31. mai 2019
Det er alt siste dagen i mai. Nå går året for min del inn i ei ny og rolegare fase. Livet har vore utruleg hektisk den siste månaden. Eg konstaterer med ei viss lette at alt har gått bra, eg har klart å ta ned dei ballane eg hadde kasta opp og hadde intensjonar om å få trygt ned att, og alt har gått bra.
Dei tre yngste som har budd her sidan jul er på flyttefot, det er rart og litt vemodig. Samtidig så er eg glad og takknemleg for at «bukollektivet» har fungert over all forventning, og at me har fått oss fem månadar som «med-foreldre» med dagleg tett kontakt med eit lite menneske som er i ein fase i livet der ein utviklar seg i eit tempo ein nok aldri kjem i nærleiken av seinare.
Som den språknerden eg er, må eg stolt fortelja at i går då me var ute og gjekk tur kom ho med sin første fullstendige heilsetning… Me gjekk forbi bekken som renn langs mølla og ho sa «bada?». Eg trudde ho refererte til endene som me ofte har snakka om i det området, «Gakk bada!» og forklarte at i dag var det ingen «gakkar» som bada akkurat der, og at dei nok var lenger oppe i dammen. Då såg ho nesten litt irritert på meg og presiserte med trykk på det første ordet: «Iben vil bada!» Sidan det ikkje var ein veldig god idé at ho skulle få lov til det der og då, vart ho ikkje belønna med handling. I staden tenkte eg at det måtte eg skriva ned slik at eg kunne bruka det i ein konfirmasjonstale, så nå har eg gjort akkurat det i denne teksten her…
I dag har eg så smått begynt på prosessen «Å ta igjen det forsømte», noko av det som alltid fylgjer etter ekstra travle periodar. Me får ta det roleg litt etter litt. For første gongen på det eg kan hugsa unna eg meg å lesa aviser mens eg drakk morgonkaffien. Så kokte eg rabarbragraut av resterande rabarbra etter paien i går. Eg fekk eit halvhusmoderleg innfall om at det var for gale å kasta dei seks skrukkete nektarinene på benken som nokså sannsynleg ingen kom til å eta, og eg skar dei i bitar for å laga ein slags nektarinmarmelade. Så langt er innfallet nesten imponerande, men fordi eg hadde noko anna eg ville gjera mens syltetøyet kokte, så ende det med at det svidde seg. Prosjektet bar altså ikkje med seg noko meir enn at eg fekk ei gryte eg skal få anstrenga meg for å få rein, men eg prøvde i alle fall…
Nå har eg kikka på sundagsskuleteksten eg har ansvaret for på sundag og har gjort eit par andre småting eg hadde lova å få gjort i dag. Nå skal eg få unna litt klesvask før det blir nokre timar med barnebarnet før me skal ut på besøk i kveld.
Og med dette har eg teke ned denne ballen og… Maibloggen for 2019 kom eg i mål med akkurat som eg hadde håpa.
Heidi
.