Gå til innhald

Godt nytt år.

januar 4, 2004

Eg sit her og frys pakka inne i eit stort grønt pledd frå Ikea. Nasetippen er iskald og fingrane stive. Skriveromet mitt er aldeles for kaldt vintertid. Ute silar regnet ned som frå ein stor dusj der oppe i himmelen. Eg har hatt ei god jul, og nå tikkar klokka raskt mot kvardag att. Nede i stova står juletreet, framleis pynta. Eit lite og vakkert tre. Det er pynta av Ingrid denne gongen, ho har gjort det relativt minimalistisk med stjernelys, blå kuler og kvite englar. Det er vakkert mot alt det gule og blå og oransje som er der frå før. På sjenken etter bestemor står alle englane og julekrubba med tende lys.

Eg har vore sosial som bare det, og vore i lag med familie og gode vener kvar einaste dag. Eg har møtt dei eg sjeldan møter, og kjend at det var godt. Det har vore daglege juleselskap sånn rundt rekna, og mykje mat. Nå blir det eit skikkeleg mageplask, eller kven veit, kanskje eit svalestup inn i kvardagen.

Dei siste dagane har eg site i timevis framfor peisen og brodert. Broderier er vanlegvis ikkje det eg vier tida mi til, men Ingrid skal få bunad til konfirmasjonen i mai slik skikken er her. Eg broderer på flaskegrønt stoff: jonsokblomar, bølgjer, perler i kvite skjell, måkar, røsslyng vind og raunbær. Det er vakkert. Tida er i ferd med å renna ut for eg skal levera drakta til montering i januar. Etterpå må eg brodera kvite stjerner på bleikgul silke til skjorta som høyrer til.

Og alle gode ting ynskjer eg dei som les dette for året som skal koma: Jonsokblomar, røsslyng, perler, vind, bølgjer og raude runde raunbær.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Nu får du allt översätta: rösslyng,vad är det? En blomma? Bunad, är det vad vi kallar bygdedräkt? Och hur ser jonsokblomar ut?
    Gott nytt år till dig också!

  2. Heidi permalink

    Ja, kanskje bunad er det same som bygdedrakt. Folkedrakt kan ein og kalla det. Svært mange kvinner i Norge har ei sik drakt. Dei blir brukt 17.mai, til bryllup, til konfirmasjon og barnedåp osv. Draktene er ulike etter kor i landet ein kjem i frå. Skikken er ofte at jentene får slike drakter til konfirmasjonen. Dei er relativt dyre med mykje sølv til, og ofte mange broderier, men så har ein i teorien ei festdrakt resten av livet. Røsslyng er lyng med bittesmå rosa blomar. Dei veks på fjellheier og der det er tørt. Det er masse av han i Skottland, men og i det området av landet der eg bur. Heng du med? Jonsokkblomar er ganske store gule blomar dei liknar på engsoleie, men er større og veks der det er fuktig. Dei blømer til St.Hans/Jonsok dvs 24 juni.
    Kva heiter røsslyng på svensk?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: