Luke 4 – 2020

Då har eg akkurat sikra meg billettar til ein av gudstenestene på julafta i Bryne kyrkje. Det var ikkje plass nok på den gudstenesta som var førstevalet, men der kunne me vera litt fleksible. Viss eg telde rett, er det pr akkurat nå 15 billettar til saman å få tak på til desse tre gudstenestene, så viss du som les dette hadde tenkt deg dit, så begynner det å hasta. Gudstenesta klokka to kjem til å bli streama. Kven kunne forutsjå ein slik situasjon for eit år sidan? I år opplever me ganske mykje me aldri før ha vore med på.
Fredag er frilansardagen min. Sidan eg jobbar litt redusert og har ein kveldsjobb i kulturskulen, har eg klart å setja av heile fredagane til anna bruk enn til å vera lærar. Til tider har eg vore nokså striks på at den dagen skal eg bruka til å skriva, og at det er derfor eg har vald det slik, men akkurat nå må eg innrømma at eg ser meir fleksibelt på det. Eg kan fleksa skrivetida til kveldstid, eller til andre gonger det passar betre dersom det er andre ting som foregår denne dagen. Nå i år er det ein utmerka sjanse til å få litt ekstra tid med vesle Karamella og med mor hennar som er i barselspermisjon. Det hender og at eg treffer venninner. Langhelgturar for eksempel til familien i Oslo-området eller for å treffa venninner som bur langt unna er og ein veldig fin måte å bruka fredagstid på, men nå i haust har det ikkje vore tida for reising.
I dag hadde eg ein fin fredagsføremiddag på besøk hos tidlegare kollega Ingrid i lag med syster mi. Det vart nokre kjempekoselege timar i eit førjulspynta hus med bål i peisen, god frokost, julekaffi og heimebakst. Nå når det å vera på besøk hos nokon er noko ein ikkje gjer så ofte, så blir det ekstra fint å gjera det av og til. Menneske treng menneske.

Tidleg på ettermiddagen fekk eg nokre timar med dotter og baby Karamella før storesystera og far hennar og stakk innom ein tur etter jobb og barnehage.
I dag vart det informert om planane for folkevaksinasjon, og me blir vel forespegla at livet kan koma til å bli litt meir normalt igjen til hausten ein gong. Det gler me oss til, men enn så lenge så får me bruka dagane våre så godt og fleksibelt me kan. Dei fleste av oss er det ikkje synd på. I likskap med meg er det vel fleire som prøver å leggja julekabalen i tankane. Kven kan ein få vore i lag med, og kven kan ein ikkje få vore i lag med? Det er ikkje heilt lett å vita korleis ein skal tolka reglane. Er det slik at vaksne barn som kjem heim tel som gjester kvar dag dei er heime? Ja, det er det vel kanskje? Er det slik at me kan vera i selskap med mellom fem og ti personar bare to gonger i løpet av heile jule- og nyttårshelga, eller kan ein ha to slike selskap sjølv og gå i besøk hos andre i tillegg? Det er vel kanskje helst det første dei meiner? Me finn vel ut av det…
Eg ser at det stormar på nettet, og at meiningane er veldig ulike. Nokre vil absolutt ikkje ha noko statleg innblanding i eiga julefeiring, andre meiner at det tryggaste var om alle haldt seg heime i sitt eige hus til vaksinane var på plass. Sjølv synest eg i hovudsak at Erna, Hans, Espen, Camilla og resten av «kohorten» har gjort og gjer ein innsats det står respekt av. Ikkje ville eg vore i deira stad og hatt det same ansvaret. Eg har veldig sans for at det gong på gong er blitt poengtert av liv og helse kjem først og at dei svakaste gruppene skal vernast og prioriterast. At det ikkje alltid finst fasitsvar på kva dette vil seia i praksis er ei heilt anna sak. Eg har i løpet av tida frå 12. mars meir enn ein gong vore djupt takknemleg over at eg og familien min bur i det landet me bur i.
Sidan det framleis er lenge til jul kan eg kanskje avslutta med «Korona-alfabetet» som jentene på Skapande skriving laga før sommaren som ei oppsummering av perioden me var inne i. Me hadde kanskje trudd då at det ville vore meir normale tilstandar att før jula kom, men slik vart det ikkje, så dette må framleis vera aktuelt:
Korona-alfabet:
A- for Antibac, Aleine og Alle blei litt galne
B – for Bakterier, Bøker og Blaute hender
C – for Covid 19
D- for Desinfisering, Dopapir, Dødstall og Det blir ingen ferie
E – for Epidimi, Erna Solberg, Eldre menneske og Einsamheit
F- for Folkehelseinstituttet, Fare, Familie og Facetime
G- for Gjær, Global krise, Gøymeleiken, Gamleheimar og Gå ikkje ut
H- for Heime, Heimeskule, Hosting, Heimebakt brød, Hamstring og Hoste
I- for Ingen nærkontakt, I disse tider, Isolasjon og Ingen besøk
J- for Jobba heime, Jorda og Juni og Juli heime i Norge
K- for Korona, Kakebaking, Karantene, Klimaendring og Kohort
L- for Lat, Lei, Lungesvikt, Levande og Livredd
M- for Maske, Mykje kaos, Meiningsfull og Munnbind
N- for Nyheitssendingar, Nysing og Nye matkombinasjonar
O- for Oslo som episenter og Online school
P- for Problemer, Prokastinering, Panikk og Pandemi
Q- for Q-melk og Quarantene (for å seia det litt ekstra fint
R- for reine hender, Redsel, Rastlaus og Reiseforbod
T- for toalettpapir, Teams, Trist, Testing og Trua på at det går over
U- for usosial, Uventa og Underleg
V- for Virus, Venting, Verda, Vaska og Vaksine som ikkje finst
W- for WC-papir
X- for X-en som kan vera smittefarleg
Y- for Yndlingsserie og Ynkeleg
Æ – for Ærleg og Ære vere sjukepleiarane
Ø- for Øyeblikkeleg hjelp og for å Ønska seg kvardagen tilbake
Å- for Å vera redd og Å leva i ei merkeleg tid.
(Jentene på skapande skriving, Time kulturskule)
For å oppdatera og aktualisera kan eg avslutta med:
G for God adventstid
Heidi