Advent i år og

Snart er det første sundagen i advent. Blir det adventsblogg i år og? spør eg meg sjølv. Kan eg verkeleg ta meg tid til det? Eg tenkjer meg litt om og nikkar forsiktig. Dette har eg gjort i veldig mange år, og er det ei førjulstid som bør dokumenterast for ettertida, så er det kanskje denne… Dessutan er bloggen ein måte å vera i lag med andre på, og det saknar jo fleire av oss akkurat nå. Det kan jo innvendast at det i høg grad er einvegskommunikasjon, men i tilfelle nokon har lyst til å lesa, så kan eg tilby akkurat det… Det går til og med an å svara. Konklusjonen er at eg med oppbretta ermer, krum hals og stor skriveglede går inn for å produsera adventtekstar i år og…
Men endå er det ikkje heilt advent, bare nesten. Eg kikkar ut av vindauget og ser ein klar og bleikblå novembermorgon med kvitt rim på hustaka. Loket på søppeldunken hadde frose igjen då eg skulle ut med søppel, så eg måtte tina det med varmt vatn. Det er ein gangbar teknikk så lenge det garantert blir varmegrader i løpet av dagen.
Eg kosar meg med varm kaffi og ventar litt med frokosten, for snart kjem dotter med barnevogn og barn, og så skal me kosa oss med frokost saman.
Det er ein velsigna situasjon at dei bur så nære og ein velsigna situasjon at me har våga å dela kohort gjennom heile koronaperioden. Eg smiler litt av at eg er komen dit hen at eg heilt utan å tenkja meg om brukar ordet kohort, då det vart innført var førstereaksjonen at ordet var så påfuglaktig tåpeleg at eg aldri kom til å ta det i min munn. Litt må eg altså ha forandra meg det siste året.
På sundag fekk eg bera det nyaste mennesket i familien til dåp i Klepp kyrkje. Av til dels litt tilfeldige grunner er fire generasjonar av jenter døypt akkurat der, så oldemor, mormor, mamma og to små jenter måtte fotograferast ved døypefonten som de ser på biletet over.
Veslejenta illskreik så det ljoma i veggene då ho fekk dåpsvatn på hovudet, og for å vera sikker på å bli høyrd svarte eg så høgt på presten sine spørsmål at eg høyrde humring nedover i benkene. Då faren løfta henne høgt opp for kyrkjelyden i beste «løvenes konge- stil» tidde ho stille og kikka med store auge ut i verda. Før det var ho blitt boren inn i høgtideleg prosesjon saman med dei tre gutane ho vart døypt i lag med. Mora som bar henne var stolt og vakker i grøn jærdrakt som vart matcha av mønsteret i dåpskjolen. Bileta frå dåpen viser glade vaksne med litt blanke auge, ei stolt storesøster og eit dåpsbarn som vekselvis hyler og ser seg forvite rundt. Eg tenkjer at slekt skal følge slekters gang, og blir nesten litt blankøygd bare av å skriva det.
Barnet har eit namn som rimer på Karamella, så i mitt mormorhjarte og i mine mormortankar har ho fått namnet Karamella som gjeldande mellomnamn. Kvar gong eg kaller henne det blir eg strengt irettesett av storesyster: «U hette ikkje dæ, mommor!»
Dåpen vart annleis enn det me hadde tenkt. Eg sørga litt over det store selskapet eg hadde gleda meg til å vera med og stella i stand og mest av alt over at fadder og tante Sunniva ikkje våga seg heim frå Oslo. Likevel vart det fint. Det heile var på ein måte skore inn til beinet og bare det viktigaste var igjen. Som alle som les her kan sjå, så er eg veldig sterkt berørt av desse små jentene eg har blitt mormor til. Eg fekk nesten sjokk då det gjekk opp for meg i den litt lite matematikkorienterte hjernen min at eg vil fylla åtti år før Karamella blir tjue. Eg hadde jo tenkt å sjå dei bli vaksne kvinner og eg hadde tenkt å bli ei oldemor som kunne krypa rundt på golvet i leik med eventuelle oldebarn… Det er mykje ein har tenkt, og mykje som går an… Mi farmor vart nesten hundre og var tippoldemor i fleire år. Og tida vår er nå…

«Ska æg teina dæg, mommor,» spør storesyster. Så teiknar ho figuren over. Eg blir rørt og stolt og tenkjer på han i songen om syskjenbånet frå Gjøvik som lærte å skriva bokstavar. «Hu mor sa det er itte til å tru, og tenkj på det dæm er då bære sju…» Etterpå teiknar storesyster seg sjølv, mamma, pappa og Karamella» Alle er langbeinte og vakre og omtrent like store og eg formanar foreldra til kunstnaren om at dette er slikt dei må ta vare på.
Då storesyster vart døypt skreiv eg ei velsigningssalme, den vart urframførd i kyrkja. Kanskje eg skal avslutta innlegget med den, det er jo ikkje jul heilt endå, så julesongane kan få venta litt.
Velsigna vere du
Me kjem til deg, vår Gud, med takk,
og lyfter fram for deg,
eit lite barn og bøna:
Gud velsigne heim og veg.
Gud signe deg, du vesle liv,
Gud signe deg som kom,
med pust og gråt og songar,
og i undring ser deg om.
Velsigne stega du skal gå,
velsigne haust og vår,
velsigne vinternatt og vind,
og sommar, sorg og sår.
Velsigne kjærleik, håp og smil.
og tillit, tvil og tru,
velsigne lys og mørke,
ja velsigna vere du.
Velsigne kvart eit barn på jord,
og vegen det skal gå,
velsigne oss med mot nok
til å verna alle små.
Heidi