Gå til innhald

Siste dagen i mai…

mai 31, 2006

…og dagane har sprunge barføtte mot solnedgangen i vest. Plutseleg er det juni i morgon, og då er det vel kan henda ekte sommar… Juni er ein vakker månad. Ein blond og lys månad, som eg alltid lagar med pastellnyansar når eg skal laga kalendar…

Skuleåret går mot ein ende. I dag hadde eg kjøkkengruppe i lag med Kristin og tre elevar. To av dei er psykisk utviklingshemma. Denne kjøkkengruppa er som ein oase i ein skulekvardag. Her har me trekt inn elevar som treng å få gjera noko praktisk, elevar som har godt av litt ekstra merksemd og kos, og elevar rett og slett bare står for tur til å få gjera noko kjekt og å vera i fokus litt.

Her har me laga pizza og muffins, grøt og lappar, tomatsuppe og makaronigrateng, men mest berømte er me nok for vaflene. Dei blir laga etter den laminerte oppskriftboka vår med fotografi av ingrediensar, fotografi av framgangsmåte, enkel tekst og pictogram.

Når maten er klar, trener me på å sitja fint ved bordet og eta. Me har invitert rektor og sosiallærer til ein matbit, me har servert varme vafler til vaktmeister og reinhaldspersonale, og lærarar kjem innom fordi lukta dreg dei mot døra vår. Som ein episode frå Skomaker Jens Petrus Andersen i Skomakergata, sit me der og ventar. Og har eit barn gløymd matpakka, hender det at assistenten kjem innom med dei.

I dag bakte me både kake og muffins og steikte vafler. Det slo meg at nå er det bare eit par gonger att. I fire år har eg drive denne formen for kjøkkenteneste, men frå neste år av skal eg ikkje arbeida meir med spesialpedagogikk. Då skal eg bare ha klasse. Det vart ein litt vemodig tanke, for eit varmt kjøkken som luktar vaffel er eit hjarte i ein kvar bygning. Ein annan sak er at kroppen min truleg har godt av å ikkje forhalda seg til varmt bakverk ein gong i veka…

I kveld var me på grilltur med tredjeklassane. Eg har ete pølse med sennep og ketsjup, og gulpar framleis tennvæske… Og i morgon skal me gå lang tur med elevane. For eit par veker sidan hadde eg eit par joggeskor. Dei verkar å vera sunkne ned i jorda… Orkar ikkje leita nå…

Når eg vaknar er det juni månad, og eg fekk sendt bidraga til salmekonkurransen inn i tide…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: