Gå til innhald

Skjærtorsdag.

april 8, 2004

Skjærtorsdag med denne vakre blå vårhimmelen. Det er vår, og det er påske. Eg vil skriva påskedikt og møysommeleg samlar eg tankane mine. Eg har starta dagen med å lesa bok på senga: “Ut og stjæle hester.” Boka har fått fleire priser her i landet og kan anbefalast.

Me fekk besøk av mor og far sånn i full fart. Dei gav Indrid bunadsølvet ho skal få i konfirmasjonspresang, slik at sølvhektene kan syst på den grøne jakken.

Svart kaffi akkurat passe beisk, og frokost med Ingrid. Me åt svart speltbrød med gul ost og to store appelsin. Det er jo ferie… Og appelsin har så fin farge både på skalet og inni. Då eg var på forteljarseminar på Lysebu skulle me fortelja kva slags frukt me kjende oss som. Eg kjende meg som eit appelsin… Skal la biletet henga utan meir utleggjing.

Dagen er mest ubrukt sjølv om klokka er halv elleve snart. Eldsteguten er på hyttetur med ein gjeng kompisar, og minsteguten overnattar hos bestevenen sin. Sunniva spring rundt på bare føter med framleis bustete hår og snakkar i telefon, medan Ingrid gjer seg klar for ein joggetur. – Og kjærasten min spelar golf. Han er heilt fortrylla av desse golfballane, noko som for meg er komplett uforståeleg. Eg ser at han er glad når han kjem heim.

Og nå skal eg langsomt nærma meg dagen. Halda fast i eventyret og kjenna at eg har fri i dag. Kanskje eg først av alt skal lesa ut boka og gå ein tur i den fine sola? Innimellom må eg rydda litt, og om det vil seg slik baka ei eplekake. Så skal eg skriva litt før eg skal på “vandre- utstilling” med Inger. Utstillinga er i ei kyrkje ikkje så langt frå he,r med tema påske. Dei viser kunstverk laga av rekved, det skal vera diktlesing, song, saxofon og fløytemusikk. Eg trur det blir ein heilag time før skumringa kjem.

Eg les i andre sine nettdagbøker at påske- evangeliet for dei er heilt utan betydning. Eg kjenner meg så priviligert som har ei djup religiøs tru. At bortom vårhimmelen og havet med dei fjerne horisontane kan eg la meg gripa og fascinera. Eg kan la meg gripast av undring over eit påskemysterium som eg på den eine sida fattar lite av, men som eg på den andre sida trur er lyset sin grunnleggjande siger over mørkret. Eg skal våga å tru at kjærleiken er sterkare enn døden.

Og midt i dette skal eg leva i det fysiske handfaste livet mitt Livet med store barn som lagar seg milkshake og snakkar i mobiltelefon. Livet med skap som burde ryddast og golv som må støvsugast.

Heilag vera livet …

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Tack för din fina text!

  2. morsan permalink

    och Glad Påsk!

  3. Heidi permalink

    Takk, skulle det sjølvsagt ha stått, og god påske!

  4. Heidi permalink

    Kommentaren over vart litt kryptisk. Eg hadde ei feilskriving, prøvde å radera, fekk det ikkje til, men plutseleg vart det radert likevel, og så vart kommentaren hengande i lause lufta… Og det same kan det vel vera. God påske til alle saman!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: