Luke 7 -2020
I dag har mesteparten av arbeidsdagen blitt brukt til juleverkstad. Me laga englar og nissar av terracottakrukker, piperensarar, trekuler og diverse anna. Ideen fungerte. Det kjekkaste er når kreativiteten tar litt av slik at elevane prøver ut eigne idear og gjer det på sin måte. Det får nissejenta og engelen på biletet over vera eksempel på. Formingsfaget, som det heitte i si tid, har alltid vore noko av det eg liker veldig godt å driva på med.
Då eg sjølv gjekk på skulen, likte eg alltid best å laga ting me fekk gjera på vår eigen måte. I mitt einfald trudde eg alle barn hadde det slik. Eg har derfor aldri likt veldig godt idear av typen: «Nå lagar me ei liste over kva elevane skal laga på juleverkstad kvart skuleår, så får alle laga det same, og så slepp me å planleggja år for år». Då ropar det alltid inni meg: «Nei, la meg få sleppa å måtta vera lojal til ideen om at i 3. klasse skal me alltid laga ein snømann på ski av to vattkuler, to ispinnar og ei nisselue. Ver så snill å la meg og elevane få bestemma kva me skal laga!» Eg trudde alle hadde det slik, men eg har fått synet mitt ganske kraftig nyansert etter lang tid i skulen.
Ein gong stelde eg i stand til det eg trudde var alle skulebarn sin draum. Me skulle ha engleverkstad, og alle skulle få laga sin eigen engel av kva som helst. Min gamle lærar på formingslærarskulen, Norunn Skarstein ville sikkert ha elska ideen, for ho var ein forkjempar for fri forming og meinte at ei super formingsoppgåve var å gje elevar kvitt papir med ulik tekstur og kvalitet og be dei laga noko av det. Men tilbake til engleverkstaden min: Eg hadde samla material i søkk og kav: Trekuler, vattkuler, fjører, tøy av ulike kvalitetar, perler, kongler, gullfolie, glanspapir, perler, piperensarar, ståltråd, fyllvatt, paljettar, tråd i ulike fargar, gardinringar, gulltråd, kvistar, garn i ulike fargar og kvalitetar, og eg veit ikkje kva. Fornøgd la eg det fram i store haugar og sa at alle skulle laga ein engel.
«Kæ då slags engel?», spurde elevane. Eg forsikra dei om at det skulle dei få bestemma heilt sjølv. «Men kæ ska me laga an av?» Eg sa at dei kunne bruka kva dei ville. «Men koss skal me få dæ te?» Det vart rett og slett ingen suksess om eg skal vera ærleg. Nokre få av elevane laga fantastiske, eh i alle fall kreative og unike englar… Mange rota rundt og fekk i grunnen ikkje gjort noko særleg i det heile tatt, mens atter andre prøvde å hugsa englar dei hadde laga før og gjenbruka teknikken. Då eg etter å ha rydda i timesvis etter avslutta juleverkstad innsåg eg at dei fleste nok hadde likt mykje betre å laga snømann på ski med vattkuler og ispinnar… Eg hugsar at eg nesten grein meg til å få mala vattkulene i ein annan farge enn gult då me laga påskekyllingar i andre klasse, og for å vera ærleg så hugsar eg til og me at eg syntest dei andre sine kanskje vart finare enn min…
Sjølv må eg innrømma at eg sette pris på det då yngstesonen kom heim med ein engel som likna meir på eit romvesen enn det ein vanlegvis ser for seg som eit himmelsk vesen frå eit julekort. Eg såg heilt tydeleg kva utgangspunkt dei hadde hatt, for sånne hadde vore i produksjon på min skule og, men han hadde fått lov til å mala skabelonen i sølvgrå metallmaling med auge som var fire gonger så store som det ein kanskje kunne tenkt passa inn. Det varma hjartet mitt at han tydelegvis hadde fått eit visst spelerom sjølv om prototypmodellen nok hadde vore meir dekorativ. Engelen hadde fast plass på veggen når stova var julepynta, og dei første åra etter at det eine auget hadde falt av…
Eg synest nok at formingsfaget som andre praktisk-estetiske fag har hatt litt tronge kår dei siste ti åra, og eg håpar og trur at trenden skal snu litt nå når kreativitet og sjølvstendig tenking har fått så stort fokus i den nye læreplanen. Då eg begynte på skulen for meir enn femti år sidan fekk me kvar vår boks med fargestifter, kvar vårt malerskrin til å ha i skuffa vår og me fekk teikna og mala på tjukke stødige teikneark. Eg håpar at me kan ta oss råd til å gje elevane skikkeleg formingsmaterial framover.
Helsing «hu der gamla damå så tytte at alt va bære før»?
Nei då, ikkje eigentleg. Eg synest på mange måtar at skulen er betre og lærarane meir dedikerte enn nokon gong. Det er fint at me kan ufylla kvarandre litt med ulike erfaringar og ulike kompetanseområde. Dei av oss som ikkje er i førstelinja i digital kompetanse prisar oss lukkelege over alle dei flinke gode hjelparane som finst på eit kvart trinn. Eg får seia som dei seier ved engelske bryllaup: «Something old and something new, something borrowed and something blue.» Då blir det nok bra.
Heidi