TV…
Om slikt er etisk forsvarleg er eit nærliggande spørsmål, og neste spørsmål er: Kor mykje ynskjer me eigentleg å vita om andre sine liv? Om livet til foreldra sine, for eklsempel? Kor mykje vil mine ungar ynskja å vita om mitt liv?
Menneskeliv, reint generelt interesserer meg djupt, og bloggebølga ber jo med seg ein del av dei same problemstillingane. Kor mykje vil ein visa fram av livet sitt, kor mykje er det interessant for andre å vita, og når bør ein ha vit til å halda døra si lukka. Men på bloggen redigerer ein livet sitt med den graden av innsyn ein sjølv kjenner seg konform med.
Nå skal eg ikkje la filosofiske halvmånetankar trekka denne bloggen ut i det uendelege. Kanskje det å prøva å snu døgnet sitt tilbake er eit vel så prisverdig prosjekt akkurat nå?
Heidi
Då eg kom heim i går etter å ha vore vaken veldig lenge, var eg stuptrøytt og lys vaken på same tid. Eg la meg halv elleve og vakna vaken og opplagd klokka tre om natta. Då eg klarte å sovna att, sov eg like godt til klokka halv tre neste dag, og vakna ør og trøytt…
Men det er jo spennande å ha kjent ein ekte jetlag på kroppen og, det er jo ikkje spesielt ofte eg utset meg for slike langturar…
Eg har ikkje heilt landa mentalt endå. Turen vart heilt fantastisk, og på ein måte hadde eg bare lyst til å reisa meir. Alle inntrykka surrar rundt i hjernen, og eg er glad og takknemleg for at alt har gått så bra. Spesielt er eg glad for at Ingrid reiste i lag med oss, og at me fekk denne sterke opplevinga i lag nå når ho på mange måter er i ferd med å fly ut på eigne venger i eit vaksenliv.
Det var fint å sjå igjen eldsteguten min. Hagen var grøn og frodig av blomar og ugras, og Oddvar hadde fått lyst til å slå graset. Ære vera han.
Nå må eg bare prøva å få litt orden på det eine og det andre og vaska ein del kilo klær, før me reiser att på tysdag. Me har fått ei varm mottaking av gamlelandet. For første gong på mange veker, i følge dei som har vore her, er det sol og opphaldsver slik at eg har fått henga ut nyvaska shortsar og T-skjorter. At det skal regna att i morgon får vera ok.
Då eg sat på kjøkkenet i går kveld, lurte eg på kva slags sterk lyd eg høyrte. Då det gjekk opp for meg at det var regnet som auste ned, forstod eg at eg hadde vore lenge borte.
Nei, nå er det rein arbeidsvegring å sitja her lenger. Eg skal jo rydda og øva inn forteljingar.
Heidi
I dag, eller i går, eller i natt, alt ettersom ein ser det, reiste me forbi ei natt. Me starta klokka sju om kvelden etter Vancouvertid, og før me hadde rukke å kome til natta var det morgon der me fløy forbi.
For å prøva å oppretthalda ein slags døgnrytme hos passasjerane slo dei av lyset og lukka vindusgluggene før klokka ti, og haldt det mørkt i fire timar eller så. Bare ein og annan leselampe fekk lov til å brenna, men eg trur eigentleg at dei færraste sov noko særleg i dei tronge flyseta som det mest ikkje gjekk an å leggja ned…
Eg sov i alle fall ikkje, og det hadde eg i grunnen bestemt meg for å ikkje gjera og. Det er ei stykke mellom det å ikkje vera aktivt redd når ein sit på eit fly, og det å vera avslappa nok til åp sova på eit fly. eg er framleis ein palss i midten i så måte. Det er litt som dei første nettene med eit nyfødd barn. Då har eg og sove veldig lite fordi eg ikkje har hatt lyst til å sleppa kontrollen eit einaste sekund. I ein krisesituasjon vil eg då vera lysklar i hovudet og passa på at ungane mine gjer det rette om panikken skulle ta tak i kabinen… Og flyvertinnene gjekk rundt på tå som sjukepleiarar på vakt og serverte vatn og søt eplejuice med beroligande smil til alle oss som ikkje sov…
Og for å halda meg fast i det trygge og reflekterte sat eg og las “Van Gogh`s stol”, medan eg markerte dei sitata eg likte aller best med ein gul markeringspenn kjøpt i ein mormonarbutikk. Adressa til menonittane fungerte som bokmerke medan eg las om å våga å møta dødskreftene og den eksistensielle angsten. Reine ørkenvandringa, spør du meg…
Ein gong var eg oppe på toalettet-. Då såg eg ut i natta gjennom eit lite rundt vindu. Det var nokonlunde mørkt, men sola hang i mørket som ei lysande kule. For det kan vel ikkje ha vore månen. Det likna ikkje på nokon himmel eg har sett før, og det var så vakkert.
Og gjett om slike som meg sit med vidopne sansar når dei sit i eit fly sjølv om dei tilsynelatande er djupt henfalne til filosofi og teologi:
– Kva var den lyden?7
– Korfor vart TV-skjermen svart? Problem med det elektriske anlegget?
– Der sprang det ei flyvertinne gjennnom flyet? Flyvertinner skal då ikkje springa? Er noko heilt gale eller har ein eller annan der bak fått hjerteinfarkt?
-Der gjekk to til etter henne med veldig raske skritt. I all verda, kva er dette? Korfor skjønar ikkje dei andre passasjerane at eit eller anna ikkje stemmer?
Men så skrudde dei på lyset og alt var godt og normalt og frokost.
Etter mellomlanding i Amsterdam landa me på vår eigen flyplass sånn utpå ettermiddagen. Der stod mor og far og Oddvar og venta, og ute var det regn og tolv grader.
Og eg er i ferd med å landa i eige liv og pakka ut ferien. Me reiste i eitt i tjuefire timar og ikkje eit minutt har eg sove. Kanskje like lurt å venta til normal leggetid i dag.
Her er nok å henga fingrane i.
Heidi