Advent:
Nå er eg vel i mål med tre teaterprosjekt. Alt gjekk bra, og eg har vore glad. Og så har eg vore trøytt. Sliten og glad har eg vore. Nå er jula det største prosjektet mitt, men eg skal ta det heile med ro. I dag og fredag har eg avspasert timar eg hadde jobba for mykje. Eg har planar om å vaska huset, men får ta det som det kjem. Nå er det i alle fall reint og ryddig nok til at eg går ut frå at helserådet ikkje ville ha stengd kjøkkenet mitt på timen. – Ja, ja, kven veit…
Eg har vaska opp og begynt å laga julegåver. Har lese høgt for ungane i “Julemysteriet” av Jostein Gaarder, tend to lilla adventlys, og vore til foreldresamtale med læraren til Halvard. Nå vil eg koka meg ein kopp sterk julekaffi frå ein pakke som eg fekk i presang av Torun då ho var her på lørdag.
Det gjer godt å kunna samla dagane sine roleg rundt seg att. Gjort er gjort og spist er spist, og nå går livet vidare.
Kongen er kreftoperert, og alt står bra til seier dei som har greie på det. I går samla me 14 menneske til adventkaffi i stova vår med mandariner, bollar, frukt og kjøpte peparkaker. Eg har teke mange telefonar, og skrive mange mailar som eg ikkje hadde tid til å ta unna i vekene som gjekk. Nå har eg tid att til å gå lange turar.
Og snart er det jul.
Heidi
Godt Nytt År Heidi!