Gå til innhald

Everything comes to an end…

Begge døtrene mine og ein av sønene har hatt denne melodien på hjernen dei siste tre vekene, så denne bodskapen er slynga ut i alle rom i huset mangfoldige gonger kvar einaste dag. Fleire gonger har eg opplevd at nettopp denne melodien kjem ut over eteren når eg skrur på bilradioen. Truleg kjem denne spesielle songen til å klistra seg fast til minnene om forsommaren 2005. -Everything comes to an end…

Kanskje er desse orda stort sett sanne? Då eg begynte å filosofera over utsegnet, gjekk eg meg heilt vill i eigne tankebanar, og eg vart heilt svimmel. Verbalt svimmel har eg kunna bli i heile mitt liv når eg tek til å grubla over ord og vendingar. Det er som å stå ei mørk natt og sjå på stjerner heilt til forvirringa er total.

I alle fall så er noko heilt konkret kome til ein ende denne siste dagen, for mitt vedkomande, -mitt førtifjerde leveår. I dag har eg fylt dei førtifire, og går i mitt førtifemte år som dei sa i gamle dagar. .. Ikkje til å tru,
-men på den andre sida: med litt god vilje og sterk tru så kan eg framleis gå ut frå at halvparten av livet ligg framfor meg…

Ennå kan eg gjera alt annleis. Framleis kan eg starta heilt på ny:”- Fram til den dagen eg fylde førtifire sleit eg med vekta, men frå då av endra alt seg og sidan har eg ikkje hatt slike problem…” “Då eg fylde førtifire skjøna eg at det var dumt å ta på seg for mange oppgåver, og sidan har eg aldri gjort den feilen.” “Den dagen eg fylde førtifire fann eg ut at nå måtte eg ta utsjånaden min på alvor, og frå den dagen av har det ikkje falt meg inn å gå til postkassen utan make-up…” Moglegheitene er grenselause, sjansane er nye og ubrukte… Og personleg likar eg gode begynnelsar mykje betre enn avslutningar.

Å leva seg gjennom mai månad er som å ta del i dei store festreisene. Høgdepunkt fylgjer på høgdepunkt, den eine feiringa bit den andre feiringa i halen. Det krev rett og slett kondisjon.

Eg sprang ut i dag i første pausen på jobben og kjøpte ost og kjeks for å servera kollegiet i lunspausen. Etiketten på arbeidsplassen min er at alle har med kake den dagen dei fyller år, men eg hadde jo vore bortreist i helga og måtte lura meg unna på anna vis. Via ostefatet gjorde eg meg fortent til mange varme klemmar og gebursdagssongar runga i fleire omgangar.

I dag gjekk alle ut for å eta på slutten av arbeidsdagen, Ikkje akkurat på grunna av meg då, men koseleg var det.
Eg åt varm pastasalat med foccacia- brød og det smakte nydeleg.

Kjærasten min kom heim med fine blomar og Sunniva med roser og kort “To the best mum in the universe”. Synneva og Jan Ivar duka opp med migrenebriller frå Body-shop og oransje erotiserande fargebad. Ingrid laga kveldsmat med eggerøre, spekemat og pannekaker med blåbærsyltetøy og sms-ane tikka jamnt inn…

Jo då, visst er det koseleg å bli feira av og til. Og framleis er det heldigvis ikkje noko som tyder på at eg treng å tenkja på The final count- down. Tvert om. Det meste av alt som godt er kan framleis skje. Det kan til og med henda at eg begynner å koma meg i seng til anstendig tid… Frå i morgon av, altså…

Heidi

Roser er røde…

Sola skein gjennom det farga glaset i rosenvindua i den mest heilage heilagdomen me har i Norge. Der, opp gjennom korpartiet i Nidarosdomen, gjekk kjærasten min og eg fram mot altaret og dei gotiske kryssbogane. Gutekoret stod der, kledde i svarte bukser, svarte lakkskor og kvite skjorter. Halleluja, hallelujaaah, song dei, med opne munnar og skikkeleg hodeklang medan me passerte dei. Midt i dei høg-sakrale omgjevnadane såg dei herleg rampete ut, medan dei anstrengde seg for å synga reint og sjå på dirigenten sin.

Dette er då ein fin måte å markera 20- års -bryllaupsdagen sin på, kviskrar eg til Leif som stryk meg forsiktig over handa. Det må då verkeleg vera grunn god nok til å synga halleluja. Me går heilt fram til altar-ringen og kneler på den plassen der brudepar brukar knela.

Gutekoret stemmer i med ein ny song. “Laudate omnes gentes, laudate dominum. -Syng lovsong heile jorda, syng lovsong for vår Gud.” Eg kjenner heile domen, med oss på knefallet, kviler i ein tillitsfull lovsong til Gud og Jesus. Presten nærmar seg. Han har ein grøn voven messehakel på seg. Eg tenkjer at den messehakelen Inger hadde på utstillinga er nå den vakraste eg har sett, då.

Så rekk eg akkurat å samla tankane før presten strekkjer handa ut til meg og legg ein krist-merka oblat i den opne handflata mi. Så får me rød vin i sølvbeger, kjærasten min, eg, og alle dei ukjende som har knelt saman med oss for å ta i mot nattverden. Som vanleg blir dropar av Kristi blod liggjande att i botnen av begeret. Så forsiktig eg kan fører eg det til munnen for andre gongen, før me reiser oss og går. Me går ikkje direkte ned korpartiet der me kom opp, men gjennom ein steinportal saman med dei andre, og så inn i kyrkjeskipet att.

Ved inngangsdøra er det eit pilgrimshjørne. I ei bok kan pilgrimar skriva seg inn i manntal. Pilgrimar i vanleg forstand er me vel ikkje, så me skriv oss ikkje inn. På sida av boka står ei korg med bretta lappar. Kjærasten min opnar ein, kanskje han trur det er ei slags helsing på vegen ut. Eg seier at det sikkert er bønelappar, og at han ikkje må opna dei. Likevel klarar eg ikkje la vera å sjå ned på den opna lappen han held i handa. Der står det med uryddig kantete guteskrift:

“Roser er røde fioler er blå. Gud du er hellig, og det er jeg å.” Eg tillet meg å la lappen bli eit skikkeleg smilehol i dagen…

Laudate omnes gentes, laudate dominum…

Heidi

Eg, eit offer for flyskrekk?

I går før eg skulle reisa hadde eg slik reisefeber at eg gjekk heilt rundt meg sjølv. Skulle rydda, men flytta bare rotet rundt i huset…

Min gode ven Jan Ivar hadde lova å kjøra meg til flyplassen, og eg hadde problem med å organisera meg sjølv så pass at eg fekk veska mi inn gjennom bildøra. Bra at eg ikkje kjørde sjølv, eg ville ha vore ein fare for trafikken. I bilen tenkte eg på den eine eleven min som har eit konstant for høgt angstnivå. Sånn må det kjennast å vera han.

Då me var vel framme, spurde eg Jan Ivar med tynn stemme om han ville vera med meg inn til innsjekking i fall eg ikkje klarte det aleine. Så fekk eg god hjelp med innsjekkingsmaskinen og ein varm og oppmuntrande klem. Han sa at dersom det hadde gått an skulle han ha henta eit slikt skilt som ein heng rundt halsen med påskrifta “Jeg reiser alene”. Sånne får alle barn som skal ha litt ekstra tilsyn på reisa.

Det siste eg såg før eg gjekk inn på flyet var ein sånn nyheits-skjerm der dei opplyste om at nå var det for første gongen foreteke kloning på eit menneske- embryro. Vidunderlege nye verden…

Når eg er redd går alle sanseintrykk rett i fletta på meg, og fylgjande samtale fekk eg på veg inn i flyet
To menn snakkar saman:

– Nå du skal ut og reisa du og? Korleis går det med deg? – Eg er nå blitt separert sidan sist me snakka saman. – Å det visste eg ikkje. – Nei, men det går bra det. Det er eit halvt år sidan nå. – Ser du mykje til barna? – Den store ser eg annankvar helg slik som før. Den
minste ser eg lite til – Å – Ja, eg orkar ikkje flytta fram og tilbake på ein baby sånn eg gjorde sist. Me får sjå når han blir større. – (ler) Så du orkar ikkje det styret ein gong til? – Nei.

Tenk så mange noveller og romanar som svirrar rundt i lufta i ein heilt vanleg kø. Livet er mangfaldig

Vel inne med sikkerheitsbeltet på plass tenkte eg: Dette er jo ikkje så ille i det heile tatt. Kvifor gruar eg meg då noko så avsindig? Og så bestemde eg meg for aldri meir å grua for å fly. Det verste er suget i magen og kjensla av å vera hjelpelaust innestengd i ein hermetikkboks akkurat i det flyet tek av… I det eg nådde den fasen skjøna eg kva eg hadde grua for, men resten av turen gjekk heilt fint.

Og resten er kjærleik. Sit på noko så fancy som ein internett-kafé i lag med kjærasten min. Nå tek han til å bli litt utålmodig. Og eg som bare har kome til flyturen.
Mange små historier svirrer rundt i hodet mitt og vil gjerne bli nedskrivne. Eg kjem tilbake i morgon.

Heidi

Still crazy…

Fjorten til middag i dag og. Alle dukka opp bortsett frå Halvard, som var og såg den nye Star Wars – filmen, og kjærasten min, som er i Trondheim på seminar. Me sette til livs ei stor bløtkake med jordbær og gryterett frå pose med ris og potetmos og masse salat.

Familien min er ikkje heilt som andre familiar. I dag gjekk den store selskapsleiken ut på å måla puls og blodtrykk. Syster mi kom på at eg hadde eit blodtrykksapparat liggjande, som eg ein gong kjøpte dyrt på apoteket under eit anfall av hypokonderi. Den lukkelege utgangen på det kjøpet var at eg oppdaga at eg hadde lågare blodtrykk enn dei fleste eg kjenner. I tillegg gjekk eg med skikkeleg gangsperre i høgrearmen i fleire dagar fordi eg hadde målt blodtrykket ca 40 gonger på ein og same ettermiddag.

Enden på visa for i dag var at me sende måleapparatet rundt bordet og ein del av oss fekk målt opptil fleire gonger. Folk sat med store alvorlege auge og armen i hjartehøgde medan dei med munnen bestemt lukka pusta roleg og djupt ut og inn gjennom nasen for å oppnå størst mogleg grad av avslapning og dermed eit lågast mogleg blodtrykk. Konklusjonen vart vel at me såg ut til å vera sånn nokonlunde friske alle mann… Me gjer absolutt slike ting med eit litt humoristisk glint i auget, men hypokonderiet er ikkje veldig langt unna.

Apropos hypokonderi; i morgon føremiddag tek eg med takk og tru i mot varme tankar med venger frå alle eg kjenner. Klokka kvart på tolv set eg meg nemleg på eit fly med retning Trondheim. Eg er svært lite glad i å forflytta meg langs luftvegen. For å vera ærleg har eg slite med flyskrekk, og gjennom mange år praktisert “heller eit døgn på toget enn to timar i fly,“men nå har eg bestemt meg for at flyskrekk, det er eg ferdig med. Til Trondheim vil og skal eg. Der skal eg møta kjæraste min som er på seminar og me skal ha ei helg saman i den finaste byen i Norge heilt aleine.

Me skal mellom anna feira at me har vore gifte i tjue år førtskomande onsdag. Det kjennest utruleg at me har vore gifte med einannan mest halve livet vårt. Still crazy after all these years…

Heidi

Profilen av eit lite ansikt.

Dei to eldste ungane brukar å kjøra med meg til jobben. I dag registrerte eg at ganske mange trøytte russ vart kjørde til skulen av foreldre som nok syntest at ungdomane deira skulle sitja fint på stubben sin då skuleklokka slo. Truleg pusta dei fleste i foreldregenerasjonen letta ut etter endt russefeiring, for i dag skal uniformane pakkast vekk for godt.

Det første eg måtte gjera på jobb i dag morges var å banka fint på døra til inspektøren vår for å tigga paracet. Eg innleia med frasen: “Kanskje dette tek seg dårleg ut om morgonen 18. mai, men…” Og Sigvald hadde paracet og lurte på om eg trong ein eller to. Definitivt to, var svaret, og minst ein i lomma i reserve. Eg er skeptisk til medikamentbruk, men dunkande hovudverk bør stansast i startfasen…

Utpå dagen fekk eg vita at Ingrid ikkje skal opp til eksamen i matematikk, takk til Gud og Jesus for det. I staden skal ho opp i engelsk komande fredag, men det er ein heilt annan og mykje hyggelegare situasjon. Så fekk eg vita at nokre pengar eg trudde eg måtte betala til kommunekassen ikkje skulle betalast likevel. – Takk ein gong til.

Dagens ubestridde høgdepunkt var å få sjå ultralydbilete av ei ufødd lita jente. Me fekk vita at ho hadde det veldig bra der inne, og fekk sjå ein tydeleg avteikna profil av eit lite ansikt. Det var mest så ein kunne sjå kven ho likna på. Den vesle rosenknoppen av eit menneske, som av ulike grunnar ber arbeidstittelen Berit, bør helst vera der ho er til langt uti oktober. Når så langt lid så håpar eg at eg får sjansen til å bli godt kjend med henne.

I kveld har eg lete meg overtala til å baka sjokoladekake til to tenåringar som sit og les til eksamen og heildagsprøve. Dei hadde ein teori om at nettopp sjokoladekake var energigjevande og motiverande…
Me mangla smør, men Halvard sprang til naboen som gjerne ville ha nok smør til brødskivene sine i morgon tidleg, men for øvrig kunne me forsyna oss frå boksen hans, – og det gjorde me.

Så har eg bakt sukkerbrød til bløtkake, for Sunnigull blir tolv år i morgon. Kjærasten min dreg på seminar til Trondheim, men resten av familien er inviterte til bløtkake og gryterett i morgon klokka halv seks. Nå skal eg pakka inn mange småting som ho skal finna på bordet når ho står opp, for framleis blir ho glad for armband av glasperler, hårspenner og hårpynt, badehandkle med hjerter, notatbøker med glitter og pennar med perler på.

Ingrid har overrakt gåva sin allereie. Gåva var “time hos frisøren”, og eg vart ikkje informert før det heile var over… Ho har bleika og blondert veslesystera sitt hår, ho har klipt det og stritta det med strittetong. Etterpå har ho teke vakre portrett av syster si med digitalt kamera og printa ut det finaste med passpartout og greier. Det ligg klar på bordet… Kva seier ein til slikt? Mor blir relativt mållaus og lurer på om ho burde skjenna litt, men håret vart jo faktisk fint…

Og storebroren som skal ha heildagsprøve i IT og programmering i morgon, og mest ikkje har sove den siste veka? Han har tydelegvis bevilga seg ein pause i studiene han og. Gitaren hans ljomar gjennom huset og det same gjer songen: “Take me home, country- road.”…

Heidi

Eggerøre, spekeskinke og rabarbragrøt.

Eg må innrømma at eg var litt i hønemor-modus i går natt då eldsteguten var på sekstande-mai- fest med resten av russen ute i parken ein plass. Det er lenge sidan eg hadde for vane å sitja oppe og venta på han, men i går var det litt vanskeleg å somna. Til slutt sende eg sms for å spørja om han hadde med seg nykkel, og då eg fekk som svar at han var heime hos ei venninne og såg film slapp eg roa over meg.

Alarmen på mobilen min ringde kvart på åtte i dag tidleg, og det var i seinaste laget. Det skulle strykast skjorter og flagg, to jenter skulle hjelpast på med bunadar, og russen min, som etter litt tenkjetid fann ut at han ville opp og gå i barnetog likevel, trong og ein omgang med strykejernet.

Me fann ikkje Sunniva sitt bunadbelte, men med hjelp av to sikkerheitsnåler kunne ho bruka Ingrid sitt gamle. I siste liten fekk eg dei andre fem ut av døra i nokonlunde rett tid til å stilla opp for barnetog. Kjærasten min er foreldrekontakt og hadde i oppdrag å marsjera med Halvard sin klasse. Då dei var vel ute hadde eg prolem med å finna ein hårbørste, men etter litt panikkleiting fann eg fram og vart relativt presentabel.

Akkurat som alle andre år rakk eg fram i tide, og fekk vinka fint til alle mine, både kjærast, barn, nieser og elevar i det dei marsjerte forbi. Noko med det essensielle med å gå i 17- mai tog er nemleg at nokon står og vinkar, ropar og er i beredskap til å fella ei tåre eller to over unge korpsmusikantar i litt for store uniformar og bunadsjenter med markblomar i håret.

Nede i sentrum var det klemming og helsing på kjende, og akkurat som vanleg var det mest umogleg å høyra barna sine talar fordi høgtalaranlegget bare virka sånn delvis. Forsongarane kunne bare første verset på den eine songen og tre gonger tre hurra stoppa opp på tredje ropet. Nasjonalsongen gjekk så høgt at få klarte synga med på slutten av versa, og halvparten av ungane sneik seg ut av geledda for å ta hol på 17.-mai pengane og kjøpa soft-is og vanngevær.

Kjærasten min spanderte pølser på Reidar og Hanne og meg på arrangementet på barneskulen. Etterpå kjøpte eg ei flaske eplemost som eg etterpå måtte byta i ein Farris med skrukork fordi ingen av foreldra i kafeteriaen hadde tenkt på at ein trong ein flaskeopnar til glasflaskene. Snøen meterologane hadde trua med såg me lite til, og dei regndropane eg fekk i håret kan teljast på ei hand. Sola varma tappert, men nordavinden var kald, så optimistane med tynne sommarkjolar måtte heim og finna meir klede.

Etter russetog og kaffe -mocca på kaffibaren bad eg spontant heile min familie på besøk. Me samla det me hadde til eit fellesbord. Sjølv kunne me bidra med heimebakt brød, eggerøre, spekeskinke og nykokt rabarbragrøt. Mor kom med to kaker, bror min med is og
onkelen min med twist. Svogaren min fekk bidra med kaffifilter, for det var me tome for. Takka vera Esso-stasjonen så fekk eg tak i smør og solo. Så var me plutseleg blitt 14 til kaffi. Kjærasten min bakte eit ekstra grovbrød og fant pølser i fryseboksen. Bare dei to russane våre glimra med fråveret sitt, og min russ er framleis ikkje heimkomen.

Så vart det god gammaldags syttande mai i år og. Hovudet er tomt og trøytt, og beina verkar ,akkurat som dei skal. Eg lengtar intenst til senga allereie, men eg får prøva å få det blå Höganes- serviset inn i oppvaskemaskinen før eg legg meg. Kanskje eg til og med får ekspedert grytene?

Halvard og Sunniva er i ferd med å skifta vatn i akvariet. Dette var ein dårleg ide akkurat nå, spør du meg, – men det er liksom ikkje heilt truverdig å insistera på at vår einaste gullfisk har det kjempefint så lenge det knapt er innkikk eller utsikt oppi der…

Til rors Columbus!

Heidi

Lilla söta fröken fräken…

… i från Fryken… spela dei i radioen i går kveld i eit program om kva plater som hadde toppa listene i Norge i etterkrigstida eller noko slikt. Plutseleg var eg fire- fem år att. Far min løfta meg høgt i veret. -Han er ikkje nokon forsiktig mann, så når eg skriv høgt så meiner eg på strake armar over hovudet eller noko slikt. Medan han gjorde det song han akkurat den songen for meg, som truleg var den store slagaren akkurat då. Han sa at eg hadde frekner og at det var vakkert med frekner. Tenk at
når eg tilfeldigvis høyrer den melodien på radio så mange år etter så blir eg varm og glad inni meg akkurat som eg gjorde den gongen.

Etterpå spela dei “Love hurts”, som eg forbind sterkt med ungdomsskuletida. Det er framleis sant. Kjærleik gjer vondt. Det gjer vondt å vera glad i nokon og ikkje ha makt til å forhindra at livet deira kan kjennast vanskeleg.

I dag har Ingrid og eg sett film. Me kompromissa oss fram til ein dvd på videobutikken, “A walk to remember.”
Etter tre minutt tenkte eg at det var ein dårleg amerikansk b- film som eg bare kom til å sjå fordi eg hadde avtala det med Ingrid. Fem minutt etter var eg fortapt og den siste halve timen snufsa me oss gjennom.

Me tok to pausar i filmen, den eine for å trilla ut kanelbollar, som me hadde sett deig til litt tidlegare, den andre pausen var for å få dei inn i omnen. Etterpå forsvann dei to bretta med bollar før nokon fekk tenkt seg om. Slik er det å vera mange.

Eg har vore hos onkelen min og diskutert livets mange viderverdige påfunn, og etterpå har eg plukka rabarbra og mørkeraude tulipanar i hagen hans. På syttande mai skal det bli rabarbragrøt med vaniljesaus. Ein smak av sommar skal eg by på sjølv om dei har meld det kaldaste 17.mai-veret i manns minne. I store deler av landet er det rett og slett fare for snø og sluddbyger.

Den sekstande mai er den store festkvelden for norske ungdomar. Nå skal eg og kjærasten min sjå på Frida Kahlo- film til klokka blir så mange at eg kan henta Ingrid trygt heim i seng. Han som er russ og snart nitten år får klara seg sjølv. I morgon kveld er russetida slutt. Eg får håpa dei har krefter att til å gå laus på eksamenstida.

Kjærasten min geispar og ser på kokka. Dersom eg skriv særleg meir enn dette kjem han til å seia at han er for trøytt til å sjå film. Det gjeld å kjenna si besøkelsestid…
Men deilig er det nå likevel å bu i eit land der både andre pinsedag og 17. mai er offentlege fridagar.

Heidi

Regn, sand og saltvatn.

Ein av dei gode tinga med å ha besøk er at ein søker det gode livet saman med gjestene av huset. Ingrid og eg tok med oss Ingjerd og Kathinka på to utstillingar i dag. Den eine på bygdemølla og den andre på den gamle prestegarden ut mot havet, som eg trur er sånn omtrent den vakraste staden eg veit om. Det å gå på kunstutstillingar i lag med folk som er like interesserte som meg er flott. Eg såg at fleire av dei tinga me såg gjorde inntrykk på Ingrid. Den siste utstillinga var laga av avgangsstudentar på kunstskulen.

Den eine installasjonen var ein ved første augnekast innbydande haug med gode mjuke hodeputer. Ved nærare ettersyn var det piggtråd, nåler og pistolar festa til, og sydd inn i putetrekka. Ei lita babypute med bamsebroderier viste seg å vera full av torner. Det var brodert inn små tekstar om krig og øydelagd barndom. Via ein prosjektor kom det opp filmsnuttar om små barn som skulle leggja seg, kryssklippa med bilete av piggtrådgjerder. Denne filmen flimra over den største kvite puta.

Ingrid og eg rakk å drikka ein kopp kaffi hos syster mi med det lange flammerøde håret. Ho har alltid fascinerande historier å fortelja om indre og ytre opplevingar. Nettopp heimkomen frå seminar i samband med utdanninga i naturmedisin fortalde ho engasjert om opphaldet,. Dei har vore på ein leirstad i ei veke, drukke bjørkesaft, ete blomar og andre urter og lært å setja akupunkturnåler i øyreflippane på einannan. Syster mi er eit uvanleg levande menneske, og eg er utruleg glad i henne.

Eg fekk lokka eldstejenta mi med til stranda i kveld og. Ho påstod at eg såg ut som ein figur klippa ut av ei av Tove Janson sine mummibøker, der eg spaserte barbeint i havkanten i regn med fotsidt skjørt og ein stor svart cape. Rett nok brukte ho ikkje ordet Hufsa sånn direkte…
Ingrid spurde om lov til å fotografera meg, og me sette i gang med ei skikkeleg fotoseanse. Ikkje rart at dei amerikanske turistane gjorde store auger.

Me vart så fornøgde med resultata at me oppførde oss som småungar, meir og meir på ivreg leit etter nye kameravinklar. Fine bilete av meg sjølv har eg ikkje for mange av. Då me skulle lasta dei ned på datamaskinen viste det seg dessverre at brilleglasa mine var ganske dogga av regn, sand og saltvatn. Eg hadde likevel tenkt å visa ansikt her på Andedrakt for ein gongs skuld, men etter iherdige forsøk har eg ikkje fått til å lasta inn det nye biletet. Kanskje det er for stort? Dersom ånda framleis er over meg gjer eg eit nytt forsøk i morgon.

Då me kom heim hadde han som er kjærasten min og faren til Ingrid, bakt to store, mørke solsikkebrød. Dei var framleis lunkne og innepakka i det blårutete forkleet mitt.

Dei smakte syndig godt med mjukt smør og gul ost frå Synnøve Finden. Av og til er det vanskeleg å kombinera livsappetitt med helsekost. Seinare på kvelden har eg til mitt forsvar site ved kjøkenbordet med Frode og drukke mango-te og farris medan me knaska rå gulrøtter. Ikkje så dumt det heller…

Heidi

Driva rundt og gjera ingenting.

Eg sette i gang eit skikkeleg rydderace i går. Me fekk faktisk bukt med ein del støv og spindelvev. Det beste av alt, var at eg fann att perla til Kristuskransen mi. Det er ei bønnelenke av ulike perler etter oppskrift av den svenske biskopen Martin Lønnebo. Strikken i kransen gjekk i fjor på flyplassen på Heathrow under mellomlanding på veg til Dar Es Salam. Eg som hadde tenkt at kransen skulle vera min tryggleik på flyturen… Men flyturen gjekk godt likevel.

Då eg skulle reparera han i stova heime tre veker seinare spratt den eine perlemorsperla ned på golvet, og eg fann ho aldri att. – Ikkje før i går då eg skulle bera ut ein forsterkar som er blitt heilt ubrukeleg. Fantastisk. Eg kjende meg mest som ho i bibelen som mista ein mynt på golvet og fann han att. Då gjestene kom var stova rydda og kransen lukkeleg på plass kring handleddet mitt.

I dag har me hatt ein herleg dag i Stavanger i lag med Frode og Ingjerd. Sola har skine så vårleg og vakkert, og dei modigste hadde skifta ut vintersko med nakne tær i sandalar. Eg kjøpte meg litt nye klær og ein rød vase med prikkar til å ha på kjøkkenbordet på det ryddige kjøkkenet mitt. Nå har eg fylt han med mørkerøde tulipanar frå hagen. Ein liten gut stod på gata og samla pengar i fiolinkassen sin, medan han spelte “Milde Jesus” på fiolinen sin.

Etterpå sat me i trappene på torget og åt Foccacia brød, med cherrytomatar og Chili- syltetøy. Spurvane var så tamme at dei åt smular av hendene til folk.

Så herleg det var å rett og slett ha tid til å driva rundt og gjera ingenting. Det har ikkje vore for mykje av det det siste halve året. Så tok eg og kjærasten min toget heim nedlessa av bereposar, for nå er butikkane stengde til 18. mai og me har huset fullt av gjester. Dagen gav meg ein smak av sommarferiekjensle. Ikkje så dumt å vera turist i eigen by av og til. Nå melder dei kaldare ver, men ein smak av sommar har det vore. Det smakte godt.

Heidi

Sentimental journey:

Dei sit tett i tett på stolane og på golvet. Alle tredjeklassingane på skulen er samle i eit rom for å øva på nasjonalsongane til 17. mai. Dei sit der med hettegensarar og med skaut og syng med største alvor.

“Ja så hvitt som det hvite er sneen og det røde har kveldssolen fått, og det blå gav sin farge til breen, det er Norge i rødt hvitt og blått. “ og “Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange, et fedreland vi frydes ved, og vi vi ere mange. Vårt hjerte vet ,vårt øye ser, hvor godt og vakkert Norge er…

“Den nydelege vesle guten som kom som flyktning frå Burma for ei veke siden utan å skjøna eit ord norsk, ser på med store alvorlege auge, medan jenta som kom frå Usbekistan for tre år sidan kan kodane nå, og syng med. Eleven min kan deler av songane og ropar “Hipp, hipp, hipp, hurra!” høgare enn nokon når me øver oss på det.

Om fire dagar er det 17. mai, og først er det pinse så det er siste dagen til å øva på songane dei skal synga medan dei marsjerer i barnetoget. Utan å villa det, får eg klump i halsen og varme tårer i begge augene. Eg må ta ein pause i synginga. Ungane ser undrande på meg. Eg må bare innrømma at songen deira mest fekk meg til å gråta.
Håplaust sentimentalt sjølvsagt. Tårene er utan tvil trigga av både hormoner og for lite søvn, men syngande barn i mai…

Etterpå skal me gå på tur. Dei stiller opp mest femti ungar, to og to på lang rekke. Dei som står fremst får bera hovane me skal ha med oss. Me skal til Tjødna og fanga rompetroll og vanninsekt. Me vaksne plasserer oss strategisk i rekkja med ungar i begge hendene og formanar dei til å halda ein annan i handa to og to medan me går langs bilvegen.

Duene kurrar, måkane skrik og løvetennene blømer gult og uforskamma. Nordavinden er framleis kald, men sola varmar godt frå blå vårhimmel.Spontant tek barna til å synga medan me går: “Hvorhen du går langs li og fjell en vinterdag en sommerkveld langs fjord og fossevell…” Den fullstendig tåpelege klumpen dukkar opp att ein stad i strupen.

Eg tenkjer: Her har tillitsfulle foreldre gitt oss ansvaret for “yngelpleien”… Det aller finaste dei har er det gitt oss å ta vare på. Her går me langs vegane med andres barndom i hendene våre… Klarer me å ta skikkeleg vare på desse små menneska som har barndomen sin akkurat her og nå? Eg ber til Gud og Jesus og alle gode makter om at me skal klara å vera oss tilliten verdige.

Heidi