Gå til innhald

Etyde først i mai.

Ei kvinne går i eit månelandskap forma av sand-dyner. Dei mjuke organiske formene møter føtene hennar. Ho konsentrerer seg om å gå, ikkje om noko anna. Ho kjenner at anklane og vristene hennar tilpassar seg underlaget slik at ganglaget blir mjukt og fleksibelt. Sanden er bunden fast til landskapet med gul marehalm, men over små stier er marehalmen slitt vekk slik at den kvite pudderaktige sanden kjem fram. Sanden trenger seg inn i opningane i skorne hennar.

I grenseoppgangen mot havet er det eit smalt belte med utsikt ned mot havet. Kulelandskapet flatar ut og fell i klitteformasjon bratt mot sandstranda. Ho går ikkje ned til den flate stranda der bølgene slår i puls- slag mot sanden. Ho blir bare roleg ståande på toppen av verda. Ho står der taus og ser. Landskapet bleiknar inn i vårnatta medan disen ligg som eit slør mot horisonten.

Etter ei stund snur kvinna seg og går. Den okergule monotonien ho rører seg i gjer henne godt. Utan ord og mimikk blir ho gåande heilt til alt er stille. Ho har lengta etter eit lerret å kvila tankane mot.

Heidi

Första vackra da`n i mai…

Etter adrenalin-kick av dimensjonar, som gjorde at eg i ein periode slo augene lysvakne opp klokka fem om morgonen, har eg landa. Få ting er så nervepirrande som å stå i kulissene på ein stor scene med manus , rekvisitter, handhaldne mikrofonar og myggar medan ein administrerer ein gjeng svært unge skodespelarar ute på scenen. Når det heile er over og alt vart vellukka, kjenner ein seg letta, glad, fri -og litt tom innvendig. Dei store prosjekta mine er hanka inn og tekne til jorda eit for eit. Alt har gått bra, og eg er takksam.

Eg er takksam og trøytt. Eg vil sova, sova, sova, men det vanlige livet mitt flyt roleg og beherska forbi, og eg må flyta med… Sola skin, og bjørkene er blitt grøne. Det er vakkert å leva. Baksida av å vera travel er alt som hopar seg opp heime i mellomtida. Vaskekjellaren fløymer over, og spindelvevet pyntar taklistene. Huset skrik etter kjærlege husmorhender, men ingen kjærlege husmødrer
ringer på døra mi. Det meste let seg vel ordnast sånn smått om senn…

I går var me i konfirmasjon. Me feira søte, vakre Hanne som føddest sånn omtrent i går. Eg var der då sjølv og åt pasta den kvelden riene starta. Vemod og venteglede. Livet kjem og kjem.

I stova mi sit ein vaksen son, for første gong i livet med skjegg under haka og spelar gitar: “How many roads must a man walk down?”… Det vil seia, skal eg vera heilt ærleg, så var det tidlegare i veka han gjorde det, for nå i helga er han på russetur til Kragerø.

Halvard er heldigvis framleis oppteken av å vaska dokkestova i hagen, slik at kompisane kan samlast der med soveposane under armen for å tygga karamellar og lesa Donald Duck. I går sat han framleis på fanget min, men i oktober blir han elleve, så kanskje det er siste sommaren med barn på fanget.

Og nå er me i mai. Denne vidunderlege, grøne månaden som alltid tek pusten frå meg fordi eg blir så tørst på liv at eg mest ikkje har tid til å sova. Ein ny forsommar er allereie i gang. Akkurat som før liknar dette året til forveksling på dei som gjekk, og akkurat som før er alt annleis. Når skal me verkeleg læra å tella dagane våre?

“The answer my friend is blowing in the wind. The answer is blowing in the wind…”

Heidi

Uventa:

I natt hadde eg eit typisk stress-mareritt. Eg drøymde at eg gløymde å gå på jobben fordi eg trudde eg hadde fri, og eg vart vilt stressa då eg oppdaga feilen. Kanskje ikkje så rart at eg drøymde å ta fri, for eg var så sliten då eg la meg. Dagen starta med at eg måtte ut og kjøpa pølsebrød klokka sju til Sunniva som skulle på sykkeltur med skulen. Halvard må for tida eta kveitebollar fordi han ikkje får lov til å bita med framtennene på to veker, så det kunne eg handla med det same.

Han datt då han var på overnattingstur nå i helga og skulle springa ned ei lang flisebelagd trapp inni soveposen sin klokka to om natta, forfulgd av to jenter… Den eine tanna brakk tvert over og blei slått laus… Odd Christian som hadde gledd seg til denne dagen fordi dei skal ta på russeuniformane sine, vakna med feber og vond hals, så han måtte få halstablettar… Sjølv trong eg to like sokkar, så eg kjøpte tre par. Flaks for meg at nærbutikken som eit utslag av marknadsliberalisme har begynt å opna klokka sju om morgonen.

Då eg lett heseblesande ankom skulen, drakk eg morgonkaffien min og gjekk til første timen. -Dette bare for å oppdaga at eg hadde fri i dag… Eg har fri fjerde kvar fredag, men fordi me hadde sjonglert med dagane hadde eg rett og slett ikkje oppdaga at det var i dag… 🙂

Og eg som i utgangspunktet var så travel, fekk ein fridag rett i fanget heilt uventa. Kva skulle eg velgja, bli på jobb og ta unna for trykket eller gå heim? Eg valde det siste. Eg har nå fått rydda på kjøkkenet og bakt ei sjokoladekake på bestilling til den sjuke attenåringen 🙂 Nå dreg eg på spontan-besøk til foreldra mine for å eta lunsj med dei. Eg har ikkje reist aleine dit på mange år. Eg har avtalt med syster mi, som sit heime og les til eksamen i naturmedisin at ho og dukkar opp. 🙂

Kryss fingrar for meg i kveld. Då er det stor forestilling med 80 unge skodespelarar, dansarar og musikarar på kulturhuset, og Jan Ivar og eg har hovudansvaret. Me har teke utgangspunkt i tre H.C. Andersen -eventyr. Me hadde skuleforestillingar for 1200 skulebarn i går. Det gjekk kjempefint og eg er så veldig letta og glad, for denne gongen var det høgt spel. Det kunne bli fantastisk bra, og det kunne ha blitt heilt mislukka fordi me spende bogen for høgt.

Så nå… landar eg i kvardagen etter ein kulturell flytur frå jul og fram til nå. På tide å vaska huset, kanskje?

Heidi

Jesus Christ Superstar.

Ingrid, eg og kjærasten min har vore på skulen der han arbeidar for å sjå på ei elevoppsetning av Jesus Christ Superstar. Dei var utruleg dyktige og fekk trampeklapp og ståande applaus. Dei to eg hadde med meg ville heilt til topps i det innleigde tribunestillaset, men eg fekk eit anfall av høgdeskrekk, og fekk trumfa gjennom at me sette oss på tredje eller fjerde rad. Eg blir så fascinert av scenografi som fungerer, og begynte å tenkja på alt som skal vera i orden til me går i gang med elevforestillingar tjueførste april.

Scena med Jesus i Getsemane, Judas som raste over det som hadde skjedd og Jesus som vart korsfesta var sterke. Eg lurer på kva det gjer med 18-19 åringar å spela Jesus i Getsemane. – “Jesus Christ superstar are you the man that they say you are?”

Då filmen kom på slutten av syttitalet, lot eg vera å sjå han fordi eg var ung og from og ville halda sjela mi rein. Nokon meinte at filmen var full av blasfemi. Nå kjenner eg meg sikker på at Kristus biletet vårt kan utvidast i positiv forstand gjennom Loyd Webber fasetten.

“In these past few days since I met him, I feel like someone else, someone else.”

Heidi

Om å lukka eit rom.

Først bles me ut stearinlysa. Så tok me bileta ned frå veggen. Først dei som nokon henta, og så dei andre. Romet endra seg til å vera vårt til å bli nøytralt og ventande. Tre helger og mesteparten av påskeveka hadde Inger og eg vore der oppe frå føremiddag til tidleg kveld. Me hadde vist folk rundt, fått mange gode ord. og møtt så mykje varme. Samtalane hadde fyld romet. Menneske eg ikkje hadde sett på tjuefem år stod plutseleg der og ville helsa på. Læraren min kom, foreldre av barndomsvener kom, vener av foreldra mine dukka opp.

Ukjende menneske kom for å fortelja at dei kjende seg djupt berørte. Ukjende kvinner brukte lang tid på påskevandringa vår medan mennene deira venta utålmodig i inngangspartiet. Kvar dag då me kom opp lukta det godt av kaffi og nysteikte lappar. Kvar dag lot eg meg frista. Varme lappar med rømme og heimekokt ripssyltetøy er knappast helsekost for kroppen, men truleg for sjela…

Kvar dag hadde me musikalske gjester som bidrog med sitt. Det var song, fiolinmusikk, cellomusikk og improvisasjonar på bratsj. Me hadde pianomusikk, solosong og korsong, og eg tende levande lys for musikarane. Kvar dag klokka fire fortalde eg historiar og las eigne dikt frå boka me hadde laga med dikt og bilete av dei fine tekstilbileta. Eg las dikt om kvardagar, påske, heilag systerskap og om kor høgt eg elska ungane mine.

Inger spelte piano kvar gong inspirasjonen tok henne, for ho hadde sjølvsagt frakta pianoet sitt opp dit på ein lånt tilhengar. Messehakelen frakta ho tvers over fjorden og tilbake då dei trong han i kyrkja på påskedag. I henne har eg møtt min overmann når det gjeld pågangsmot og energi. -Eg diskuterte lyrikk med biskopen og utstillinga blei grundig presentert i to aviser. Me levde i eit hol av liv midt i det andre og verkelege livet. Det var vidunderleg.

Gripne av vemod, plukka med dei små røde rundingane ned frå veggen heilt til slutt og plukka opp visne forsythiablomar frå golvet. Me telde opp pengane og fann ut at eg verken var rikare eller fattigare enn då me begynte. Økonomien gjekk i null og alt det andre i kraftig pluss. Eg er lukkeleg. Lukkeleg og nokså trøytt. I kveld skal eg leggja meg tidleg.

Heidi

Titanic.

Ingrid og eg vandra langs stranda. Eg prøvde å hala tida ut,for eg såg kva som snart skulle skje. Ingrid var meir utålmodig. Då den blodappelsinfarga kula framleis hang ein desimeter over havflata bad ho om bilnøkkelen og gjekk attende til bilen. Eg skulda på at eg trong ein litt lengre tur…

Då solskiva for alvor nærma seg havflata var ho blitt sølvskimrande med ein oransjerosa ring rundt. Eg gjekk ut på ein liten molo der bølgene braut med kvit skumsprut. Der stod eg som i baugen på Titanic og beundra synet i havsranda mot vest. Hav og himmel skifta stadig skifta farge og sola sokk lengre og lengre ned bak horisonten. Ingen menneske var å sjå, så heilt spontant fekk eg lyst til å synga. Merkeleg kjensle å stå der syngande som ein bitteliten bit av noko veldig stort.
Og så kjendest det akkurat passe galskapsaktig, eg likar små glimt av slike ting som får livet til å kjennast som ein musikal eller ein komedie.

Så gjeld det bare å styra unna isfjella.

Heidi

You know I beg and steal and borrow…

…for to get your love. For kort tid sidan hadde eg ei aha-oppleving med denne teksten. Tidlegare har eg bare høyrt :“You know a beggin beal a barro” eller noko liknande uforståeleg. Eg hugsar framleis korleis engelske songar var relativt meiningslause ramser med lydar før innhaldet langsomt gjekk opp for meg då eg lærte språket. -Og akkurat denne songen skulle eg altså bli meir enn førti år gammal før eg forstod… Slik er det, verda opnar seg, dør for dør, brikke etter brikke fell på plass, men ikkje for brått.

Framleis er vårveret nydeleg. Halvard tente pengar i går på å fanga humler til ein som kjøper dei for femten kroner stykket. Fire humler i eit glas blir forvandla til klingande mynt. Kva mannen gjer med humlene veit eg ikkje heilt. For pengane kjøpte Halvard eit par lesebriller. Ikkje fordi han har bruk for briller, men fordi det ser litt kult ut i visse samanhangar… At dei er merka +3 gjer nok at samanhangane blir relativt korte og sjeldne.

Sit her på jobb og skal laga songar til ein musikal om Snehvit. Til rors Columbus!

Heidi

On the road again…

… med tekstar her på andedrakt. Livet, RL, har krevd si kvinne fullt ut dei siste månadane, og det har vore lite energi att til dette cyberlivet…

Eg har leika med eigne grenser, og gjort ting eg nok har drøymt om, men som liksom er litt for ville til å gjennomføra. Nå i påsken har eg hatt utstilling på ei nedlagd mølle i lag med ei venninne. Hennar fantastiske tekstiler i lag med mine tekstar. Sju hundre menneske eller meir har vore innom, og det aller meste er blitt seld. Kvar dag klokka fire har me hatt besøk av musikarar,og eg har lese eigne tekstar og fortald historiar.

Som om dette ikkje var nok, så prøver eg meg som skodespelar. Eg har jo drive med barneteater i mange år, men nå har eg teke kostyme på eigen kropp… Jan Ivar og eg har fått eit kulturstipend til å laga ei teaterforestilling og eit undervisningsopplegg om HC Andersen og livet hans. Me har skrive eit teaterstykke på seksti minutt som me har øvd inn, og nå reiser me rundt på skulane i området med ei forestilling. Forestillinga er ei blanding av teater og forteljing, og me kallar det forteljarteater. Rollefiguren min er dronninga frå “Prinsessa på erta”, og Jan Ivar er eventyraren frå “Den flygande kofferten”. Etter ein time med forestilling tek me fram kassar med rekvisita og kostyme, og elevane får laga sitt eige teater.

På toppen av dette har eg hatt ein oversetjarjobb, og ja…
eg har rett og slett full stilling i skule og kulturskule og, og fire ungar har eg framleis i heimen…
Dette inneber mellom anna ei stor forestilling med kulturskulen rundt tre av eventyra til HC Andersen og skuleteater i form av ein musikal om Snehvit og dei sju dvergane: Det siste må eg ha klart om 14 dagar, og eg har ikkje begynt å skriva…

Still crazy after all these years… Men dette går bra denne gongen og… Og neste år, då skal eg prioritera eit rolegare liv, det lovar eg…

Og nå skal det nok bli swing på tekstane mine her…
Trur eg…

Heidi

Påskedag.

Påskedag med nydeleg sol og bleikblå vårhimmel. Dagen starta med ein tiåring i senga som fornøgd gumla på godteriet frå påskeegget, medan han tipsa meg om meir kreative gøymeplassar neste år;

“Eg gjekk jo rett bort og løfta på den eine sofaputa, og der låg egget akkurat som i fjor…” Det var godt å sova lenge etter midnattsgudsteneste med Ingrid i natt. Me varma rundstykke og lappar til frokost. Bare to av ungane var heime, og kjærasten var på golfturnering.

Sms frå Odd Christian på hyttetur: “Mamma, kan du forklara oss korleis me tek ein C-akkord på gitar? God påske.”

Opp med verandadøra. Ute luktar det vår. Eit ekstra krus med svart kaffi. Livet er godt.

Tur på stranda med Torun, Torbjørn og dei av ungane me kunne klara å spa opp. Torbjørn og to av ungane tek årets første sjøbad i vatn som var omtrent fem grader…
Så fotograferte me lange tenåringar som poserte blygt for fotografmødrer, før me sette oss i sanden og kjende sola varma vinterbleike andlet. Til middag hadde me restane av påskelammet i woken med karrisaus.

Ingrid og eg kjende vår-rastløysa krypa inn under huda. Etter middagen måtte me ut att. Me kjørde langs havet medan sola gjekk ned i horisonten som ei stor oransjeraud kule. Det var så vakkert at eg fekk tårer i augene. Så gjekk me tur langs stranda medan det skumra og kjende at det å stilla klokka til sommartid verkeleg hadde gitt oss våren tilbake.

Sanden var kvit og havet sølvskimrande med nyansar av kvitt svart, sølv, turkis himmelblått og lilla. Himmelen var oransjeraud, bleikrosa, asurblå og svart på same tida. Bølgene krusa rundt skorne våre. Ein gjeng surfarar dreiv rundt med bretta sine i våtdrakt medan to store skip teikna seg mot horisonten.

Så gjekk eg der med dotter mi på femten og snakka om livet, kjærleiken, Gud og gutar, og tenkte på kor godt livet er om våren. Samtidig er dei første kjenningane av vår vemodige, vare og såre. Dei kviskrar at livet ikkje let seg fanga og at lukka ikkje let seg halda fast.

Då me kjørde heim svevde flokker av viper over markene med såre vårskrik. Det er eit sikkert teikn på at sommaren skal koma i år og. Sånn litt etterkvart i alle fall.

Heidi

Systerskap.

Sist helg var eg i lag med venninner frå lærarskulen. Me starta der for snart tjuefem år sidan. Eg vart inspirert til å laga denne teksten:

Midt i alt pulserande liv
alltid venda tilbake
til det heilage, allminnelege systerskapet.
Kvila i gode blikk.
Kjenna trykk frå varme hender.
Det er me som har gått saman
på endelause stier gjennom opne landskap.
Me som har strevd oss opp tunge motbakkar
og kvilt med blikket mot bleikblå vårhimmel-
Me som har skrive i stein og hogd i fjell,
som har hugsa og gløymt,
gråte og ledd.
Me som har sett smilerynker
leggja seg vennleg kring auga til einannan
Sett spor av liv
skriva seg fredeleg på plass i panna og kring munnen.
Me har sett ungar bli fødde og veksa seg store.
Sett dei første grå stripene teikna nye mønster i håret
medan blomar opnar seg ,
visnar og kjem tilbake.
Rike av liv
og endå klokare enn før
samlar me godleik og frustrasjon
smil og galgenhumor
i stablar mellom englar og matoppskrifter
bøker ord og blomar
på eit vakkert dekka bord.
Så let me orda våre
stryka mildt over skrammer og sigrar
medan liva våre fell på plass.