Gå til innhald

Sjølv om eg burde sova nå…

august 11, 2004

kostar eg på meg eit postludium. Dette er siste rest av sommarferie, final countdown, game over…
Eg veit jo at dette er bare framhaldet, men ein sommarferie glir så vemodig fort gjennom fingrane på eit menneske, sjølv om ein som lærar burde ha vett til å halda munn om vemodig korte somrar…

Ein riktig deilig sommarferie vart det, og eg må ærleg innrømma at eg er litt overvelda over alle desse mangefarga ballane som igjen skal kastast opp i lufta, og av alle desse trådane som skal nøstast og tvinnast…
Skal eg vera brutalt ærleg så har eg rett og slett litt prestasjonsangst før eg set første penselstrok mot lerretet.

Siste rest av ferie kunne ikkje vore stort meir makeleg enn det eg har opplevd i dag. Det nyttigste eg har gjort heile dagen har vore å soltørka masse klede på klessnorene mine, og å få dei vakkert samanbretta inn i skapa. Det har vore tretti varme grader eller noko slikt på verandaen min. Eg har drukke vatn med isbitar, og lege på magen og sola ryggen medan eg har lese gamle julenummer av vekebladet “Hjemmet”. Og så vart eg faktisk invitert over til naboen på noko så sunt som eit glas vatn, – det smakte godt.

Me feira Gunnar sin 43- års- dag med druer og kirsebær, blåbær og bringebær, pærer og moreller, melon og mango. Me drakk kaffi og åt kaker og det var eplecider og taffelvann. Dei hadde dekka vakre bord i hagen, og me var tretti mann til bords. Leif tok vakre bilete, trur eg skal låna eit og bruka her.

I morgon skal eg på jobb frå halv ni om morgonen til langt på kveld, og nå er eg så trøytt at augene held på å detta igjen. Eg skal nå markera overgangen til arbeidslivet og ta den gamle lærarkalendaren ut av permen og binda på ein tråd. Så skal eg setja inn den nye og gjera meg klar for eit liv med blanke ark og farjestifter til…

Og enno skal seinsommaren kjærteikna oss lenge.
Sjølv skal eg skli sovande inn i tropenatta med open verandadør…

Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. Kesia permalink

    Kor vidunderleg vakkert og vemodig du skriv! Og eg er grøn av avund over at du tek tid til blogg og ikkje til meg….

  2. Heidi: permalink

    Tid til deg har eg øverst på alle mine lister:). Forskjellen er at andedrakt ligg og ventar på meg 24 timar i døgnet…
    Og nå nådde eg jo fram til deg.
    Me får avtala ein fjogetur snart. Eller bruka mail 🙂

  3. vad innebär en «fjogetur»?

  4. Heidi: permalink

    Ein fjuogetur = ein fyketur= ein flytur= vera saman og utveksla tankar og meiningar.
    (Høgst privat tolkning mellom meg og Kesia som eg kjenner privat 🙂

  5. Heidi permalink

    Fjogetur skulle det ha stått, ikkje fjuogetur. Her på arbeidsromet mitt er det sikkert 35 varmegrader…
    På den gamle dialekten her eg bur seier ein f.eks at ein fugl skal ut og fjoga = ut og fly. Kan ein seia fjoga på svensk?

  6. Tintomara permalink

    Säga det kan man ju, fast ingen fattar nåt… 😉

  7. Heidi permalink

    Nei, då hjelper det ikkje så mykje 😉
    Har oppdaga at ein del av dei lokale dialektorda finst i svenske dialektar og. Fjoga høyrest relativt svensk ut i mine øyrer… 🙂

  8. Kesia permalink

    September er her og ingen tjeldar er på «fjogetur»- Nei, me må nok avtala på sms… Eg sit pal!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: