Luke 2 – 2020

Eg er nettopp komen heim frå Bjørn Eidsvåg- konsert i Storstova. Eg og syster hadde kjøpt oss billettar for lenge sidan, eg var rimeleg overbevist om at konserten skulle bli avlyst av smittevernsgrunnar, men slik vart det ikkje. Det vart ei veldig fin oppleving. Det var rett og slett veldig flott å kunna gjera noko så unormalt normalt som å gå på konsert, det var gode smittevernstiltak og begrensa plassar, så det kjendest veldig trygt.
Eg sat og tenkte på kor mange konsertar eg kan ha vore på med Bjørn Eidsvåg opp gjennom tidene, og det slo meg at eg har fulgt han som artist frå han var ein relativt ung mann og fram til – nå… Han byr på seg sjølv og livet sitt gjennom både tekstar og fortalde anekdotar, så på ein måte er det å fylgja han å få vera med på reisa hans som menneske gjennom både opne og kronglete landskap gjennom mange år. Litt til mi forundring hadde han mange nye tekstar som eg aldri hadde høyrt før. Eg likte det eg høyrde. Eg veit at mange seier at songtekstar går dei glipp av, det er melodiane som tel. Sjølv er eg litt motsett, ein skikkeleg tekstnerd. Eg kan av og til tenkja i mitt stille sinn at dette var då veldig enkel lyrikk til så fin musikk, men når det gjeld Bjørn Eidsvåg, så synest eg at han talar ærleg, og ofte klokt om livet.

Det eg sit spesielt igjen med i dag er fylgjande utsagn: «Kyrkja har verdens beste bodskap til mennesket: «Du er elska! Denne historia burde ein frimodig skunda seg ut for å fortelja alle menneske. I staden har mennesket lett for å høyra «Du er elska viss…» eller «Du er elska, men…» Historien om nåde, oppreisning, tilgjeving og kjærleik er den finaste av alle historiar. Det er den kyrkja må skunda seg ut for å fortelja folk.»
Nå kan det vera at eg som refererer etter hukommelsen misforstod kva han sa eller refererer unøyaktig. Det får lesaren ta med i betraktninga. Om Bjørn Eidsvåg mot formodning skulle lesa bloggen min, er han veldig velkomen til å korrigera eller utdjupa.
Dagen i dag har elles og vore ein veldig god dag. I løpet av arbeidsdagen fekk eg med meg både «Tenn lys», tre gonger opplesing frå «Snøsøsteren», to gonger kalenderopning, grove rampestreker frå rampenissen, ein gong «Jul i svingen» og avslutninga av to lesekurs. Det kunne nesten ikkje vore betre.
Etter jobb fekk me eit lite barnevaktsoppdrag der treåringen hjalp til med å koka varm sjokolade som me serverte då mamma, pappa og Karamella kom for å henta henne. Like etter at dei hadde gått kom syster, og me fekk oss ein lang og etterlengta systerprat over tomatsuppe med hardkokte egg og ein kopp kaffi på kjøkkenet. Det enklaste er ofte det beste som det heiter i reklamebransjen. Det er ikkje ofte me har fleire timar for oss sjølve, men det fekk me i dag før me reiste til konserten. Heilt som det skal, vart det og ein lang systerprat i bilen før eg kom meg inn for å få skrive blogg på rett side av datogrensa.
Biletet øverst er frå utprøving av moglege modellar til juleverkstaden på skulen. Me var litt for seint ute til å bestilla material til å laga ting av, så eg var på leit nede i skap og hyllar i formingsavdelingen for å sjå kva skulen hadde å by på. Det blir nok juleverkstad i år og.
Heidi