Gå til innhald

Telefonsamtale 2:

– Hei, dette er frå M44 (Det nye handlesenteret her.)
Har du mista veska di?

– Har eg det?
(Eg har forsåvidt observert at veska ikkje hang der ho pleier, men trudde kanskje ho var i bilen.)

– Ja, du har nok det, me har ho her i resepsjonen.

– Er det ei lite svart veske med ei svart lommebok oppi?

– Ja, me vart nøydde til å snik-kikka litt for å finna ut kven det var si.

– Då kjem eg så fort eg kan!

– Det er fint. Me har ope til ni.

Det er så utruleg typisk meg. Eg hugsar til og med at eg sette veska frå meg medan eg pakka matvarene i plastposar, og at eg tenkte at eg ikkje måtte gløyma ho.

Når eg har det for travelt eller er for sliten blir eg ikkje først og fremst sur, amper eller får vonde skuldrer. Nei, eg gløymer ting. Eg forlegg briller og nøklar, vesker og jakkar. Eg har sikkert rekorden her i byen for å henta veska mi på lensmannskontoret. Kvar gong seier folk: “Nå var du heldig!” Og det er eg kanskje, for eg får tinga mine attende kvar einaste gong. Min teori er at 99 av 100 finnarar ikkje vil drøyma om å leggja ei lommebok dei finn på gata i sin eigen lomme. Altså er det I følge mine teoriar 99% sjanse for å få tilbake det ein mistar.

Eg er det vandrande beviset: Folk er betre enn det ryktet dei har fått på seg.

Heidi

Telefonsamtale:

-Hei, Knut. Det er Heidi. Heidi frå gymnaset. Hugsar du meg?

– Hei, Heidi Strand. Klart eg hugsar deg!

– Hei, Knut Haaland. Me sit her ein gjeng frå klassen og har funne ut at det er på tide med klassefest.

– Dokke er galne (ler).

– Ja, heilt galne. Nå må du setja av siste lørdagen i
oktober. Kan du då?

– Ja, då har eg veldig fri.

– Så flott. Då må du setja kryss i kalenderen med det same.

– Det må eg.

Og etter to minutt var min gamle venn Knut prata inn i komiteen.

Snipp. snapp, snute…
Dette blir nok kjekt.

Heidi

Tankar i eit tanketomt hovud.

Kyrne flokkar seg på bakkekammen utanfor vinduet mitt. Det slumrar så vidt der ute. På fjernsynet diskuterer dei samfunnsutviklinga og forbrukarmentaliteten. Sjølv har eg vore på kurs i dag. Kurset heiter så fint “Terapeutisk mestring av aggresjon”, og i dag har det handla mest om korleis ein sikrar menneske med utviklingshemning eit verdig liv og korleis ein kan forstå/ forebyggja aggresjonsanfall. Veldig interessant. I morgon skal me trena oss praktisk. Det blir sikkert bra.

Nå har me avslutta året med dramaklassane våre, så sommarferien har på sett og vis begynt bittelitt, men framleis står det nå mykje att av skuleåret.

Eg har henta Ingrid som har vore barnevakt, og eg har fått sett i gang ein vaskemaskin. På tysdagane varar arbeidsdagen min frå åtte til åtte. Då er hovudet relativt tomt når eg kjem heim.

Norske russ får ein knute i lua si viss dei drikk ein kasse øl på fem timar. Eg veit ikkje om dei har noko heilt tilsvarande russefeiring i Sverige. Akkurat nå diskuterer dei russefeiring og overdrive alkoholforbruk på TV… Dette blir linka opp til at alkoholforbruket har auka i befolkninga forøvrig. Russefeiring kan tydelegvis for ein del ungdommar vera tre-fire-vekers samanhengande drikkepress.

Eg undrast og let meg forundra.

Heidi

Ryddevegring.

Det er på tide å retta søkelyset ubarmhjertig mot meg sjølv. Eg lid av ryddevegring. Eg kan trenga to timar på å rydda kjøkkenbenken. Eg kan setja av ein heil dag til å rydda hus og mest ikkje får gjort noko fordi eg “må bare…” i beste Albert- Åberg-stil. Eg kan stå på til eg er stupeferdig og ikkje kjenna at eg er trøytt når det gjeld mest all slags anna arbeid. Ved synet av ein støvsugar eller ein langkost held eg på å segna sovande om.

Ingenting orkar eg kasta fordi eg kan jo få bruk for det ein dag. Dessutan har jo ting affeksjonsverdi. Bestemor sine gamle blondegardin, korleis skulle eg kunna kasta dei? Rett nok kjem eg aldri til å bruka dei, men dei minner meg jo om bestemor… Gamle brev frå 20 år tilbake? Klart eg kan ikkje kasta mi eiga fortid… Adresseboka frå den sommaren eg var seksten, gamle dagbøker… Skorne som barna mine har vakse frå… Klær eg kanskje blir smal nok til å koma inn i ein vakker dag…

Eg såg i eit av desse fantastiske amerikanske programmar der dr Phil eller profesjonelle nannyar har svar på alle spørsmål, at folk som ikkje kan kasta heng sjukeleg fast i fortida si. Dei vågar rett og slett ikkje å gje slepp… Kanskje eg høyre heime i den kategorien? Det ser ikkje ut som om eg vågar å gje slepp på dei overflødige kiloa mine heller… Kanskje er det underliggjande psykologiske årsakar til det meste? Fint å ha ein diagnose liksom, og kven veit?

Her sit eg i alle fall og skriv i staden for å rydda hus. Eg er ganske flink til å gje meg sjølv amnesti for alt ubehageleg… Eg har jo lova meg sjølv ein tekst på Andedrakt kvar einaste dag i mai…

Og etterpå fortener eg kanskje å få leggja meg tidleg…

Heidi

Gjennom rampelys og nattemørke.

Me kom oss i veg med salatar og marsipankake, heile familien pynta og klare, og endå nådde me fram til kyrkja før klokkene ringde. Ein og ein konfirmant gjekk fram og tende lys før dei knelte og vart velsigna. Tårene rann fordi eg vart så rørt av å sjå dei som kom fram i kvite kappar med usikre smil, prega av høgtid, men ikkje heilt konforme med ein så formell setting. Søkande, usikre jorten- femten-åringar kom på rekkje og rad. Ein del av dei keitete usikre fordi kroppane deira har blitt vaksne før dei rakk å tenkja seg om.

Elisa, konfirmanten vår, haldt tale med ord til kvar og ein av dei som hadde møtt fram, og eg gråt endå meir. Slekt skal følge slekters gang, og snart skal livet verta annleis. Dei eldste tenåringane i storfamilien er allereie på veg ut, og me skal vera der for dei, men dei små buttete kroppane frå bileta finst ikkje lenger. Barndomen er snart ein fiksert del av livet deira som ingen kan forandra på. Og kring dei står me vaksne og held saman. Rett nok på ein til tider heller hjelpelaus måte, “men alligavel”, som me ville sagt det på den lokale dialekten.

Då me var vel heime, la Ingrid og eg ut på tur att for å gratulera Magnus med konfirmasjonsdagen hans. Torhild og Per Magne hadde etterselskap heime i stova med masse kaker og kaffi. For andre gong i dag fekk me synga oss gjennom eit hefte med selskapssongar.

Vegen dit var snodig. Det tordna og det lynte så det brakte kring bilen. Himmelen var skiftesvis lys og kolsvart. Me kjørde gjennom rampelys og nattemørke. Me såg regnbogen enda midt på eit jorde, men tok oss ikkje tid til å leita etter gull. Då me kom fram slo det til med ei byge som bestod av store hagl og våte snøfiller. Slik kan det faktisk vera åttande mai, men kveldane er lyse og lange og trea er blitt grøne.

Mykje liv på ein gong, og tre dagar med fest og selskap som hovudaktivitet. I morgon tek kvardagslivet til. Eg har sove alt for lite.

Heidi

Eit hemmeleg rom.

Eg er nettopp komen heim frå jentefest med jenter i alle aldrar. Den yngste var 17 år og dei eldste nærma seg seksti. Anledningen var at min kjære kollega Elise fylde 50 år, og ho hadde bedd inn alle kvinnene ho kjende som verkeleg hadde betydd noko for henne, -eller noko liknande… Me var mellom tretti og førti personar i stovene hennar. Ho hadde håpa på ein hagefest, men det var regn og surt og kaldt , så me var inne. Me har sunge og ledd, høyrt og fortald historiar og ete heilt fantastisk mat. Eg har ei forestilling av at slike forsamlingar med feststemde personar av hokjønn i løpet av ein time eller to lagar si eiga verd, eit hemmeleg rom som menn ikkje veit så mykje om.

Bare synd eg har vore litt for lat i dag. Eller i alle fall har eg ikkje vore effektiv nok… I morgon skal me i konfirmasjon og eg må opp grytidleg for å stryka skjorter, sy inn Sunniva si bunad, laga tre- fire salatar,
skriva gratulasjonskort og finna blusen eg skal ha på meg, som eg ikkje veit kor eg har lagt… Eit par tre timars søvn, og så…

Til rors Columbus…

Brøddeig, suppe, stev og kunst.

I dag laga eg gjærdeig av tre kilo mjøl. Synneva hadda bestilt rundstykke til selskapet sitt, og då ville familien min ha eit brett og.

Heva brøddeig er mjukt som silke mellom fingrane og noko av det mest behagelege ein kan kjenna på. Det vart fire brett med store luftige rundstykke som eg dyppa i linfrø, sesamfrø og solsikkefrø. Ikkje på ein gong då, men like mange av kvar dypping… Eg lasta dei i den store punsj-bollen me eingong fekk til bryllaupet.

Elles så har eg laga mitt første stev i dag. Anne Kristine har gått på kvedarkurs og Elise kan bare gle seg til femtiårsdagen i morgon. Planane er mange og omfattande.

Synneva hadde laga den beste suppa eg har smakt. Skalldyrsuppe med chili. Det smakte vidunderleg med
dei nybakte rundstykka mine med mjukt smør oppå.
Synneva har fått så fin rund mamma- mage under den svarte kjolen. Far hennar kom med babytøflar kjøpt i Korea, og ei venninne hadde send babytruse med blonder på rumpa i frå Trøndelag.

Og trappa har me begynt å pussa ned. Det flekkete rosa teppet er borte for alltid, og eit tynt lag pussestøv la seg som nysnø rundt i stova.

Eg har forelska meg i eit stort bilete. Det er eit grafisk blad med gullramme. Eg såg motivet for fleire år sidan og fall pladask, og i dag såg eg biletet på eit kunstgalleri i min eigen vesle by. Nå har eg ikkje for vane å kjøpa kunst på impuls for firsifra beløp. Men det er lov å drøyma. Eg er ikkje nokon stor shoppar, men lommeboka har ein tendens til å tømmast likevel.

Men skalldyrsuppe, gode vener. Det var tingen…

Heidi

Å verkeleg halda fast.

Akkurat som planlagd, hadde eg ein lat, lat morgon. Det kjendest vidunderleg. Ein liten del av meg er litt for trøytt.
Ei lita litt andpusta syster står og kjenner seg ein smule attggløymd og fortapt mellom dei meir robuste sidene av personlegdomen min. Me skal nok få henne på føtene etterkvart med litt varme og tålmod.

Eg hadde ein lang og sein frokost med Odd Christian, som minna meg på at han skulle bu heime i bare eit par månadar til. Kanskje det var siste sjanse sånn omtrent til å gje han nylaga vaflar som ein start på dagen? Eg lot meg bare halvvegs sjarmera, og haldt han med selskap ved bordet mot at han lagde vaflar sjølv. Me hadde ein fin samtale om nestekjærleik og måtar å sjå livet på. Han er ein god gut. Rart å sjå den vesle guten med Lille-lord- Fontleroy- korketrekkarkrøller forandrast til ein vaksen mann.

Det siste døgnet har eg skrive fire songar til 50-års- dag og konfirmasjonar. Eg lurar på om eg er det einaste mennesket i verda som synest det er lettare å skriva fire songar enn å rydda og vaska kjøkkenet. Faktisk treng eg kortare tid til det første enn til det siste. Er eg rett skrudd saman, mon tru?

Eg har lova meg sjølv å skriva ein tekst her kvar einaste dag i mai. I mange år har eg prøvd å verkeleg halda fast denne mest intense månaden i året, men taket har alltid glippe etter ei veke eller to. Nå når eg er midt oppe i det kjennar eg att noko eg mest hadde gløymt: I tillegg til å beramed seg livsenergi, venteglede og våryre kriblingar er denne månaden fylt til randa av lengt og vemod- Ikkje rart at det blir for mykje på ein gong.

Nå skal eg stella fint med meg sjølv og finna vegen ned trappa til soveromet… – Trur eg.

Heidi

Mangt minnest eit menneske…

…når kirsebærtreet blømer. Slik står det i eit japansk haiku-dikt, og slik er det her hos meg i dag. Kirsebærtreet blømer. Det står der vemodig vakkert med kvite blomar som om ei veke eller så skal dryssa som snø mot det grøne graset.

Kirsebærtreet blømde første gongen me såg på huset våren for 15 år sidan. Då blømde det i tilllegg med ei innpoda japansk grein med rosa blomar. Den greina har ikkje overlevd femten år med oss. Treet har fått amputert greinene sine mange gonger. Eigentleg har me ikkje plass til det. Treet tek heile hagen på framsida. Kirsebæra er sure og mest ikkje til å eta. Men så er det det at treet er så fint å klatra i. – Og så er det så vakkert den eine veka i året det står med blomar.

Den mintgrøne trappa med gammelrosa teppe i, som var spennande og ny då me flytta inn, har tapt seg kraftig ho og. Nå er trappa malingssliten, og teppet er flekkete og nedtrakka. I minst fem år har me snakka om å gjera noko med den trappa… Kanskje det blir i sommar? Kanskje allereie i denne veka?

Nå har eg fri i fire dagar på grunn av Kristi Himmelfart og ein ekstra fridag. Det skal bli så godt. Eg har mykje eg må gjera i helga, men ikkje i morgon tidleg. Då skal eg
sova lenge. Etterpå skal eg lesa på senga, og når eg endeleg står opp skal eg trakta meg svart kaffi og varma
halvsteikte danske bagels.

I morgon skal eg pusta roleg inn og ut før eg tek fatt på alle arbeidsoppgåvene. Mangt minnest eit menneske når kirsebærtreet blømer.

Heidi

Om å opna ein dag:

TIl mi overrasking sit attenåringen ved frukostbordet når eg står opp. “Du må kjøra meg innom ein butikk,” seier han, “Eg skal ha heildagsprøve i IT.” Då han har klart å overbevisa meg om at bollar og Cola er bra for blodsukker og konsentrasjon, kjem Ingrid og skal ha heildagsprøve i engelsk. Halvard spelar piano til irritasjon for storesyster. Han trener på rett pedalbruk.

Det er morgonkø ved kaffitraktaren. Me står ikkje i kø fordi me er mange, men fordi me ventar på at kaffien skal bli klar. “Korleis har du det?” spør Stig. “Jo, takk;” seier eg. Eg trur det er bra, men eg skal kjenna skikkeleg etter når eg vaknar.” Jon kjem for å få kaffi han og. Me pratar oss inn i dagen. Og brikkene fell på plass.

“Det er vår, og eg skal halda dagen fast,” seier eg til meg sjølv. Ute luktar det vår. Det luktar regn og støv og børk og våt asfalt. Før det ringer inn er eg klar på romet til den eine eleven min. I dag skal me baka sjokoladekake med Ingvild og dei andre. seier eg. Saman finn me pictogramma fram og lagar dagtavle. Ein ny dag er i gang.

Heidi