Gå til innhald

Langfredag -06

april 14, 2006

Eg går til gudsteneste. I dag er gudstenesta ei verbal Via-Dolorosa- vandring. Presten og klokkaren les veksellesing: Kristi lidingshistorie etter eit manus av Martin Lönnebo; den svenske biskop emeritius, som er eit av dei klokaste menneska eg har møtt. Kristus blir framstild som kongen i narredrakt. Det er eit fascinerande bilete. Organisten spelar ein musikalsk Via Dolorosa. Musikken er sterk og talande.Eg lukker augene og har ikkje lyst til å opna dei att. Historia kjem under huda på meg. Eg frys på ryggen og får tårer i dei attletne augene. Då eg opnar dei att etter mest ein time, kjenner eg meg svimmel og litt “ute av kroppen”. Eg må spørra klokkaren etterpå om det var uhøfleg å sitja med augene lukka medan han las. Han seier at det er heilt i orden.

Altaret står nake og tomt denne eine dagen i året. På eit bord framme i kyrkja står eit lite bord med ei tornekrone, og mørkeraude roser som symbol for Kristi blodsdropar. På golvet ligg mange sølvpengar. Først trur eg nokon har mista dei. Så skjønar eg at det er blodpengar. Det er dei tretti sølvpengane Judas kasta frå seg. Løna for å svika.

Etter gudstenesta vinkar klokkaren meg til sides. Eg får med meg heim ei av dei mørkeraude rosene. Han får ein klem tilbake, og rosa har fått vase heime i stova mi.

Ikkje alle skjønar trongen mi til gudstenester. Mange av dei nære venene mine deler ikkje trua på Gud. Dei skjønar nok ikkje heilt kva som driv meg. Då brukar eg å seia at for meg er kyrkja og Gudstrua som ei perle eg har funne i ein åker. Ho er meg så kostbar at eg ville vera villig til å ofra det meste bare eg fekk behalda perla.

Etterpå skundar eg meg heim for å vera barnevakt for det yngste tantebarnet mitt. Først må eg berga Lise som har kjørt bilen sin bensintom. Me får trilla til næraste bensinstasjon. Så må eg innom for å kjøpa is til hjartebarnet.

I påska er det mange folk ut og inn her. Eg kokar middag til åtte. Det blir indisk kyllinggryte med karri og nudler. To brett kanelbollar inn og ut av omnen. Mor og far og onkel på kaffibesøk, bror min kjem innom i rett tid til å eta middag.

Etter å ha kjørt Ingrid til ein 17-års-dag, blir det tid for bare meg. Vårsola har avløyst regnet frå i går. Eg går tur i skogen medan fuglane kvitrar som galne alle stader frå. Rett frå vinter til vår. Sjela fell på plass. Nok ein vinter er brakt til endes. Snart kjem det til å lukta timian i skogen min. Eg har aldri funne plantene men det lukter så godt der om sommaren.

Odd Christian viser meg ein personlegdomstest dei har arbeidd med på folkehøgskulen. Han ligg på nettet og sjølvsagt må eg prøva… Finn ut at eg er idealist og champion, ein personlegdomstype som visst nok 3% skal inneha… Veldig likt Odd Christian sin… Så tok eg ein enneagram-test og var ein klar to-ar, noko eg visste frå før… I vår tid hadde stemor til Snehvit ikkje trengt nokon trollspegel… Ho kunne ha sjekka dataen og funne ut at ho var vakrast i landet her…

Odd Christian smilte fint til mor si, og bestilte henting klokka halv to… Eg er alt for svak for ungane mine og eg veit det godt…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Å, skäm du bort dem medans tid är! På rätt sätt, men det vet jag att du förstår.
    jag vet itne hur många hämtningar jag och flickornas pappa besörjde när de bodde hemma, tusentals antagligen. men det var gott att veta var de var och att få hem dem.
    Nu hämtar de själva sina barn här och där. Tiden gick fort!

  2. Heidi: permalink

    Takk for støtte… Eg kjenner på kroppen kor fort tida går. Og eg nyt at dei framleis er barn… I alle fall eit par av dei…

  3. morsan permalink

    Hämta är bra! Nattbussar/tåg brukar vara rätt stökiga

  4. Heidi: permalink

    Eg likar forresten det svenske ordet Hämta. Ta hem… Det norske henta gjer ikkje same assosiasjonen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: