Gå til innhald

Dårleg nordmann og dårleg mor…

april 3, 2004

Eg kjende meg som begge deler i går morges. Som ektefødd nordmann får ein ein del ting inn med morsmjølka. For eksempel dette med at nordmenn elskar å gå på ski, ja dei er rett og slett fødde med ski på beina. I norske læreplanar for skulen står det derfor at barn i ulike aldrar skal trena skiteknikk. At me bur i den delen av Norge der det er minst snø av alle stader, skapar ingen endringar i planen.

Nå har det seg slik at bortsett frå nokre ganske få veker midtvinters, så må me som bur her kjøra bil i minst ein time for å koma opp til snøen. For å seia det hardt og brutalt, det har me ikkje pleidd å gjera. Sjølv om kjærasten min er vaksen opp med ski på beina i langt større grad enn meg, sidan han er austlending, så har han så godt som slutta heilt med skigåing nå. Til vårt forsvar kan eg faktisk hugsa at me ein gong leigde pulkar til dei to minste barna, som då begge var under to år, og la ut på ski med kvar sin pulk og to stabbande smårollingar på sida av. Det vart viss med denne eine gongen.

For å gjera ei lang historie kort… I går skulle tenåringsjenta mi ha skidag på skulen for å læra den teknikken som truleg står i planane for 9. klasse… Ingrid har mange sterke sider, men skiteknikk er ikkje blant dei. Med tårer i auga minnest ho skidagane frå barneskulen der ho måtte gå bratte oppoverbakkar med gnagsår og bakglatte ski, for deretter å bli tvungen til å renna ned same bakkane med livet som innsats…

Det viste seg at me ikkje hadde ski og skiskor som passa til skiløparen vår. Ho har fått fire skonummer større enn meg, og framleis er det litt for mykje å gå på opp til faren sine skor i storleik 46. Eg foreslo å låna morfar sine skor som truleg passa, men det gjekk ho ikkje med på. Morfar bur så pass langt borte at eg ikkje reiste opp dit mot hennar vilje. At naboar og vener heilt sikkert har loft og kjellarar fulle av ski-utstyr, blei det ikkje til at me fekk utnytta. Eg hadde det nemleg usedvanleg travelt og meinte jenta fekk ta ansvar sjølv.

Då ho skulle reisa fekk me ei ny utfordring. Det viste seg at me ikkje hadde vinterskor som passa henne ein gong. Her har me hatt ein mild vinter, og ho har gått heile vinteren på jogge- eller skateskor. Det ende med at ho reiste opp i slitne joggeskor, men med varm genser og overtrekksbukse,- utan ski. Heldigvis har ho humor og sjølvironi. Det var to- tre gutar som heller ikkje hadde med seg ski,- den eine er rett nok flyktning frå eit arabisktalande land. Dei hadde hatt det riktig fint, vassa til knes i våt snø og drukke varm kakao. Då ho kom heim, våt og kald på føtene, var det ikkje verre enn at ho fekk meg til å le høgt og lenge med tur- referatet sitt.

Ikkje alltid lett å leva opp til dette spreke naturelskande friluftsimaget som me nordmenn elskar å tre ned over hovudet på oss sjølve. Av og til ynskjer me at me rett og slett var danske og utan snev av dårleg samvit kunne gå på konditori ein sundag ettermiddag…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Jaha, där sprack en fördom till… 😉
    Går ni alltså inte på tur i lusekofta allihop?

  2. Heidi permalink

    Ikkje kvar dag i alle fall…

  3. Hilde permalink

    🙂 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: