Gå til innhald

Skjærtorsdag -06

april 13, 2006

Det regnar. Silregnar gjer det utanfor glaset og mot takvinduet. Eg sit her i det kreative kaoset mitt og et frosne blåbær med fruktose og kesam. Det grøne glasarmbandet mitt klirrar mot bordet når eg skriv, og eg let dei frosne blåbæra smelta sakte i munnen…

Eg har sett meg ned for å skriva salmar. Ein merkeleg aktivitet, men på ein del måtar er eg då og ein litt merkeleg person. For ei lita stund sidan sette eg på fjernsynet, og programleiaren annonserte at dei skulle senda “Chess”. Eit merkeleg samantreff. Den musikalen har eg dei siste vekene gått og tenkt på at eg har lyst til å sjå. Eg har aldri sett han før, men likar musikken. Så nå blir det ei salig blanding av chess og salmeskriving akkompagnert av silande regn. Det er vel inga dum blanding på ein skjærtorsdag?

Der ringde det på døra. Odd Christian gjekk for å opna. Det er truleg Oddvar som dukkar opp. Eg syntest eg høyrde motorsykkelen hans. Kaffi kunne ha smakt godt når eg kjenner etter. Får oppmuntra kreativiteten med ein kopp varm og svart drikke sånn etterkvart.

Så har eg fått rydda unna bagasjen etter snarturen min til Oslo. Då eg kom heim etter bare nokre få dagar, oppdaga eg kor stor og lang Halvard er blitt utan at eg har lagt merke til det. Eg måtte klemma han litt for å kjenna at han framleis er den vesle guten min midt oppi alt det andre han er.

Eg har rydda stove og kjøkken. Då eg ville kjøpa gule påskelys i går, var dei utselde i butikken. Limegrøne får duga. Påskeblomar gløymde eg heilt å kjøpa, men ei lita handfull krokus og klosterklokker frå hagen vart ein vakker vårbukett i ein firkanta glasvase med limegrøn sand i botnen.

Til frukost i dag var alle samla. Det er ikkje så ofte det skjer. Eg er så glad for å ha eldsteguten min heime på påskeferien frå folkehøgskulen. Me åt heimebakt tomatbrød frå ferdigmiks på pose og drakk appelsinjus og kaffi. Etterpå tok kjærasten min med seg dei to yngste opp til snøen for å stå på snowboard. Får håpa for deira del at nedbøren der oppe ved skitrekket kjem som snø og ikkje regn…

Påske er ei høgtid som alltid har betydd mykje for meg. I kveld skal eg gå til skjærtorsdagsgudsteneste, men først skulle eg altså skriva salmer…

“One night in Bangkok” syng TV-en til venstre for meg. Eg har så mykje eg ville ha gjort, og så mykje eg ville ha skrive. Eg har så mange tekstar i hovudet eg ville ha lagt ut her på Andedrakt, men endå har eg ikkje hatt tid. Kanskje det kjem ei heil rekke nå i påsken? Det er fleire personar eg skulle teke kontakt med, men eg har forlagd mobilen. Kanskje det får vera eit teikn? På at nå treng eg litt ro og konsentrasjon… Og nå skal eg skriva minst i ein time før eg går ned og kokar kaffi…

Apropos “Chess”, ein ven eg set stor pris på meiner at livet er som å spela sjakk. Ein kvar driv spelet sitt ut frå underliggjande strategiar. Det nektar eg å tru. Livet er ein surrealistisk musikal snarare enn eit sjakkbrett.

Og skjærtorsdag er i dag.

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. morsan permalink

    Hoppas att du kan ta dig tid, jag blir alltid lika glad när du skrivit här 🙂

  2. Tintomara permalink

    Just det, håller med morsan!

  3. Heidi: permalink

    Så då har jag era stöd i fall någon tycker jag atr mycket plats i en period. Bra att veta morsan och Tintomara.

  4. Kesia permalink

    Koss går det med salmane? Og silregnet og dei limegrøne lysa? Eg ventar «vid min stockeld medan timmarna skrida» på kva som hender resten av skjærtorsdagskvelden i heimen din og med deg! Du vakre påskelilje!

  5. Kesia permalink

    Och jag håller ochså med morsan och Tintomara!

  6. Heidi: permalink

    Kesia: Jo, det blir ein slags skikk på salmene, håpar eg…
    Har skrive ei til barnedåp og ei til bryllaup, men er ikkje klar til å bli kikka over skuldera ennå…
    Nå sit eg her og frys litt. Må ned og få varmen i meg. Eg har vore til gudsteneste og gått ein tur…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: