Gå til innhald

Tysdag kveld og det er mørkt…

september 26, 2006

…men framleis mildt der ute. Mørke kveldar er mjuke og gode. Livet har bombardert meg med sanseinntrykk dei siste vekene. Etter revyen sist helg, var det tid for bryllaup denne lørdagen. Sindre, som eg har kjent sidan han var baby, gifta seg med si Elin. Begge er så unge, så unge. Han er tjue, og ho er eit år eldre. Dei er to sjeldan flotte ungdommar. Strålande varme, idealistiske og entusiastiske. Bryllaupet vart ein song om kjærleik med tapas, vin og varme bjørnebær, med afrikansk dans, og blomar og mange varme talar. Som brura sa: “Folk trur at eg er galen som giftar meg så ung, men eg bare veit at dette er rett…”

Odd Christian var heime for å vera med i helga. Det er så fint å ha han her av og til, og han måtte få seg ny mørk dress og nye svarte fin-sko. Eg har enno ikkje vend meg til å ha ein vaksen son. Det er fint og merkeleg på same tida.

På sundag kom Linda på besøk, den afrikanske kvinna eg budde hos i Tanzania for to år sidan. Dama som på ei lita lærarløn ,og med eit utruleg pågangsmot har teke til seg ein flokk med psykisk utviklingshemma barn og ungdomar som ho ynskjer å hjelpa til ein meiningsfull tilværelse. Ved å bu i lag med henne og storfamilien i ein liten månad fekk eg eit generøst innsyn i eit mangfoldig afrikansk kvinneliv. Ho var invitert til Norge i samband med ein kongress i fredskorpset, og kom hit i lag med Tove, ho som spanderte på meg turen til Tanzania.

Mange seier med full rett at det er så mykje vondt i verda. Eg håpar at alle ser at det er mykje godt i verda og. Denne helga har for meg vore ei oppvisning i tru, håp og kjærleik… Og nå er eg trøytt og vil leggja meg tidleg… I morgon er det foreldremøte i klassen min, og på torsdag rett etter arbeidstid set heile personalet seg på fly til Bergen for å bli kursa. Det er sant, eg må viss vaska litt klær før eg legg meg, slik at eg har noko å leggja i kofferten.

Vekene går så fort. Det kjennest som om det meste er fredagar og mandagar. Og nå er det blitt mørke kveldar. Eg må få meg ny sykkel-lykt.

Ketolyse er den nye trenden på jobb, og karbohydrata blir dømde nord og ned. Folk rasar ned i vekt, og ser forakteleg på brød og kaker, som måtte forvilla seg inn på lærarromet. Eg innrømmer at eg kjenner dragninga mot vidunderkurer, og vurderer sterkt å gje det ein sjanse. Tretti kilo lettare inn i sommaren? Det kunne vel ha vore noko?

There ain`t no cure for love… Dette siste har ikkje meir med resten av teksten å gjera enn ei konstatering av at det å vera glad i er ei sterk kraft. Sterk og mjuk akkurat som mørket kring septemberkveldane…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. borghild permalink

    alltid koselig å lesa bloggen din! bra du minna meg på sykkellykt! det må nok eg og få meg snarast mogleg! kurs i bergen, det blir sikkert koselig!! byen e bergen!

  2. morsan permalink

    Du är en av dem som visar oss det goda och vackra i världen ❤

  3. Heidi; permalink

    Morsan: Tusen takk. Det var ein bra attest.

  4. Torhild permalink

    Kva i all verda er ketolyse?Vert interessant å få høyra kva de har vorte kursa i!!Heldige dei som har deg til kollega:)

  5. Heidi: permalink

    Ketolyse er ein tilstand kroppen kjem i når han ikkje får karbohydrat og tek til med å omdanna kroppen sine fettlager i staden. Eller noko slikt hokus pokus. Ein held seg omtrent heilt borte frå mat med karbohydrat. Det vil seia brød, poteter, ris, pasta, frukt og alt med sukker i.
    Me var på Eikelund kompetansesenter og vart kursa i inkluderande klassemiljø, undrevisning av barn med norsk som andrespråk og i Asperger syndrom- :=)

  6. Heidi permalink

    Undrevisning… Den kommentaren gjekk viss i raskaste laget. Men det vart eit fint ord…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: