28.mai 2019
I går då eksamen var over, var den første følelsen å vera heilt utmatta og samtidig framleis adrenalinhøg. Så begynte eg å tenkja på at eg sikkert hadde snakka for mykje i forhold til dei andre på gruppa. Eg er ikkje så flink til å vera taus og mystisk når eg er stressa, og når det gjekk 2-3 sekund etter eit spørsmål frå eksaminator utan at nokon andre svarte, så var eg redd at dei skulle tru me kunne svaret, og så svarte eg… Eg måtte senda dei andre ei beklaging i etterkant, men dei påstod at dei syntest me hadde klart oss bra i lag. Det er ekstra vanskeleg med non-verbal kommunikasjon når ein sit i kvar sin landsdel og kikker på livet frå ein liten firkant på skjermen. Då er det ikkje lett med verken kroppsspråk eller mimikk, og augekontakt er det plent umogleg å få til…
Eg sovna på sofaen og fekk kome meg der i frå og ut i seng, så var alt svart til vekkerklokka ringte, først då kjende eg at nå var eg ferdig med å studera, det var ein ganske nedstressande følelse. I dag har eg vore glad og takknemleg for å vera i mål.
På skulen har me leseveke. Me var i Sandtangen med dei tre eldste trinna. Dei gjekk rundt i ei sporløype i aldesblanda grupper og skulle gjennom å lesa instruksjonane på postane sjølv finna ut kva dei skulle gjera.
Aldersblanda uteskule er kjempefint. Spesielt når det ikkje regnar og nesten ikkje bles. (Alt som har med vind å gjera er relativt i vårt hjørne av verda…)
Elvira Huskestuen er alltid litt ekstra på banen når eg har hatt det veldig travelt.I dag skulle ho henta sykkelen som stod att på jobb fordi ho hadde vore på henting i barnehagen i staden for å sykla rett heim. Det viste seg at nøkkelen var gjengløymd heime, så det var bare å gå heim att utan sykkel. På veg heim var ho innom butikken og handla. Ho oppdaga først etter trehundre meter av heimvegen at veska låg att i butikken. Då var det bare å snu igjen… Heldigvis er det alltid snille menneske som tek vare på vesker, mobilar og lommebøker slik at dei kvar einaste gong, på ein eller annan måte, kjem seg trygt heim att.
I morgon skal eg til med eit spennande eksperiment. Eg skal lesa «Berre ein hund» av Per Sivle høgt for tre sjetteklassar. Etterpå skal dei få jobba med kreative oppgåver knytte til historien. «Berre ein hund» gjorde stort inntrykk på meg då eg var barn. Eg fekk boka «Sogur» anbefalt av far min. Før var det ein del forfattarar som barna i følgje læreplanen skulle bli kjende med, slik er det ikkje lenger, så mange av dei gamle gode perlene står i fare for å bli gløymde. Akkurat denne historien har eg lese i alle sjette- eller sjuande- klassane eg har hatt og det har alltid fungert før. Denne gongen skal eg starta med ein liten biletepresentasjon før me går laus på litteraturen. Må stoppa for i dag, for eg må lesa meg litt opp på Sivle sin originaltekst som eg har lasta ned frå nettet.
Heidi