Gå til innhald

Googla…

juli 9, 2006

Eg har festa meg med at mange brukar dette verbet, og i går fekk eg lyst til å gjera det. Eg googla etter folk eg kjende for tjue år sidan og tretti år sidan, og som nå bare svever som minne i mine rom. Eg fann ut at to av dei mennene eg eingong var svak for, når dei framleis var for unge gutar å rekna, nå har litterære doktorgrader, og tre andre er i høgskulesystemet.

Då fekk eg ideen å googla mitt eige namn. Eg fekk fleire sider med treff, og det øverste var ein link til andedrakt. Dette fekk meg til å innsjå at eg ikkje har den anonymiteten eg har trudd meg å ha, i og med at eg er på svensk territorium. Ikkje det at eg trur det er nokon folkesport i småbyen min å googla meg, men alligavel, som me ville ha uttrykt det her eg bur . Eg trudde faktisk eg hadde oversikt over kva for nokre personar i rl som visste korleis dei kunne finna meg…

Ikke er eg injurierande mot nokon, og ikkje slem trur eg, men nokså personleg, og av og til privat. Må eg skifta namn og lokalitet for å ikkje vera ei open bok? Eg la problemet fram for kjærasten min:

Kjærast: Det du skriv er jo bare koseleg…

Eg: Anar eg eit snev av ironi? Synest du det er for tannlaust?

Kjærast: Koseleg, sa eg.

Eg: Men det er jo livet mitt eg skriv.

Kjærast: Ja, men det er jo den rosa varianten. Du skriv om dei koselege tinga.

Eg: Eg synest det er ein underkjend kunst å sjå det vakre i ting.

Kjærast: Ja.

Eg: Trenden i verda er ironi og distanse. Det er nok av vonde ting, men eg vel å skriva om livet mitt i glansen av det som er vakkert.

Kjærast: Ja.

Eg: Så truleg vil ingen ta skade av å lesa det eg skriv…

Og der omtrent datt han vel ut av mine betraktningar og forsvarstaler? Konklusjonen blir vel at eg skriv som før, inntil vidare… Så får eg heller tola at eg er lett å finna?
Viss nokon skulle leita, meiner eg. (Får ein lett rosa hudfarge og skundar meg å avslutta teksten…)

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Sluta förall del inte att skriva, och skriv precis som du brukar! Det har varit tomt när du har varit bortrest!
    Välkommen hem förresten!!

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk Tintomara. Veit at du og har hatt nokre rundar med dette å vera anonym eller ikkje…

  3. Kesia permalink

    Kesia har googla… og fann ut at eg er heller ikkje anonym! Men dog eit dusin tankar meir anonym enn deg!!! Kanhende inga trøyst!?

  4. Torhild permalink

    Takk for ideen…. nifst så mange spor dar finns!

  5. Heidi: permalink

    Ja, ikkje sant 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: