rusla eg til tastaturet då eg kom heim. Då eg sat her slo tenken meg: Det er juni i dag! Du har fullend verket og avtalen med deg sjølv. Du kan sjå deg fornøgd i kring. Mai månad er hermetisert, nedskriven og teken vare på for all framtid…
Men sidan eg først er her, kan eg jo skriva eit bittelite innlegg i dag og… Det seiest å vera sunt å trappa ting ned langsomt…
Me har vore på Tinghaug i dag, den høgaste plassen i mils omkrins, og hatt panoramautsikt til alle kantar. Synet bekrefta tanken om at staden der eg bur må vera den vakraste i verda.
For femten år sidan eller så var heile skulen på tur til den same staden. Ein liten storøgd førsteklassing blei ståande og sjå rundt seg lenge. Så utbraut han: “Nå skjønar eg at jorda er rund…” I dag har eg jobba utan pause frå 8.00 til 21.00. Eg er nokså ør i toppen, men nå har eg fri heilt til tysdag…
Heidi
…og dagane har sprunge barføtte mot solnedgangen i vest. Plutseleg er det juni i morgon, og då er det vel kan henda ekte sommar… Juni er ein vakker månad. Ein blond og lys månad, som eg alltid lagar med pastellnyansar når eg skal laga kalendar…
Skuleåret går mot ein ende. I dag hadde eg kjøkkengruppe i lag med Kristin og tre elevar. To av dei er psykisk utviklingshemma. Denne kjøkkengruppa er som ein oase i ein skulekvardag. Her har me trekt inn elevar som treng å få gjera noko praktisk, elevar som har godt av litt ekstra merksemd og kos, og elevar rett og slett bare står for tur til å få gjera noko kjekt og å vera i fokus litt.
Her har me laga pizza og muffins, grøt og lappar, tomatsuppe og makaronigrateng, men mest berømte er me nok for vaflene. Dei blir laga etter den laminerte oppskriftboka vår med fotografi av ingrediensar, fotografi av framgangsmåte, enkel tekst og pictogram.
Når maten er klar, trener me på å sitja fint ved bordet og eta. Me har invitert rektor og sosiallærer til ein matbit, me har servert varme vafler til vaktmeister og reinhaldspersonale, og lærarar kjem innom fordi lukta dreg dei mot døra vår. Som ein episode frå Skomaker Jens Petrus Andersen i Skomakergata, sit me der og ventar. Og har eit barn gløymd matpakka, hender det at assistenten kjem innom med dei.
I dag bakte me både kake og muffins og steikte vafler. Det slo meg at nå er det bare eit par gonger att. I fire år har eg drive denne formen for kjøkkenteneste, men frå neste år av skal eg ikkje arbeida meir med spesialpedagogikk. Då skal eg bare ha klasse. Det vart ein litt vemodig tanke, for eit varmt kjøkken som luktar vaffel er eit hjarte i ein kvar bygning. Ein annan sak er at kroppen min truleg har godt av å ikkje forhalda seg til varmt bakverk ein gong i veka…
I kveld var me på grilltur med tredjeklassane. Eg har ete pølse med sennep og ketsjup, og gulpar framleis tennvæske… Og i morgon skal me gå lang tur med elevane. For eit par veker sidan hadde eg eit par joggeskor. Dei verkar å vera sunkne ned i jorda… Orkar ikkje leita nå…
Når eg vaknar er det juni månad, og eg fekk sendt bidraga til salmekonkurransen inn i tide…
Heidi
heiter det høgaste fjellet i Norge, det har eg visst sidan eg var sju år. For eit par veker sidan såg eg ein kollega stava det feil på tavla. Eg lot vera å nemna det, sidan ingen av elevane lot seg merka med det…
I går stod det feilstava i ei lærebok og. Det stod Galdhøpiggen utan g i midten. Eg sjekka atlasen og det var stava feil der og…
Eg konferrerte med mine næraste kolleger, dei meinte boka hadde rett… Betydde det altså at eg hadde teke feil?
At eg i trettiåtte år hadde visst noko som ikkje er slik likevel?
Då eg hadde lagt meg tidleg, fordi eg ikkje var heilt i form, sende eg sms til ti personar som står meg nære, alt frå far min til eldste sonen min, faktisk… Der stilde eg spørsmålet: “Kva heiter det høgaste fjellet i Norge?” Sju av dei svara Galdhøgpiggen og bare tre Galdhøpiggen… Eg gjekk til internett og googla. Hundrevis av treff på begge variantane… Som den fanatikaren eg plutseleg kjende at eg var, sende eg mail til Norsk språkråd og spurde om begge stavemåtane var lov…
Eg fekk svar etter eit par timar… -Eg tok feil. Det skal stavast Galdhøpiggen… OK, eg gjer meg eg… Men så språkleg overraska har eg ikkje vore sidan eg som femåring verkeleg stod på mitt då farmor og far sa at månaden heitte januar og ikkje anuar… Så har dei vel rett då… Men Galdhøgpiggen må då vera Norges vanlegaste stavefeil… Vanskeleg for å gje meg eg? Ikkje i det heile tatt…
Heidi
…dugnadsdagen. I samband med den store årlege marknaden her i byen var “fotballforeldra” utkomanderte til å melda seg på messeområdet seinast kvart på ti. Det vart kjøkkenarbeide på meg. På med kvitt ermeforkle og ei heller ukledeleg hette. Så var det hurtigskjering av salat i to timar. Deretter var utfordringa å selgja komler i kafeteriaen.
Folk stod i lang kø, og me stod tre stykker og samarbeidde om å ausa opp mat. Bestillingane var så ymse. Komle med kjøt og pølse og potet, komler utan smør, liten porsjon med både pølse og kjøt…
Sørlendingane etterlyste sukker til komlene, nokon ville ha kaldt smør i staden for smelta, nokon etterlyste ein ekstra tallerken, og ein ville ha komlemiddag utan komler, men med alt tilbehøyret… Eg måtte hjelpa eldre menn å vurdera om dei orka å eta tre komler eller om det haldt med to… Me innarbeidde oss ein imponerande samarbeisrutine på korleis me saman skulle fylla ein papptallerken fortast mogleg… Fascinerande og travelt å vera i kafeteriabransjen…
Etterpå fekk eg skrive to songar til personalrevyen og gått tur med kjærasten min. Kvelden vart avrunda med at eg fekk overtalt Odd Christian til å sjå film med meg. Me sat i sofaen med ei dyne rundt oss og såg “Finding Neverland” medan me småprata innimellom. Å sjå film med ungane og ei dyne er ei glede av det enkle og mjuke slaget…
Heidi
I ale fall gjorde han det på lørdag. Eg sov lenge og merka at kroppen sa bestemt nei takk til all slags sprell. Så det vart ryddig etter festen i roleg tempo. Eg kokte rabarbragrøt, og eg var utruleg fornøgd med at huset mitt for ein gongs skuld var reint og ryddig.
Utpå ettermiddagen kom Synneva og Hedvig på besøk. Hedvig briljerte med kunsten visa kor stor ho er, men elles er det absolutt mest påfallande kor søt ho er…
Me åt restane av indisk kyllingsuppe med masse karri og kvitløk og det smakte framleis nyyydeleg.
Horisontal lesing av lørdagsaviser er ingen dårleg tilstand å vera i, og så lot eg meg overtala til å kjøra Oddvar og Ingrid til ein stad der dei gjerne ville vera. Etterpå gjorde eg forsøk på å sjå ein film, men eg var simpelthen alt for trøytt. Streken i rekninga var at andedrakt var borte vekk då eg skulle kosa meg med å skriva eit mai- innlegg. Det øydela jo heile prosjektet mitt med ein tekst kvar dag… Eg kjende omtrent abstinensar, og prøvde gong på gong å koma inn, men nei. Den digitale gata mi i cyberspace med alle dei gode naboane, var borte vekk. Nå ser eg til mi lettelse at brikkene fell på plass, og at heimstaden min dukkar opp frå ingenstad… Og eg er glad for å vera heime att.
Heidi
Livet har kun en och den er kort.
Liksom spån i strömmen, som en bild i drömmen,
hastar menskan til en bättre ort…
Me har sunge. Anne Kristine har spelt piano, og me har sunge lette pastellfarga sommarsongar. Bordet vart dekka med limegrøne dukar og grøne lys i høge Ikea -stakar og med liljekonvall, rosa margeritter og oransje roser. Serviettane var rosa og limegrøne og det vart så fint i saman med dei koboltblå tallerknane mine.
Eg har stått på i heile dag, eg har skore grønsaker og steikt kyllingbitar i woken i tre fire timar. Eg har handla og bakt, vaska og rydda og hatt det fint mens eg haldt på. Den indiske kyllingsuppa med karri vart heilt nydeleg, og chilisuppa vart god den og. Slike supper som står og koker i fire-fem timar er kjempegode. Eg har fått eit gavekort med ein stor sum på som skal brukast hos to keramikarar eg kjenner. Må velja med omhu.
Nå er eg trøytt. Ryggen og beina er endå trøyttare etter å ha stått og gått mesteparten av dagen. Selskapet vart rektig vellukka trur eg. Me har sunge, snakka høgt og lenge, ete masse suppe og etterpå kaffe med rabarbrapai og rips-is-kake. Aller mest glede trur eg faktisk likevel eg hadde av å ordna til og tenkja ut. Det er kjekt å arrangera selskap- Og den tjuefjerde juni kjem neste runde.
Eg har slått ut ein halv karaffel rødvin fordi eg ikkje hadde kork til, og tilbake på kartongen kunne eg ikkje hella han. Eg ville ikkje at det skulle frista ungane i morgon tidleg. Sova nå og lenge, -trur eg.
Heidi
å vakna med god tid. Den siste boka til Linn Ullmann var fin. Fin og sterk og trist og viktig. Venus mjaua utanfor vinduet. Eg slapp han inn og han låg på magen min og mol medan eg las i boka. Ingrid kom med ein jakke. Eg hadde lova ho å sy ned splitten bak som var for høg. Ho fann ein silkespole som eg har hatt liggjande heilt sidan eg sydde brudekjolen min, og fargen var den rette. Så sat eg i senga med brudekjolesilketråden og sydde på jakken med ein malande katt i fanget.
Først nå slo det meg at silketråden gjennom dagen er litt symbolsk, for i dag har kjærasten min og eg vore gifte i ein og tjue år… Me har teke feiringa med ro, sidan me er midt i den store festveka med feiringar på alle kantar.
Men soveromet har eg rydda, og eg har tørka støv av gamle installasjonar. Og eg har vaska ting som i lang tid har lege klart for handvask. Baderomet har lukta intenst av våt råsilke, for eg hadde fire plagg av råsilke som skulle vaskast. Det slo meg at alt eg stod og vaska for hand hadde eg fått eller lånt av syster og svigerinne. Ingrid sa her en dag. “Kva i all verda er det med deg mamma sidan folk heile tida kjem og gjer deg ting?” Kanskje eg har ein litt ubehjelpeleg klesstil som bare appelerar til stylisten i folk…
Eg har plukka rabarbra, og eg har plukka liljekonvall. Akkurat som eg gjorde den dagen for akkurat 21 år sidan, plukka min eigen brudebukett. Eg gjekk og venta på syrinane som ikkje ville springa ut i tide i 1985, og så vart det liljekonvall i staden. Heilt i tråd med meg sjølv plukka eg buketten i bestemor sin hage, og fekk utruleg dårleg tid. Ja, faktisk så dårleg tid at kjærasten min foreslo me skulle dra til kyrkja utan bukett… Men eg røska med meg blomar og forlovaren min laga buketten i bilen på veg til kyrkja.
Far hadde vått hår då han førde meg opp kyrkjegolvet. Han kom rett frå dusjen, så på det med dårleg tid er eg truleg arveleg belasta… Då me skulle gå inn døra gol gauken for første gongen den sommaren. Eg spurde far om han ikkje trudde det var eit godt teikn, – og det trudde han…
I morgon har eg invitert dei av damene på jobb som er eldre enn meg til feiring. Me blir så mange, så eg må dela i to. Atten gjester får eg om alle kjem. Må roa meg tidleg i kveld og stå tidleg opp for å rekka alt eg skal.
Baka, vaska, koka supper dekka bord og laga rabarbragrøt. I morgon har eg fri frå jobben og skal konsentrera meg om oppgåva…
Heidi
Verda er grøn og rosa og full av epleblomar, liljekonvall, syrin og rhododendron. Eg har vore på tur med klassen min. Me klappa kopplam og såg på tre dagars gamle grisungar. Så fekk me studera ein kjukling på veg til å hakka seg ut av skalet. Han låg der inni og strevde og pusta og var våt og pjuskete, medan ein kunne sjå korleis det vesle hjartet slo. På veg heim vart eg kjørande bak ein traktor med stor tilhengar som eg ikkje våga å kjøra forbi med bilen full av ungar, så me kom tilbake sist av alle bilane i fylgjet.
Eg var totalt utlada etter jobb. Eg har sove alt for lite denne veka. Eg dusja lenge i varmt vatn, og fekk vaska lukta av grishus grundig ut av håret: Så vakla eg ut i senga og sov i to timar.
Gry gav meg syrinar, syrinar frå hagen sin, og i morgon skal eg plukka liljekonvall. Eg var hos Anne Mette og åt reker med sitron og egg og majones med deilig fruktsalat til dessert.
I morgon skal eg sova lenge. Eg gler meg allereie villt og uhemma.
Heidi
har eg segla rundt i dag. I kombinasjon med den ruskjensla ein får når ein har sove alt for lite, var det ganske sterkt.
Eg vakna klokka fire og kunne ikkje somna att. Alle tinga som skulle løysast i samband med timeplanen vart liggjande og surra og kverna i hovudet. Det var ikkje akkurat det at gode løysingar stor i kø, eg klarte bare ikkje å sortera tankane. Natta før somna eg ikkje før to. Dette er verkeleg utforsking av mai-nettene og vakre er dei.
Familien min viste først ingen teikn på at dei hugsa at deg hadde gebursdag, men så braka det laus… Kjærasten min kom med eit blomstrande tre til hagen. Eg skal få planta det i potte håpar eg. Så fekk eg ei stor fruktkorg med nøter, vannmelon, honningmelon, plommer, druer og cherrytomater. I korga var det dandert ein pakke som viste seg å vera ein fyldig spansk dictionary og vakkert på skrå låg, -ikkje ei flaske sjampanje med ei flaske farris. Rosa kaffikanne fekk eg og kvitt og svart kaffikrus med rosa blomar.
I korga låg eit brev: “Kjære mor: På dagen din vil Odd Christian vaska og støvsuga underetasjen og Sunniva vil rydda og støvsuga første etasje. Halvard skal rydda og vaska romet sitt og legga kleda sine fint saman i skapet. Vi er veldig glade i deg.”
Ein kan sjølvsagt smelta av langt mindre når ein er trøytt og alt… I tillegg har eg fått eit akrylmaleri med tre halve saftige appelsin som Ingrid har malt.
Då eg kom til skulen kom Synneva med heimalaga kort og diktbok, og eg er blitt sungen for, halden rundt, klemt og kosa heile dagen. Telefonen har ringt fleire gonger. I tillegg har tekstmeldingane tikka og tikka inn heile dagen, det har vore blomsterbud på døra med heilt fantastiske rosa blomar, og då eg kom heim ein time før eg skulle ut att på planleggingskveld hadde Ingrid og Oddvar laga fantastisk god middag med kjøttkaker, grønsaker og erterstuing.
Kvelden vart feira med avsluttande timeplanarbeid på skulen. Eg er rett og slett litt overraska over kor mykje det varmar å bli hugsa, tenkt på og vist merksemd. Dagen har vore ei reise i varme sjølv om rammene var ein dag heilt fullpakka med arbeidsoppgåver. Då eg kom heim frå jobb klokka halv ti om kvelden, sat ei venninne i sofaen og venta. Ho kom på besøk med eit heimemala glas med telys i, men kunne fortelja at ho haldt på å laga glassmykke til meg.
Eg har fått fornya tru på at dei små glimta av omtanke, lys og varme faktisk betyr meir enn ein skulle tru, så ikkje hald opp med å strø ut varme!
Og så skulle eg halda innlegg på eit møte på rådhuset: Eg stussa over kor få bilar det stod parkert på kinoplassen, og sette lukkeleg min i frå meg der. Rektor, som var på same møtet skjøna teikninga. Ho spurde om eg hadde oppdaga at det var kome parkometer der. Det hadde eg ikkje… Ho bad straks om nøklane og sprang ut for å koma parkeringsvaktene i forkjøpet. Eg slapp parkeringsbot…
Heidi
I går var eg på jobb til klokka tolv om kvelden og i kveld til halv elleve. Me legg timeplan, og det er meir innvikla enn ein skulle kunna tenkja. Me sit der og skal administrera klassetimar, spesialpedagogikktimar, framandspråktimar osv… Det er som å leggja kabal eller løysa kryssord ein må prøva om att og om att…
Og nå er eg trøytt ;). men har ein fått ein fiks ide, så har ein fått ein fiks ide. Denne går ut på å skriva kvar dag i mai. Nå må eg ned og smila til kjærasten min for å visa at eg er i live. 🙂
Heidi.