Gå til innhald

Av gammal vane

juni 1, 2006

rusla eg til tastaturet då eg kom heim. Då eg sat her slo tenken meg: Det er juni i dag! Du har fullend verket og avtalen med deg sjølv. Du kan sjå deg fornøgd i kring. Mai månad er hermetisert, nedskriven og teken vare på for all framtid…

Men sidan eg først er her, kan eg jo skriva eit bittelite innlegg i dag og… Det seiest å vera sunt å trappa ting ned langsomt…

Me har vore på Tinghaug i dag, den høgaste plassen i mils omkrins, og hatt panoramautsikt til alle kantar. Synet bekrefta tanken om at staden der eg bur må vera den vakraste i verda.

For femten år sidan eller så var heile skulen på tur til den same staden. Ein liten storøgd førsteklassing blei ståande og sjå rundt seg lenge. Så utbraut han: “Nå skjønar eg at jorda er rund…” I dag har eg jobba utan pause frå 8.00 til 21.00. Eg er nokså ør i toppen, men nå har eg fri heilt til tysdag…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Ja, jag är ju lokalpatriot, men jag tror inte jag kan påstå att Skövde är den vackraste staden i världen… men vi har väldigt vackra omgivningar. Du skulle komma hit och fara runt berget Billingen nu när alla fruktträd blommar till exempel…
    för övrigt får du så gärna fortsätta at skriva ofta!

  2. Heidi: permalink

    Takk, Tintomara. Av og til er eg lokalpatrioten over alle lokalpatriotar. Særleg på denne årstida. Elles så kan det jo henda at eg ein vakker forsommar ferr rundt berget Billingen og gler meg over alt eg ser 🙂 Då dukkar du vel opp for «en fika?»

  3. Tintomara permalink

    Tror jag det!! 😉
    Du kan fika hos mig förresten, det blir nybakt sockerkaka!

  4. Heidi: permalink

    Gler meg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: