I dag har mesteparten av arbeidsdagen blitt brukt til juleverkstad. Me laga englar og nissar av terracottakrukker, piperensarar, trekuler og diverse anna. Ideen fungerte. Det kjekkaste er når kreativiteten tar litt av slik at elevane prøver ut eigne idear og gjer det på sin måte. Det får nissejenta og engelen på biletet over vera eksempel på. Formingsfaget, som det heitte i si tid, har alltid vore noko av det eg liker veldig godt å driva på med.
Då eg sjølv gjekk på skulen, likte eg alltid best å laga ting me fekk gjera på vår eigen måte. I mitt einfald trudde eg alle barn hadde det slik. Eg har derfor aldri likt veldig godt idear av typen: «Nå lagar me ei liste over kva elevane skal laga på juleverkstad kvart skuleår, så får alle laga det same, og så slepp me å planleggja år for år». Då ropar det alltid inni meg: «Nei, la meg få sleppa å måtta vera lojal til ideen om at i 3. klasse skal me alltid laga ein snømann på ski av to vattkuler, to ispinnar og ei nisselue. Ver så snill å la meg og elevane få bestemma kva me skal laga!» Eg trudde alle hadde det slik, men eg har fått synet mitt ganske kraftig nyansert etter lang tid i skulen.
Ein gong stelde eg i stand til det eg trudde var alle skulebarn sin draum. Me skulle ha engleverkstad, og alle skulle få laga sin eigen engel av kva som helst. Min gamle lærar på formingslærarskulen, Norunn Skarstein ville sikkert ha elska ideen, for ho var ein forkjempar for fri forming og meinte at ei super formingsoppgåve var å gje elevar kvitt papir med ulik tekstur og kvalitet og be dei laga noko av det. Men tilbake til engleverkstaden min: Eg hadde samla material i søkk og kav: Trekuler, vattkuler, fjører, tøy av ulike kvalitetar, perler, kongler, gullfolie, glanspapir, perler, piperensarar, ståltråd, fyllvatt, paljettar, tråd i ulike fargar, gardinringar, gulltråd, kvistar, garn i ulike fargar og kvalitetar, og eg veit ikkje kva. Fornøgd la eg det fram i store haugar og sa at alle skulle laga ein engel.
«Kæ då slags engel?», spurde elevane. Eg forsikra dei om at det skulle dei få bestemma heilt sjølv. «Men kæ ska me laga an av?» Eg sa at dei kunne bruka kva dei ville. «Men koss skal me få dæ te?» Det vart rett og slett ingen suksess om eg skal vera ærleg. Nokre få av elevane laga fantastiske, eh i alle fall kreative og unike englar… Mange rota rundt og fekk i grunnen ikkje gjort noko særleg i det heile tatt, mens atter andre prøvde å hugsa englar dei hadde laga før og gjenbruka teknikken. Då eg etter å ha rydda i timesvis etter avslutta juleverkstad innsåg eg at dei fleste nok hadde likt mykje betre å laga snømann på ski med vattkuler og ispinnar… Eg hugsar at eg nesten grein meg til å få mala vattkulene i ein annan farge enn gult då me laga påskekyllingar i andre klasse, og for å vera ærleg så hugsar eg til og me at eg syntest dei andre sine kanskje vart finare enn min…
Sjølv må eg innrømma at eg sette pris på det då yngstesonen kom heim med ein engel som likna meir på eit romvesen enn det ein vanlegvis ser for seg som eit himmelsk vesen frå eit julekort. Eg såg heilt tydeleg kva utgangspunkt dei hadde hatt, for sånne hadde vore i produksjon på min skule og, men han hadde fått lov til å mala skabelonen i sølvgrå metallmaling med auge som var fire gonger så store som det ein kanskje kunne tenkt passa inn. Det varma hjartet mitt at han tydelegvis hadde fått eit visst spelerom sjølv om prototypmodellen nok hadde vore meir dekorativ. Engelen hadde fast plass på veggen når stova var julepynta, og dei første åra etter at det eine auget hadde falt av…
Eg synest nok at formingsfaget som andre praktisk-estetiske fag har hatt litt tronge kår dei siste ti åra, og eg håpar og trur at trenden skal snu litt nå når kreativitet og sjølvstendig tenking har fått så stort fokus i den nye læreplanen. Då eg begynte på skulen for meir enn femti år sidan fekk me kvar vår boks med fargestifter, kvar vårt malerskrin til å ha i skuffa vår og me fekk teikna og mala på tjukke stødige teikneark. Eg håpar at me kan ta oss råd til å gje elevane skikkeleg formingsmaterial framover.
Helsing «hu der gamla damå så tytte at alt va bære før»?
Nei då, ikkje eigentleg. Eg synest på mange måtar at skulen er betre og lærarane meir dedikerte enn nokon gong. Det er fint at me kan ufylla kvarandre litt med ulike erfaringar og ulike kompetanseområde. Dei av oss som ikkje er i førstelinja i digital kompetanse prisar oss lukkelege over alle dei flinke gode hjelparane som finst på eit kvart trinn. Eg får seia som dei seier ved engelske bryllaup: «Something old and something new, something borrowed and something blue.» Då blir det nok bra.
Heidi

Som nokre av dei som les veit, så er Elvira Huskestuen mitt alter ego. Namnet stammar frå ei bok mor av ein eller annan grunn hadde i hylla heime : «Husmorens arbeidsbok». Boka stammar frå ei tid då ingen søte små jenter heitte Elvira, og Elvira Huskestuen er namnet på ein litt stakkarsleg gjennomgangsfigur i boka. I motsetnad til hovudeksempelfiguren, ei drivande husmor som visste i kva skap strykebrettet skulle stå og i kva skuff oppvask- klutane skulle liggja, var Elvira Huskestuen den som gjorde alt feil, og som måtte gå mange ekstra steg fordi strykebrettet var i feil etasje. Eg hugsar denne litt nedlatande setninga frå boka: «Stakkars lille upraktiske Elvira Huskestuen.» Som den litt eksentriske 7-8 åringen eg var som sat og smuglas «Husmorens arbeidsbok» i staden for å vera ute og leika, bygde det seg opp ein liten mistanke om at eg kunne koma til å bli Elvira Huskestuen når eg blei stor… Eg skjøna jo ut frå konteksten at det burde ein absolutt ikkje bli…
For å koma med endå fleire personlege betruingar, så er eg ikkje bare Elvira Huskestuen. Eg er og fru Hemul. Eg er nemleg gift med ein vaske-ekte hemul. For dei som ikkje kjenner så godt til universet i Mummidalen, så er hemulane desse vesena som er heilt utruleg fokusert på ein ting. Dei kan vera botanikarar på evig jakt etter sjeldne artar med eit forstørringsglas i handa, dei kan vera astronomar med lange stjernekikkertar eller dei kan vera politimenn med fullt fokus på lovar og reglar.
Min hemul er og periodevis veldig oppteken av ein ting, fokuset vekslar heile tida, og det er heilt uføreseieleg kva fase han plutseleg går inn i. Han er mannen som har brent for vindsurfing, pudlar, golf, salsa, argentinsk tango, friluftsliv, fotografering og mykje meir. Han er og typen som kjem seg til Buenos Aires for å ta privattimar i tango når det er det som er det saliggjerande. Dessverre gjekk eg glipp av evangeliseringsfasen hans som var før mi tid. Eg trur at eg på den alderen ville ha falt pladask for ein så dedikert misjonær. Falt gjorde eg, men då var han alt over i ein annan fase.
Eg heva forbausa på augnebryna då han plutseleg ein dag ville dyrka økologiske grønsaker og poteter i hagen, for hage hadde han aldri hatt tid til før. Den fasen me er inne i nå, såg eg heller ikkje koma. Nå er eg plutseleg gift med ein ryddehemul. Det har eg ikkje vore før, så i og for seg er det fint. Det er bare det at Elvira Huskestuen ikkje er klar for å bruka alt for mykje tid på rydding. Plutseleg ligg skeiene i bestikkskuffa i skei, kjøleskapet var systematisert med små plastboksar med seks små hendlar som må bøyast på plass dersom ein skal henta ut osten eller setja han på plass. Plutseleg er det orden i kjellaren vår, og eg finn ting eg har leita etter lenge. Så langt alt vel, men nå må eg bruka tid på å forsvara alt eg vil ta vare på. Det er ikkje lett for andre å forstå at eg ikkje kan kasta lærardagbøkene frå 16 år tilbake. Argumentet om at det er levd liv og levd historie der og at det kan vera fint å vita kva slags opplegg elevane mine fekk bryna seg på 13.oktober 2008 når liksom ikkje fram. Eg var likevel nesten på veg til å kasta dei, men utsette prosessen inntil vidare.
For 15, eller kanskje 25 år sidan, eg er rett og slett ikkje heilt sikker, strikka eg jakken øverst på sida i restegarn. Eg trur alt er rein ull, men elles er det alle kvalitetar og fargar systematisert i regnbogeteknikk… Eg koste meg veldig med prosjektet, men jakken vart aldri brukt fordi han liksom vart… litt for mykje… Heilt sidan då har eg visst at han låg i ein plastboks i kjellaren i lag med andre klede som ikkje var i bruk. Eg tok han fram for å sjå nærare på han og eit par stader var det bittesmå hol. Sidan han låg i ein lukka boks kan det ikkje ha vore mus. Eg følte meg nå litt som Ingerid Sletten av Sillejord, ho som gøymde huva av farga ull som ho hadde fått ut av mor i tretti år for å bruka ho om ho vart brud. Då ho ville leita huva fram fordi ho innsåg at ho aldri kom til å bli gift, oppdaga ho at «då var det ikke tråden igjen».
Nå har eg vaska jakken og tenkt at han kanskje kan få ein ny sjanse. Han kan kanskje varma meg om kveldane når eg er aleine heime, eller kunne kanskje rett og slett duga som eventyrforteljarjakke… Ein gigantisk gammal koffert vart og hiven ut, men vart teken inn i varmen fordi han ville fungera så fint som kostymekoffert under teaterleik, eller kanskje til eit stykke der barna får finna eventyrrekvisittar i kofferten.
Stakkars hemulen min. Elvira Huskestuen er nok ikkje den lettaste å omvenda til minimalisme eller feng shui. Men eg får henga med så godt eg kan og protestera akkurat passe heftig. Det er då ein del bra ting og med det at huset er i ferd med å bli rydda…
Heidi

Me tenner første lyset
i adventskransen vår
for kjærleik håp og varme,
det treng me nå i år.
Eit lys for alt som gløder,
i natta stor og svart,
eit lys for kloke tankar,
og for livet slik det vart.
Me tenner lys i mørket
for livet som me får,
to lys for tunge bakkar,
to lys for oss som går,
to lys for håp og styrke,
to lys for oss som skal
ta lys i redde hender
og gå ut i alle fall.
Så langt er eg kome med lysversa. Dei kan alternativt lesast som i eksempelet under viss det er mest naturleg å lesa svart med lang a slik me faktisk gjer det på Jæren.

Me tenner første lyset
i adventskransen vår
for kjærleik håp og varme,
det treng me nå i år.
Eit lys for alt som gløder,
i natta stor og svart,
eit lys for kloke tankar,
og for livet, skjørt og vart.
Me tenner lys i mørket
for livet som me får,
to lys for tunge bakkar,
to lys for oss som går,
to lys for håp og styrke,
to lys for oss som skal
ta lys i redde hender
og gå ut i alle fall
***
Gje gjerne tilbakemelding på kva for ein versjon som fungerer best, og om noko skurrar. Dette er veldig nylaga og kanskje ikkje nok polert eller gjennomtenkt, men sånn har eg nå gjort det…
For at dette ikkje skal bli alt for mykje på ein gong, opnar eg rett og slett ei luke til i dag. Vil du vere med så heng på…
Heidi

I dag er eit av førjulsrituala gjennomførd, og obligatirisk fotografering av ivrig bakande barn med kjevle og forkle fekk me og sikra oss. Dette er ein av stasjonane frå barndomen sitt kart over ei gild førjulstid. Eg hugsar kveldar heime ved kjøkkenbordet med store mengdar klissete deig og utstikksformer, og ikkje minst hugsar eg at mor sa at det gjekk an å laga eigne figurer viss me heller ville det. Det ville eg alltid, og eg meiner å hugsa at reiskapa var eit slikt gammaldags utskjeringshjul og ein butt smørkniv.
I barna mine sin barndom vart det og bakt kvite kakemenn og i tillegg peparkaker av ferdig deig frå Ikea. Nå har det eldste barnebarnet overteke stafettpinnen og med stor patos fortald at ho ikkje treng hjelp til kjevling, det klarer ho sjølv, etterkvart forstod ho at litt kjevlehjelp nok ikkje var heilt feil når ein nettopp har fyld tre år. Ho er forresten mormor sin draum når det gjeld entusiastisk deltaking i leik, baking, høgtlesing og formingsaktiviter. Alt eg har lyst til at ho skal ha lyst til stiller ho glad opp i. Eg kjenner og att barndomen si skråsikre tru på at det er ein sjølv har rett. «Nei mommor du synge feil, dæ hette ikkje vanilje, dæ hette familje!» Sitatet er henta frå songen om Bakermester Harepus. Eg prøvde å overbevisa om at han hadde kaker nok å få for en hel familie, noen store noen små, noen er med sukker på og noen med VANILJE. Ho let seg ikkje rikka ein millimeter, smilte bare overberande til meg og song vidare. Me måtte nemleg synga den songen fordi me skulle leika at ho var «Bakermester Harepus» mens me bakte…
Jammen fekk me ikkje ete førjulsgraut og med mamma og pappa før bakinga, og nesten med Karamella, men ho er jo bare tre månadar og føretrekk andre næringsmiddel framfor risgraut. Då bakinga var lukkeleg overstått og kakene fordelt mellom dei to bakarane vart «Harepus» frakta syngande heim til huset med ein kakeboks i hendene, og så var turen komen til vask og rydding på kjøkkenet. Plutseleg hugsa eg kor trøytt eg alltid er når den fasen kjem etter baking av dobbel og tredobbel deig, og eg lurer og alltid på korfor det blir minst dobbel så rotete hos oss som det gjer hos alle andre. Kanskje ein av grunnane er at eg finn fram førti utstikkerformer i staden for fire, som sikkert hadde vore nok det og. Nå gjeld det bare å minna meg sjølv om at kakemenn ikkje er såååå godt, og at dei stort sett bør etast av andre enn mormor.
Det eg eigentleg hadde tenkt å skriva mest om i dag var noko me las om i dagmorges, og som på mange måtar er eit slags ideal/ livsmotto frå bibelen. «I stillhet og tillit skal din styrke vere». Det seier eg ofte til meg sjølv, og det lener eg meg ofte mot. For å vera litt sjølvransakande og ubehageleg ærleg, så er eg veldig flink til det siste, og til dels skikkeleg dårleg på det første. Eg kan koma inn på arbeidsrommet på jobb og seia begeistra til dei som sit der. «Så herleg og stille det er her! Det er utruleg deilig å koma inn i eit stille rom etter ein lang dag i klasseromet. Av og til er det at det er stille akkurat det eg treng… osv…» Så hender det eg tek hintet etter ei stund, og seier til dei som sit stille og jobbar: «Kanskje det VAR stille og herleg her før eg kom inn?» Lett humring og liten respons fortel meg at nå traff eg spikaren på hovudet.
Men eg LIKER faktisk at det er stille. Eg øver meg på å vera stille sjølv. Eg vil gjerne vera ein lyttande person som har evnen til å halda munnen lukka når det trengst. Av og til har eg fått oppbyggeleg tilbakemelding på at det nok er fint viss andre og kjem til orde av og til. Då blir eg litt lei meg og bestemmer meg for å vera taus og mystisk i eit par veker. Dessverre får eg det aldri til. Men som sagt, eg øver… For mange år sidan oppdaga eg at det ikkje er min oppgåve å plapra på innpust og utpust dersom eg opplever det pinleg taust i eit rom. Det var ei nyttig oppdaging.
Og alvorleg talt så trur eg at me treng å vera stille og lyttande for å finna ut både kven me sjølve er, kven me andre er, kva livet handlar om, og kva me eigentleg trur og meiner vil vera klokt for oss sjølve og andre. Eg trur me lever i ei tid der me har eit veldig hektisk tempo og lite stillheit.
Denne setningen øver eg meg på:
Når eg ikkje finn orda, kan pusten min vera ei bøn.
Ha ei framleis fin helg.
Heidi

Då har eg akkurat sikra meg billettar til ein av gudstenestene på julafta i Bryne kyrkje. Det var ikkje plass nok på den gudstenesta som var førstevalet, men der kunne me vera litt fleksible. Viss eg telde rett, er det pr akkurat nå 15 billettar til saman å få tak på til desse tre gudstenestene, så viss du som les dette hadde tenkt deg dit, så begynner det å hasta. Gudstenesta klokka to kjem til å bli streama. Kven kunne forutsjå ein slik situasjon for eit år sidan? I år opplever me ganske mykje me aldri før ha vore med på.
Fredag er frilansardagen min. Sidan eg jobbar litt redusert og har ein kveldsjobb i kulturskulen, har eg klart å setja av heile fredagane til anna bruk enn til å vera lærar. Til tider har eg vore nokså striks på at den dagen skal eg bruka til å skriva, og at det er derfor eg har vald det slik, men akkurat nå må eg innrømma at eg ser meir fleksibelt på det. Eg kan fleksa skrivetida til kveldstid, eller til andre gonger det passar betre dersom det er andre ting som foregår denne dagen. Nå i år er det ein utmerka sjanse til å få litt ekstra tid med vesle Karamella og med mor hennar som er i barselspermisjon. Det hender og at eg treffer venninner. Langhelgturar for eksempel til familien i Oslo-området eller for å treffa venninner som bur langt unna er og ein veldig fin måte å bruka fredagstid på, men nå i haust har det ikkje vore tida for reising.
I dag hadde eg ein fin fredagsføremiddag på besøk hos tidlegare kollega Ingrid i lag med syster mi. Det vart nokre kjempekoselege timar i eit førjulspynta hus med bål i peisen, god frokost, julekaffi og heimebakst. Nå når det å vera på besøk hos nokon er noko ein ikkje gjer så ofte, så blir det ekstra fint å gjera det av og til. Menneske treng menneske.

Tidleg på ettermiddagen fekk eg nokre timar med dotter og baby Karamella før storesystera og far hennar og stakk innom ein tur etter jobb og barnehage.
I dag vart det informert om planane for folkevaksinasjon, og me blir vel forespegla at livet kan koma til å bli litt meir normalt igjen til hausten ein gong. Det gler me oss til, men enn så lenge så får me bruka dagane våre så godt og fleksibelt me kan. Dei fleste av oss er det ikkje synd på. I likskap med meg er det vel fleire som prøver å leggja julekabalen i tankane. Kven kan ein få vore i lag med, og kven kan ein ikkje få vore i lag med? Det er ikkje heilt lett å vita korleis ein skal tolka reglane. Er det slik at vaksne barn som kjem heim tel som gjester kvar dag dei er heime? Ja, det er det vel kanskje? Er det slik at me kan vera i selskap med mellom fem og ti personar bare to gonger i løpet av heile jule- og nyttårshelga, eller kan ein ha to slike selskap sjølv og gå i besøk hos andre i tillegg? Det er vel kanskje helst det første dei meiner? Me finn vel ut av det…
Eg ser at det stormar på nettet, og at meiningane er veldig ulike. Nokre vil absolutt ikkje ha noko statleg innblanding i eiga julefeiring, andre meiner at det tryggaste var om alle haldt seg heime i sitt eige hus til vaksinane var på plass. Sjølv synest eg i hovudsak at Erna, Hans, Espen, Camilla og resten av «kohorten» har gjort og gjer ein innsats det står respekt av. Ikkje ville eg vore i deira stad og hatt det same ansvaret. Eg har veldig sans for at det gong på gong er blitt poengtert av liv og helse kjem først og at dei svakaste gruppene skal vernast og prioriterast. At det ikkje alltid finst fasitsvar på kva dette vil seia i praksis er ei heilt anna sak. Eg har i løpet av tida frå 12. mars meir enn ein gong vore djupt takknemleg over at eg og familien min bur i det landet me bur i.
Sidan det framleis er lenge til jul kan eg kanskje avslutta med «Korona-alfabetet» som jentene på Skapande skriving laga før sommaren som ei oppsummering av perioden me var inne i. Me hadde kanskje trudd då at det ville vore meir normale tilstandar att før jula kom, men slik vart det ikkje, så dette må framleis vera aktuelt:
Korona-alfabet:
A- for Antibac, Aleine og Alle blei litt galne
B – for Bakterier, Bøker og Blaute hender
C – for Covid 19
D- for Desinfisering, Dopapir, Dødstall og Det blir ingen ferie
E – for Epidimi, Erna Solberg, Eldre menneske og Einsamheit
F- for Folkehelseinstituttet, Fare, Familie og Facetime
G- for Gjær, Global krise, Gøymeleiken, Gamleheimar og Gå ikkje ut
H- for Heime, Heimeskule, Hosting, Heimebakt brød, Hamstring og Hoste
I- for Ingen nærkontakt, I disse tider, Isolasjon og Ingen besøk
J- for Jobba heime, Jorda og Juni og Juli heime i Norge
K- for Korona, Kakebaking, Karantene, Klimaendring og Kohort
L- for Lat, Lei, Lungesvikt, Levande og Livredd
M- for Maske, Mykje kaos, Meiningsfull og Munnbind
N- for Nyheitssendingar, Nysing og Nye matkombinasjonar
O- for Oslo som episenter og Online school
P- for Problemer, Prokastinering, Panikk og Pandemi
Q- for Q-melk og Quarantene (for å seia det litt ekstra fint
R- for reine hender, Redsel, Rastlaus og Reiseforbod
T- for toalettpapir, Teams, Trist, Testing og Trua på at det går over
U- for usosial, Uventa og Underleg
V- for Virus, Venting, Verda, Vaska og Vaksine som ikkje finst
W- for WC-papir
X- for X-en som kan vera smittefarleg
Y- for Yndlingsserie og Ynkeleg
Æ – for Ærleg og Ære vere sjukepleiarane
Ø- for Øyeblikkeleg hjelp og for å Ønska seg kvardagen tilbake
Å- for Å vera redd og Å leva i ei merkeleg tid.
(Jentene på skapande skriving, Time kulturskule)
For å oppdatera og aktualisera kan eg avslutta med:
G for God adventstid
Heidi

I dag lar eg bokstaveleg talt Klatremus Lillemann kikka ut av luke nummer tre, i alle fall frå luka i treet…
Me var så heldige at me vart inviterte til å ta med elevane ned i Storstova for å få vera gjester på Fantefølge si framsyning av Hakkebakkeskogen. Dei lokale skodespelarane var kjempeflinke, og elevane koste seg. All honnør og kreditt til Camilla og alle dei andre flinke folka som driv Fantefølge og som trillar fram den eine fantastiske forestillinga etter den andre. For barn i barnehagane og på småtrinnet er det stort å få lov å sjå levande teater, spesielt i desse rare tidene når det ikkje får lov til å skje så mykje ekstra.
Når eg ser slike forestillingar, må eg innrømma at eg saknar litt det å jobba med barneteater sjølv. Samtidig veit eg kor arbeidskrevjande det er. I ettertid er eg veldig takknemleg for mange år som dramalærar i kulturskulen i lag med Jan Ivar og for alle dei store forestillingane me sette opp på Bryne skule i alle dei åra me hadde to årlege musikalar som satsningsområde. Eg tenkjer at det me gjorde var kjekt, krevjande, viktig og ganske altoppslukande. Det å jobba saman med flinke folk der alle dei involverte kan bidra med sine kompetanseområde og laga noko fint saman som ingen av oss kunne klart aleine, er det som i mitt hovud er den aller beste formen for samarbeid. Så heldig eg er som har fått, og framleis får, samarbeida med så mange dedikerte og dyktige personar. På teaterfronten har det blitt mest manusarbeid dei siste åra, og det er fint og utfordrande det og.
Kvelden vart via til ein annan form for samarbeid. Det siste året har eg vore med i soknerådet. Der har eg og samarbeidspartnarar av første klasse, og det er fint å få vera med. For å overhalda dei nye og endå litt strengare smitterestriksjonane, hadde me møtet i kyrkjestova der me sat plasserte på stolar der det var målt opp to meter i alle retningar. Det var ein litt surrealistisk form for plassering av møtedeltakarar, me sat der som små planetar i eit stort univers, heilt utan moglegheit for å kviskra til naboen. Den tiltenkte julegrauten var droppa, og kaffien var erstatta med antibac, elles så fungerte det godt. Kven skulle trudd for eit år sidan at litt tematikken var streaming av gudstenester og filming av prest i rolle, og korleis ein må plassera deltakarane i ei gravferd for at det skal vera uproblematisk at forsamlinga syng salmar? Kven skulle trudd at det skulle bli påmelding til gudstenester på julafta, og at det snart ikkje er ledige plassar att? Det er mange snodige erfaringar me kan ta med oss frå denne tida. Eg har stor respekt for alle dei flinke folka i kyrkja mi som verkeleg legg ned entusiasme og arbeidstimar, både dei i faste stillingar og alle dei frivillige.
Kvelden vart avslutta med nokre timar med det yngste barnebarnet. I dag hadde ho ledd høgt, og ho pludrar ivrig på rrrrø og eeeeih mens ho smiler klokt til samtalepartnaren. Ho får og formidla på ein ganske kontant måte at ho har ein usedvanleg kraftig stemme…
I to ulike samanhangar i dag har nokon påpeikt for meg at ein del av julebodskapet er «Ver ikkje redde!» Rett nok er denne replikken lagt i munnen på englar i ein heilt spesiell formidlingssituasjon, likevel kjennest det høgaktuelt akkurat nå. Det er klart me er redde. Me er redde for å smitta og redde for å bli sjuke. Me er redde for å bli alt for redde det å vera nær nokon, og me er redde for arbeidsplassar, for samfunnsordningar og for kapasiteten på sjukehusa. Me er redde for å vera nær, og er redde for at folk skal bli sjuke av å vera alt for isolerte. Me er redde for ikkje å få familiemedlemmar heim til jul, og me er redde for at det kan vera farleg både å invitera til og vera gjest i juleselskap. På same måten som Jonas Gardell lurer me på dette å tørka andre sine tårer utan hanskar, og me spør med Sigvart Dagsland «Kan me elska uden nagen hud?» Det er ein befriande himmelsk logikk i det å få nåde til å stå trygt planta i sitt eige liv og kjenna på tillit sjølv om ein er litt redd…
Nå pratar eg meg heilt vekk og skriv alt for langt. Eg skal heller avslutta dette med det diktet eg fekk for meg kunne passa her i dag. Det er henta frå den siste diktsamlinga mi: «For humlene si skuld».
Bundne til livet
Bundne til livet
med skjøre tynne sølvstrenger,
og til Gud med heile oss,
tek me i mot dagane og sekunda
som uavlateleg flyt i mot oss,
løftar oss,
dukkar oss,
og forandrar oss.
Gje oss visdom og mot
til å ta i mot dei,
leva dei og elska deo,
heilt til me ein dag,
om veldig lenge,
eller før nokon kunne ha ant,
sølvstrengene må bresta,
og me må gi oss sjølve og livet
tilbake til Gud og æva.
Heidi

Eg er nettopp komen heim frå Bjørn Eidsvåg- konsert i Storstova. Eg og syster hadde kjøpt oss billettar for lenge sidan, eg var rimeleg overbevist om at konserten skulle bli avlyst av smittevernsgrunnar, men slik vart det ikkje. Det vart ei veldig fin oppleving. Det var rett og slett veldig flott å kunna gjera noko så unormalt normalt som å gå på konsert, det var gode smittevernstiltak og begrensa plassar, så det kjendest veldig trygt.
Eg sat og tenkte på kor mange konsertar eg kan ha vore på med Bjørn Eidsvåg opp gjennom tidene, og det slo meg at eg har fulgt han som artist frå han var ein relativt ung mann og fram til – nå… Han byr på seg sjølv og livet sitt gjennom både tekstar og fortalde anekdotar, så på ein måte er det å fylgja han å få vera med på reisa hans som menneske gjennom både opne og kronglete landskap gjennom mange år. Litt til mi forundring hadde han mange nye tekstar som eg aldri hadde høyrt før. Eg likte det eg høyrde. Eg veit at mange seier at songtekstar går dei glipp av, det er melodiane som tel. Sjølv er eg litt motsett, ein skikkeleg tekstnerd. Eg kan av og til tenkja i mitt stille sinn at dette var då veldig enkel lyrikk til så fin musikk, men når det gjeld Bjørn Eidsvåg, så synest eg at han talar ærleg, og ofte klokt om livet.

Det eg sit spesielt igjen med i dag er fylgjande utsagn: «Kyrkja har verdens beste bodskap til mennesket: «Du er elska! Denne historia burde ein frimodig skunda seg ut for å fortelja alle menneske. I staden har mennesket lett for å høyra «Du er elska viss…» eller «Du er elska, men…» Historien om nåde, oppreisning, tilgjeving og kjærleik er den finaste av alle historiar. Det er den kyrkja må skunda seg ut for å fortelja folk.»
Nå kan det vera at eg som refererer etter hukommelsen misforstod kva han sa eller refererer unøyaktig. Det får lesaren ta med i betraktninga. Om Bjørn Eidsvåg mot formodning skulle lesa bloggen min, er han veldig velkomen til å korrigera eller utdjupa.
Dagen i dag har elles og vore ein veldig god dag. I løpet av arbeidsdagen fekk eg med meg både «Tenn lys», tre gonger opplesing frå «Snøsøsteren», to gonger kalenderopning, grove rampestreker frå rampenissen, ein gong «Jul i svingen» og avslutninga av to lesekurs. Det kunne nesten ikkje vore betre.
Etter jobb fekk me eit lite barnevaktsoppdrag der treåringen hjalp til med å koka varm sjokolade som me serverte då mamma, pappa og Karamella kom for å henta henne. Like etter at dei hadde gått kom syster, og me fekk oss ein lang og etterlengta systerprat over tomatsuppe med hardkokte egg og ein kopp kaffi på kjøkkenet. Det enklaste er ofte det beste som det heiter i reklamebransjen. Det er ikkje ofte me har fleire timar for oss sjølve, men det fekk me i dag før me reiste til konserten. Heilt som det skal, vart det og ein lang systerprat i bilen før eg kom meg inn for å få skrive blogg på rett side av datogrensa.
Biletet øverst er frå utprøving av moglege modellar til juleverkstaden på skulen. Me var litt for seint ute til å bestilla material til å laga ting av, så eg var på leit nede i skap og hyllar i formingsavdelingen for å sjå kva skulen hadde å by på. Det blir nok juleverkstad i år og.
Heidi

Eg meinte det eg sa då eg fortalde elevane i dag morges at dette har eg gleda meg til. Ingenting er som adventstida i skulen. Det var fint å starta dagen med «Vi tenner våre lykter når det mørkner», og «Tenn lys et lys skal brenne» med tenning av det første adventslyset. Etter å ha halde hardnakka fast på å bruka nynorskversjonen på den sistnemnde teksten, har eg nå gått over til bokmål. Det er den varianten me finn på nettet, og det er den nesten alle bruker. Eg får bare syngja han mange nok gonger til å ikkje blanda bokmål og nynorsk. Mange gode krefter hadde vore saman om å laga advent i klasseromet, så det var både adventskalender i form av hemmelege konvoluttar laga av barna, eit kvitt juletre og ein rampenisse og store nybakte peparkakehjarte med pynt som skal få henga til pynt heilt til eit og eit skal bli plukka ned til glede for mottakaren.

Denne første vinterdagen kunne til og med by på fullmåne og ein glødande soloppgang utanfor klasseromsvindauget. I trea utanfor kan det skimtast nokre av dei tusen kråkene som lettar omtrent klokka kvart på ni. Det gjer så utruleg godt å få ein og annan dag med fint ver. Då eg sykla heim etter undervisninga i kulturskulen i kveld var det glatt på vegen. I morgon lovar dei ein god gammaldags regnversdag, så då er det truleg heilt brukande sykkelføre igjen.

Som adventsbok har me vald «Snøsøsteren» av Maja Lunde med Lisa Aisato sine fantastiske illustrasjonar. Biletet over av Hedvig, jenta hovudpersonen Julian møter etter å ha opplevd ein vanskeleg haust etter eldstesystera sin død. Det er ikkje utan grunn at Hedvig-biletet er blitt nesten ikonisk. For ein fantastisk varme ho stråler ut.
Ein ekstra bonus til elevane er at dei får sjå «Jul i Svingen» i matpausen. Det har ikkje me vaksne noko i mot heller…
Heidi

Me tenner første lyset i adventkransen vår
for kjærleik håp og varme, det treng me nå i år.
Eit lys for alt som gløder,
i natta stor og svart,
eit lys for kloke tankar,
og for livet slik det vart.
***
Er det nokon gong me treng lys og varme så er det i år. Eg har derfor tenkt å rista eit lite vers for korona-advent ut av ermet kvar sundag framover. Litt upolert blir det vel, akkurat som livet er akkurat nå. Hmmm, om ein skal lesa det med jærsk intonasjon så rimet vel strengt tatt ikkje svart på vart i betydning blei. Ein variant kunne vera:
… eit lys for alt som gløder i natta stor og svart,
eit lys for kloke tankar
og for livet – skjørt og vart.
Sånn går det for seg når hjernen kvernar på noko som kan bli eit dikt. Kanskje eg har ein meir polert variant i kveld…
***
Sjølv om eg må vera mellom dei høgst priviligerte i denne pandemien, fri utgang, nesten vanleg jobbsituasjon og fri tilgang til barnebarn og nærbuande barn, så håpar eg at dette blir den siste jula med covid 19 som riset bak speilet. Eg kjenner at ein eller annan mental muskel eg ikkje visste at eg hadde er lei av å vera redd for å smitta nokon, lei av å vera redd for å bli smitta, lei av å tenkja på alle dei som verkeleg lid under dette, og lei av at ein nesten har litt dårleg samvit dei gongene ein vågar å omgåst folk. Eg beundrar stort alle som har vore nesten isolerte sidan mars, i forhold til dei er eg bare så vidt berørt av dette.

Her i huset går me inn i adventstida med ein liten overnattingsgjest. Då begynner gjerne dagen klokka kvart over seks, det vil seia at ein kan få usedvanleg mykje ut av han. Før klokka til kan ein for eksempel ha rukke å eta havregrøt, leika med duplo, sett på fantorangen, leika barnedåp med dokker og kosedyr, teikna med tusj på lerret og å ha bakt peparkaker med morfar.
Då eg bevilga meg ein dusj, banka det kontant på døra. «Mommor, kæ jær du?» «Voffor har du låst dørå?» Med nydusja hår låser eg opp og innrømmer at eg låste fordi eg liker ganske godt å dusja heilt aleine. Svaret kjem saman med eit stort smil: «Men mommor, dæ va jo bara mæg, dæ va ikke ulven! «
Og det måtte eg jo innrømma at eg i grunnen var glad for…
Nå er gullungen på leikeplassen med morfar, huset lukter nydeleg av nysteikta peparkaker av deig kjøpt på Ikea. Stova ser ut som ein barnehage. Det er fint slik. God sundag i advent til alle som les. La oss samla lys og varme og dela ut på alle måtar me framleis har lov til å gjera det .
Heidi

Snart er det første sundagen i advent. Blir det adventsblogg i år og? spør eg meg sjølv. Kan eg verkeleg ta meg tid til det? Eg tenkjer meg litt om og nikkar forsiktig. Dette har eg gjort i veldig mange år, og er det ei førjulstid som bør dokumenterast for ettertida, så er det kanskje denne… Dessutan er bloggen ein måte å vera i lag med andre på, og det saknar jo fleire av oss akkurat nå. Det kan jo innvendast at det i høg grad er einvegskommunikasjon, men i tilfelle nokon har lyst til å lesa, så kan eg tilby akkurat det… Det går til og med an å svara. Konklusjonen er at eg med oppbretta ermer, krum hals og stor skriveglede går inn for å produsera adventtekstar i år og…
Men endå er det ikkje heilt advent, bare nesten. Eg kikkar ut av vindauget og ser ein klar og bleikblå novembermorgon med kvitt rim på hustaka. Loket på søppeldunken hadde frose igjen då eg skulle ut med søppel, så eg måtte tina det med varmt vatn. Det er ein gangbar teknikk så lenge det garantert blir varmegrader i løpet av dagen.
Eg kosar meg med varm kaffi og ventar litt med frokosten, for snart kjem dotter med barnevogn og barn, og så skal me kosa oss med frokost saman.
Det er ein velsigna situasjon at dei bur så nære og ein velsigna situasjon at me har våga å dela kohort gjennom heile koronaperioden. Eg smiler litt av at eg er komen dit hen at eg heilt utan å tenkja meg om brukar ordet kohort, då det vart innført var førstereaksjonen at ordet var så påfuglaktig tåpeleg at eg aldri kom til å ta det i min munn. Litt må eg altså ha forandra meg det siste året.
På sundag fekk eg bera det nyaste mennesket i familien til dåp i Klepp kyrkje. Av til dels litt tilfeldige grunner er fire generasjonar av jenter døypt akkurat der, så oldemor, mormor, mamma og to små jenter måtte fotograferast ved døypefonten som de ser på biletet over.
Veslejenta illskreik så det ljoma i veggene då ho fekk dåpsvatn på hovudet, og for å vera sikker på å bli høyrd svarte eg så høgt på presten sine spørsmål at eg høyrde humring nedover i benkene. Då faren løfta henne høgt opp for kyrkjelyden i beste «løvenes konge- stil» tidde ho stille og kikka med store auge ut i verda. Før det var ho blitt boren inn i høgtideleg prosesjon saman med dei tre gutane ho vart døypt i lag med. Mora som bar henne var stolt og vakker i grøn jærdrakt som vart matcha av mønsteret i dåpskjolen. Bileta frå dåpen viser glade vaksne med litt blanke auge, ei stolt storesøster og eit dåpsbarn som vekselvis hyler og ser seg forvite rundt. Eg tenkjer at slekt skal følge slekters gang, og blir nesten litt blankøygd bare av å skriva det.
Barnet har eit namn som rimer på Karamella, så i mitt mormorhjarte og i mine mormortankar har ho fått namnet Karamella som gjeldande mellomnamn. Kvar gong eg kaller henne det blir eg strengt irettesett av storesyster: «U hette ikkje dæ, mommor!»
Dåpen vart annleis enn det me hadde tenkt. Eg sørga litt over det store selskapet eg hadde gleda meg til å vera med og stella i stand og mest av alt over at fadder og tante Sunniva ikkje våga seg heim frå Oslo. Likevel vart det fint. Det heile var på ein måte skore inn til beinet og bare det viktigaste var igjen. Som alle som les her kan sjå, så er eg veldig sterkt berørt av desse små jentene eg har blitt mormor til. Eg fekk nesten sjokk då det gjekk opp for meg i den litt lite matematikkorienterte hjernen min at eg vil fylla åtti år før Karamella blir tjue. Eg hadde jo tenkt å sjå dei bli vaksne kvinner og eg hadde tenkt å bli ei oldemor som kunne krypa rundt på golvet i leik med eventuelle oldebarn… Det er mykje ein har tenkt, og mykje som går an… Mi farmor vart nesten hundre og var tippoldemor i fleire år. Og tida vår er nå…

«Ska æg teina dæg, mommor,» spør storesyster. Så teiknar ho figuren over. Eg blir rørt og stolt og tenkjer på han i songen om syskjenbånet frå Gjøvik som lærte å skriva bokstavar. «Hu mor sa det er itte til å tru, og tenkj på det dæm er då bære sju…» Etterpå teiknar storesyster seg sjølv, mamma, pappa og Karamella» Alle er langbeinte og vakre og omtrent like store og eg formanar foreldra til kunstnaren om at dette er slikt dei må ta vare på.
Då storesyster vart døypt skreiv eg ei velsigningssalme, den vart urframførd i kyrkja. Kanskje eg skal avslutta innlegget med den, det er jo ikkje jul heilt endå, så julesongane kan få venta litt.
Velsigna vere du
Me kjem til deg, vår Gud, med takk,
og lyfter fram for deg,
eit lite barn og bøna:
Gud velsigne heim og veg.
Gud signe deg, du vesle liv,
Gud signe deg som kom,
med pust og gråt og songar,
og i undring ser deg om.
Velsigne stega du skal gå,
velsigne haust og vår,
velsigne vinternatt og vind,
og sommar, sorg og sår.
Velsigne kjærleik, håp og smil.
og tillit, tvil og tru,
velsigne lys og mørke,
ja velsigna vere du.
Velsigne kvart eit barn på jord,
og vegen det skal gå,
velsigne oss med mot nok
til å verna alle små.
Heidi

