Gå til innhald

Skrivetur til Stavanger

juni 16, 2019

IMG_20190615_142353

Stikk mot det som var blitt lova av vêr tidleg i veka, så fekk eg ein fantastisk varm og fin sommerdag i Stavanger i lag med skrive-elevane mine i går. Sidan me skreiv alle saman, så kan eg jo bruka tekstane eg skreiv som blogginnlegg. Det er kjekt med alt som kan brukast, så her kjem ein bukett med små Stavanger-observasjonar frå i går:

Tangotonane dansar over Breiavatnet som er fullt av svaner.
To menn, ein fiolin, ein gitar og ein CD-spelar underheld forbipasserande, og oss som har funne oss ein benk. Måkane skrik glupske skrik og domkyrkja står der, bada i velsigningar frå sommersola som kjærteiknar fiolinar, hender, ansikt og sjeler.

*

Spødekånene er ikkje på torget lenger.
I staden kan du kjøpa deg chutney, relish,
pickles eller jordbær-eddik
frå dragetoppen.no
med fri frakt på kjøp over hundre kroner,
eller du kan ta med deg smagrønt eller microgreens
frå Litlestøl, det lille ville,
eller kanskje krotekake og smurde lefser frå Ryfylke?
Eller kva med Madam Köhlers rabarbrasaft?

Alexander Kielland, framleis tilknappa
i den lange varme frakken sin,
stirrar stoisk ned på
seilskuter, Home of the whoppers,
Fish and cow og Illums bolighus.
Han står der urørleg med måkeskit på flosshatten
og eit tålmodig skråblikk over torget
der tatoverte damer med singlet og latextights
nyt sola i lag med oldemødrer
med kvite handvesker og irrgrøne sommarhattar
og småjenter med papirkroner frå hamburger-restauranten
kjekt kneisende over stripete sommarkjoler.

Luktene av søndagsmiddag frå barndomen,
steikt kjøt og brun saus,
blandar seg med salte eimar frå havet
medan ein måke med nebbet fullt av pommes frites
flyg lågt forbi ein farfar
med vinterkvite legger mellom sandalene og khakishortsen.

Er det sommar i dag?
spør eit barn som går forbi.
Ja, i dag er det sommar,
svarer mormora og klemmer kjærleg rundt barnehanda.

*

Korpsfest utanfor kulturhuset.
Ein tiggar i lange skjørt ristar pappkruset sitt.
Sola glitrer i kornettar og tromboner.
Ein mann med dette stavangerske tonefallet
som kunne mistolkast som litt sutrete
møter ein venn utanfor Mc Donalds.
Nå har eg vore og kjøpt meg do-nøtter
seier han og viser fram posen.

*

Plakatar i hamna om reker og nykokt krabbe.
Seglbåtar og veteranbåtar.

Eit mannskor høgt oppe på dekket
syng til kompet frå ein høgtdunkande båtmotor:
Whisky here
and whisky there,
I drink whisky everywhere,
whisky for my red red nose,
and whisky for my journey.

What shall we do with the drunken sailor
earlay in the morning?

Så må me ha det litt løye og,
seier dirigenten før koret blir slått inn igjen:

I kissed her on her west side,
syng solisten
Å ho-ho-ho-ho-ho
svarar koret.

Den norske sjømann er
et gjennombarket folkeferd…

Kva er det med meg
og aldrande songarar med kvite korluer?

Skal me gå vidare
og finna ein ny plass å skriva,
spør jentene,
det skal me;
svarer eg
og slit meg laus.

rrem

rrem

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: