Gå til innhald

29.mai Familiesommardag

To ting eg liker veldig godt er at me sit mange saman rundt bordet vårt og at det er sommar ute. Det var lenge sidan sist dei to komponentane vart kombinerte, så dagen i dag kjendest fin og spesiell.

Eva Mari, Oscar og Hugo dukka opp frå basen i Stavanger og Odd Christian, Ingrid, Oddvar, Iben og Hella dukka opp frå nærområdet.

Me hadde tre barnestolar rundt bordet og dekka det med nysteikte vafler og rundstykke og alt av pålegg som kunne oppdrivast frå skuffer skap og kjøleskap. Stova er framleis full av blomar som i hovudsak måtte evakuerast inn på kjøkkenet på grunn av to klatrande og krabbande babyar som begge har stor glede av å riva i dukar og smaka på alt dei ser.

Medan dei minste to sov innvia me terasselivet med utekaffi, hengekøye og leikehytta som i si tid vart laga av tømrarelevar og heist inn i hagen vår til det eg trur må ha vore Ingrid sin femårsdag. Ho vart restaurert med nytt golv seint i haust, så nå er ho klar for Iben. Ei slik dokkestove var min største draum i oppveksten, så det er veldig kjekt å kunna tilby seinare generasjonar det eg sjølv bare drøymde om.

Då dei minste vakna vart det bestemortur til leikeplassen med alle barna. Det er ikkje lenge sidan Eva Mari og eg køyrde rundt med Oscar og Ingrid, som var heilt jamnaldrande i kvar si vogn, og nå er det barna deira som sit oppi. Sjølv må me vel kanskje innsjå at det ligg nokre år mellom å vera mamma og bestemor, men slike innrømmelsar sit langt inne.

Då huset var tomt for små og store gjester var det i grunnen ganske fredeleg å finna fram mopp og feiekost og starta på prosjektet å finna igjen stovegolvet under leiker og rester etter måltid. Denne dagen gav meg tru på eit kvardagsliv etter pandemien. Sjølv er eg av det slager som liker betre å konsentrera meg om dagane nå heller enn dagane etter, men det hender det gjer godt med optimistiske draumar.

Heidi

28.mai-Dette har vore ein fin dag

Det har vore ein fin dag frå ende til annan, for slike dagar finst. Eg stod opp til rosa nellikar og morgonlevering av frokost frå Halvard og Therese. Så har eg fått meg time til første vaksinering på torsdag, og ser fram til å snart vera halv-vaksinert.

På Bryne skein sola og Hella fekk møtt den jamnaldrande tremenningen Hugo til lunsj på Kjøkkenet i lag med ein gjeng glade damer. Etter kaffi og jordbær med dei to i stova vår på Rosseland innleia eg ligga-i- hengekøya- utan – sokkar-og – lesa-i-sola-sesongen.

I dei fine bukettane eg fekk sist helg var det begynt å visna litt. Eg koste meg med å rearrangera blomane som kan leva ei stund til i ein ny vase.

I sommar har eg planlagd å øva meg på å kjøra meir bil. Sykkel er sunnare og meir miljøvennleg, men dessverre blir eg veldig kjøreredd av å kjøra så lite. Det går ofte vekesvis mellom kvar gong eg set meg i førarsetet på ein bil, og dessverre fører det til at eg føler meg meir og meir usikker på sjåførkunstene mine. I dag grudde eg for å ta bilen på den smale svingete vegen til Ålgård, men det måtte eg, for dit går det ingen tog og knapt nok bussar, og til Ålgård ville eg.

På Ålgård har eg hatt ein kjempekoseleg kveld hos Jane i lag med gjengen min frå barneskulen. Det er alltid fint å vera i lag med dei.

Jane hadde tend bålpanna i hagen og så satt me der i forsommarkvelden og drakk kaffi og år jordbær med kvart vårt teppe over knea. Etterkvart flytta me inn i stova til deilig kyllingsalat og fortsetjinga på den samtalen me fire alltid snakkar vidare på når me er i lag.

