Gå til innhald

Homlom

IMG_20190629_125829_085

Eg trur bestemt at det er det det heiter her. Koseleg namn for øvrig… Me trudde me hadde leigd eit hus i Struer, men det viste seg å liggja i ein bitteliten by, ca seks kilometer frå den vesle byen Struer om eg har forstått dette rett, det finn eg ut. Huset er stort med fem soverom og stor hage med stor terrasse. Der veks dei fine stokkrosene på biletet, dersom det er stokkroser då. Det må eg og finna ut.

Familien som eig huset leiger det ut mens dei er på ferie sjølv, så det ligg i ei vanleg gate i det som verkar som eit roleg nabolag. Eg set ingen frå her eg sit, men eg høyrer ivrige mannsstemmar som diskuterer eit eller anna, og kjenner lukta av grill og pølser frå ein av dei andre hagane.

Dei andre har lagt seg til å sova litt sidan det ikkje vart så mykje svevn på overfarten. Havet var slett som eit stovegolv, så det stod ikke på det, men me hadde bestemt oss for å klara oss utan lugar. Derimot har me fått kvart vårt «flysete» i eit rom der me kunne gå inn via kodestreker på billetten og folk sat verkeleg i ein flykabinliknande formasjon i med liggjesete på rekkje og rad. Der inne skulle det i teorien vera stille og mørkt, men folk måtte lysa seg fram med mobilane for å finna rett setenummar. Etterkvart snorka det friskt frå alle kantar, eit barn sutta med jamne mellomrom, og to på rada bak meg hadde kontinuerlege fniseanfall og nokre kviskra seg halvhøgt gjennom natta.

Slike sette blir ofte feil for meg fordi dei er konstruerte for litt meir høgreiste personar som har nakken sin omtrent der nakkeputa er plassert og svaien i ryggen sånn omtrent kombatibelt med setet sin fasong.

Eg har trudd at grunnen til at eg aldri sjølv eit sekund på fly er at eg ikkje klarer la vera å betvila at dei i cockpiten klarer å halda flyet oppe utan mi vakne merksemd, men nå innser eg at det kan ha med andre ting å gjera og. Sidan det var ganske god plass på vår rad valde eg til slutt den kreative og moglegens nesten ungdomelege versjonen å leggja meg flatt på magen på golvet framfor seterada med ytterjakken til hodepute og strikkejakken til dyne. Slik vart det eit par timars svevn. Reisefylgjet mitt har altså lagt seg for å få sove bittelitt før me oppdagar Homlom og Struer. Eg valde sola, for den skal viss ikkje vera her så mykje den komande veka.

Nå må eg kanskje snart vekkja dei for oppdagartrongen er sterk og sidan det er laurdag kan det tenkjast at sentrum tek tidleg helg.

Heidi

På plass på danskebåten

rrem

rrem

Nå er me på plass på danskebåten. Det er alltid godt å lukka døra bak seg heime og tenkja at nå har ferien begynt. Det eg har hugsa har eg hugsa, og det eg har gløymt har eg gløymt. Eg fann ut eg måtte skunda meg å leggja ut litt på bloggen før eg er utan dekning.

Dagen før dei lang reise er ein sjanger for seg sjølv. Kva kjem me til å trenga, kva skal me prioritera å ha med oss? Denne gongen skal me bare vera vekke i tolv dagar og har med bil, så det er for så vidt heilt annleis enn å pakka sekken for tre veker på toget. Ikkje sei det høgt til han eg deler hus med, men det er noko befriande i å forhalda seg til ein nokså begrensa mengde klede og eignedelar i eit begrensa tidsrom…

Nå er me på sommarferie. Eg kjem tilbake etterkvart.

Heidi

Lyset på seine junikveldar og familien på plass rundt bordet

rrem

rrem

Me er så heldige å ha yngstesonen heime på besøk. Eg liker godt å ha mine rundt meg, eg liker og at han spelar så mykje på pianoet når han er heime. Då han nemnde at det kunne vera koseleg med ein familiemiddag eller to, var eg ikkje vanskeleg å overtyda. Dagen begynte med at eg sykla til butikken for å kjøpa selleri, grøne eple, raud og gul og kvit lauk, chili, kyllingfiletar, creme fraiche og det andre som trengst for å laga den gode indiske kyllingsuppa som blir best viss ho får koka i timesvis. Leif bakte grovt grytebrød til suppa og tre korger norske jordbær vart reinska og gjort klar i den store blå skåla til desserten saman med ei glasmugge full av fløyte og ein boks vaniljeis.

Det smakte godt, og me var mange rundt bordet sjølv om yngstejenta mangla. Ho treffer eg i Danmark om ikkje så mange dagane. Me har leigd eit hus i Struer ved Limfjorden og første del av delegasjonen reiser ned i morgon. Dei andre dukkar opp sånn etterkvart.

IMG_20190627_231153_449

Eg var litt i tvil om me trengte hagestove ute på terrassen eller om det var ein merkeleg trend det var lett å kasta seg på, og så vart ho ståande ubrukt. Me har stort hus, men veldig liten hage, og det å ha ei glas-stove der ute med masse blomar rundt og plass til å sitja eller sola seg utanfor i tilfelle det skulle koma ein smellvarm dag, er faktisk veldig fint. I dag gjekk eg ut dit etter at gjestene hadde gått, sola varma utruleg godt der inne, sjølv tidleg på kvelden og det gav ei sterk oppleving av sommar og sol å leggja seg ned på sofaen med godt lesestoff. Her og nå vil eg reklamera litt for magasinet Strek som er eit kyrkjeleg magasin med mat for sjel og tanke. Dei tek opp mange interessante tema, og i motsetnad til mykje overflatisk lesestoff, så tek dei sjansen på å våga seg ned i djupet slik at ettertanken får plass. Mot normalt har eg fleire eksemplar som har ligge uopna gjennom vinteren og våren, og nå var det heilt nydeleg å få tid til å lesa litt.

Plutseleg fekk eg uventa og koseleg besøk av ei venninne og barnebarnet hennar, og så vart det kaffi, strikking og fargelegging ute i hagestova. Ein kveldstur med innebygd kamera måtte det bli tid til i dag og. Det innebygde kameraet er bokstaveleg skrive, eg er veldig nøgd med kameraet på mobilen min, det tek veldig fine bilete, synest eg sjølv i alle fall. Ulempa er at det ikkje er lett å zooma seg inn på ein måke øvst i ei lysmast eller på fjerne detaljar i eit landskap. Ein må bokstaveleg talt tett på for å fanga motiva. Alternativet, å dra på ei tung telelinse, har så langt ikkje vore noko for meg. Eg er glad i å fotografera og ser motiv over alt, men dersom det blir for mykje teknikk ein skal beherska og mykje utstyr å bera med seg, så er eg ikkje heilt på høgde lenger. Eg har stor glede av å studera dei fine bileta mine mest fotokyndige venner har, og kan tenkja at det ser kjekt ut å verkeleg få utvikla fotointeressa, men det så langt klarer eg meg best når verda krever alt for mykje «Fingerspitzgefühl» eller teknologisk innsikt. Men lyset på seine junikveldar, folkens… Lyset på seine junikveldar.

nor

nor

IMG_20190627_231236_384

IMG_20190627_231630_380

Heidi

Samla saman bokstavane frå vinteren som var

IMG_20190626_221759_870

Som eg skreiv i går, så har eg hatt lite oversikt over skribleria mine det siste året. Eg går alltid rundt med penn og notisbok i veska, og når tida opnar seg for det, eller når tankane har spunne seg til noko, kanskje bare ein setning eller to, tek eg notisboka opp og skriv. Det eg ikkje skriv ned er det lett å gløyma. Sidan dagane i vinter var fullmøblerte, har eg ikkje brukt tid i det heile tatt på å sjå kva eg har i desse bøkene. Nå i ettermiddag begynte eg å leika dikt- detektiv. Er det noko her som kan brukast, mon tru?

Eg må så langt innrømma at eg ikkje har funne så mykje av det slaget som ikkje eg eller andre har sagt høgt eller skrive før. Det spørst nok om eg finn nok som kan brukast til at det blir ei diktsamling i haust, men framleis har eg mykje å leita gjennom.

Kanskje eg kan bryta sommaridyllen med eit dikt eg skreiv ein kald dag i januar?
Rimeleg malplassert med andre ord, men det er delvis slik eg jobbar. Dei første julesalmene mine skreiv eg til Bjarte Lending midt på sommaren. Me gjorde eit tidleg bytearbeid. Han hadde hjelpt meg med nokre melodiar eg hadde desperat bruk for, og til gjengjeld skulle han få julesalmer. Det gjenstår å seia at dei finaste julesongane eg har skrive har eg skrive i adventtida, og dei finaste sommardikta er utan tvil skrivne om sommaren. Sånn sett er ein sesongarbeidar som skribent. Ein må gripa det romet i livet ein til ei kvar tid er inne i.

Men altså, eit januardikt på bloggen i juni, kor sært er ikkje det? Kjenner nokon vintermorgonstemninga att, mon tru:

Fullmånen dansar slørdansen sin i morgongryet
kledd i mystisk gjennomsiktige skyer
ertelystent bølgjande over nase og munn,
og med oransjerosa corona kring den blanke skallen.
Snart skal han dra det mørke sceneteppet til sides.
Skal avsløra glaserte svarte vegar
der morgonmenneske sklir hjelpelaust fram
på syklar eller glatte sko
over dekket av underkjølt regn.
Snart skal han sleppa ut dei tusen svarte kråkene.
La dei fly
frå mørke sterke tre med djupe røter
med nakne armar strekte ut mot himmelen
som til tidleg morgonbøn.
Heva over alt jordisk
skal kråkene segla
segla som bokstavane i eit dikt
med mørke lukka nebb
i flokkar mot det store havet.

IMG_20190625_232508_766

Heidi

Første heimedagen i sommarferien

IMG_20190625_150209_444

Her er nok å henga fingrane i, så det gjeld å utporsjonera oppgåvene slik at det blir litt ro og fred og. Eg fann fram sommarkleda som har ligge i kjellaren i vinter, så får eg pakka vekk vinterklede i morgon. Det er fint å kunna gå rett ut av verandadøra og plukka blomar. Leif sådde blanda blomsterfrø tidleg i vår, eg trur det må vera dei som gjer nokre av pottene på verandaen til noko som ser ut som små porsjonar av ei blomstereng.

IMG_20190625_143848_344

Eg tok meg tid til å setja meg litt i hagestova for å gjera ferdig barnegensren eg har strikka på dei siste vekene. Med kaffi og «Sommar i P2» blir det skikkeleg sommar der ute. Genseren er stort sett komponert etter fri fantasi, så det er alltid spennande å sjå sluttresultatet. Ofte tenkjer eg at det hadde kanskje blitt finare med ei oppskrift slik at eg visste koss det kom til å enda med å sjå ut til slutt, men på nokre felt i livet er eg spenningssøkjande. Halve spenninga går jo ut på å finna ut om design- ideane mine fungerer. Eg må vel vera ærleg nok til å innrømma at det varierer litt på det feltet…

Eg har skrive ein del i vinter som eg alltid gjer, men eg har mindre enn nokon gong før oversikt over kva eg eigentleg har av diktmateriale. Ein av tinga eg må finna ut av i sommar er om eg har nok stoff til å kunna gi ut ei diktsamling i haust. Eg bør bruka litt tid på å rota i tekstar og formuleringar desse dagane før me skal ut og reisa att.

Det vart nokre ettermiddagstimar med barnebarnet. Etter at ho har budd i lag med oss i meir enn fem månadar, så lengtar me litt etter henne heile tida. Eg syntest ho var blitt flinkare til å snakka bare på dei 5-6 dagane som har gått sidan sist eg såg henne. Tenk om me hadde fortsatt med den same læringskurven resten av livet… Då hadde kanskje verda sett annleis ut.

IMG_20190625_232508_766

Det regna litt då eg gjekk kveldsturen min. Ikkje så mykje, men dei dropane som fall var store og tunge. Eg gjekk rundt Tjødnå og kunne konstatera at dei tre svaneungane framleis er i live og at dei ser ut til å veksa og trivast. Kveldslyset og regnet gjorde at det var eit fantastisk fotolys ute.

