Gå til innhald

Merkeleg logikk…

august 28, 2006

Sidan eg har så mange tekstar eg ville likt å skrive og så lite tid til å skriva, så har eg kopiert ei liste. Merkeleg logikk…

1. Navnet på læreren du hadde i 4. klasse:
Terje.

2. De siste ordene du sa til pappaen din:
“Ha det, me snakkast.” (Då eg besøkte han og mor i går kveld.)

3. Siste sangen du sang:
Avslutningssongen på lærarrevyen me øver på.
“Rundt i heile verda står skular og ventar, tålmodige natt etter natt, på at det skal lysna og klokka skal ringa og ungane skal kome att… “ (Sitert etter minnet til melodien Levende lys.)

4. Siste person du klemte:
Tommy, ein av elevane mine.

5. Den siste tingen du lo av:
Ein replikk frå ein elev.

6. Den siste tingen du sa:
“Ja litt.” På spørsmål frå Ingrid om eg hadde pengar.

7. Den siste gangen du gråt:
På barnevelsigning i frelsesarmeen.

9. Hvilken farge er det på sokkene dine:
Svarte, eg tok det på meg med vemod for ein halvtime sidan etter tre barføtte månadar.

10. Hva er under senga di:
Ingenting, trur eg. Men på golvet ved sida av…

11. Når våkna du i dag:
Ti på halv sju. Kjærasten min sa ho var ti på halv seks, men retta seg etter fem sekund. Så vart eg snytt for den timen eg trudde eg kunne halvsova.

12. Hvilken smak har du i munnen nå:
Plommer. Har fem steinar i munnen endå.

13. Hvordan er håret ditt akkurat nå:
Utslått som alltid og litt flokete.

15. Hva irriterer deg akkurat nå:
Er ikkje så irritert av meg. Kanskje rotet på kjøkkenbenken?

16. Hva savner du akkurat nå:
Odd Christian, eldsteguten min som er flytta til Bergen.
Og den lange fine sommaren som akkurat nå held på å drukna i haustregn.

18. Hvilken bakgrunn har du på dataen akkurat nå:
Bilete av ein av kattane våre, trur eg.

19. Hvilket instrument skulle du ønska at du kunne spille:
Saksofon, tverrfløyte og piano.

20. Favorittfarge®:
Det meste bortsett frå svart, kvitt, grått og marineblått.

21. Hvor høy er du:
1,62

22. Favorittord/setning for tiden:
Prøver å slutta med å seia “fantastisk” heile tida. Det var ein uvane eg oppdaga i sommar.

23. Favorittbok:
Akkurat nå “Veven” av Martin Lönnebo, men lista er uendeleg lang.

24. Favorittårstid:
Vår, sommar og haust.

25. Hvordan blir karrieren din:
Er veldig fornøgd med å jobba i skule og kulturskule, fortelja og laga teater. Håpar eg får skrive nokre bøker etterkvart

26. Hvor mange unger vil du ha:
Eg har fire, men skulle helst hatt minst to til.

HAR DU NOEN GANG..

27. Sagt ?jeg elsker deg”:
Ja, men oftast med andre ord.

28. Kranglet/sloss med hunden/katten/fisken/fuglen din:
Blei klort av katten då eg prøvde å pressa i han ein ormetablett.

29. Vært i New York:
Nei

30. Vært i Florida:
Nei

31. Vært i California:
Nei

32. Vært på Hawaii:
Nei

33. Vært i Mexico:
Nei, men har vore i Tanzania. Måtte bare få sagt det.

34. Vært i Kina:
Nei

35. Drømt noe skikkelig rart, og så opplevd det dagen etterpå:
Sonen min lærte å sykla i drøyme. Han drøymte at han lærte det og kunne om morgonen!

36. Er du forelska i noen:
I alle fall veldig glad i ganske mange.

37. Hvilken bok/bøker leser du nå:
“Etter Kairo” og “Veven”

38. Den verste følelsen i verden:
Å ha skada nokon.

39. Hva er det første du tenker når du våkner om morgenen:
“Kor mykje er klokka?”

40. Hvor mange ganger ringer telefonen før du tar den:
Det kjem an på kor raskt eg finn han…

41. Framtidig datters navn:
Anna Sofie. Jenta som skulle heita det vart ein gut…

42. Framtidig sønns navn:
Johannes. Men då må det bli eit under som med den bibelske navnebroren.

44. Hva har du på deg når du sover:
Det kjem an på kor kaldt det er. Oftast nokså lite.

45. Hvor er du:
På arbeidsromet.

46. Hvor skulle du ønske at du var?:
Har det bra her.

47. Piercinger:
Hol i øyra (Brukar mest aldri øyrepynt for eg er så allergisk mot det, og dessutan dekker håret øyrene.)

DIVERSE
48. Hvilken sjampo og balsam bruker du:
Den eg finn når eg treng. Grønsåpe viss eg ikkje finn nokon når eg treng…

50. Hvem er den siste personen som ringte deg:
Sunniva.

51. Hvor vil du gifte deg:
Blei gift for tjueein år sidan i Gjesdal kyrkje

52. Hvis du kunne forandre hva som helst med deg selv, hva ville det vært:
Eg ville lagt av ein heil del kilo, sånn ca tjuefem tenkjer eg, og tenkt at det hadde vore ei interessant erfaring å ha bore på dei-

53. Hater:
Ingen

54. Vært forelska:
Ja

55. Er du presis:
Eg prøver. Eg er i alle fall flinkare enn før.

56. Har du jobb:
Ja, i ein fjerdeklasse, i to teatergrupper og på eit skrivekurs.

57. Liker du å være rundt folk:
Ja

58. Den beste følelsen i verden:
Å vera levande og engasjert. – Å halda nyfødde barn.

59. Er du en helsefreak:
Nei. Har dessverrre (?) ikkje anlegg for fanatisme.

60. Har du en spesiell type personer som du går etter:
Eg likar stort sett alle slags menneske. Men eg blir tiltrukken av at folk er opne, glade, nysgjerrige. entusiastiske, musikalske og kreative.

61. Er du ensom akkurat nå:
Nei.

62. Vil du ha unger:
Ja!

DE SISTE 48 TIMENE HAR DU..

63. Kjøpt noe:
To brød, fiskekaker, dopapir, purre, gulrøter, mjølk og tre par svarte sokkar.

64. Vært syk:
Nei. Har faktisk kjend meg litt kvalm i dag, men trur det skuldast at oppstarten på nytt skuleår har vore så intens.

65. Sunget:
Bolla Pinnsvin og lærarrevysongar.

66. Sagt ?jeg elsker deg?:
Nei, ikkje direkte i alle fall.

67. Har villet sagt til noen at du elsker dem:
I utvida betydning.

70.Gått videre:
Går vidare heile tida… Trur eg i alle fall…

69. Snakket med noen:
Ja, veldig mange.

70. Hatt en seriøs prat:
Ja, opptil fleire.

71. Savnet noen:
Ja, Odd Christian. Sjå punkt 17

72. Klemt noen:
Minst ti stykker.

73. Kjeftet på noen:
Ikkje direkte kjefta trur eg, men snakka bestemt til rette gjorde eg nok på jobben.

74. Drømt om noen du ikke kan være med:
Nei

Heidi

From → Uncategorized

12 kommentarar
  1. morsan permalink

    Åååååååå, vi är lika långa 🙂

  2. Torhild permalink

    Ei snodig liste. Kor fann du ho? Eg går fortsatt utan sokkar og vakta ute i regn idag!Herleg 🙂

  3. Tintomara permalink

    Det var en rolig lista, och kul att höra av dig, jag har undrat hur det varit med dig! Men det är mycket att göra när skolan börjar, ju!
    Precis på norska, betyder det punktlig?

  4. Heidi: permalink

    Tintomara: Ja, presis betyr punktleg 🙂

  5. Heidi: permalink

    Torhild: Eg gjekk og barbeint på jobben i tynne sommarklær. Me har fått skofrie bygningar og eg gjekk barbeint på steingolva og romma var iskalde fordi termostatane ikkje er i sving endå. Det var då eg fekk frost i meg i så stor grad at eg måtte på sokkeinnkjøp. Nå lurer eg på kor eg har regnkleda mine for i morgon er det eg som har vakt. 🙂

  6. Heidi: permalink

    Fann forresten lista på ein annan blogg eg les. Heia Villanda. Nå kunne nokon mistenka meg for å skriva tre kommentarar til meg sjølv bare for å få mange, men det skuldast ei slags kortslutning fordi eg kjem frå sms tidligare i kveld og kom inn i rytmen med å senda kommentarane kvar gong eg har skrive ei setning. 🙂

  7. Heidi: permalink

    msn skulle det ha stått, ikkje sms. Og sjølv om eg er ein hund etter kommentarar så begynnar dette å bli litt flautt…

  8. synneva permalink

    Ein hund etter kommentarar?Hm… her får du ein!Har du nokon gong laga ei slik liste sjølv, med spørsmål som DU syns er viktige? I såfall kan du godt senda ho til meg. Evt. laga ei og så senda ho…!Gler meg til å gi deg kveldsmat i kveld, og å syngja saman! Klem.

  9. Heidi: permalink

    Synneva: Det skal eg jamen gjera ein gong. Laga liste altså. Noko av cluet med dei trur eg er at noko av det skal vera rimeleg uviktige ting. For gjennom å få vita uviktige småting får ein vita ganske mykje liksom. Trur eg… Men det skal bli kjekt å laga liste.

  10. borghild permalink

    klemmen frå Tommy og grønnsåpe fekk meg til å trekkja på smilebånda! tihi! du er tøff tante! kuli huli!

  11. Torhild permalink

    Eg gler meg til Heidi-lista! Har lærarrevyen noko namn?

  12. Heidi: permalink

    Torhild: Ikkje endå

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: