
Biletet over er teke litt før klokka ti i dag. Lyset i desse mørkaste dagane er fint og spesielt.
Haustsemesteret går mot ein ende, og både me og elevane ser fram mot juleferien. Dei som har jobba i skulen veit at første del av julefeiringa finn stad i klasseroma og korridorane med lystenning, juleverkstad, julesongar, julemusikk, forestillingar og mørke morgonar, glitter i håret og under skoa, brannblemmer etter limpistolen, lukt av julebakst og lyden av stadig meir oppgira ungar i gangane.
I dag starta eg skuledagen med adventlys og musikk før me gjekk over på kunsthistorie, stjernenatt, maling og van Gogh. Det er ikkje feil å sitja og mala med solgult og koboltblått til lyden av julemusikk medan det framleis er mørkt ute.
Litt seinare serverte kantinegruppa rykande varm kyllingsuppe med chili og nybakt kake. Det småregna ute då eg hadde den siste vakta, men ikkje nok til å bli gjennomvåt. Å ha vakt på det området der sjuandeklassingane held til er heilt annleis enn å ha vakt på områda med dei minste barna. Det blir meir samtalar enn trøysting og politiarbeid, og det er sjølvsagt ei viss trøyst i akkurat det.
Etter jobb møtte eg Monica og drakk ein kopp kaffi på kafe, eg fekk send nesten all juleposten, og i kveld har eg kost meg med litt ferdigstilling av heimelaga julegavar og litt baking. Eg hadde funne ei oppskrift på honningkaker som såg så god ut, men eg var vel eigentleg litt skuffa over resultatet, eg såg for meg ei sprø overflate og ei honningmjuk innside, men det vart ikkje heilt slik. Nå skal eg pynta peparkakene og laga ein porsjon krumkaker, og så trur eg kanskje det blir med det. I morgon er den siste skuledagen min sidan eg jobbar heime om fredagane. Nå gjeld det å landa førjulstida i skulen på ein god måte.

Heidi

I luke 17 er det så masse innhald at det mest ikkje er plass til bokstavar og ord i tillegg. Nokre linjer skal eg likevel få pressa inn.
Dagen begynte med ein reparasjonsaksjon for to boksar knuste peparkaker. For to veker sidan i dag stod dei på toppen av ei latmannsbør med ei trapp, begge datt av og møtte golvet med eit smell. På trass av at loka at på plass, så vart nesten alle kakene knust.
For å unngå at den unge bakaren som hadde gleda seg til dekorseansen skulle bli like knust som kakene gjaldt det å finna ein gjenbruksplan. Løysinga viste seg å bli cake-pops, noko eg aldri følt hadde laga, smulane vart blanda med vanuljekrem og smelta sjokolade. Så vart dei sette på pinne, trekte med sjokoladeglasur og rulla i kakepynt. Eit intetessant prosjekt.
Med skriveelevane år eg graut og las Obstfelder sitt julaftendikt som eg filisoferte over i lag med ungdomane. Spennande! Nå må eg dessverre ta dagen med for landing om eg skal koma meg opp i morgon.
Heidi

Store delar av dagen vart brukt på toget. Deler av turen var det snøtungt vinterlandskap utanfor vindauget, grantre med hendene fulle av snø og isdekte vatn under vintermørk himmel.
Noko av det eg liker aller best med lange togturar er at eg kan lesa i timesvis i strekk utan å få dårleg samvit for alt eg burde gjera.
Boka på biletet er så sterk at ho fortener ein omtale ein dag eg har betre tid til å skriva, så slik får det bli. Eg vil likevel fortelja at boka består av dagbøker og brev skrivne av nedelandske Etty Hillesum, som ein veldig forenkla kan referera til som ein vaksen utgave av Anne Frank. Ho var ei jødisk jente som døydde under Holocaust 29 år gammal.
Det mest bemerkelsesverdige med boka er at denne Etty viser seg å vera ei dame heilt utanom det vanlege. I begynnelsen av boka møter me henne som ei sterk jente med sterke meiningar i eit litt bohemaktig miljø.
Etterkvart utviklar ho ei tru på Gud, på medmenneske og på formidling av det gode som gjer at ho på ein heilt eigen måte ber med seg kjærleiken til livet og andre menneske under svært vanskelege kår. Sjølv i konsentrasjonsleiren held ho fast på at livet er vakkert og at alle menneske er verd å elska. Ho klandrer ikkje Gud for det som skjer, men meiner at Gud treng menneske som ser andre menneske med kjærlege auge same kor dumt og ondskapsfullt desse måtte bera seg åt.
Eg ser at desse setningane kan virka naive og floskelaktige. Det er ikkje lett å nærma seg det gode i det vonde på ein truverdig måte, så eg skal som sagt koma tilbake til det.
Korsveipresten Tone Stangeland Kaufmann refererte til denne boka på avslutningsgudstenesten på Korsvei, og eg kjende det og då at det var ei bok eg måtte få tak på og lesa. Boka gjorde sterkt inntrykk, men var relativt krevande å lesa fordi ho var skriven på eit ganske avansert engelsk med ein del referansar me ikkje utan vidare kjenner til. Eg trur kanskje eg skal lesa ho ein gong til for å få tak på alt.
Vel heime hadde me koseleg besøk av Torun. Leif serverte god heimelaga fiskesuppe og kvelden vart avslutta med å kjøra henne til nattoget. Nå må alle flinke jenter koma seg i seng. Morgondagen kan fort bli intens.
Heidi

Det er så mykje ein skal hugsa og halda greie på her i livet. Då alle her i huset på Haslum hadde gått til ro og sov søtt i går kveld, var det tida for å leggja ut ny luke på blogg-kalenderen via mobilen min. I halvsøvne tasta eg inn feil pinkode og fekk jernteppe. Kva gjorde eg gale nå nettopp. PIN-koden min er den som låg inne då eg fekk mobilen og derfor ikkje logisk på nokon måte. I halvpanikk begynte eg å byta om på siffer, og plutseleg hadde eg brukt opp dei tre forsøka. For å hugsa det til ein annan gong, og til alle som måtte koma i same situasjonen: Vent til jernteppet har heva seg og forvirringa har gått over før du tastar inn siste forsøk…
Nå ville mobilen ha PUK-koden. Den visste eg innerst inne at var ei lang rekkje tilfeldige tal, men eg måtte likevel prøva om det kunne vera noko eg hadde lagt inn. Eg prøvde diverse kjende kodar og fødselsdatoar, men nei… Her var det bare å innsjå at det ikkje kom til å bli opna nokon bloggrute på rett side av datogrensa.
Nå er «alt så meget bedre»… Det hender at det lønnar seg å ha ein datakyndig mann. Han har klart å spora opp PUK-koden via kanalar eg ikkje visste om, så nå blir det ny luke for alle som måtte ha venta på det.
Bak luke 15 skjuler det seg og ein dag med mykje innhald. Eg var på sjukebesøk, og er så glad for at eg tilfeldigvis var så nær at det let seg gjera. God betring til ei kjær venninne, eg er så glad du er så langt.
Nede i byen møtte me Sunniva og Trygve og Halvard og Therese til lunsj. Det er så fint å vera i lag med dei. Aller helst skulle eg sjølvsagt hatt alle barna mine i nabogata, men Oslo er heller ikkje eit dårleg alternativ, ein kjem lett fram utan både bil og fly.
Sunniva og Trygve hadde til å drikka kaffi med oss på kulturhuset etter lunsjen, og så gjekk me litt i lag i ein julepynta hovudstad. Det vart fint og stemningsfullt sjølv om snøen var nesten heilt borte og det var regn i lufta.
Då dei andre måtte vidare gjekk eg og Leif ned til nasjonalteateret gjennom sentrumsgatene. Butikkane var sundagsopne bortsett frå Bok og media som haldt sin sundagssti rein. Det var litt synd for oss som hadde lyst til å sjå på julekrybbeutstillinga, men eg har respekt for at dei tydelegvis har stått i mot presset om opningstider.
I «Spikersuppa» var det rigga til julemarknad med boder der dei selde alt frå kakao, brende mandlar og glaserte eple til spekepølser, ost, ullsokkar og skinntøflar. Det var òg sett opp parisarhjul og ein gammaldags karusell. Med alle lysa i mørket minde det meg om julemarnaden i tivoli i København.
Vel tilbake på Haslum med litt ost og lefser som bygave såg me ein passe tåpeleg julefilm medan me fordøydde sterke inntrykk frå dagen som var og strikka juleenglar av Eva Mari sitt restegarn.

Heidi
Me reiste med bane og buss ut til Sunniva og Trygve for å få levert ein tung koffert. Etter å ha drukke ein kopp kaffi med dei og kattane, spaserte me ned til sentrum. På vegen rask eg innom to av mine absolutte yndlungsbutikkar, Gudrun Sjöden og Sprell leikebutikk. Eg fekk kjøpt meg ny julekjole og to harde pakkar som skal under treet. Så tok me banen til Haslum saman med Sunniva og Trygve og rakk akkurat fram til Eva Mari sin fantastiske julelunsj for heile storfamilien.
Me var 17 personar som åt kalkun med stuffing, tranebærsaus, gratinerte søtpoteter med marshmallows og pecan-nøtter. Det var kjempekoseleg å møta alle saman, ikkje minst Halvard som eg ikkje hadde sett på lenge. Reint matlagingsmessig så kjenner eg ikkje mange som kan konkurrera med Eva Mari. Eg får prøva å la meg inspirera. Det vart nesten litt julaftenstemning med fint dekka bord, julepynt og masse glade menneske. I morgon har me ein ny heil feriedag før me skal vestover att på måndag.
Heidi
Ei innhaldsrik luke skal snart lukka seg. Me har hatt ein dag med mykje innhald i kviletempo. Strikking, kaffi og frokost-TV, tur til Bærums verk og lunsj med Sunniva.
Seint på ettermiddagen tok eg banen med til byen og hadde ein veldig koseleg kveld med gode venner som tilfeldigvis var i byen i dag, Astrid og Lars, Torun og Torbjørn og Mildrid og Birger. Me hadde eit langt og innhaldsrikt måltid på ein Thai-restaurant der mellom anna fisken på biletet vart fortært. Maten likna i grunnen ikkje på noko eg har ete før, men smakte veldig godt.
Etterpå drakk me kaffi på litteraturhuset før folk skulle vidare med tog og banar, det vart ein kjempetriveleg kveld. Eg møtte Borghild på trappa på litteraturhuset og fekk ein god kveld.
Det som har skjedd på Bryne denne veka er forferdeleg trist. I løpet av helga håpar eg å få besøkt ei sterk og modig venninne som har gjennomgått ein stor operasjon nettopp. «Sorgen og gleden de vandrer til hope» står det i songen. La oss ta godt vare på kvarandre, alle saman. ❤️
Heidi

Etter vel overstått skulegudsteneste og skuledag kom eg meg vel på toget. Det å koma seg på toget med bagasjen var noko eg hadde sett fram til. I går kveld pakka og rydda eg til klokka halv to og for å koma i mål var eg tidleg oppe og tidleg på plass i kyrkja. Det føltest nesten som å få juleferie å vera så langt. Det har vore kjekt og spennande og nå er eg i mål.
Etter å ha drukke kaffi i restaurantvogna halvsov eg meg til Kristiansand og etterpå var eg vaken nok til lesing og strikking. Eg sat saman med ei som òg jobba som lærar. Me utveksla innformasjon om at dette hadde me begge sett fram til, å bare parkera i eit togsete etter ekstremt intenst veker. Ho var nok endå trøyttare enn meg, for ho sov nesten heile turen.
Litt over åtte var eg framme og vart henta av Eva Mari med regn og hålkeføre på Lysaker stasjon. Nå har me hatt ein roleg kveld med strikkepinnar og kaffi. Det blir herleg med ein morgon utan vekkjarklokke
Heidi
I dag får det bli mest bilete. Dei siste dagane har vore uvanleg fullstappa. Mellom ein veldig kreativ jobbdag med vakt i friminutta, førebuingar til skulegudsteneste og førebuing av opplegg til vikarene sidan eg skal avspasera måndagen, vart det jammen tid til eit lite og obligatorisk brannverkurs der me stod ute i vinden og slokte flytande brannar med ulike brannslokningsapparat.
Eg skunda meg heim for å bli klar for juleforening hos Gerd på Sola og rakk det akkurat. Me åt nydeleg rømmegraut med spekemat, fiken, rå løk og flatbrød.
Nå er det pakking til avreise Oslo rett frå jobb i morgon og så ein siste gjennomgang på om eg har kontroll på skulegudstenesten. Når eg kjem meg på toget klokka kvart over eitt i morgon skal eg pusta ut og finna kvilepulsen 🙂
Heidi
Det regnar gjennom taket på arbeidsromet endå det er ein etasje mellom arbeidsromet og utetaket. Eg må finna ut kor den plutselege drypinga kjem i frå og ser at det er ein dam på golvet. Nå har me sjekka og funne ut at det truleg kjem frå takvindauget. Me har funne tørre badehandkle og ei blå bøtte med klovnar på for å fanga opp regnet, men nå dryp det ikkje lenger. Syndeflodsregnet har teke ein pause.
Eg sat og skreiv og mista innlegget for eg måtte finna ut av drypinga. Kladden er ikkje blitt spart på. Teksten sluttar her. Kanskje me må kjøpa tetningslister i morgon. Det gjeld å ta ekstra lange dagar inn for landing før natta blir alt for kort.
Heidi

Bileta over kan vera eit greitt samandrag av kva ein lærar kan tenkjast å bruka dagen på sånn for eksempel måndag 9. desember… Arbeidsdagen var kreativ og intens. Først hadde eg ein klasse på decoupageverkstad med medbrakte tome syltetøyglas og serviettar. Så var det ein ny klasse som skulle laga seg julegenser av ein gammal medbrakt genser eller T-skjorte, og utradert julepynt frå heimen i tillegg til tilgang på det formingsavdelingen hadde å by på. Entusiasmen var stor. Synåler og limpistolar gjekk seg varme, og me hadde mest ikkje tid til å unna oss matpause.
Før siste time tok eg med meg dramagjengen ut i den iskalde og kraftige nordavinden for å få øvd ein times tid i kyrkja. Dei som ikkje ser at det er ein kamel på det nederste biletet til høgre må kikka etter ein ekstra gong.
Me var så heldige å få låna barnebarnet nokre timar i dag og. Entusiasmen og livsgleden var stor då ho oppdaga at mormor oppbevarte fem tuttar i ei blå dessertskål på kjøkkenbenken. Ho er stadig utsett for den irriterande situasjonen at vaksne insisterer på å passa på tuttane når ho ikkje brukar dei til å sova med. Med ein tutt i munnen og to i kvar hand var livet vennleg. Ho la dei ikkje frå seg før ho trong begge hendene og munnen til å spela piano og synga «Bjørnen sover» av full hals… Seinare vart det både peparkakebaking, fiskekakemiddag og Peppa Gris i armkroken til morfar. At tuttane sit litt lausare i besteforeldreheimen enn elles får me håpa alle kan leva greitt med ei lita stund til.
I morgon kveld skal eg lesa dikt og snakka litt på husflidlaget sin juleavslutning. Eg sette meg ned med dei fem siste diktsamlingane mine for å leita etter dikt der orda veva, strikka, brodera, teikna eller mala dukkar opp. Det vart faktisk ein heil del tekstar, spesielt viss eg utvider med litt baking. Eg veit at eg for lenge sidan skreiv to dikt som eg ikkje finn igjen fordi eg aldri har teke dei med i ei av bøkene. Det eine heiter «Kvinnene strikkar på toget» og var titteldiktet i ei diktsamling som nesten var klar til å gjest ut på eit forlag, men som dei i siste liten trekte seg på fordi forlaget hadde så anstrengt økonomi at dei ikkje tok sjansen på ei ekstra diktsamling. Ein eller annan plass må vel manuset liggja framleis, sjølv om det er meir enn 25 år sidan eg skreiv det. Det andre strikkediktet skal eg prøva å spontangjenskapa akkurat nå, for eg hugsar ikkje heilt korleis det var.
Ho har sett seg på den kalde trappa
og har ikkje tenkt å flytta seg.
Ho er i gang med å strikka seg eit liv
eit med vrangmaskar i lange omgangar
viss det er det som skal til.
Maskane ligg stramt på pinnane,
men driven av trass og skapartrong
kjem ho aldri til å gje tapt.
*
Sistnemnde tekst må nok rekkjast opp og strikkast eit par gonger til før han er klar for husflidlaget eller liknande forum, men kven veit kva det kan bli
fasong på til slutt…
Heidi