Me pleier å treffast to gonger i året, haust og vår, men nå var det eit heilt år sidan sist på grunn av koronarestriksjonane.

Oppløfta av godt selskap var det nesten heilt ok å kjøra heim i vakker, framleis ikkje heilt mørk sommarnatt. Nå når eg har fullt året kjennest det nesten heilt i orden å lytta til den radiokanalen som heiter P1+. Det treng jo ikkje e å bli ein vane…

Heidi

27.mai – Nesten sommar

I dag var det ei kjenning av noko som minna om sommar. Alt var så grønt og lufta var mild og god. På slike dagar får eg lyst til å leggja meg i det grøne graset og kikka opp på alt som er grønt og nyutsprunge med himmelen som sommarblå bakgrunn. Så skulle humlene få susa og svalene fly.

Det er jo faktisk mindre enn ei veke til me skriv juni og sommaren rett og slett er her. Det har vore nokså kaldt i mai, så det er lett å gløyma at det lir så langt på året allereie. Me er meir enn klare for ei mild, mjuk og sommarleg omfamning nå. Når det gjeld omfamningar så er eg betre stilt enn mange eg som bur i hus med kjærasten min og har barnebarn og elevar. Eg tenkjer på alle som bur aleine og kanskje ikkje har hatt nokon å omfamna dei siste fjorten månadane. Nå håpar me at me ser enden på pandemilevemåten.

I dag var skulane og barnehagane på grønt nivå, og nå har me plutseleg lov til å ha ti gjester igjen. Kyrkja opnar for 200 deltakarar på gudsteneste så vidt eg forstår, og det aller meste skal langsamt gli over i normalen. Det rare er at nå følest det nesten litt utrygt å opna opp. Er det verkeleg trygt og forsvarleg? Det er ikkje meir enn ei veke sidan det var smitte knytta til skulen som ligg eit par hundre meter frå oss… På ein måte hadde det kjenst tryggast å venta med opninga til eg i det minste hadde fått første vaksinedosen, men me får satsa på å halda oss smittefrie dei siste vekene og…

Etter skuletid sykla eg den veldig korte vegen til huset og hagen der eg har to barnebarn. Eg er så utruleg takknemleg for å ha dei så nære. Tre og eit halvt-åringen hadde fått ei insektsbok og eit forstørrelsesglas til å sjå på insekt med. Eg og ho måtte ut i den eventyraktige hagen deira for å leita etter insekt. Det var så spennande at ho bare kviskra for ikkje å skremma insekta. Det vart dessverre ein litt mager fangst i denne omgangen. Me fann ei død flue og ei død bille. Ei humle surra forbi oss, og spindelvevane var tome for edderkoppar. Myggen ville ikkje inn i barnematglaset me hadde med, eit kvitvenga lite møllvesen forsvann i det me såg det, og skolopenderen og skrukketrollet me fann under ein av steinane me snudde forsvann begge to før me hadde rukke å sjå på dei.

Spennande var det likevel. Til slutt bestemte barnet seg for at ho kunne jo heller plukka blomar til mamma. Det gjorde ho, blå og rosa hageblomar, ein brudespireakvist og ein løvetann. Det vart så fint så. Insektsjakta kan me jo fortsetja på kvar einaste dag i sommar om lysten skulle melda seg. Det er så fint at ho har ein slik hage å leika i, og det er koseleg å tenkja på at det er den same hagen eg leika i då eg var på omtrent hennar alder. Det er og merkeleg, nesten høgtideleg, å tenkja på at det eg får vera med i nå er hennar barndom. Dette er dei åra som skal forma henne og som ho alltid skal bera med seg, enten ho kjem til å hugsa denne sommaren som brotstykke av ein barndom eller om dei bare skal liggja der som grunnmur for seinare minne som kjem til å festa seg i hukommelsen. Sjølv veit eg at eg hugsar episodar og stemningar frå eg var på hennar alder, og til og med litt før, men det virkar som om det er veldig forskjellig kor langt tilbake eit menneske klarer å hugsa.

Eg lener meg mot Kolbein Falkeid sitt dikt til dottera Unn som skal begynna på skulen. «Å såmenn, vær rene på hendene…» Akkurat slik tenkjer ein når ein elskar i eit barn.

Heidi

26.mai – Strandkofte

Her er den fine kofta strikka og komponert av Eva Mari etter at eg hadde skrive om at fargane på stranda ville vera fine i ei kofte. På biletet til venstre er fargane prøvde ut i sitt rette element. Heldige meg.

I dag var det planleggingskveld nummer to og etterpå så kom Eva Mari på besøk med toget frå Stavanger der ho er på besøk. Me har kost oss med ost og kjeks og krydderte. Nå blir det litt strikking og fjernsyn for to litt trøytte damer.

Heidi

25.mai På sporet av framtida

I kveld har me hatt den første av to planleggingskveldar med tanke på neste skuleår. Det ville vera urettferdig overfor meg sjølv å seia at eg alltid spring bak meg sjølv. Det høyrest koselegare ut å seia at eg liker å gå i roleg rusletempo ved sida av meg sjølv akkurat det eg til ei kvar tid befinn meg på tidslinja.

For sånne som meg er det av og til litt sjokkarta å finna ut at nå nærmar me oss eit nytt skuleår, eller rett og slett, nå er det snart sommarferie eller nå er det snart framtida.

Det blir spennande med eit nytt skuleår når den tida kjem. Akkurat nå vender eg tilbake til nåtida det me skal feira litt forsiktig med sushi og ein god film at me faktisk har bryllaupsdag i dag. Hos oss er det nemleg feiring på feiring og fest på fest…

Heidi

24 mai -Stova full av blomar og takksemd

Nokre av dei finaste bukettane eg har fått i mitt liv har eg fått av svoger Joffe og svigerinne Elisabeth. Eg trur dei må vera verkeleg feinschmeckarar når det gjeld blomar. Ein kjempestor bukett med roser i alle raude nyansar. Kan det bli vakrare?

I dag hadde me lang frokost med deler av familien for å nyta siste rest av samversglede før Sunniva og Trygve skulle til flyplassen. Halvard reiste så tidleg at han sa eg «ha det godt til» i går kveld. Det blir alltid tomt i huset når gjestene reiser, men mest av alt var eg glad for dei fine dagane me hadde fått i lag.

Etter å ha rydda og vaska litt må eg innrømma at eg hadde ein lang pause på sofaen med ei fin bok. Eg er så glad i bøkene til Dea Trier Mørck og eg las ut «Kastanje-alleen» for tredje eller fjerde gongen. Boka handlar om københavnarbarn som delvis bur hos besteforeldra ute på landet, og har så vakre skildringar av naturen, sommaren og to ganske eksentriske besteforeldre. Det er første gongen eg les boka etter at eg fekk barnebarn. Eg har for lengst oppdaga at ein les den same boka på ulike måtar etter kva livsfase ein sjølv er i.

Me har ete restar frå helga og kost oss med kvart vårt store stykke marsipankake til kaffien før me fraus resten for å ha til ein passande anledning. Så har eg jobba med ein salmetekst og svart på ein del gebursdagshelsingar. Nå er det førebuingar til nye kvardagar og skuletimar som står for tur. Tastaturet mitt driv og heng seg opp utan at eg heilt finn ut av kva som er problemet. Eg trur eg tek det som eit teikn på at det passar å stoppa her 🙂 God sundagskveld.

Heidi

23.mai Glad og takknemleg

Med eit av dei fine korta eg fekk i dag som pynt, vil eg bare skriva nokre få linjer om at eg har hatt ein fantastisk dag og kjenner meg så glad og takknemleg. Eg har fått så mange fine helsingar på kort, mobil og over digitale media, og kjenner meg boren av ei bølgje av varme og kjærleik. Eg har bare fått svart på nokre få av meldingane, men vil gjerne prøva å svara alle personleg. Viss eg ikkje rekk det, så får dette vera ein takk.

Dagen har vore intens. Først hadde me lang frokost med husgjestene våre. Så fekk me kjempekoseleg «nesten-overraskelsesbesøk» av Eva Mari, Oscar og vesle Hugo. Eva Mari hadde tenkt å halda det hemmeleg at ho var i distriktet og så bare ringa på døra, men takka vera jungeltelegrafar og misforståingar, så hadde eg fått nyss i det.
Gildt var det i alle fall. På bloggen min for nokre veker sidan fabulerte eg om kor fint det hadde vore å strikka ei kofte med alle fargane som finst ute på Jærstrendene. Eva Mari er den typen menneske som les teksten, strikkar ei slik kofte og leverer ho på døra på bursdagen min… Eg må få vist eit bilete seinare. Me fekk spretta dei to kakene og kost oss i eit par timar før Hugo måtte i bilen igjen for å få føremiddagsluren sin.

Så rakk me å rydda av bordet og gjera klar for neste bordsetning. Då var det duka for mor og far og Hella og Iben, dei generasjonane det på grunn av koronarestriksjonar ikkje var plass til på den seinare feiringa. Eg kunne jo ikkje la ein sekstiårsdag gå forbi utan å få feira med dei. Iben er alltid klar for ein fest, og etter sjokoladekake og marsipankake laga ho dessert med druer, bananar, nøtter og rosiner til seg og morfar. Det var og ein stor suksess at eg hadde tenkt på å kjøpa ein pakke store ballonger slik at me kunne ha ballongdans og andre kjekke ting.

Festmiddagen hos Heine Grov på Apoteket vart og veldig vellukka. Me hadde antipasti- forrett med nydeleg heimebakt brød og smør og mange veldig gode smårettar. Til hovudrett hadde me grilla kalvefilet med jordskokkpuré og små ovnsbakte poteter. Desserten var eit nytt høgdepunkt med masse godt å velja i. Leif haldt ein nydeleg tale til meg, lokala var kjempekoselege og det same var vertskapet. Sjølv om dette var ei løysing vald på grunn av koronarestriksjonane så vart alt så fint at det kunne ikkje vore betre.

Sjølv hadde eg bestemt meg for å ikkje seia så mykje, men eg hadde lyst til å ønska velkommen med å sitera første linja av ein kjend tekst. «Jag vill tacka livet, som gett mig så mycket…» I dag kjenner eg først og fremst på takksemd overfor livet og overfor familien og gode venner. For eit heldig menneske eg har vore fram til nå. Slike dagar gir styrke til å bera seg sjølv vidare inn i framtida med eit takk om munnen. Framleis er livet i beste fall langt, og framtida ligg der og ventar.

Heidi

22.mai – Rørande, gildt og travelt

I morgon fyller eg seksti år. Det kjennest surrealistisk fordi eg ikkje kan forstå at eg står her og kan smykka meg med eit så høgt tall. Eg fylde då nettopp femti, og førti, og tretti… Og elleve for den saka si skuld. Eg har rett og slett erfart det eg ikkje trudde på før, at ein slett ikkje kjenner seg som femti, seksti eller nitti år. Ein kjenner seg rett og slett som seg sjølv. Eg innbiller meg og trur at eg har mykje meir til felles med meg sjølv som tretti-åring og førti- åring enn eg har med dei fleste på min alder som ikkje er meg…

Eg synest at livet bør feirast og takkast for, og det er derfor eg har hatt eit høgt ønske om at alle barna mine skulle kunna koma heim og feira livet i lag med meg. Slik tidene er har det ikkje vore sjølvsagt at det ville la seg gjera, både på grunn av koronasmitte og andre ting, så eg er veldig takknemleg for at me får nokre dagar i lag nå.

Sjølvsagt ville eg aller helst ha kunna samla mange, mange fleire, både familie og venner, for eg er så heldig å ha veldig mange som eg er glad i, men slik vart det i år. Kanskje me kan ta det igjen seinare, det er fint å ha noko å gleda seg til.

I morgon er planen å ta i mot nokre få og utvalde til å eta kake i lag med oss, og så tek me med oss dei vaksne barna på Apoteket der Heine Grov skal stå for ein familiemiddag. Det gleder eg meg til. Med ei ramme på fem besøkjande i heimen får me ikkje ein gong inn alle våre i stova samtidig, så dette blei måten å gjera det på, på utestadar er det lov å vera ti i lag, og det hjelper jo litt.

I dag har det til mi overrasking og glede strøymd på med gilde helsingar, nydelege blomsterbukettar og til og med nokre presangar, som eg er så barnsleg at eg har insistert på å venta med å opna til i morgon. Eg synest framleis at det å ha uopna presangar er veldig spennande… Og eg blir barnsleg glad av å fylla stova med fantastiske bukettar. Det er nesten så eg får lyst til å pussa opp rommet slik at det står i stil til dei vakre blomane.

Dagen i dag og har eg hatt gleden av å bruka i lag med barnebarn og barn. Det er det finaste eg veit. Sidan me skal ut og eta, blir det enkel matservering her heime i morgon, men eit par kaker har eg fått tid til å baka. Treåringen er så glad i å pynta kaker, så eg hadde lova at ho skulle få hjelpa meg å pynta sjokoladekaka mens ho var på besøk. Dette førde til at kaka måtte tast ut av forma og delast i to lag medan ho framleis var varm, noko som førde til eit aldri så lite krasj. Det som skulle vera ei hjarteforma kake sprakk opp og delte seg i noko relativt uformeleg som me måtte prøva å lappa saman med sjokoladekrem. Barnebarnet fekk frie tøyler med alt eg hadde i hus av kakepynt, og var strålande fornøgd etter vår felles innsats. Eg viste verket fram inne i stova, blunka til alle vaksne og sa at i dag var det kreativiteten og treåringen som hadde fått råda. Då fekk eg beskjed frå mine vaksne barn at den kaka såg då omtrent slik ut som kakene mine pleier å gjera… Så då så…

Det eg føler sterkast på ved inngangen til eit for min del nytt tiår er takksemd. Takk for alt det gode eg får ha i livet mitt og takk for alle dei fine folka eg kjenner. Mykje har vore spesielt for oss det siste året, men det slår meg kor utruleg mykje fint me har fått oppleva og kor mykje me har å vera glade for.

Pinsedag er ein fin dag å fylla år på. Det er ei av dei finaste tidene i året, og etterkvart har den kristne pinsebodskapen blitt veldig viktig for meg. På sundagsskulen tenner me tre lys for den treeinige Gud. Når me tenner det tredje lyset seier me i lag med barna. Me trur på Den Hellige Ånd som gjer oss kraft. Akkurat det kjenner eg at eg trur på. Ein Gud som gir oss kraft og styrke til å møta våre eigne liv og stå i dei. I anledning dagen tek eg med eit pinsedikt eg skreiv for ganske lenge sidan.

*

Blås på meg Heilage Ande

Blås på meg Heilage Ande
blås meg nedover gata
så eg kjem på rett plass

Ver den kvite dua
eg kan fylgja etter
på tå
utan å forstyrra eller skremma

Vis veg,
gløym ikkje
å bruka meg

Varm hjartet mitt
nok  til å tola ruskever

Gjer hovudet mitt
kaldt nok
til å klare tankar
om det eg ikkje veit
at eg veit

Ver krafta
eg ikkje står i mot
og vakt mine innfall

Ver kjærleiken
eg ikkje har ord for
og den som styrer lengten

Ver flammane
over håret mitt
og elden lengst inne i magen

Fyll meg med din fred

og med din uro.                                       

Heidi

21.mai Så gildt

Sjå så fine blomar eg har fått. Endå finare er det at eg har fått «ungane» heim på besøk, og i dag har eg fått tid i lag med alle fire. Eg og jentene har fått oss ein tur på Kjøkkenet og ein lang tur med barnevogn i vårveret. Neste post var nysteikte vafler heime hos oss med påfylgjande grilling på terrassen.

Siste post på dagsagendaen var spelekveld med TP rundt stovebordet. Slikt kan me lika. I tillegg har det droppa innom eit par koselege spontanbesøk. Godt nytt er det og at dei nå melder ein forsiktig nedtrapping av koronatiltak. La oss kryssa fingrane for at det går bra og at det går over…

Det forskrekker meg kor dyrt det er å testa seg på flyplassar etter innanlandsflygningar. Det kostar 1200 kr å ta ein koronatest på Sola. Det trur eg gjer at mange vel å ikkje testa seg, sjølv om dei hadde tenkt å gjera det for sikkerheits skuld. Ein av mine valde å droppa flyplasstesten og i staden gjera det gratis på Klepp i føremiddag. All honnør for at dei klarte å gi tilbakemelding om negativ test innan kvelden.

Ha ein fin pinse, alle saman.

Heidi

20.mai-Alt var sikkert betre før

Tittelen viser til kulturforestillinga ved same namn. Tiandeklasseforestillinga «Alt var sikkert betre før,» som me skulle vist i veka før påske, vart lagd ned kvelden før premieren på grunn av smittesituasjonen. For eit par veker sidan var gladmeldinga frå kommumeoverlegen at nå kunne me få lov til å ha visa stykket vårt med litt ekstra forsiktigheitsreglar og med begrensa publikum.

I dansen på biletet er munnbinda rekvisitter og meint som ein replikk til koronaperioden, det litt surrealistiske var at alle korsongar og all koring og måtte foregå med munnbind som ein ekstra forsiktigheitsregel, så munnbindet vart ein slags raud tråd gjennom scenebileta.

Det å laga tiandeklasseforestillingar har me satsa på lenge i Time kulturskule. Me jobbar gjennom heile skuleåret etter modellen «Frå tanke til teppefall». Alle elevane på tiande trinn hos oss er automatisk med. Etter idemyldring der alle er delaktige, blir det satt ned ei manusgruppe som er med og lagar manus, så lagar me band, korreograferer dans, øver inn stykket med skodespelarane. Me øver med songgrupper, songsolistar og solistar på musikkinstrument. Elevane lagar eller skaffar kostyme, kulisser og rekvisittar. Det heile ender i Storstova, kulturhuset vårt med forestillingar for skulane i kommunen og opne forestillingar for familie og andre som har lyst til å koma å sjå.

Det er utruleg kjekt for elevane våre å få opptre på ein ekte scene med profesjonell lyd- og lys-teknikk, og for meg er det ein fryd å samarbeida med utruleg flinke og dedikerte kolleger fram mot eit resultat. Det er alltid fantastisk kjekt å sjå tiandeklassingane glitra på scenen og kjenna på det utrulege samhaldet det blir i ei gruppe med menneske som jobbar saman om noko som ingen ville klart aleine.

For meg har deltidsjobben i kulturskulen vore ein veldig viktig ballast i ein skulekvardag der dei kreative elementa har hatt periodar med tronge kår. Eg har veldig stor tru på den forskninga som viser at dei barna som får driva mykje med musiske aktiviteter og får brukt kreativiteten sin blir gladere og meir robuste barn som og vil få meir overskot og pågangsmot i møte med meir teoretiske læringsaktiviteter.

Og viss det ikkje kom klart fram i teksten over. Elevane gjorde ein kjempejobb i kveld. Me er stolte av dei.

Heidi