Midtsommarkvinner
Dette er ein hyllest til dei lysaste nettene i året og til alle dei utruleg flotte damene eg kjenner. Den siste veka har vore full av treffpunkt og levande gode samtalar med kloke venninner. I sist veke hadde eg ein fin kveld med Astrid og Marit på Møllehagen. Me sykla dit i sommarregn og åt fiskesuppe og annan god mat medan me hadde tid til verkeleg å snakka saman for første gongen på lenge.
På fredag reiste eg til Sirdal i lag med Jane og Karin for å besøka Rita. Det er så fint å kjøra bil gjennom desse fantastiske junilandskapa. Når me reiser heim etter midnatt er det framleis ikkje mørkt ute, og når eg køyrer siste strekningen aleine og kjem heim klokka halv tre om natta er himmelen i ferd med å lysna til ny morgon. Det er fint å bruka ein lang kveld med venninner eg har kjend sidan i første klasse då me møtte opp til det store nye kapittelet i livet med kvite knestrømper og nye ranslar på ryggen med fine pennal og nye emaljerte matboksar.
På sundag var eg på damelunsj hos Astrid i sommarsol. Me sat rundt eit langbord med blomar og åt god mat medan me snakka og snakka og song litt innimellom.
I går var me i eit sommarhus nede i havgapet der Magni hadde plukka store bukettar med markblomar og serverte rømmegraut og spekemat etter vestlandsk jonsoktradisjon. Det var så fint å sitja og kikka ut på dei eigentleg ganske grå veret som på ein merkeleg måte gjorde grønfargane ekstra grøne og havet ekstra fullt av denne eigenarta roa som kjem til meg i takt med bølgjeslag. Det var så fint å sitja og snakka at me nesten gløymde at me måtte koma oss heim og i seng.
Kari Bremnes har skrive om «De halve setningers gudinner, som er venninner…» Kanskje det er det at me ikkje lenger har store flokkar med barn rundt oss som krev halve merksemda, for eg opplever at me meir og meir blir «heile setningars venninner», at det blir meir tid til refleksjon og ettertanke etterkvart som åra legg seg langs ryggrada og kring tankane.
Ein gong høyrde eg nokon uttala at det at kvinner visstnok er mindre utsette for einsemd og alvorlege depresjonar enn menn, skuldast syklubbane. Eg veit ikkje om det stemmer. Eg veit ikkje ein gong om det er sant at kvinner er mindre einsame enn menn, men konklusjonen om syklubbar og psykisk helse har eg tru på.
Og skuleåret tikkar mot sin ende med alt som høyrer desse vekene av året til. Det er tradisjonelle ryddeprosessar, denne eigenarta rytmen som er veldig travel og veldig tilbakelent på same tida. I denne veka har me hatt den tradisjonelle fotballkampen mellom lærarar og sjuande klasse, tradisjonen tru med småsur vind og regn i lufta. I går fekk eg for første gong lov til å vera med i dommarpanelet i finalen på «Brynetalenter», den årlege litt uhøgtidelege talentkonkurransen som elevane våre kan melda seg på.
I morgon skal me sykla heilt til sjøen, og vermeldinga er så pass vennlegsinna at det ikkje skal begynna å regna for fullt før me er omtrent heime. Me får kryssa fingrane for det. Me lærarar er sånn ca like trøytte som me alltid er den siste veka, og elevane er om lag like klare for ferie som dei på si side pleier å vera. Måtte dei siste dagane me har i lag bli gode og fine.
Heidi