Gå til innhald

Starten på thriller frå det ekte livet

juni 2, 2006

Eg har mista den nye lommeboka mi i rødt åleskinn. Oppi ligg alle korta mine. Førarkortet, bankkortet og alle dei andre. Eg oppdaga det då Sunniva og Halvard bad om pengar til kantina… Eg fryktar at ho ligg i ein pose med søppel som eg tømde i containaren på jobb før eg vakla heim etter tretten timars arbeidsdag. Og i dag skal heile skulen ha storopprydding, alle skal bruka containaren. Uææææh.

Eg har ringt inspektøren og bedt han be folk venta med å kasta ting i containaren….

Men kva sit eg her og skriv for? Eg må vera galen… Eg må koma meg i veg med det same…

Framhald i neste episode…

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. morsan permalink

    Oh, hoppas att du hittar den…

  2. Synneva permalink

    Ja, ja, Heidi! Dette kunne bare henda deg! Då eg såg meldinga på tavla på lærarrommet i dag, såg eg for meg deg med rumpa i veret oppi den store containeren leitande etter lommeboka di! Det var eit fantastisk syn for meg! God helg, gode deg. Godt du fann ho. Stor klem.

  3. Tintomara permalink

    Jaha, och vad lär vi nu av detta? Att man inte ska jobba så många timmar!!
    -Ska jag tyda Synnevas kommentar som att du fann den? Det verkar ju så! Tur i så fall! *hoppas på det bästa*

  4. Heidi: permalink

    Ja, eg fann ho. Synd du gjekk glipp av synet, Synneva ; ) Men beskjeden på tavla nådde fram, så ingen hadde kasta noko. Eg fann posen min med det same. Det var Ingrid som fekk meg til å ringa. Ho var meir klartenkt enn meg og fannut at det var lettare å leita på toppen av ein container enn på botnen av ein container…
    Nå ville det seg slik at lommeboka mi ikkje låg der, men ein heilt annan stad, mellom permane frå skrivekurset der Helen allereie hadde lokalisert ho då eg kom inn i bygget…

    Og ja, Tintomara. Truleg tyder det at ein ikkje bør jobba så mange timar… Om tre veker skal eg jobba myyykje mindre i heile resten av mitt liv, så det så… Såg forresten at eg hadde akkurat dei same tankane på bloggen min for eit år sidan. Livet er ein syklisk sak…

  5. Tintomara permalink

    Ska du gå ner på deltid alltså? Är det så du menar? Det verkar en bra idé eftersom du gör så mycket annat också.

  6. Heidi: permalink

    Tintomara: Eeee, ikkje akkurat deltid kanskje, men i år har eg jobba ganske mange timar overtid og… eeeeh… Rødmar litt, må få det til på eit vis…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: