Gå til innhald

Indian summer…

september 16, 2006

…trur eg det kallast når det er sommarvarme i september. Slik har me det nå. Det er nydeleg. Me har spelt intensivt revy det siste døgnet. Prøve, generalprøve og premiere i går, og tre forestillingar i dag. Eg hadde pålagt meg sjølv eit nokså heftig rappenumme,r med utruleg mykje tekst å læra utanatt. Og sidan Torjus slo takten an på trommene, måtte orda koma på slaga som erter frå ein sekk, det var ingen sjans til å tenkja seg om. To av fire gonger gjekk prikkfritt, dei andre gongene snubla eg litt, men tok meg greitt inn igjen. Får kanskje vera fornøgd med det, sjølv om eg er prefeksjonist på slike ting. Rappen handla om livet som lærar og går slik:

Læringsstil, utviklingsplan og læringsstrategi,
portefolio og alt som det kan finnast meining i,
vølskjema og spoletekst og Nylundmodellen,
her skal det bli ganske seint før me kan ta kvelden,
Lamis, ABM og tras og glup i aust og vest,
her skal me ha litt av alt,
så her skal det bli fest.
Klasseleiing, logos, Olweus og nirvana,
kantine, milkshake, fruktordning med druer og banana….

osv,osv,osv…

Og innimellom rappinga var det scener frå klasseromet, der eg spelte direkte på og mot publikum i vanleg talerytme utan trommer og mikrofon.

Resten av forestillinga var eg sufflør, bortsett frå avslutningssongen, der eg var med og song. Det er jo veldig tilfredsstillande at me får overveldande positiv respons etter fire fulle hus… Men så må det kanskje leggjast til at det var obligatorisk frammøte for elevane våre… Spennande likevel å få spela for tilsaman åttehundre gjester.

Det finaste med å spela personalrevy er samhaldet. Dette å få til noko saman, å vera avhengige av einannan undervegs og vera stolte og glade saman når alt er over etter veker og månadar med intens trening. Og så må eg bare nemna at eg har utruleg dyktige kolleger. Lusenummeret i Kaizer- stil med vernedrakter, gassmasker, trøorgel og store gule olje fat på Kaiser melodi: “Me ska gassa luså te u dør,” kjem til å vera eit smilehol i tankane mine for alltid, trur eg.

Så nå heiter neste kapittel landing. -Og ein tur ut i det finaste haustveret som tenkjast kan…

Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Å, tänk om jag hade fått vara där och höra på! 😉
    -Här i Sverige kallar vi det för Brittsommar, efter Birgittadagen i början av oktober.

  2. Heidi: permalink

    Det var eit fint ord. 🙂

  3. synneva permalink

    Personalrevy må vera den beste form for teambuilding som finst! Fanastisk gild fest etterpå og! Glad i deg.

  4. Signe permalink

    … 😦 Litt trist at jeg ikke fikk med meg dette!!!!
    Skulle så gjerne vært der! Men det blir dessverre aldri slik som vi alltid tenker. Men Godt å høre at det gikk bra. Skulle gjerne vært der og hørt deg rappe Heidi. Du får ta den for meg ved en seinere anledning.

  5. Heidi: permalink

    Ja, nå gjekk du glipp av noko stort Signe. Eg venta på deg. Luzers orchestra, Berit ut av bløtkake Stig hadde laga på sløyden og Jan Ivar og Signe i duett ein hyllest til den nye læreplanen på melodien Lift me…

  6. borghild permalink

    jan ivar og kirsten var det vel??

  7. Heidi: permalink

    Borghild:
    Ja, sjølvsagt…
    Fordi eg var trøytt då eg skreiv dette til Signe klarte eg tydelegvis ikkje å halda tunga rett i munnen…

  8. Torhild permalink

    Takkar for fantastisk førestelling! Aspervika skole sine folk var imponerte! Når du Heidi rappar gjer det ikkje allverda om ikkje rtmen treff på slaget – heile du er ei oppleving – uansett !! Takk igjen:)

  9. Heidi: permalink

    Rytmen på slaget? Nå skjønar eg ingenting 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: