Magnesiumphosphoricum:
Aller kjæraste syster er snart utdanna heilpraktikar. Homeopati og fotsoneterapi er det ho syslar mest med. I går då eg og Ingrid var på besøk, fekk eg ein sjanse til å snakka om stressymptoma eg har kjend på i vår og i sommar. Ho stilde diagnosen at eg spenner mellomgolvet og brystmuskulaturen under stress, og at det og er grunnen til at eg ofte set mat i halsen når eg er stressa og har det travelt. Eg reiste lukkeleg heim med eit glas magnesiumphosphoricum om eg hugsar rett, og er nå i ferd med å bli kurert for alle reelle og inbilte plager…
Før me kom til heimturen sat ho og eg og dei to eldste døtrene våre og leika eit slags assosiasjonsspel med kort. Ein om gongen trekkjer og opnar eit kort med bilete på. Etterpå seier vedkomande litt om sitt eige liv i lys av akkurat det kortet. Så må dei andre fortelja den som eig kortet noko ut frå det same kortet. Det er spennande både å høyra og å kjenna etter.
Elles så er det velsigna godt å ha ferie. I føremiddag har eg pusta roleg og teke livet med ro. Eg har hengd ut nyvaska klede i vinden og sola. Det er yndlingshusarbeidet mitt. Av ein eller annan grunn elskar eg å henga ut klede. Det kjennest som å laga små seperatutstillingar av levd liv. Det er bare synd at mykje av magien er borte når kleda skal brettast og leggjast i skap…
Så har eg bakt rundstykke til frokost til dei fire av oss her heime som ikkje skulle på jobb i dag og dei to overnattingsgjestene våre, Vilde og Irene. Nydeleg start på dagen med nybakte rundstykke, ost, brelett, krydderte og appelsinjuice. Ingrid held magedanskurs for dei tre jentene på tretten. Nå dansar dei nede i stova med sjal kring hoftene og grasiøse armrørsler. For ein halvtime sidan laga dei makramerte fotlekkjer med klirrande perler til dansen. Ingrid elskar å undervisa folk, og ville truleg vore den fødte læraren.
I går gjekk eg ein lang tur langs stranda der eg vassa langs havkanten og fekk bølgesprut til langt oppover dongeriskjørtet. Denne sommaren har vore ein slik sommar der ein mest ikkje treng å ha klede på seg. Eg har levd med bare føter, kne og armar, det er nydeleg.
Eg likar så godt livet mitt. Spesielt sommarlivet.
Heidi
Din syster har säkert rätt, men det hjälper ju inte att bara bota symptomen på stress, du måste sluta att stressa! Tyvärr kommer stress även när man gör saker som man tycker är roligt. Kom ihåg att du har många år kvar att leva, du behöver inte göra allt just nu!
«Det kjennest som å laga små seperatutstillingar av levd liv. Det er bare synd at mykje av magien er borte når kleda skal brettast og leggjast i skap…»
så kjekt å kunna lesa bloggen din! nydelig skrevet det om klesvask!
klem frå borghild
Tintomara: Eg veit. Eg lovar å ha det mindre travelt og å ta betre vare på meg sjølv..
Borghild: Tusen takk. Her er lesestoff nok. Sunniva og Vilde tok inn all klesvasken fordi det begynte å regna mens eg sat og malte kjøkkenskapdørene lyseblå. Trur eg må henga ut att det som ikkje er tørt. Dobbel glede…