IMG_20190625_232404_910

Det er fint å gå ute om kveldane i slikt lys og la tankane få lov til å ta plass.

Heidi

Alle historiene våre

IMG_20190624_220142_969

I dag har me brukt dagen på å køyra frå Bærum til Bryne via sørlandet. Me starta ein fin sommarmorgon i Bærum og kom heim til regn og ein nokså grå sommarkveld på Jæren. Alt har sin sjarm, og begge deler er sommar. Etter eit nokså travelt liv ein lang periode er det avslappande og herleg å bli frakta over lange avstandar gjennom eit norsk junilandskap med strikketøy og lydbok.

Boka «Mors og fars historie» gjorde sterkt inntrykk på meg då eg las boka for lenge sidan då ho nyleg var utgjeven. På den tida høyrde eg og Edvard Hoem halda foredrag om boka han hadde skrive. I dag høyrde me på lydbokvarianten, og sjølv om eg kjende historia så gjorde ho sterkt inntrykk på meg i dag og. Det er ei bok om forhalda seg til livet med dei begrensningane og moglegheitane det måtte by på, og det er ei ærleg historie om livet til dei to menneska som er forfattaren sine foreldre med alt det inneber av lojalitet, nærleik og avstand. Det var ikkje ei opplagd sak at odelsguten frå Hoem som meinte å ha eit kall til å reisa rundt å forkynna og som forlova seg med ei odelsjente han ikkje kunne få skulle enda opp med å gifta seg med ei sterk og stolt jente frå Gudbrandsdalen som vart aleinemor etter å ha fått barn med ein tysk soldat.

Boka handlar og om truskap, om vanskelege samliv, om sjukdom og fattigdom og om dei utfordringane som har vore knytta til det med odelsrett og plikt, og om å leva saman fleire generasjonar på ein tungdriven gard der odelsguten store delar av året sykla land og strand rundt for å halda møter i regi av indremisjonen. Boka handlar og om det observante barnet Edvard som med vidopne sansar og sterk observasjonsevne prøver å finna ut korleis livet eigentleg fungerer. Det siste kjenner eg meg att i. Eg har sterke minne om korleis eg smuglytta til alle vaksne og prøvde å få puslespelbitane til å henga saman til noko eg ikkje heilt fatta kva var, og ikkje alltid kunne spørja om. Dersom nokon manglar sommarlektyre og ikkje for lengst har lese denne boka, så anbefaler eg ho på det varmaste.

Me høyrde og ferdig boka me starta på på turen bort, «Ulovleg norsk» av Maria Amelie. Eg har nok ein eller annan gong bladd i denne boka, eventuelt skumlese ho i ein bokhandel, men det å høyra ho på lydbok gjorde veldig sterkt inntrykk. Maria Amelie, som eigentleg heiter noko anna fortel om det å koma som asylsøkjer til Norge som tolvåring, det å bu på asylmottak og å vera heilt ny i landet vårt. Ho handlar om å få avslag på å få lov til å bu i Norge og om å leva illegalt her utan pass, personnummer, bankkort, fastlege og mykje anna som er sjølvsagt for dei fleste av oss. Ho skreiv boka som 23- åring, og eg er veldig imponert over refleksjonane hennar og evna til å setja ord på det å vera barn og tenåring i ein veldig komplisert situasjon. Eg hugsar at i den første klassen eg hadde var barna djupt sjokkerte då ein familie som budde på Bryne vart sende ut av landet. «Men kan ikkje alle som vil bu i Norge bu i Norge?», spurde dei med vantru i stemmen. Eg er tilbøyeleg til å identifisera meg med vantrua deira sjølv om eg som vaksen forstår at dette er vanskelege greier.

På veg heim var me så heldige å få nokre timar i lag med Jan og Hilde i Søgne. Dei er gode venner som me gjerne skulle ha sett mykje meir til, så me set alltid pris på å få til å møtast. På same måten som me les, og i vårt tilfelle høyrer på lydbok, historiene om andre sine liv, så legg me kvar dag setningar til våre eigne historier. Mykje rår me med, og mykje må me godta som det er. Historiene om foreldra til Edvard Hoem og om Maria Amelie seier noko om å ta det me har fått tildelt og etter beste evne skapa noko fint ut av det. Det får bli ståande som dagens lekse i å leva livet.

Heidi

Jonsok – tredje feriedagen

IMG_20190623_195428_147

I dag har me feira Joffe, broren til Leif nesten heile dagen. Han hadde leigd eit klubbhus like ved Bogstadvannet, og inviterte familie og venner til stor feiring klokka eitt med nydeleg grillmat, gode salatar og kaffi og kaker. Alle mann var i sving i beste dugnadsånd, det vart haldne fine talar og det vart b ledd mykje. Ekstra bonus for oss var at Sunniva og var med på festen, så me fekk ein ekstra sommardag i lag med henne. Eg og Eva Mari brukte føremiddagen til å laga salatar og fin pappkrone til Joffe, samt å dekorera dei nyinnkjøpte sommarhattane våre med sjasmin og farga band.

Det var heilt nydeleg sommarvêr i dag og, og utanfor lokalet var det masse markblomar og ein stor gull rapsåker.

IMG_20190623_203303_977

Me kom heim att i halv åtte-tida og brukte sjølve jonsok-kvelden på roleg uteliv på verandaen med strikketøy og eting av restar. Det er snart midnatt, men lyst og fint. I morgon ruller bilen heimover igjen.

rrem

Heidi

Laurdag i Bærum – andre feriedagen

I går kveld oppdaga eg til mi forferding at det var slutt på det kvite garnet til botnfargen i barnegenseren eg komponerer. Eg var sikker på at eg hadde eit nøste til, men eg må ha gløymt det heime. Heldigvis visste Eva Mari om ein garnbutikk i Sandvika det ho meinte dei hadde slikt garn, så problemet let seg løysa. Ein liten nyanseforskjell i fargen er ikkje meir enn ei passeleg lita kreativ utfordring…

rrem

I Sandvika var det full sommar, deilig og varmt. Ein jærbu som har levd livet med strikkejakke under vindjakken hadde ikkje heilt klart å knekka kleskoden for ein junitur til austlandet, men slikt er luksusproblem. Ein tur til Asker vart det og, for Eva Mari ville visa meg ein butikk der dei selde kjolar og jakkar som var redesign av brukte indiske sariar. Dei var veldig fine og fargerike, og to av jakkane ville eg gjerne hatt, men dei var såpass dyre at eg bestemde meg for å stå over i denne omgangen. I staden handla me med oss vårrullar og innebakte scampi frå ein take away. Så handla me salmalaks og salat og rigga oss til med strikkelunsj i verandasola.

IMG_20190622_151417

Etterkvart kom Leif med nydelege moreller som me åt frå ei stor blå glasskål.

IMG_20190622_161047_093

Eg og Eva Mari hadde teaterbillettar i byen, så me måtte lausriva oss frå det behagelege verandalivet og koma oss på banen.

Me såg Book of Mormon på Det Norske Teateret. Det var ei forestilling som vekte mange tankar i meg som eg ikkje skal gå nærare inn på her og nå. Alt i alt var eg imponert. Det var masse ironi og satire over både det eine og det andre, men eg opplevde at det var gjort med varme.

I byen var det ein lys og varm og vakker midtsommarkveld. Etter Prideparaden i dag kokte det framleis av menneske med og utan regnbogeflagg, fjørboaar og blomsterkransar i håret eller rundt halsen. Det var verkeleg eit mangfold av menneske på mange måtar.

Me tenkte at det kanskje var vanskeleg å finna bord nokon plass med så mykje folk ute på byen, men me fann plass på ein av yndlingsplassane våre, ein indisk restaurant med utsikt ut over sentrum. Me åt nydeleg indisk mat. Dette er prikken over i-en, indisk is med smak av pistasj og sjasmin.

IMG_20190623_002539_828

Då me kom heim att nærma det seg midnattstimen, men det var lyst og varmt nok til å sitja ute på verandaen med strikketøy, kaffi, jordbær og lys i ei grøn glaslykt midt på bordet. Det luktar intenst sommar og sjasmin frå ein busk like ved, og langsomt går det opp for meg at det er nå det er sommar. Det er den første kvelden i år eg har site ute til over midnatt. Eg sit her endå mens dei andre la seg for ein time sidan. Det er vel kanskje på tide å ta kvelden. Eg deler husvære med morgonfuglar, så nå får eg rett og slett prøva å tilpassa meg litt…

Heidi

Første feriedagen

Første feriedagen vart ein tjuvstart. Sidan eg jobbar heime på fredag og Leif og kunne ordna seg fri, sette me oss i bilen med kurs for gebursdagsfeiring i Bærum.

Det er så fint over fjellet nå, men i går var det iskaldt, seks grader og regn på det kaldaste, så første utestopp vart Dalen i Telemark med varm lunsj på ein bryggje restaurant. Me sat under regnmarkisa og åt i regn.
IMG_20190621_134255_180

Det var ein god dag til å sitja i bilen og strikka. I Bærum var det sol då me kom fram, men regnet nådde oss det og. Me fekk verdens varmaste velkomst med nyplukka markblomar, reker og norske jordbær.

Det venta til og med ein nysydd kjole til mormor og to til veslegull. Hotell i særklasse.

IMG_20190622_084303_598

Og så vart det årets lysaste natt. Synd at me må sova…

Heidi

Stuntpoet på sykkel

IMG_20190619_195354_829

Etter ein lang ettermiddag der eg til slutt kom i alle fall nesten i mål med noko eg ikkje er så veldig flink til, nemleg å rydda meg ut av eit skuleår, få levert timelister og laga fakturaar og reiserekningar, så var det deilig å bruka kvelden på noko heilt anna.

For ganske lenge sidan vart eg spurt om eg kunne tenkja meg å dukka opp på ei personalavslutning ute i ein hage for å lesa dikt for to flotte kolleger som skulle gå av med pensjon og i tillegg lesa nokre sommardikt for heile forsamlinga. Slike utfordringar fell eg ofte for fristelsen til å svara ja til, og det var veldig triveleg å gå inn i rollen som bekymringslaus stuntpoet etter å ha jobba meg stuptrøytt og klar for ferie. Sidan det eine temaet var overgangen til noko heilt nytt, måtte eg setja meg ned og skriva litt om tersklar og dører.

Tersklane i livet
kjem ofte før du anar det,
Du har hatt det så travelt
med vegen,
med alt du skal bera med deg,
og alle du skal ta vare på
så du har mest ikkje rukke
å oppdaga kva som skjer
før du står der og skal opna
døra til alt det nye
løfta ein fot om gongen
og trø over terskelen.

Du veit det vil visa seg
sånn etter kvart
kor livet og tida
skal ta deg hen.
Det skal bli bruk for
den du er
når minutta og timane
kjem for å omfamna deg,
for å ta i mot deg,
for å bruka deg,
for å bera deg vidare.

Men først er det tida
for å snu seg litt
smila til alt som har vore,
trekkja pusten djupt,
og kjenna til di glede
kor mykje du har å ta med deg
før du langsomt opnar døra
inn til neste kapittel,
før du som i undring løfter føtene
og rett og slett bare trør over terskelen
og blir klar for nye rom
og nye vegar.

*
Ei handfull sommardikt som eg har skrive for lenge sidan måtte eg og ha med,
eg trur jammen eg byr på eit par sommardikt her og sidan eg er så godt i gang.

Sommarvelsigning

Måtte du få møta deg sjølv att
med sol på ryggen
og sand under føtene.
Måtte rabarbraen knasa
surt mellom tennene dine,
måtte hendene dine bli fylde
av svarte solbær
og luktene frå eit nesten nedbrend bål.
Måtte auga dine
bli fulle av sommarvarme
slik at du vågar å sjå.
(Frå «Eg høyrer heime i livet», 2017)

Særleg i valmuevekene

Særleg i valmuevekene,
dei sanseleg raudoransje
med svarte munnar
skal me finna einannan att.

Vest for engene,
like ved fjøresteinane,
kviskrar bølgjene,

om det hemmelege
til strandnellikane
som engsteleg klamrar seg fast
i trulaust drivande sand.

Særleg då skal eg hugsa
at det er deg
eg skal dela jordbæra mine med.

Me skal fylla sansane
med mogen sommar
og eta.
(Frå «Fotnoter i sanden», 2012)

Heidi